Popular Post Curling-generasjonen Posted March 11, 2018 Popular Post Share Posted March 11, 2018 (edited) Mista all teksten, så det vert kort. Dette bildet er eit resultat av 9timar iherdig jobbing frå elevane mine òg eg, totalt 13 stk. Vi overnatta i igloen heile gjengen natta før biletet vart tatt. Det er forøvrig ikkje hól i taket. Edited March 11, 2018 by Curling-generasjonen 10 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Øyvind Hellenes Posted March 11, 2018 Share Posted March 11, 2018 Tøft! Det var litt av ein størrelse må eg sei. Kor ligg den hen? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Curling-generasjonen Posted March 11, 2018 Author Share Posted March 11, 2018 Den ligg i skoggrensa i Torsbotn ved Årdalsdalen i Jølster. Rett på sørsida av elva. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Øyvind Hellenes Posted March 11, 2018 Share Posted March 11, 2018 Kanon. Skal sjå etter an neste gong eg er på ski i området! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Memento mori Posted March 21, 2018 Share Posted March 21, 2018 På 11.3.2018 den 1.34, Curling-generasjonen skrev: Mista all teksten, så det vert kort. Jeg har bygget 3 igloer i vinter, to av de står forsatt nesten like fint etter over to mnd. Håper du har mulighet til å skrive litt og legge ut noen bilder slik at en iglo nerd kan få se! Hvordan står den nå? Link til den første Link til nr 2 på 9 fot Den siste på 10 fot har jeg ikke skrevet noe om enda. Begge to to siste er klare til innflytting ca 3,5 km fra Kleivstua i Nordmarka. Plass til 2-3 i den minste og 3-4 i den største. 2 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Øyvind Hellenes Posted March 24, 2018 Share Posted March 24, 2018 Var der i går og den hadde diverre kollapsa litt etter mildvêret 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Curling-generasjonen Posted April 2, 2018 Author Share Posted April 2, 2018 Var du inn og såg? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Øyvind Hellenes Posted April 3, 2018 Share Posted April 3, 2018 13 timer siden, Curling-generasjonen skrev: Var du inn og såg? Nei, inngangen var kollapsa og orka ikkje grave, hehe. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Curling-generasjonen Posted April 3, 2018 Author Share Posted April 3, 2018 (edited) På 2.4.2018 den 19.40, Curling-generasjonen skrev: Var du inn og såg? Då trur eg ikkje du fann inngangen, den er nemlig nede til venstre for bildet ditt 😅 Eg fekk i alle fall eit bilde frå innsida av igloen dagen etter at du var der. Det er litt vanskeleg å finne inngangen sidan det er ei snøhole som startar som ein gang ca 5 meter unna igloen. Igloen går ned 1meter djupare i snøen på innsida enn på utsida, så den er vesentleg større inni enn uttapå. Så om den var 2 meter høg på utsida, så er det nok om lag 3 meter under taket inni. Diameteren er også ein del større inni enn utanpå Edited April 3, 2018 by Curling-generasjonen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Curling-generasjonen Posted April 3, 2018 Author Share Posted April 3, 2018 På 21.3.2018 den 10.37, Memento mori skrev: Jeg har bygget 3 igloer i vinter, to av de står forsatt nesten like fint etter over to mnd. Håper du har mulighet til å skrive litt og legge ut noen bilder slik at en iglo nerd kan få se! Hvordan står den nå? Link til den første Link til nr 2 på 9 fot Den siste på 10 fot har jeg ikke skrevet noe om enda. Begge to to siste er klare til innflytting ca 3,5 km fra Kleivstua i Nordmarka. Plass til 2-3 i den minste og 3-4 i den største. Legg ved litt bilder frå lokalavisa. Vi starta prosjektet med ein diameter på 3,10-3,20meter, og la blokkene rundt denne streken. Brukte ein stav og søkestang for å lage ein sirkel i snøen. Plassen vi gravde på låg på ei flate rett i overkant av ein bekkedal som var ca 3-4meter djup. Snødjupna var på rundt 2 meter eller meir der vi bygde igloen. Planen var då å bygge ein relativt stor iglo, samstundes som vi klargjorde ei sjakt ned i bekkedalen. På den måten kunne vi utvide igloen nedover så den vart inntil 2 meter høgare etter utbygginga, samt ein del breiare. Som sagt, så gjort. Vi mura oss rundt, og vart innestengt 5 stk i igloen, medan resten av klassen grov seg opp til oss nedanfrå, frå sjakta. Då vi kom gjennom var det berre å skuffe snø ned i holet, og kaste snøen vidare ut sjakta/inngangen. Etter å ha gravd igloen 1 meter ned var det plass til at alle 13 kunne ligge, sånn ca. Hadde vi hatt meir overskot og tid så kunne vi gjerne ha gravd igloen 0,5 meter djupare, så hadde vi fått ein del bedre plass. Sidan klokka på det tidspunktet var 21 og alle hadde stått skikkeleg på i 9 timar så la vi oss tett i staden. Det var vrient å få avslutta ein så svær iglo, men vi hadde fokus på å skrå den innover frå første runde, noko som var svært viktig. Totalt hadde vi 12-13 runder med store blokker. Snøen var porøs i den øverste meteren, så det låg MYKJE graving bak kvar snøblokk. 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Øyvind Hellenes Posted April 3, 2018 Share Posted April 3, 2018 Har du sett! Då gjekk eg vist berre rundt å surra på taket då, haha. De lyte sette opp eit skilt ned til inngongen 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.