Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Kor er så dette biletet frå? Det handlar om namn på fjelltoppen, namn på fjorden og grenda nedanfor, og namn på det ein så vidt skimtar av ein fjord oppe til høgre bak i biletet. Dette området har liten ferdsel av folk.

Hmmmm, noen får vel begynne: Er fjorden vi skimter der bak Sognefjorden, og er vi i så fall på sørsiden av denne ?

Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

Dette er ikkje Sognefjorden, men eg kan tenkja meg at rmb har vore i fjellområdet lengst bak til venstre i biletet, og truleg meir til. Det som stemmer er at området er sør for Sognefjorden. Ei av mine faste bussruter går langs fjorden som ein såvidt skimtar bak oppe til høgre.

Velkomen til forumet, rmb. Fint med fleire frå vår del av Hordaland, og med tilhøyrigheit på Kvamskogen (hytte kan eg tenkja meg), er turen kort til mange fine naturperler i fjellområda der, så sant at ein kjem seg på avstand frå hytteområda og rv. 7.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøver meg med eit skot frå hofta her, og bommer sikkert grovt; Er det Mostraumsviki me ser nedi her ved Mofjorden, tatt frå Raunefjellet og med Sørfjorden så vidt i bakrunnen...? Eller noko heilt, heilt anna...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nytt forsøk.

Jeg antar nå:

1. Stuttjukken kjører buss langs Hardangerfjorden.

2. Området Stuttjukken tror jeg er kjent i må være i nærheten av Kvamskogen.

3. Siden bildet viser dette område oppe til venstre, skal vi sør for Hardangerfjorden.

Jeg gjetter nå:

Hva med Maurangerfjorden. Du var på Ripelsåta, ser ned i Norepollen og bygda heter Øyre eller Flatabø.

Har ikke vært der, men på kartet ser det ut til å klaffe.

Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ikkje ut til at Nils vågar seg på denne. Så har no FU truffe blink att. Det er frå Raunefjellet, ja, like ovanfor Mofjorden og Mostraumen. Fjorden bak til høgre er eigentleg Veafjorden, men den skiftar jo namn til Sørfjorden ved Staveneset/Bruvik. Dermed er Osterøy bak til høgre, og vidare mot venstre er fjellområda mellom Vaksdal/Samnanger/Kvamskogen, før ein ser fjella ved Stamnes og Dale mot venstre i bakgrunnen. Stuttjukken køyrer ikkje buss ved Hardangerfjorden (men har køyrt litt på Hardangerbussen ein vinter for eit par år sidan, Bergen - Norheimsund - Kvanndal - Voss), men køyrer av og til ruta Arna - Trengereid - Vaksdal - Dale, og passerer fjorden ein såvidt skimtar i bakgrunnen oppe til høgre. Det betyr at når ein køyrer E 16 mellom Stavenestunnelen og Vaksdal, og køyrer vegstubben mellom Langhelletunnelen og Kjenestunnelen, så er det berre å kikka inn fjorden. Det bakerste fjellet som er å sjå der inne bak den snorbeine Veafjorden er altså Raunefjellet.

Turen til Raunefjellet er eigentleg ganske grei. Når ein køyrer utover Mofjorden frå Mo, kjem ein etter få minutt til Stokkeviki, der det står eit skilt i vegkanten som fører til fjellformasjonen Slottet og Hestabotnen. Der er det berre å ta beina fatt inn i Hestabotnen. Stien forsvinn inne i botnen, og går sporadisk vidare opp av botnen og trekkjer inn i eit dalsøkk der ein kan gå over ei stokkabru. Skogen er svært frodig med nokre enormt høge eiketre, nokre kjemper av almetre, og i bortgøymde holer mellom Hestabotnen og Slottet (avstikkar ved interesse) veks det mange artige barlind. Hestabotnen-området, saman med Flåtaneset i Mostraumen, er i dag verna barlindreservat.

Vidare er det berre å rusla skrått opp til venstre frå stokkabrua, men no er det kun sporadiske dyretrakk innimellom. Dermed er det berre å rusla oppover ei lang fjellside til ein kjem oppå toppen av Raunefjellet med knausar og små tjørnar innover fjellet. På veg oppover er det eit staseleg utsyn innover Mofjorden mot Mo og Modalen, og diverse toppar i Stølsheimen. Vel over toppen møter ein utsynet sørover og vestover, der biletet vart teke. Utanfor høgre biletkant trekkjer Osterfjorden seg brei utover mot Leknes og Knarvik. Så er det berre å rusla nedover skarvane og vidare ned lia til Nøttveitsstølen. Derifrå er det stølsveg ned til Nøttveit like utanfor Mostraumen. Alternativt kan ein gå opp lia bak Nøttveitsstølen og gå over til den veglause og fråflytta garden i Eiterdalen, like oer i Lindås kommune. Der går det sti nedover til Svartholet og Gamlasætret ved E 39, like nord for Romarheim, der det er eit stort vegarbeid no om dagen. Ein kan til og med dreia nordover frå Svartholet og gå rett inn i Dyrkolbotnen. Så kan FU og rmb kikka på kartet korleis dette verkar. Dette er ein spanande og merkeleg tur å gå. Første gongen eg gjekk her var i 1994, og då gjekk turen heilt til Romarheim. Vegen mellom Modalen og Romarheim var under byggjing og langt frå ferdig. Måten å få gått turen den gongen var å starta tidleg frå Stokkeviki, og gå over fjellet og vidare gjennom skogområdet vestover til Romarheim, der ei båtrute gjekk attende til Slottet nedlagde ferjekai ved Mofjorden. Båten gjekk berre enkelte dagar i veka, så båtruta måtte ein følgja med på den gongen. I dag går det buss, og den går 1-2 gonger kvar dag. Det er ikkje mykje det heller, men turen kan gåast kva vekedag ein ynskjer, då. Det er like greitt å parkera bilen og ta bussturen om morgonen før ein går, så treng ein ikkje tenkja på klokka resten av dagen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Midt på biletet ser ein Lønahorgi og litt til høgre (og nærare) Kvitanosi. Det betyr at biletet er tatt nordvest for Lønahorgi. I framgrunnen ligg eit regulert vatn som _kanskje_ kan vere Skjeravatnet? I så fall vil eg tippe at biletet er tatt frå Gavlafjellet i Stølsheimen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ein gong har eg vore borte nokre dagar. FU sitt bilete viser utsyn mot Reppeggji, Skreieggji, Blåeggji (framgrunnen) Mykjedalshovden med Mykjedalsvatnet, og kanten av Jomarsnosi nært Torvedalen. Den andre vegen ser me over ryggen med Kolbeinstjørnane, mot Mørkvesberget, der Finnbunuten er lengst bak på fjellryggen til høgre. Kolbeinstjørnane ligg på høgdedraget der buføringsvegane gjekk over frå Mørkve (the Dark Valley) til Mørkves-Grøndalen, støl ved lite vatn med ei lita rekkje med sel rett over vasskanten. Ein gong eg var på Mørkvesstølen på sida som vender mot Myrkdalen (ned til høgre frå bilete nr. 2 til FU her), traff eg både Knut Mørkve og Anna M. Sørestrand. Eg reknar med at FU kjenner desse trivelege strendingane. Eg hadde gått opp frå Tveite dagen før, forbi Tveitestølen og Hiurdi og over forbi Mykjedalsvatnet, og ned i Torvedalen. Dagen etter gjekk eg inn den koselege Torvedalen heilt inn i enden og ovar Murane, passerte eit stykke over Skjervheimsstølen (hadde gått ned der året før) og svinga innom Mørkvesstølen og traska ned traktorvegen derifrå. Dette var i 2001. No er skitrekkjene komen på Ondrahsugen rett innanfor stølen. Tidene endrar seg.

Rmb sitt bilete er utan tvil frå Gavlafjellet, 1244 m.o.h., nordvest for Skjerjavatnet. Dette er eit av heimafjella mine, og eg var der sist i september 2005. Såg rmb til Fannaråki og Store Skagastølstind den dagen. Dei er greie å sjå derifrå, men sikten må vera god for det er langt. Biletet hans viser både Kvitanosi frå det Stuttjukken kallar for rettsida, med Lønahorgi og den flate Skreiieggji vidare mot venstre. Har rmb fleire bilete frå turen, kunne han godt lagt dei ut, eller linka til dei om han har webside. Ser ein vestover frå Gavlafjellet, ser ein mot den lange fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet i Modalen, som er som ein mur mot kysten i vest. Då kan FU, rmb og andre ta turen bort på der ein annan gong. Sjølv om toppen der (Taket, 1211 m.o.h.) er 33 meter lågare enn Gavlafjellet, er utsynet mykje større og vidare. Der er ein langt nok vest til at ein ser forbi i nordvest og like til Ålfotbreen i Nordfjord, samt sørover til Stord. Derifrå ser ein óg meir av Jotunheimen, enn ein gjer frå Gavlafjellet, og ein ser meir av fjellområda mot Bergensbanen over fjellet austover fordi ein er nokre km. lenger unna. Gavlafjellet er ein topp som er enkel å nå frå anleggsvegen frå Trefall i Eksingedalen, og ein kan t.d. gå opp frå anten vestsida av Kvammavatna og over osen i Gavlavatnet og opp der, eller ein kan gå frå vegen på veg inn i skardet mot Heddledalen og Holskardvatnet og via Skorvadalen. Nord og vest for Gavlafjellet er Saufjellsvatnet, Kvanngrøvatnet og Øvste Sødalsvatnet, eit artig område der det går lite folk i vår tid. Frå Nygard i Modalen kan ein gå opp til Krosstølen og vidare opp fiskevegen (namn frå tider då folk gjekk innover til Holskardvatnet for å fiska) i Norddalen til nordenden av Saufjellsvatnet og opp til toppen der, alternativt gå opp den gamle ferdavegen (frå Nygard/Modalen mot Arnafjorden og Vik i Sogn) frå Krosstølen og inn Viermyrdalen, opp Kross-Gavlen (bratt steinurd) og over høgda mot Skjerjavatnet og halda fram nordover Flatafjellet. Ein kan óg gå nordover og trekkja gradvis ned mot Skjerjavatnet, og passera nordenden, gå over osen frå Gavlavatnet, følgja anleggsvegen mot inste enden av Askjellsdalsvatnet, og gå over leitet og innom Vassøyane til Selhamar. Då kan Gavlafjellet vera ein avstikkar, og ein går ei alternativ rute frå Modalen og inn i Stølsheimen, der ein får ha fjellet det meste av turen for seg sjølv, iallfall mellom Krosstølen og anleggsvegen innom Skjerjavatnet er det lite folk å sjå. Området nordvest for Gavlafjellet er enkelt å bruka, men ein må vita kvar ein bør gå. Der kan ein starta ved vegs ende i Kvanndalen innanfor Nygard i Modalen, trekkja opp lia til Kvanngrøvatnet, passera oves fjellryggene på vestsida, trekkja gjennom Sørdalsskardet til Øvste Sørdalsvatnet, trekkja over mot Hodnefjellsdalen (sogningane seier Vikjesjur-dalen) nord for demninga i Holskardvatnet, trkkja vidare over og ned Sundagsbeiti og forbi sørsida av Vetlavatnet og over elva mot Halsetsstølen. Kun siste strekkjet langs Halsetvatnet mot Åsedalen går på ordentleg sti. Ser ein på kartet, er denne ruta påfallande beint mot nordaust, frå Kvanndalen mot Halsetsstølen. Også denne ruta er ei alternativ rute inn i Stølsheimen. Her ser ein fjellområde få andre ser, fordi det nestan ikkje går folk der.

FU nemner "området til Stuttjukken". Stuttjukken har ikkje eit spesielt område. Han går mange rare stader rundt om i Stølsheimen, både på og utanfor allfarveg. Kanskje FU og rmb skulle ha vore med på ein tur til ein "godbit" i området på vestsida av Modalen, dog i eit langt saktare tempo enn dei er vande med. Stuttjukken går ikkje så fort. Elles var eg over forbi Nystølen og Fridalsvatnet i mørket i går kveld. Det er jo ikkje snø dei fleste stader nede på Vestlandet for tida, så eg drog avgarde for å finna litt. Ca 700 m.o.h. var eg ute av bilen for å nyta frisk vind og herleg snøvêr. Det var iallfall betre enn alt regnet dei siste månadane. Det låg 10-20 cm. snø i terrenget i 6-700 meters høgde, og snøen starta såvidt frå vel 400 m.o.h. Det er for lite for skiturar, men det var i det minste vinter der oppe i går kveld. Dette er fjellovergangen Matre/Masfjorden - Stordalen - Nystølen - Fridalen - Førde - Bjordal ved Sognefjorden.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På oppfordring kommer nok et bilde fra Gavlafjellet.

Var her i sommer og fulgte stor sett ruten til Arnt som beskrevet her:

http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/gavlafjellet.html

Bildet er tatt mot øst og viser 3 markante fjell: Raudberget, Skjellinganosi og Fresvikbreen.

Fanaråken kunne jeg ikke se når jeg var oppe.

På andre siden av Steinslandsvatnet har jeg ikke vært, så jeg "melder" meg på Stuttjukken sin tur.

post-2122-13347444426_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Biletet rmb kom med frå Gavlafjellet, med utsyn mot Arnafjordfjelli i Stølsheimen med Raudberget og Skjellinganosi, er likt eit bilete eg tok i fjor, som vart brukt som framside på Stølsheimenkalendaren for i år, (og eg held på med neste års utgåve i desse dagar). I bakgrunnen ser ein Nummestolane og Svinadalsholtane i tillegg til Fresvikbreen. Så langt har snøen langt på veg "uteblitt" (kjem og går heile tida også høgt oppe), så eg lurar på korleis neste sommar vert, med tanke på at bretininga held fram frå der det slapp allereie frå jonsok. Me får sjå, men går det slik kvart år varar ikkje breane lenge.

Eg veit ikkje kva topp Odin tek bilete av, sjølv om eg skal tippa halv-vilt her óg. Eg tippar på Stemshesten eller Melen ved Farstad innanfor Hustadvika. Det andre biletet hans er frå sletta ved Hustad, med dei artige soppane av nokre småsåter som klyv sletta langt på veg i to. Minnar om såtelandskapet i Guilin, Kina. (Har kun sett bilete av det).

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.