Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 704
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Og eg som tenkte: Altra 50 er jo superfin. Så gjekk eg og vog den før forfatting av innlegg, og innser at eg verkeleg er heilt lost i dette gamet 😌
  2. Betennelse i akillesen pga pulktrekking er ikkje uvanleg om det er ein uvandt aktivitet eller det er lenge sidan sist, og er ei av flere årsaker til at ein til stadigheit gidd dra rundt på eit kobbel bråkete og lite sjarmerande dekk før ein skal på lengre turar
  3. Eg har ikkje sett at dei har komt i 35mm! Då skal det handles gitt.
  4. Gul har vel klart si viktigste oppgave som opplagsglider. Kva gjeld effekten av glid ski må me vere samde om å vere djupt ueinige! 😆 Forskjellen på godt preppa ski og ski som vert preppa ein gong for året er enorm synes eg, med litt bruk.
  5. Heilt samd. Eg tek fellar av så snart det er mogleg, og ventar så lenge eg kan med å legge dei pæ. Det tek så kort tid å ta dei av og på, og det er energibesparande å få gli ut skia.
  6. Trur rosa og gul glider er nokså likt rosa og gul felleimpregnering frå Montana? Men no vart eg i tvil når du seier det du gjer, for eg synes det har stor effekt, kanskje spesielt på langefeller i nylon, men også kortfellar. Valg etter temperatur i alle fall
  7. Huff då, det var ikkje meininga å fornerme, for meg såg det berre ut som ei frykteleg full badestrand “ei mølje" av folk, solkrem og varme. Eg er særs dårleg på å handtere det siste. Nok ein gong ; beklager. Det var klossete formulert av meg.
  8. Forøvrig kan ein oppnå mykje med å bruke felleimpregnering, om du ikkje allerede har testa det. Gir betre gli.
  9. Eg har 45 mm kortfell på Nansen. Har hatt både nylon og mohair. Mohair gir betre gli, og bra feste, heilt til det litt våte forhold då er det nylon som gjeld. Så kanskje vil eg kjøpt eit par 45 mm mohair hadde eg vore deg, og så hatt nylonfellane til dei være dagane.
  10. Eg har den gamle og har prøvd den nye. Passformmessig var den litt liten i storleiken, i motsetnad til dei fleste andre "særiøse" vinterjakker. Kan heller ikkje hugse at den hadde stormstropp, og at hetteløysinga mogleg ens var noko enklare? Som eit tips dukkar den gamle opp på finn i ny og ne. Hang også att nokre på Endeve sport på Voss sist eg var der, i februar.
  11. Det me syinga skal eg jammen sjå på når eg får høve. Greit å forsterke først-best om det er svakt
  12. Huff då! Høres ut som en reklamasjon? Eller var det enkelt å feste den att?
  13. Eg har arangert nokre slike kurs/erfaringsdeling i trygge rammer for folk ved nokre høver. Har det mellom anna som ei semesteroppgave i natirveiledning. Mi meining er at ein egentlig ikkje treng så mykje kurs, meir å "strukturere"/bli kjent med kva du manglar for å kunne gjere slike turer trygt. Kursa tek som regel for seg grunnleggande orientering, bruk av bensinbrenner, rutiner ved leirslaging, evt gruppedynamikk og forflytningsmønster osv, og er nokså grunnleggande. Så må ein ut og erfare og opparbeide seg feltdagar. Dette kan du like godt gjere ved å kakke deg på lag med folk med erfaring.
  14. Kva med å vitje Alhambra? Evt ta eit klatrekurs i Albarracin (eller berre klatre/buldre om du klatra frå før). Alt må vere betre enn den mølja der 😜
  15. Eg plar rett og slett berre vaske dei med grønnsåpevatn før eg sett inn kantane med matolje. Ved sesongslutt ; vaske og sette inn med opplagsglider (gul). Ved litt overflaterust vil vanlig vask klut med me påfølgende olje ta det. Ved meir rust brukar du eit profiljern og sliper (kjøpes på sport). Evt slipejern om du har peiling, men tilrår ikkje det på nye ski om du ikkje har gjort det før.
  16. Eg har hatt båe merkjer. Har no ein warmpeace viking 600 og hadde tidligere ein Me Titan 650. Båe goe posar, der eg rett og slett ville latt pris bestemme. Synes kanskje at duna "distribuerer" seg betre i vikingen, men om det faktisk er slik eller om det handlar om at eg har blitt meir vant til å bruke dunpose er eg usikker på. Glacier har eg ikkje brukt, men har venner som har den. Verkar som dei er nøgde, og posen ser bra ut. Om det forsvarar prisforskjela er eg dog usikker på.
  17. Dette skal gå greit no, med gode underlag. Ta med drikkeflasker som kan brukes som varmeflasker (av materiale som tolker varnevatn), typisk Bergans, Lifeventure eller Nalgene. Om du avogtil er på outleten i Langevåg sel dei slike flasker der til sterkt redusert pris på Bergans. Sleng han i posen før leggetid så slepp kids varme opp heile posen sjøl. Deilig fotvarmer gjennom natta.
  18. Sjekk også ut frisport yaranga trek. Spiselig vekt, fin takhøgde, bra kvalitet, pittelitt over budsjett dog.
  19. Fjellsport har nokre rimeligere, greie telt. Nevner Robens lodge, Robens Voyager og Mountain hardwear optic VUE som alternativ på mellom 2000-3000 Merk at enkelte har "amerikansk" løysing på oppsett med innertent først, så yttertelt. Ikkje alle likar det.
  20. Støttar forslaget om to telt. Aternativet er å gjere som me gjer på turar der me ikkje vil skilje nokon av borna frå oss; kjøpe eit som har stort nok fortelt til at nokon kan ligge i det. Me er då påunder 1 kg med telt per pers, men det er til gjengjeld eit svindyrt telt, på omlag 5,5 kg. Om du aksepterar eit par kg tyngre, kan du kanskje kome langt med eit slik: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=94233406 Eller kanskje kan du sjå på den minste Bergans wiglo? Der vil eg tru du kan få inn 4 born og 1 vaksen. Eg veit elles ikkje kva du tenkjer på som billig, og alt er jo relativt....men eg synes at det kan sjå ut som Helsport Lofoten Trek camp 5 er eit ok telt, med spiseleg vekt til ok pris...
  21. Dette har eg også fått vite av forhandler, at liggelengda ikkje er korrekt, ses på Mountain equipment. Eg hadde tidlegare ein ME titan 650. Eg er 167 cm, og bestilte av ovanfornemnde årsak ikkj "dame"lengd/modell frå ME, men STD. Denne var ideelt sett nokre få cm for lang til meg, men modellen under hadde blitt altfor kort. Utfrå det vil eg tru at brorsan burde kjøpe long/xl.
  22. Eg har ikkje informasjon om korleis det ligg an oppe i høgda, men veitat det i Sjodalen ved Sjodalen hyttetun og nede i dalen generelt er slutt på skiføret for i år. Oppe i høgda vil eg tru det er bra enno, ikkje minst med siste tids påfyll.
  23. Er nok ikkje like kjapt som drytech/frysetørka nei. Må anten koke ei stund, eller ligge i matthermos til svelling over tid. Eg har brukt det siste litt på vinterturar, funkar bra.
  24. Også greit å tørke karbonadedeig. Steik den gjerne først. Tørkes på omlag 70 grader varmfluft, med døra på gløtt, om du ikkje har dehydrator. Om du legg denne i matthermos nokre timar, eller let den koke stund, er den snadder saman med tacokrydra potetos med godt med smør, og grønsalker. EG synes det er greit å tørke ferdig kutta grønsaksblandingar, til dømes amerikansk blanding.
  25. Synes også hugse at det er litt trangere i området bommen, men det finn du kjapt ut med google earth eller kart tenker eg
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.