Gå til innhold

Øyvind Hellenes

+Støttemedlem
  • Innholdsteller

    108
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Øyvind Hellenes

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Verdt å ta ein titt på norske Bonfus. Få brukserfaringar, men ser bra ut syns eg. Grei pris også.
  2. For norske forhold er den Rab-posen ubrukeleg spør du meg. Søstra mi har den og ho fryser kanskje halvparten av sommarturane vi er på. Så følg med på Finn i næraste framtid om du vil ha ein god pris, haha. På varmare dagar brukar eg ein EE quilt med komforttemp på ca -3 grader og den blir aldri for varm her til lands.
  3. Har berre brukt Allak 2 på kayaktur for to og syns det fungerte strålande, men kan sjå for meg at den ekstra plassen i Allak 3 kan vere digg på vinterstid. Då kan ein til dømes grave arbeidsgrop 20cm inn under innerteltet (for ekstra plass til matlaging osv) og framleis ha god plass til to personar. Ut i frå bilete så syns eg Staika ofte ser litt strammare ut enn Allak. Eg trur det er fordi Staika er rotasjonssymetrisk og tilsynelatande har ein litt spissare konstruksjon. Allak har også større dører som truleg svekkar teltet litt i sterk vind, men for meg er den ekstra utsikta lett verdt det.
  4. For to personar ville eg sett på Hilleberg Allak. Truleg det beste all-round teltet eg har vore borti.
  5. På sommerstid då eller? Nallo kan ein jo fint bruke heile året, men for 3 personar så ville eg valgt 4gt i staden. Eventuelt sjå på Kaitum 3gt som eg sjølv har. Det er 180cm på det breiaste og har to fortelt. Fungerer dermed godt til 3 personar.
  6. Doble veggar gjev eit noko varmare inneklima og generelt litt bedre komfort syns eg. Spesielt når det er plussgrader. Men det går jo heilt fint utan også. Ellers ser eg føre meg at det kan vere kjipt å bu i eit telt utan innertelt når det bles mykje snø inn ventilane. Kanskje difor polfarerar stort sett brukar innertelt?
  7. Eg likar friluftsfilmar som eg lærer noko av. Då kan ein jo prate eller vise, men helst begge deler. Lengda bryr eg meg ikkje så mykje om. Eksempel på innhald eg syns er heilt topp:
  8. For dei som måtte lure så testa eg Unna med bunnduk i frå Oookworks på Josten no i helga. Fungerte heilt topp. Vekta kom på 1,6kg.
  9. I dårleg vêr entrar eg teltet med den øverste glidelåsen som vist på bilete (berre med litt mindre opning). Då tar ein det meste av regnet i ryggen før ein elegant glir inn Men som du påpeikar så er nok den beste løysinga å ta av eit klips i hjørnet samt stenge innerteltet før ein går ut. Det er nesten påfallande kor mykje ekstra rom ein får i Unna berre med å ta av eit feste, og det kjem jo sjølvsagt av at teltopninga er på langsida. Foto: Bengt Larrson
  10. Ja det stemmer. Eg kan ikkje tilrå det før eg har prøvd, men det verkar jo som eit godt alternativ for å spare vekt.
  11. Eg har kjøpt eit 70x220cm bathtub golv til mitt Unna i frå: http://oookworks.com/oooktubs.html Har ikkje fått testa det endå, men sparar vel rundt ein halv kilo i vekt vil eg tru.
  12. Ser at Rago Superlight har ei T-comf grense på -2. Det er heilt i grenseland for kva ein kan kalle ein 3-sesongpose etter mi meining. Altså, for to dagar sidan var det 10 minus i Jostedalen liksom.. Når Superlight winter med t-comf på -10 er 500kr dyrare så er det nesten ikkje noko å lure på spør du meg. Ellers er eg veldig nøgd med Rago Winter. Den har eg klart meg fint med i 13-14 minus. Litt tyngre sjølvsagt, men til gjengjeld har den eit meir robust og vassavstøytande ytterstoff. Då slepp ein å vere så forsiktig med posen for å halde den tørr og det syns eg er digg.
  13. Veldig kult med norsk selskap som lagar DCF-telt! Håpar dei prøver seg på eit tunnel eller kuppeldesign etterkvart. Eg er heilt einig med Ryan Jordan i frå Backpacking Light når det gjelder dei typiske DCF-designa til 3-sesong bruk: https://youtu.be/0l9clCKq2zg (37:25 og utover) Eg veit DCF er vanskeleg med tanke på stangkanalar, men kva med eit kuppeldesign som Unna med fibraplex stenger og klipsfester ala Hilleberg Soulo?
  14. Ein kompis av meg har Shape 3 og eg syns det verkar som eit knallbra telt, men ser ikkje heilt korleis Abisko-serien tilsvarer Red Label i styrke og kvalitet. Har heller ikkje lese noko om at duken til fjellreven er behandla for UV-lys på samme måte som Kerlon er? Det har jo mykje å sei for levetida til eit telt. Uansett, utan å sjå seg blind på teoretiske spesifikasjonar så kan eg sei at i praksis så kjennast dukane veldig forskjellige ut. Ikkje at det eine er bedre enn det andre, men Abisko har ein langt meir elastisk duk, mens Red Label duken er mykje glattare og «stivare». Når det gjelder Shape 3 spesifikt, så opplevde eg høgda i innertelt som litt lav. Hilleberg Unna skal òg vere 100cm i toppen, men det kjennast mykje meir romsleg over haue. Eg tenkjer kanskje dette kan ha noko med at glidelåsen til innerteltet går heilt i topp på Hilleberg sine telt. Forstår ikkje kvifor ikkje fleire teltprodusentar gjer det slik eigentleg. Syns også mindre detaljar som stangkanalar, koppar, glidelås og strammarar verkar meir robust på Red Label, men når det er sagt så meiner eg Fjellreven har lagt seg på ei veldig fornuftig linje med tanke på vekt og styrke. Hadde truleg valgt Abisko Lite over Nallo om eg var eit par centi kortare. *Eg veit at Abisko har ei stripe med 40D langs bunnen, men dette er meir ein gimmick etter mi meining. Utgjer kanskje 10% av duken samla sett og i sterk vind ser eg ikkje føre meg at duken er sterkare enn sitt svakaste punkt uansett. Eg meiner også å hugse at stengene til Shape er tynnare i enden. Stemmer det? I såfall er det òg ein litt tullete måte å spare vekt på syns eg.
  15. Hei! Eg går opp via Fåbergstølen no førstkomande Mandag. Går då ikkje innom Småttene, men kan fortsatt melde i frå om forholda dersom de er opne for å gå samme ruta
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.