Gå til innhold
  • Bli medlem

Curling-generasjonen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    47
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Curling-generasjonen

  1. Eg syns ikkje folk bør skamme seg så voldsomt. Det hadde kanskje vore grovt uansvarleg for 50 år sidan å reise ut på ein sånn båttur uten meir rasjonar, men det fins jo tross alt ressursar i dag i back-up som gjer at ein heldigvis kan unngå alvorlege konsekvensar av feilvurderingar. På samme måte som heile ekspedisjonen i dag er mogeleg med det sikkerhetsnettet satelitt-telefonen utgjer. Eg syns det har vore spennande å følge ekspedisjonen frå båten og VG sitt synspunkt, og ikkje minst sjå på reaksjonane til "vanlege folk" som normalt ikkje ville ha interessert seg for ein sånn ekspedisjon i utgangspunktet. For meg er det litt merkeleg at ein sånn ekspedisjon skal vere så enormt unødvendig, medan fotball og langrenn i mykje større grad dominerer nyhetene uten like stor misnøye frå folk flest av dekkinga. Og eg vil gratulere Ousland og Horn-ekspedisjonen med enormt mykje PR, som truleg er nødvendig for å få betalt Lance, som nok sprengte budsjettet til ekspedisjonen ganske greit...
  2. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/BR2Wd0/kaptein-paa-lance-vil-evakuere-mann-om-bord-faar-nei-fra-hrs?utm_source=vgfront&utm_content=row-2 Ser ut til at du er inne på noko der!
  3. Eg vil tippe du hadde likt deg på eit par blizzard zero g 95 med dynafit superlite 2.0 som binding. Då har du eit rimeleg lett oppsett som samtidig tåler å køyre bra på. Eg har sjølv tilsvarande oppsett med "veslebroren" zero g 85, og dei skia fungerer rikeleg bra for min del, både i pudder og skare ned ei renne frå Gaustatoppen. Eg har 3 ulike par toppturski som eg brukar, men om eg skulle ha hatt eitt par trur eg at eg ville ha gått for noko rundt 95 mm. Litt avhengig av om du tenkjer deg mest i laussnø eller på avblåste fjell. Bindinga superlite 2.0 på 175 gram har overraska meg veldig positivt, den tåler tydelegvis ein trøkk har eg funne ut no etter rundt 100 skidagar med den samme bindinga.
  4. No begynner eg å syns litt synd på VG sine journalistar på Lance. Dei var nok ikkje forberedt på å feire jul på Lance då dei mønstra på! Det gjeld vel ein del andre om bord óg.
  5. https://www.nrk.no/troms/forbereder-redningsaksjon-ved-nordpolen-1.14789583 Her får dei verkeleg testa seg virkar det som. Håpar dei klarer å fullføre turen uten å trenge å bli redda ut!
  6. Hei! Eg har bachelor i friluftsliv frå Sogndal, samt ppu frå Sogndal. Eg var heldig og fekk jobb som friluftslivslærar på folkehøgskule etter endt utdanning. Andre eg har gått i klasse med jobbar som lærarar, innanfor reiseliv, fri flyt, friluftslivsbarnehage, og ting som ikkje har med friluftsliv i det heile tatt. Generelt krevst det nok litt ekstra flaks og/eller innsats for å få seg jobb innafor friluftsliv, men det er ein veldig kjekk (og altoppslukande) jobb. Eg må av og til minne meg sjølv på at eg får betalt for dette når eg sit til fjells rundt bålet, men også når eg går og regnar ned, og helst kunne tenkt meg å vere inne. Lønna er jo ikkje den aller beste, men til gjengjeld har eg ein jobb der eg ofte gledar meg like mykje til ting som skal skje på jobb som ting som skal skje etter jobb. Ein viktig ting å hugse på om du studerer friluftsliv er at du ikkje i stor grad lærer eigenferdighet på studiet. Det må du gjere sjølv på fritida gjennom eigne erfaringar og øving. Men det er jo kjekt. Eg var innstilt på å i større grad lære eigenferdigheit då eg starta på studiet, men om du kan det grunnleggande frå før lærer du meir om bevisstgjering og undervisning enn eigenferdigheitar. Og bacheloren i Sogndal startar heile første året med årsstudium i idrett. I Volda er det rett på friluftsliv, med stor grad av frihet for kva ein ønskjer å studere det siste året på bachelorgraden.
  7. https://www.gullsport.no/nettbutikk/villmark-og-friluftsliv/telt Ein del bra rabattar ute og går på telt her!
  8. Eg meinar å hugse at guiden min hadde nokre sko litt i samme gata som dei skoa du nevner, så det er sikkert fint å gå med. Men som sagt funka jo Besseggen for meg, så det er jo mogeleg å spare ein del plass i sekken. Eg reiste berre med ein 55l sekk pluss handbagasje, så eg hadde mest mogeleg klede som kunne brukast både i låglandet og på toppstøtet. Det er påbudt med guide på toppar med bre på i Ecuador, ja. Eg hadde ikkje utstyr eller makker til at eg prøvde å finne eventuelle smutthull i regelverket der. Har forstått at iliniza sur og norte er fine turar på så vidt 5000m der det ikkje er bre så ein ikkje treng guide. Ein av dei er det klatring på medan den andre har klyving etter det eg har lest. Berre kjekt om du tek kontakt framover så kan eg få mimra og gjenopplevd turen min 😊
  9. Hei Roar! Eg brukte Crispi Besseggen. Eg hadde brukt desse på blåis i Norge nokre gongar før, så eg visste at dei fungerte med stegjern. Guiden min var veldig skeptisk til dei skoa og meinte dei spesielt ville bli for kalde, i tillegg til at dei er i overkant mjuke. Eg hadde brukt dei i - 15 i Norge frå før, så eg visste dei ville vere varme nok. Ville nok ha anbefalt nokre litt stivare sko, og testa om dei er varme nok for å ha på ein heil dag i 10-15 minusgrader. Eg brukte gamasjane som skallbuksa har innebygd, og det aukar temperaturen litt i skoa. Å satse på toppstøt på ein enkelt dag er nok i overkant sjansespel, så om turen hovudsakeleg dreiar seg om chimborazo ville eg ha satt av fleire dagar for topptstøtet enn eg gjorde. Om du har nokre dagar til overs etter toppen vil eg anbefale tur til Puerto Lopez og ta båt til Isla de la plata (poor man's Galapagos). Har du dykkerlappen bør du heilt klart dykke der! Montañita rett sør for Puerto Lopez byr på surfing, men eg syns det var ein litt sliten og i overkant hasjdominert plass. Akklimatiseringa i Ecuador er også å anbefale sidan du finn bebyggelse heilt opp til 4000m, så det å akklimatisere seg og vere turist samtidig er lett å kombinere! Om høgder er nytt for deg anbefalar eg å gå på ein topp over 4000 meter før du flyr ned, og lese deg opp på høgdesjuke. http://www.7topper.no/om_tynn_luft.htm denne linken har mykje info på lite lesing. Berre spør om du lurer på noko, så kanskje eg har svar! Lurt å bestille flybilletter i god tid så det blir billigast mogeleg å komme seg ned dit. Eg brukte litt for mykje pengar på flyreisa.
  10. Ta heller med for mykje enn for lite første turen! Om det gjer flytta litt mindre elegante så får det heller være. Eg høyrte på anbefalingar frå ein erfaren venn før mi første lange rute (via Lara). Då endte eg opp med å ha mindre utstyr enn ønskeleg og måtte ha større avstand mellom sikringene enn eg var komfortabel med. Det motsatte er nok å foretrekke i starten
  11. Før eg seier køyr på, er det mogeleg å søke eit års permisjon frå jobben? Kor vanskeleg er det å få ein jobb tilsvarende det du har i dag etter eit år fri? Er det eventuelt aktuelt å finne seg ein jobb på ein meir interessant plass/arbeidsplass? Sånn. Då seier eg det. Køyr på, god tur!
  12. Wow! Takk for veldig utfyllande og godt svar! Her var mange bra tips, tusen takk!
  13. Etter å ha oppdaga Peak Lenin 7134moh som blir sett på som eit av dei lettare fjella over 7000m (i den grad det kan vere lett) har eg sett ein del på Kirgisistan som ein spennande destinasjon. Det ser litt vanskeleg ut med tanke på å bestige fjellet allereie til sommaren, men eg er interessert i å ta meg ein tur til Kirgisistan i 14 dagar-3 veker til sommaren for å gå/springe rundt i fjella rundt omkring. Er det nokon som har vore på tur i dette landet og gått tur før? Er det eit land der det kan vere trygt å haike og sove i telt i fjellet utan å forvente å bli rundstjelt? Er det nokre fjellområder ein MÅ sjå? Er det nokre plassar ein ikkje bør sjå/reise til? Kan legge til at eg puslar med tanken om å komme meg dit utan bruk av fly, altså ved bruk av tog, og vil derfor prøve å pakke alt av bagasje i ein sekk på ca 60 liter, med eit telt fordelt på to personar. Eg set pris på togerfaringar folk har frå Kirgisistan eller nabolanda!
  14. Når du seier du skal springe opp og ned på 24t, kor høgt skal starten vere? Om du er ein O2-snappar, som eg mistenkjer deg for å vere så kan det jo kanskje vere interessant med ei aktiv tilvenning? F.eks ta nokre dagar i Iten (2400) i Kenya som er populært for idrettsutøvarar, deretter reise til området ved Mount Kenya https://www.summitpost.org/mount-kenya/150259 og gå i området der, før du reiser til Kilimanjaro. Dette er på ingen måte den raskaste måten å akklimatisere seg på, men då får du sett litt meir enn berre Kilimanjaro i løpet av turen. Sikkert uansett lurt å gå delar av eller heile turen på Kilimanjaro så du kan vegen
  15. No veit eg ikkje heilt kva forberedelsar du skal ha, men eg syns det virkar skummelt/lite gjennomførbart å skulle akklimatisere seg på 3000 meter og deretter køyre på med 5800m på 24 timar? Då ville eg i alle fall som eit minimum testa f.eks Mont Blanc eller tilsvarande med relativt lite akklimatisering for å kjenne om du tåler høgda godt. Mi erfaring er i alle fall at 5500 med akklimatisering er meir krevande enn 4000m uten akklimatisering
  16. Legg ved litt bilder frå lokalavisa. Vi starta prosjektet med ein diameter på 3,10-3,20meter, og la blokkene rundt denne streken. Brukte ein stav og søkestang for å lage ein sirkel i snøen. Plassen vi gravde på låg på ei flate rett i overkant av ein bekkedal som var ca 3-4meter djup. Snødjupna var på rundt 2 meter eller meir der vi bygde igloen. Planen var då å bygge ein relativt stor iglo, samstundes som vi klargjorde ei sjakt ned i bekkedalen. På den måten kunne vi utvide igloen nedover så den vart inntil 2 meter høgare etter utbygginga, samt ein del breiare. Som sagt, så gjort. Vi mura oss rundt, og vart innestengt 5 stk i igloen, medan resten av klassen grov seg opp til oss nedanfrå, frå sjakta. Då vi kom gjennom var det berre å skuffe snø ned i holet, og kaste snøen vidare ut sjakta/inngangen. Etter å ha gravd igloen 1 meter ned var det plass til at alle 13 kunne ligge, sånn ca. Hadde vi hatt meir overskot og tid så kunne vi gjerne ha gravd igloen 0,5 meter djupare, så hadde vi fått ein del bedre plass. Sidan klokka på det tidspunktet var 21 og alle hadde stått skikkeleg på i 9 timar så la vi oss tett i staden. Det var vrient å få avslutta ein så svær iglo, men vi hadde fokus på å skrå den innover frå første runde, noko som var svært viktig. Totalt hadde vi 12-13 runder med store blokker. Snøen var porøs i den øverste meteren, så det låg MYKJE graving bak kvar snøblokk.
  17. Då trur eg ikkje du fann inngangen, den er nemlig nede til venstre for bildet ditt 😅 Eg fekk i alle fall eit bilde frå innsida av igloen dagen etter at du var der. Det er litt vanskeleg å finne inngangen sidan det er ei snøhole som startar som ein gang ca 5 meter unna igloen. Igloen går ned 1meter djupare i snøen på innsida enn på utsida, så den er vesentleg større inni enn uttapå. Så om den var 2 meter høg på utsida, så er det nok om lag 3 meter under taket inni. Diameteren er også ein del større inni enn utanpå
  18. Den ligg i skoggrensa i Torsbotn ved Årdalsdalen i Jølster. Rett på sørsida av elva.
  19. Mista all teksten, så det vert kort. Dette bildet er eit resultat av 9timar iherdig jobbing frå elevane mine òg eg, totalt 13 stk. Vi overnatta i igloen heile gjengen natta før biletet vart tatt. Det er forøvrig ikkje hól i taket.
  20. Visst du er god på å orientere deg med kart og kompass, så sjå på kartet på linken her https://geodata.ngi.no/arcgisportal/apps/webappviewer/index.html?id=fd597e0179fe479b9274d95a90b00931 Visst du klarer å unngå å gå i heng over 30 grader og held god avstand under slike heng, så skal du vere trygg.
  21. No har ikkje eg prøvd å grave snøhole i kraftig vind på flatmark, men vil ikkje alt berre føyke att medan ein grev holet om det bles kraftig?
  22. Eg har sett opp telt i ein del vind før, og har overnatta i ganske sterk vind (anar ikkje vindstyrke, men yr meldte storm). Som sagt er det snøhola som toler mest vind, men eit stort problem her blir nok at under forhold som er så ekstreme at teltet gjev tapt, så er det nok ikkje sikt til å finne ein bra plass å bygge snøhole. Så eg held ein knapp på telt uansett, så må ein eller annan form for nødbivuak vere nødløysinga om teltet ryk. Evt må snøhola byggast når ein ser værmeldinga. Men då foretrekker eg å plassere teltet på ein fornuftig plass med ein solid levegg.
  23. Hei! Eg har så smått begynt å sjå på mogelegheitene for å organisere ein ekspedisjon/tur til Grønland i området rundt Gunnbjørns Fjeld (3693moh). Målet med ekspedisjonen er å få skikkeleg villmarksfølelse, svimlande utsikt, bra skikøyring, og gjerne nokre kule toppar. Det kostar ca 300 000 kr for flyreisa t/r Island - basecamp for 4 pers med utstyr. Om det fins vesentleg billigare alternativ med ville fjell med bra skikøyring i samme område så er det veldig interessant. Er det nokon som veit om det må søkast om løyve til ein sånn tur og om det er krevjande/dyrt å få løyve? Nokon som har andre tankar eller erfaringar frå ein slik tur?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.