Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Bear Grylls på DVD burde hjelpa i ein slik situasjon.
  2. krokavatnet

    fjellvotter

    Støttar opp om Ortovoxvottar. Desse er laga av ein produsent som heiter Dachstein og finst med andre merkje enn Ortovox. Sjølv har eg slike vottar der det står Salewa på. Uansett er dette nummer 1 på snaufjellet om vinteren. Dei toler fukt ekstremt bra og nesten like heite om dei er blaute. Trass i at dei er av 100 prosent ull så held dei lenge og dei toler i seg sjølv ein god del vind. Dersom det er skikkeleg kaldt og vind kombinerer eg ullvottane med lange bomullsvottar utanpå. Då skal det rett nok vera grisekaldt. Til det meste anna der ein møter snø brukar eg eit par i gore-tex frå Lowe Alpine med syntetiske innervottar. Eg var veldig skeptisk til desse når eg tok dei med på fjellet fyrste gong, men dei vart brukt kvar bidige tur sist vinter. Slitesterke og veldig god passform.
  3. Mountain Equipment har nokre interessante modellar i både Schoeller og Windstopper. Vidare finst det nokre bra frå Arc'teryx. Soft shell-buksene vert ofte levert med gode lårlommer, noko som er veldig praktisk.
  4. Stiller meg det same spørsmålet.
  5. Får tru Klätternusen har skjerpa seg på kvaliteten. Eg har Klättermusen Mithril - forgjengaren til Gandalv - og denne vert mykje brukt, men fasong og saumkvalitet står ikkje til prisen. I tillegg har eg ein modell frå Marmot som er heilt suveren til haust og vinter. Denne har ein slitestyrke som er heilt rå.
  6. Eg har ei Marmot ATV-bukse i Schöller DrySkin Extreme og denne har eg brukt i - 18 og vind utan problem. Buksa som eg har er utgått av produksjon, men ein finn andre typar av det same materialet. Mammut har ei som heiter Champ og som eg meiner er rimeleg lik den eg har. Slike bukser er veldig sterke og varar i mange år så det kan forsvarast å legga litt pengar i eit slikt plagg. Tilak-buksa som Håvard nemner er nok óg eit godt val.
  7. Det finst mykje soft shell der ute og eg er ikkje sikker på om du finn det beste på XXL. Sjølv er eg ein stor tilhengar av soft shell-bukser. Desse vert ikkje klamme, er utruleg sterke og vindtette nok. Det at dei er elastiske er ein annan viktig ting. Heilt vindtette bukser brukar eg stort sett berre på vinteren eller i form av regnbukse når det striregnar. Eg brukar óg jakker i soft shell-materiale med stort hell.
  8. Hadde mange ubedne gjester mellom inner- og ytterduken på teltet i helga. Turen gjekk i Indre Sogn og arten var ekstremt godt representert både i skogen og på snaufjellet. Fjellrypa såg eg derimot ikkje mykje til - berre fire stykkjer på fredagen.
  9. Det der såg utruleg flott ut - og så den auren!!! Heldigvis vert det tur frå i morgo til sundag så eg skal vel klara å koma meg gjennom dagen på kontoret.
  10. Imponerande arbeid!
  11. Har hatt bruk for stangledd til å reparera både teltstenger og fiskestenger. I tillegg har eg i slike tilfelle óg hatt nytte av lim og teip (elektrikarteip og gaffa). Ståltråd har vorte brukt til reperasjonar av skiutstyr som trinser og kabelbindingar. Til sist må ein vel nemna sysakene - dei vert ofte brukt.
  12. Utruleg fine bilete frå fantastisk natur!
  13. ME Xero-posane er litt trongare enn tradisjonelle norske posar, men dei har god fasong slik det vert nemnt over. Eg har Xero 550 og er veldig nøgd - fasongen på hetta er veldig bra. Når det gjeld soveposen Xero 350 så er eg litt skeptisk, for eg ville ikkje hatt ein tresesongspose utan heil glidelås. Marmots modell verkar etter mitt syn betre. Når det gjeld tinging av pose frå England så er det korrekt at ein kan gjera gode kjøp frå England, men sjekk óg ut posane frå Rab. Her er ein engelsk nettbutikk som sender snøgt og som har god serivce: www.towerridge.co.uk
  14. Eg har gode røynsler med bukser i Schoeller-materiale. Blant anna har eg i frå Marmot i dette materialet som eg frå 2004 og som knapt syner noko slitasje. Veldig, veldig bra.
  15. krokavatnet

    Turbukse

    Eg kjøpte ei slik på XXL i Bergen (Åsane)
  16. Har Klättermusen Brede og det er ei veldig klam jakke. Kanskje du burde vurdera Rab Latok som er laga i eVent? Etter mitt syn er eVent meir komfortabelt å gå i enn GT, men slitestyrken er litt dårlegare. Marmot har eg óg sansen for og særskilt jakka Exum (har ikkje prøvd denne, men har anna Marmot-utstyr som er veldig solid).
  17. Engelskmennene har óg fine nettbutikkar der ein kan gjera gode kjøp. Sjølv kjøpte eg meg ein Rab-pose frå www.towerridge.co.uk sist haust, og Rab har mange fine modellar. Frakta vert ofte noko rimelegare frå England enn frå USA.
  18. Takkar!
  19. Slik å forstå! Du har rett! Har bytt ut stengene på mitt Nammatj (fulle folk som har trødd dei sunde) med Helsports stenger. Dei er greie, men har hatt dårleg strikk. Får ein kjøpt nye Nammatj-stenger av den krafitgaste sorten her til lands?
  20. Eg har Unna sjølv og veit utmerka godt at stengene på dette teltet er av ein tynnare kvalitet enn det ein finn på Nammatj. Unna er berre 110 cm breitt og har heller ikkje fortelt, noko som gjer det plundrete å halda på med primus inne. Ein kan sjølvsagt ikkje avvisa Unna som eit vintertelt (vindsstabil konstruksjon, gode løysingar som gjer at det kan monterast med tjukke vottar på, gjennomført topp handverk, etc), men ditt døme med Svalbard-teltet vert vel ikkje heilt rett då det vert ein diskusjon om ulike produsentars løysingar. Mitt innlegg peikar på ulempene med bruk av småe telt om vinteren (på snaufjellet).
  21. Teltkonstruksjonen er det ikkje noko i vegen med når det gjeld vér, men ventilasjonen er utført med berre ein liten opning i toppen av døra. Ein treng gjennomlufting når ein skal smelta snø for å få vekk damp, og for sikra tilstrekkeleg tilgang på luft (kalde kjelar fulle av snø gjer at brennaren produserer meir CO). Sjølve teltkonstruksjonen skrår både i hovud- og i fotenden, noko som gjer at soveposen oftare kjem i kontakt med rimete duk. Stengene er óg på grensa til å vera for tynne til vinterstormar. Eg skil mellom skogs- og snaufjellsbruk fordi at ein i skogen ofte fyrer bål, er meir utanfor teltet enn inni og difor har mindre behov for plass og primusfyring enn på snaufjellet. På snaufjellet drikk eg stort sett kaffien min inne i teltet
  22. For det fyrste er det for lite plass innvendig til primusfyring og for det andre har det for dårleg ventilasjon. Når er snakkar om vintereigenskapar så tenkjer eg hovudsakleg bruk over tregrensa, Eg ville ikkje nølt med å bruka Unna i skogsterreng om vinteren. Ja, det finst telt som er betre til reine sommardagar - til dømes variantar med innertelt av netting.
  23. Ser ikkje så verst ut det der. Tenkte å gå frå Dyrkollbotn og innover fjellet i retning Skavlabu på laurdag. Reknar med at det vert med telt til sundag.
  24. Unna er nok ikkje noko vintertelt, men eit veldig bra einmannstelt til alle andre årstider.
  25. Spanande prosjekt! Har reist i området, men aldri på sykkel. Men eg les ein artikkel i amerikanske Outside i fjor sommar om akkurat denne regionen. Kanskje du kan finna den online.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.