Eg var på forelesning i eit av dei største auditoria på NTNU Gløshaugen idag. Det var ei kjedelig forelesing.
Kva gjer ein så på kjedelige forelesingar? Jo, ein kikker seg rundt. Det er jo ingenting som er så spennande som rare menneske, og når dei no sit der og ikkje kjem nokon stad... Auga mine fór over eit hav av brunt, svart, beige, jordgrønt. Og eg talde vel omlag 3 gensarar i noko som kunne nærme seg en tydelig farge, nemleg raudt. Dessutan var det ein kis med tilbakegreidd hår og rosa topphue. Sjølv sat eg med mørkeblå devoldtrøye, og den brunbeige Norrønajakka om livet. Det er noko av det kjedeligaste eg har sett på lenge. Eg trur ikkje nødvendigvis det hadde vore noko betre om alle sat i assortert farga Norrøna Lofoten heildressar, men litt farge hadde ikkje skada!
Kvifor skal det være noko verre om ein vel å kle seg litt fargerikt i fjellet, som du så treffande definerer som ein stolheis på Geilo...? Klede frå i åra som har vore kjem i alle kommande år til å sjå rare ut, heilt til dei er gamle nok til å verte relansert; først som vintage og så som "klassisk snitt". Berre sjå på alle anorakkmodellane som har komme frå Norrøna dei siste åra?
Forøvrig kan eg love deg at Morten banner og steiker om du er med han på tur i grøn jakke... Det gjer seg ikkje akkurat på bilete!