Gå til innhold
Siri Kiviranta

Tur til Skåla 20.09 2003

Anbefalte innlegg

For ei veke sia vart vi einige om at laurdag 20. september skulle det bli tur på Skåla. Forventningane mine var ikkje store då eg reiste frå Molde fredagen. Etter nokre timars stopp i Ålesund var håpet om at veiret ikkje skulle stoppe oss, vesentleg større. Vel heime i Ålfoten, med utsikt til ein flott stjernehimmel var det ganske store forventningar til at denne gongen skulle det bli tur heilt til topps.

I utgangspunktet skulle vi vere fleire, men det enda opp med at eg, ein assistentlege frå Berlin og ein psykolog frå Gøteborg sette oss i bilen og var godt fornøgde med at vergudane var på vår side. Vi starta frå parkeringa i totida og talet på parkerte bilar fekk oss til å lure på om vi kom til å få oss sengeplass. Sekkane var pakka og vi hadde ikkje tenkt på nokon retur før på søndag.

Vi gjekk ikkje lange stykket før det kom skilt, to som kvar viste vegen til Skåla. På det eine skiltet stod det med lita skrift: Lett veg. (He, he det skal du få meg til å tru.) Psykologen frå Gøteborg hadde sansen for den lette vegen, som viste seg å vere ein skogsveg. Den lette veg synte seg å vere staden for dramatikk denne dagen, for i sola låg der ein hoggorm og kosa seg. Nokon ville kaste ein stein for å drepe den, medan andre syns at det ville ikkje vere kjekt gjort. Ein stein blei kasta for å skremme den av vegen, og den bukta seg bord medan den kveste. Den lette veg tok brått slutt, og vi gjekk inn i råsa som går til fjells. Etter kvart som vi kom opp i høgda kom det folk nedatt. Vi fekk rapport om at det var ein gjeng på sju engelskmenn som skulle overnatte. Vi berre håpa at det ikkje kom til å bli altfor festleg ut over natta.

Det har regna godt den siste tida, so elvane gjekk kvite og store nedetter fjellet. Fjellet hadde fått den fyrste delen av haustfargane, fargerik raud blåbærlyng og knall gule bregner. Utsikta til fjorden med denne ramma vakte begeistring. Eg likte mindre at det med jamne og ujamne mellomrom var ”tagga” prikkar, skrive 900 og 1000 moh, 6 og 7 tall med raud sprayboksmaling. DNT sine små raude T’ar blir ganske uskuldige då.

Sakte men sikkert nærma vi oss målet. Det tærte på kreftene og for nokon vart det litt vel travelt å skulle komme seg opp steinrøysa dei siste (kilo?)meterane. Kvar i all verden vart det av desse trappene som vi trudde vi skulle finne? Åja, dei var der, men det var no berre siste stykket. Brått ser vi at det er ein stein med noko raud skrift på, skal tru kva der står? Vi nærmar oss, og psykologen frå Gøteborg synest at det står 1520, kan det stemme då? Assistentlegen frå Berlin sukka tungt når han fekk høyre dette (det var ikkje lenge sidan han snubla i ein stein). Litt nærmare kunne vi sjå at det stod 15-20 min… Åh, det var godt at det ikkje var ei markering for 1520 moh…

Etter fem timar var vi oppe ved Skålatårnet og kunne sjå sola gå ned i vest. Det var godt å komme i hus, varme seg og få seg ein matbit. Engelskmennene viste seg å vere saueklipparar frå New Zealand, og dei fann køya lenge før midnatt. Ut over kvelden hadde det skya til, starta å blåse og snøe. Vinden ulte og snøen piska på rutene, so det vart ikkje mykje søvn denne natta.

På søndag hadde det løya, so turen nedatt vart eit fint motstykke til den strålande dagen før. Skydekket låg i fjellet og det bles litt. Brått var det ikkje mykje sikt og like plutseleg opna det seg opp att. Flaks tenkte eg, når det i dag tidleg regna trollkjerringar

Vis rapporten i Turkartet

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.