Gå til innhold
  • Bli medlem
IGNORED

Ein altfor kort tur til Sunnmørsalpane, 24-27. juni 2006


Anbefalte innlegg

som varsla vart det tur til sunnmøre i ferieveka mi i år. etter ein bedre frukost i heimen kjørte eg nordover, til horndøla bru. veret hadde ikkje vore det beste heile dagen, men skyene låg ganske høgt, så eg hadde mine håp. og gleda var sjølvsagt stor då eg steig ut av bilen, og 'rokken endeleg stakk fram mellom tretoppane! det var berre ein ting å gjere; veksle pengar til bomvegen!

oppe ved honndalssætra var det fin og kusikker parkering, med ein liten kusikker teltplass og! sekken vart pakka om, og kl 17 la eg i veg opp vegen, i retning Luka og renna opp mot toppen. Skyene var grå og litt småskumle, så eg hasta på for å komme meg nokon stad før været evt slo om til det verre. det tok omlag 45 minutt å nå fram til Luka, vatnet som markerer starten på renna, og no vart det plutselig veldig bratt! blautt som det var, verka det litt utriveleg, men heilt gjennomførbart, så eg labba i veg oppover... tok i bruk isøksa som ekstra sikkerheit over dei bratte snøfonnene, og syntes var litt vel mykje lausmassar til tider... smått om senn nådde eg då opp til kanten likevel :) i iver etter å prøve nytt utstyr, så heiv eg på stegjern, og labba i veg over snøfonna, som tydeligvis rakk til topps... tok omlag rett nordover, mot nordryggen, planen var¨å følgje denne til topps... no var toppen omringa av ei sky, men eg gjekk då litt vidare, i håp om bedring... Her oppe var det berre meg, skyene og eit rypekull som farta denne laurdagskvelden. og skyene viste seg fort å vere i fleirtal. difor fann eg det best å snu før eg byrja på siste bratta oppover ryggen mot toppunktet der inni skyene, og heller komme meg ned igjen før eg vart overraska av uvér!

ned renna på vått laust føre, heilt aleine, med ei truande sky over meg, var heller ukoseleg! og vel nede i dalen verka det som skyene skjøna at eg prøvde å stikke av... de kom veltande ned frå toppane, og ut dalen. andre kom frå andre sida, i ein sleip knipetangsmanøver! :o

nede på parkeringa vart det setjing av telt, til tider påverka av straumgjerdet... men eg kom meg då i "hus" før regnet tok til for alvor!

søndag våkna eg til vått vær, så morgonen vart sett av til lesing i breboka, og lesing om toppar på sunnmøre, ingen fjelltoppar i sikte uansett... etterkvart fekk eg pakka saman, og køyrte til øye, der slogen gøymde seg i skyene, og vidare til urke. heldigvis såg det ut som saksa ikkje stakk opp i skyene mellom regnskurane :D

tok difor vegen opp frå leknes kai, via nordsida av den vesle knatten som eg i farten har gløymd kva heiter. "geitesti" er eit begrep eg heretter er skeptisk til i guidebøker, for stien forsvann! og det var plagsomt terreng å trakke i! fann etterkvart stien frå urke, og følgde den til topps. Litt vanskeleg var det då tåka kom og tok meg mitt i toppura, men eg fann heldigvis rette vegen. å klatre ned i skaret og over til høgaste toppen var derimot ganske så uaktuelt! gjekk ned att, og køyrte opp til lygnstøylsvatnet, der eg hadde høyrt det var ein bra teltplass. han var hard, men jamn og heilt ok!

mandag vakna eg til betre vær, og litt venting seinare la eg i veg mot slogen. bratt og varmt, og rundt 6-700 moh vandra eg inn i tåkelaget... vermeldinga eg gjekk etter hadde reklamert med sol og skyfritt på ettermiddagen, så det bekymra meg ikkje så veldig! den tydelige stien var lett å følgje opp itl 1200moh, der han møtte stien frå patchellhytta. her var det imidlertid så tett at eg ville vente litt, sidan eg ikkje heilt såg kor stien fortsette. medan slogen var jamt dekka av skyer, som kom stigande opp frå norangsdalen, så var det til tider klarare innover mot brekketindane, og eg fekk nokre bra bilete. desse må besøkast ein gong! sms frå Svein, med bud om vind om forhåpentligvis mindre skyer gav håp om utsikt, og eg fann att stien på andre sida av ei lita fonn då det lysna litt ei lita stund... og derifrå var det tydeleg sti heile vegen til topps :-) på toppen var eg eit lite hopp frå å nå heilt over skylaget, eg sette meg heller ned... litt om ein annan dukka det opp toppar av skyene nokre sekund her og der, og sola skein, så det var fint å sitje der oppe 8) tok nokre bilete, og la så iveg ned att, der eg snart kom over den "berømde" issoleia i "nytt forum-diskusjonen". gjekk heile vegen ned, og sette opp att teltet same plassen som natta før. men denne kvelden feira eg med vegetargrill.

tirsdag var gråare att, og eg var litt sur. kvifor kunne ikkje desse skyene gi seg snart??? men eg beslutta å prøve meg på jakta, om berre elva ned frå konedalen let seg krysse! den var litt for stor meg, så det vart snuoperasjon allereie 260 moh :( første skritt nedover gav høgre kne uttrykk for misnøye, så kanskje var det like greit at eg ikkje oppdaga det på toppen av jakta istaden? å gå 800 høgdemeter i tåke på ukjend plass (utan sti?)hadde uansett vore litt tvilsamt, så alt i alt var det vel like greit å snu! då la eg like godt vegen mot arna att, men stoppa i stryn og forhøyrde meg om føring til lodalskåpa, været var jo så mykje betre der!

foreløpig berre eitt bilete, skal redigere litt meir før det kjem fleire, og ein tur på hytta...

status for turen er at mykje er ugjort, særleg 'rokken irriterar meg litt... og det store målet; smørskredtindane, er framleis berre eit mål! det er dog moglegheiter 5.-6. august, så evt turfølgjer er velkomne! særleg smørskredtindane kan vel vere kjekt å sleppe å gå aleine... har du vore der enno arnt??

(Logg inn for å se skjult innhold)

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det virker som du var på feil vei på vei mot Hornindalsrokken..... Siste oppstigningen mot toppen tar du fra nord. Der er en bratt hammer fra sør, mulig den er gangbar med stegjern/isøks hvis der låg ei fonn. Vanlige ruta er å runde i østsida, jevnt skrående oppover, og altså til topps fra nord.

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Var du på Urfjellet i går? Har fluesesongen begynt?

Måtte benytte fineværet, så ja, det vart en tur på Urfjellet. Vi gikk nokså sent så vi var ikke plaget med fluer, men det var del mygg og insekter langs Langenesvatnet. Men de også forsvann når vi kom oss oppover renna

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hvorfor så mye fluer?

I mer østlige og sentrale fjellstrøk er jo dette heller sjelden, der herjer istedet fjellsokk/knott/mygg.

Hva kommer dette av? Lavere høyde, mildere klima, høgere fuktighet, mer beitedyr (hehe - eller mer vestlendinger? :)) ..?

Apropos siste forslag:

Vet dere hvorfor det ligger ei møkkdynge utenfor kirkene i Sverige?

...

For å holde fluene unna bruden!! :lol:

Lenke til innlegg
Del på andre sider
  • Heriks featured this emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.