Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Me har hatt stor suksess med å bruka gamasjar til den type sko som virrma nemner over.
  2. Me har begge typane og tykkjer ikkje det er nokon skilnad i praksis (type 7LW)
  3. Takk for det. Det som gjerne interesserer meg mest med Lundhags er at dei kanskje turkar litt fortare enn andre jaktstøvlar. Mine Alfa tek forferdeleg lang tid å turka når dei fyrst er skikkeleg blaute.
  4. Har du samanlikningsgrunnlag opp i mot andre jaktstøvlar som til dømes Alfa Bever og Crispi Hunter? Eg har Alfa Bever og Bever Pro, men når desse skal pensjonerast så vurderer eg Lundhags.
  5. Du får gje oss ein lyd når du har brukt skoa litt - har tenkt på desse skoa sjølv.
  6. Ja, det er den same eg har óg. Lavvoen som trådstartar linkar til har færre barduneringspunkt enn Varanger og er mindre rund i forma. Eistangs-lavvoar er uansett utsette for vind, men rikeleg med bardunar og pluggfeste saman med ei meir aerodynamisk form er betre.
  7. Trur det er ein del folk rundtom som brenn inne med lavvoar som ikkje vert brukt. Eg vil rå deg til å ta ein runde på finn.no
  8. Mitt Akka Dome-telt er vel inne i sitt tredje år no og eg har til gangs fått testa det i regnvér. Til dette er det svært bra. Duken er av polyester og denne er statisk slik at han ikkje strekkjer seg når det regnar, men nylonduk er sterkare enn polyester. Bra at Fjällräven har utbetra patenten i toppen av kuppelen. Det var det behov for.
  9. Etter mitt syn er ikkje Akka Dome noko vintertelt for høgfjellet, men løysingane og ventilasjonen gjer at det fungerer flott i kaldt vér i skogen. Årsaka til at eg ikkje brukar dette teltet på snaufjellet om vinteren er kryssingspunktet i toppen av kuppelen der alle tre stengene skal gjennom - rett nok i tre separate kanalar. Her må ein vera svært nøyen når stengene skal i, for elles vert det berre plunder då teltet har innvendige kanalar. I stiv kuling har ein då eit interessant problem. Elles er eg samd i at Akka Dome toler mykje vind og at det er gjennomført god kvalitet - ikkje minst er det eit komfortabelt telt å bu i. Eigenskapane i vind er svært gode når teltet fyrst står, men som nemnt er det krøkkete å få opp når det bles. Når det gjeld løysingar som gjer ting enkelt å utføra med vottar på, noko som er svært aktuelt på vinteren, så meiner eg at Hilleberg er i ei eiga klasse. Utvendinge kanalar er veldig kjekt.
  10. Outnorth køyrer opp rettleiande pris før desse kampanjane og i tillegg er det stort sett berre sal på ting som ikkje er på lager eller i beste fall berre i str xs eller xxxl.
  11. Klättermusen sin membran tek ikkje inn vatn, men etter litt bruk trekkjer alle ytterstoff meir. Dette gjeld alle jakker og bukser. Hetta på Brede er god både med omsyn til vern mot véret og i høve til passform. Designet og gode høve for tilpassing gjer at ho snur seg der du snur deg. Eg har prøvd på Arc'teryx og Brede si hette er langt betre. Brede er best på den kalde sida av kalenderen. Ikkje gløym at gore-tex er miljøsvineri.
  12. Veit ikkje om du allereie har kjøpt jakke, men etter mitt syn er dette to litt ulike jakker. Eg har sjølv Brede og har brukt denne nokre år no. Det eg likar med Brede er hetta, alle lommene, at ho er laga av eit (meir) miljøvenleg materiale, fasongen, luftinga og den generelle solide utforminga. Derimot er eg ikkje så nøgd med denne jakka på eit par andre punkt. Vekta er langt høgare enn Alpha SV og i tillegg vert jakka ganske så blaut på regntunge dagar. Det er då ikkje membranen som lek, men det at eit solid materiale, mange lag med lommestoff og detaljar gjer at ho treng lenger tid på å turka. Brede er ikkje ei jakke du har i sekken i tilfelle ruskevér så det bør du tenkja på. Alpha SV er nok eit betre jakke til alt mogleg, men hetta er dårlegare, lommene færre og ikkje plassert slik eg ville hatt dei... Spør gjerne om du har fleire ting du treng svar på.
  13. Eg har både WoolNet og LightWool og tykkjer desse er normale i storleiken. Sistnemnde har eg vaska på 60 grader utan at dei har krympa. WoolNet må ein ikkje sentrifugera! Det har eg gjort ein gong og no er trøya vindtett...
  14. Fantastisk tur! Må berre legga til at min bestefar var med på å laga vegen de sykla på mot Årdal.
  15. Min niåring fekk Osprey Jib 35 no i sommar. Sekken er veldig fin med mange fine detaljar. No har han brukt sekken på fleire turar og seier at han er godt nøgd.
  16. Har Mountain Equipment Xero 550 og er godt nøgd med posen. Den største bakdelen er 3/4 glidelås. Elles er fasongen smal, men det venjer ein seg til.
  17. Tja... Eit produkt eg har hatt mykje glede av på regnversturar med telt er ein tarp. Denne gjev deg litt meir trivsel i leiren og betre plass til å henga opp eller frå seg blautt utstyr. Det er sjølvsagt greitt med litt skog for å få fullt utbyte av tarpen. Dunposen pakker eg alltid i tett pakkpose og har ikkje hatt problem med fukt - sjølv i Matrefjella på hausten.
  18. Unngå bomull for all del. Støttar førre innsendar og fører til at Houdini og Arc'teryx har utmerka alternativ i syntetstoff. Eg har brukt desse til lange springeturar med stor suksess. På fjellet over fleire dagar held eg meg heller til ull av den tynne typen - Aclima Light Wool eller Houdini (ull og silke).
  19. Mitt innspel var at du kanskje heller burde vurdera Keron 3 og ikkje 3GT i staden for Nammatj 3GT. Eg er berre 176 cm og mislikar den skråe fotenden vinterstid. Dette vert enno verre om ein ligg på til dømes DownMat og med ein tjukk vinterpsoe. Då er ein garantert kontakt mellom teltduk og sovepose.
  20. Nammatj 3 er berre 160 cm breitt så om du planlegg vinterturar ville eg kjøpt det. Eg har sjølv Nammatj 3 og meiner det er eit tomanns og ikkje noko tremannstelt. Merk dykk óg at teltet er skrått i fotenden. Dette er ei ulempe i snøvér ettersom lengda på teltet vert redusert etter kvart som snøen legg seg. Så: Dersom eg hadde vore deg ville eg heller sett på Keron 3!
  21. Eg har óg berre brukt buksa i kaldt vér, men tykkjer materialet er meir komfortabelt enn ein del andre membranar eg har brukt i tilsvarande temperaturar. Ventilasjonen er god når ein brukar glidelåsane i sidene - dette har eg testa til gangs i vinter. Elles er det flott at smekka er laga i soft shell. Ein finn vel heller ikkje mange andre bukser som er så rikeleg utstyrt med lommer. Afe nemner eit par slitasjepunkt. Eg har ikkje opplevd tilsvarande på innsida av knea, men teipen over skrevsaumen løysna på same vis. Dette varsla eg produsenten om og fekk knapt snudd meg før ei ny kom med DHL. Eg returnerte mi defekte som ein del av avtalen. Likar Plusminusnoll så godt at eg no har lagt inn ordre på deira bomullsjakke.
  22. Dersom dette vert til snus så er det vel ikkje heilt vekkasta å ta med seg i sekken
  23. Eg fekk mi bukse sist helg, men har ikkje fått testa ho til anna enn ein tur i ruskete haustvér. Fyrsteinntrykket er på alle måtar veldig positivt og gledar meg til å bruka ho skikkeleg. Det eg kan seia så langt er at det er gjennomført god kvalitet over heile lina. Heile fem lommer er noko eg har sakna på det meste anna eg har gått med tidlegare, men som Afe kommenterer så burde det vore noko meir stramming nede rundt skoen. Då hadde buksa fått eit utvida bruksområde - til dømes på sure haustdagar. Selane heng godt på skuldrane sjølv om ein går utan sekk. Når det gjeld pusting så skal det seiast at buksa er laga av eit kraftig materiale. Då ventar eg ikkje all verda til pusting, men stoffet er mindre klamt enn Klättermusen sitt. Eg har så langt berre gått med buksa rett på skinnet.
  24. Eg reklamerte på mi Brede-jakke etter at eg fekk problem med at ytterstoffet nuppa noko heilt ekstremt. Dette resulterte i at eg fekk ei ny i eit mykje betre materiale. Har skrive om dette på FF tidlegare.
  25. Støttar opp om couscous. Veldig praktisk og god turmat.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.