Gå til innhold
  • Bli medlem

Siri Kiviranta

Aktiv medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Siri Kiviranta

  1. Det vart ikkje mykje respons på forespørselen om oppskrifter. Når Bjørnar (5) og Sindre (7) er med på tur, blir bålet og maten eit lite høgdepunkt. Her er ein liten godbit og ei energibombe for dei som har bruk for det: Haustgodt 1 kopp nyplukka blåbær 1 plate kokesjokolade ½ kopp rosiner ½ kopp havregryn melk Smelt sjokoladen og rør inn rosiner, havregryn og blåbær. Server i koppar med melk over. Om det ikkje er råd å bruke nyplukka blåbær, kan det varierast med bringebær, eple eller andre bær som fristar.
  2. Om det er kløen som er det store problemet, så kan eg tipse om at det er råd å få kjøpt vanlige ulltrøyer/underklær (100% ull) som er ganske tynne og behagelige. Men, då er det ikkje hjelp i å gå på diverse sportsbutikkar! Har kjøpt eit merke Felicity på Cubus. Hadde ingen plan om å bruke dette til turtøy. Tilfeldig vart det no slik ein gong, og det har resultert i at Ullvang, Norheim og andre ulltrøyer i skapet ikkje blir brukt. Ikkje berre er plagget mykje meir behagelig, men det er og så tynnt at det tørka på ei kort stund. Til no har det og klart seg med litt kraftigare vask enn med ullprogram og milo.
  3. Snø ja... sat på bussen frå Trondheim i går, og sende følgjande melding til kjende: Hurra! Det er vinter. Masse snø... Responsen var forskjellig, alt frå: Snøballkrig???? til: eg får mest lyst til å bestille meg ein tur til syden! Heller snøballkrig enn syden
  4. For ei veke sia vart vi einige om at laurdag 20. september skulle det bli tur på Skåla. Forventningane mine var ikkje store då eg reiste frå Molde fredagen. Etter nokre timars stopp i Ålesund var håpet om at veiret ikkje skulle stoppe oss, vesentleg større. Vel heime i Ålfoten, med utsikt til ein flott stjernehimmel var det ganske store forventningar til at denne gongen skulle det bli tur heilt til topps. I utgangspunktet skulle vi vere fleire, men det enda opp med at eg, ein assistentlege frå Berlin og ein psykolog frå Gøteborg sette oss i bilen og var godt fornøgde med at vergudane var på vår side. Vi starta frå parkeringa i totida og talet på parkerte bilar fekk oss til å lure på om vi kom til å få oss sengeplass. Sekkane var pakka og vi hadde ikkje tenkt på nokon retur før på søndag. Vi gjekk ikkje lange stykket før det kom skilt, to som kvar viste vegen til Skåla. På det eine skiltet stod det med lita skrift: Lett veg. (He, he det skal du få meg til å tru.) Psykologen frå Gøteborg hadde sansen for den lette vegen, som viste seg å vere ein skogsveg. Den lette veg synte seg å vere staden for dramatikk denne dagen, for i sola låg der ein hoggorm og kosa seg. Nokon ville kaste ein stein for å drepe den, medan andre syns at det ville ikkje vere kjekt gjort. Ein stein blei kasta for å skremme den av vegen, og den bukta seg bord medan den kveste. Den lette veg tok brått slutt, og vi gjekk inn i råsa som går til fjells. Etter kvart som vi kom opp i høgda kom det folk nedatt. Vi fekk rapport om at det var ein gjeng på sju engelskmenn som skulle overnatte. Vi berre håpa at det ikkje kom til å bli altfor festleg ut over natta. Det har regna godt den siste tida, so elvane gjekk kvite og store nedetter fjellet. Fjellet hadde fått den fyrste delen av haustfargane, fargerik raud blåbærlyng og knall gule bregner. Utsikta til fjorden med denne ramma vakte begeistring. Eg likte mindre at det med jamne og ujamne mellomrom var ”tagga” prikkar, skrive 900 og 1000 moh, 6 og 7 tall med raud sprayboksmaling. DNT sine små raude T’ar blir ganske uskuldige då. Sakte men sikkert nærma vi oss målet. Det tærte på kreftene og for nokon vart det litt vel travelt å skulle komme seg opp steinrøysa dei siste (kilo?)meterane. Kvar i all verden vart det av desse trappene som vi trudde vi skulle finne? Åja, dei var der, men det var no berre siste stykket. Brått ser vi at det er ein stein med noko raud skrift på, skal tru kva der står? Vi nærmar oss, og psykologen frå Gøteborg synest at det står 1520, kan det stemme då? Assistentlegen frå Berlin sukka tungt når han fekk høyre dette (det var ikkje lenge sidan han snubla i ein stein). Litt nærmare kunne vi sjå at det stod 15-20 min… Åh, det var godt at det ikkje var ei markering for 1520 moh… Etter fem timar var vi oppe ved Skålatårnet og kunne sjå sola gå ned i vest. Det var godt å komme i hus, varme seg og få seg ein matbit. Engelskmennene viste seg å vere saueklipparar frå New Zealand, og dei fann køya lenge før midnatt. Ut over kvelden hadde det skya til, starta å blåse og snøe. Vinden ulte og snøen piska på rutene, so det vart ikkje mykje søvn denne natta. På søndag hadde det løya, so turen nedatt vart eit fint motstykke til den strålande dagen før. Skydekket låg i fjellet og det bles litt. Brått var det ikkje mykje sikt og like plutseleg opna det seg opp att. Flaks tenkte eg, når det i dag tidleg regna trollkjerringar
  5. For folket som samlar på toppar over 2000 meter og held seg mest i Jotunheimen, kva må til for at de har vore på ein topptur? Må det vere over 2000 meter, må de ha gått mange høgdemeter og må det vere bratt? Eg hadde ein fin liten søndagstur til Gulberget, knappe 150 meter over havet. Utsikta over Bud, havet og Hustadvika var fantastisk. Kan det ha vore ein topptur?
  6. Nokre gode tips allereie. Takk. Når det gjeld kva eg skal bruke sekken til, så blir det fjelltur. Når eg tenker meg om så blir det nok heilårsbruk, og til turar på ski og med truger/snøbrett. Hytte til hytte er ikkje det mest aktuelle i mitt nærområde. Det vil uansett ikkje bli meir vekt enn i sekken på 80 liter, vidare har eg hund med kløv som tek ein del. Høgda er 166 centimeter. Såg og prøvde ein Berghaus sekk på 40+8 i går. Syns den var kort i ryggen, beltet låg meir rundt livet enn på hofta. Det var ikkje noko særleg.
  7. Det er mange turar som set godt i minnet, på kvar sine måtar. Når dagane på kontor og arbeid blir for mange og for lange, uten at eg får komme meg til fjells tenker eg ofte på denne turen. Ein haustdag for nokre år sidan var humøret tydeleg prega av to ting, altfor mange og lange dagar med arbeid på kontor og at regnet og skodda hadde ligge lavt i fjellet lenge (slik den berre kan gjere mellom fjord og fjell enkelte stader på vestlandet) . Eg og ein kollega kom fram til at det var berre ein ting å gjere, komme seg til fjells. Skodda låg mellom fjella, men vi kunne sjå at det var sol og blå himmel høgare oppe. Vi tok dagen fri frå arbeid og avgjorde raskt at Trollenykjen var ein fin tur. Det tok ikkje lang tid før vi kom inn i skodda. Turen opp til setra er bratt men, til høgre vi kom, til raskare gjekk beina, heile kroppen lengta etter å komme opp av den tunge skodda, til lyset og fridomen. Når vi hadde passert setra låg det eit florlett lag med snø. Enkelte stadar var det frose is på stein og berg, så vi måtte passe på stega våre. Litt av ei kjensle å kunne setje seg på toppen, sjå ut over skoddehavet, alle fjella som stakk opp, haustfargane, den blå himmelen og sola. Rett og slett velvære og fridom.
  8. Sekk skal eg ha meg, og treng gode tips. Sekken skal eg bruke på turar som varer eit par, kanskje tre dagar. Det må vere plass til litt meir enn det eg kan få ned i blodgiversekken og helst litt mindre enn sekken på 80 liter. Gjerne ein sekk utan altfor mange reimer, tekniske finesser og lure innretningar. Kanskje nokon av jentene her har gode tips?
  9. Viser til eit par debattar, og tenkte at dette kunne folk ta med seg: Din veg Ingen har varda den vegen du skal gå Ut i det ukjente, ut i det blå Dette er din veg. Berre du skal gå han. Og det er uråd å snu. Og ikkje vardar du vegen, du hell. Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell Dette er det Olav H Hauge som har skrive, og det er med meg på alle turar.
  10. Bruken av utstyret er poenget, i tillegg til omfanget av behovet. Det skal ikkje vere nødvendig å bli våt når himmelen opnar seg, det blir viktig for oss som bur i dei nedbørsrike delane av landet (normalen på 2000-3000 mm/år jf meterologisk sitt kart). Men eg kan forstå at det ikkje er aktuelt å gjere investering i dyrt utstyr når omfanget av bruken er relativt liten. Bomullsanorakk, Gore Tex eller Triple point, det er viktig å finne det som er rett til eige bruk. Den beste investeringa eg har gjort er eit sett frå Lowe Alpine for tre år sia. Fram til den tid tenkte eg og at det var litt horribelt å bruke mykje pengar på utstyr. I og med at eg er ute på tur med hunden eit par/tre gongar om dagen, er det viktig å sleppe å bli våt når himmelen opnar seg. Settet er brukt på alt frå å sykle til /frå arbeid til toppturar og i alpinbakken. Det er med skrekk og gru eg tenker tilbake på den tid då eg var ute ein times tur med eit billig regnsett og kom heim som ei våt kråke, ikkje behageleg. Desse billige regnsetta varte ikkje lenger enn ein sesong. Etter tre år har investeringa likna seg ut økonomisk, og gått i pluss på andre områder. Noko som faktisk er blitt veldig kjekt, er å ta seg ein tur ut i skikkeleg styggever, når nordavinden syng og elvane går kvite i fjellet.
  11. Tom starta med å spørje kvar jentene er og no sist kvifor det er slik. Til no kan eg ikkje hevde å ha fått med meg ein einaste topp over 2000, men som Haldis skriv: det finnes mange toppar på nordvestlandet mellom 1000 og 1700, og desse får flittig besøk. Det er fantastisk å komme seg ut, opp i høgda og til slutt til topps. Skal eg til topps syns eg at det er greitt å ikkje ha for mykje selskap. Klarar eg å få det til, kan det vere tur ein tysdag føremiddag eller eg vel ein tur der eg veit at råsa ikkje er for mykje brukt. Kan det vere at vi jenter som faktisk kan prioritere slik aktivitet, gjer litt andre prioriteringar enn gutta? Og at vi slik ikkje treff kvarandre? For i mitt turterreng er det nemleg heller ikkje gutta å treffe... Heller enn å samle på toppar på 2000 meter, så samlar eg på gode stunder i naturen. Dette gjer at i tillegg til å komme meg opp i høgda og til topps, er det andre aktivitetar som tek ein del av tida mi. Kan nemne at i kveld blir det nokre timar i skogen på jakt etter gull, kantarell. Snart er det tid for å ta fram jarnriva, komme seg ut på sjøen for å rake krabber. Slik kunne eg halde fram, rypejakt, torskefiske, skiturar (til toppar)... For oss som kan nå ut til havet, gjev det fred i eit menneske å kunne sitje på svaberget, høyre på havbårene og sjå sola gå ned, gå vidare og finne vegen til ein fin badeplass og dyppe kroppen i den forfriskande salte sjøen (turrapport frå søndagskvelden). I tillegg skal hunden ha aktivitet og tantebarn skal skolerast i gode naturopplevingar, med andre ord set aktivitetsnivået grenser: eg rekk ikkje å samle på desse toppane! Eg kan kalle på hunden og ta meg ein tur når det passar meg, men eg har venninner som likar å komme seg ut og gjerne til topps, som har ein del andre omsyn å ta. Dei har ein kvardagssituasjon med arbeid og barn, som gjer det vanskeleg å prioritere turar som tek noko meir enn ein eller to timar (derfor blir det gjerne Stoltzekleiva eller Ulriken). Uansett, heller enn å stille spørsmål ved kor langt likestillinga er kommen eller om jentene er for pysete, ikkje har mot, tid eller tiltakslyst (noko som ikkje er tilfelle for jenter spesielt), så uroar det meg at folk i det store og heile i dag er mindre flinke til å ferdast ute i naturen og er mindre aktive.
  12. Hei. I Nordfjord er det i alle fall nok av variasjon om du vil gå turar i fjellet. Ved å forflytte seg med bil eit par timar, kan landskapet forvandle seg frå kyst til høgfjell, og det er nok av turar. Om du har base på Nordfjordeid so bør du få med deg Trollenykjen, Hornet, Rindehornet og Liavarden. Det tek frå ein til to timar å gå opp på desse plassane. Du kan gjere dette til korte turar eller ta turen vidare til andre toppar. Alle desse turmåla kan du nå enten frå sentrum eller ved å ta buss eit lite stykke. Litt lenger mot vest er det eit fint turområde i Kjølsdalen krins, her er Staurdalsegga eit fint turmål som gjev utsikt mot havet. Kan og kombinerast med å gå vidare til andre fjelltoppar. For dei litt større utfordringane er Gjegnalunden, Skålatårnet og Hornindalsrokken som skil seg ut som spesielle turmål. Elles er tur til Hornelen noko som du bør prøve å få med deg. Du kan få fleire tips om turar i Eid kommune og distriktet på internett: http://eidaportalen.no http://nordfjord.no Ha ein fin tur!!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.