-
Innlegg
1 017 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
7
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av josteink
-
Gullfjellet 29-30 April. Fiskeforhold og snødybder?
josteink svarte på Tico sitt emne i Fjellvandring
Er fisk i Langavatnet også, usikker på kvaliteten. Her var det isfritt og ikkje snø i helga, bør vera mulig å få fisk utover no. -
Ein stiv sko med stiv såle er veldig mykje betre i ulend terreng og med sekk på ryggen. Prøv å gå med fjellsko med stiv såle i steinur vs. joggesko så kjenner du forkjell. Men ein stiv såle gjer og at du får mindre grep f.eks når du skal krysse bekker. I tillegg vil ofte fjellsko ha hardere såle, dvs at den er litt glattere enn mjuke såler (f.eks. støvler eller joggesko) men den er mykje meir slitesterk. Dersom du skal gå mykje på fjell (altså stein og berg etc) så velg ein sko med stiv såle, har slitt ned sålen på eit par fjellsko tidlegare til det ikkje var meir såle igjen. Så kva sko du velger så vil det vera for- og bakdeler, stive sko betyr og litt mindre følelse med underlaget men betre i ulend terreng og for bering med tung sekk... La sportiva har nokre relativt lette modeller som også er stive, desse er mindre klumpete enn besseggen, kan vera verdt å prøva desse.
-
Høyres bra ut med 3 veker på tur. På veg vil dåke ha mjuke sko med lite stiv såle, til fjell og stor sekk stiv sko og såle.... Eit bra alternativ her kan vera crispi besseggen, solid sko med gummiert tupp, men goretex membran. Er vanskeleg å finna sko som er skikkeleg fulllær notildags, så godt som alle skoa har membran av goretex. Scarpa Sl er ein fullærssko uten membran, stiv såle og god med tung oppakning. Ikkje så god på grusveg naturleg nok. Eg har mitt andre par av desse no, og er strålande fornøyd med egenskapane til denne skoen. Vanskeleg å få tak i ettersom alle butikker har kun goretex sko, som etter min erfaring held i inntil 6 mnd før membranen går til h. Fekk tak i Sl skoa på PLatou i bergen, ring og spør. Dei andre platoubutikkane har ikkje denne skoen. -J
-
Hei, kva er enklaste og billegaste måten å senda ein ally på? Posten, fraktselskap, NSB, ekspressbuss?? mvh Jostein
-
Etter å ha lest ditt innlegg så sit eg vel igjen med inntrykk av at du har lyst på tur med eit klart mål, veldig bra! Dersom du legg opp turen etter dnt hytter så stikk innom eit dnt kontor å få ei oversikt over hyttenettet, her har dei nokore små kart over kvar landsdel der antal timer mellom kvar hytte er innteikna. Greit planleggingsverkty. Mht forberedelsar, treningssenter kan vera ok men begynn å gå turar istadenfor/i tillegg. Den treninga som kroppen din treng, dvs ankler, kne, rygg etc etc, får du meget bra med å gå i ulend terreng med halvtung sekk. I tillegg får kroppen din trening i fysisk aktivitet over mange timer, så gå nokre 6-8 t turar, dette er trening du ikkje får på treningssenter (i tillegg til praktisk erfaring). Og personlig så er det litt meir interessant å gå med eit fiskevatn i sikte enn 1 t på eit senter. Ville også vurdert å gå ein 7- 14 dagars tur i sommer, bare for å gå inn utstyr og feltrutiner/erfaring. På ruta du har lagt opp så ser det ut som om du legg deg langt vest ( sundal) fine ruter men dersom du skal starte i byrjinga av juni så bør du tenka på at det er betraktleig meir snø vest for vasskilje enn aust for, f.eks. vågå og over til Rondane og opp til Røros herifrå?.
-
Er tidleg vår oi år (så langt...) men trur du kan ta med deg ski på den turen der, iallefall frå Krekkja og vestover. Ring Finse i byrjinga av juni og spør, men i utgangspunktet ville eg ikkje gått den turen før byrjinga av juni (tidlegast).
-
Ang kokekar, eg bruker ein kjele og ein kaffikjele + ein liten gassbrenner. Desse er frå eit stormkjøken men har slutta å bera med meg heile pakken, mykje ekstra vekt her. Ang sovepose, sjekk påwww.oslosportslager.no, dei har salg no på ein del ting. Gassbrennar: kan anbefala den frå biltema dersom pris er viktig, er liten og lett og funker kjempebra. i tillegg er gassbokse mykje billegere på biltema enn andre plasser.
-
Hei, for telttest, sjekk www.friluftsliv.no.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Hei, dersom du skal ha 4 måltid om dagen så blir det ein del mat å bera. Eg har alltid med meg frukost, lunsj og middag, sistnemde vert eten på ettermiddag-kveld. Har då aldri behov for eit kveldsmåltid. I tillegg er det godt å ha noko kjeks, fisk eller etkvart seint på kvelden framfor bålet, men i femund burde du kunne satse på fisk. Rømme og smør held seg ganske mange dagar, du merker etterkvart at det vert harskt, til å steike i bruk olje. Mht middag, så er eg ikkje så glad i realturmat og ville supplert med : - ferdig steikt kjøttdeig, pasta og pastasaus, kjøttdeig og gryterett, fiskeposesuppe med sjølvfiska fisk og heimetørka grønnsaker, potetmos og betasuppe blanda i kvarandre + litt salt pølse, ris og parisiennesaus med fisk, evt ris kokt med ein buljongterning og fisk (veldig godt!), gratinerte poteter (posepakke, liten og lett) + steikt lungemos (godt krydra) m.m. I tillegg kan du jo vurdera om du skal dra med deg ein biff samt litt friske grønnsaker som du steiker til fyrste dagen, då skal du kanskje ikkje bera så langt alikevel... Fordelen med real er jo at du ber lettare og har enkel tilberedning. Ta i tillegg med ein 3-5 hg sukker, kan vera at du finn ein del bær (blåbær, molter, tytebær etc etc). Då rører du ut med litt sukker og har ein kongedessert
-
Hei, som det er sagt, lag litt lyd, nynn og plystr når du går i tett vegetasjon og ikkje har oversikt. Er elg og kalv som kan vera int å møta på, men har fleire gonger passert ku og kalv på nært hold så dei fleste er ikkje aggresive. Moskus, sikkerhetsavstand ca. 200 m, dei gidd normalt ikkje koma springande etter deg så med mindre du trakkar deg tett opptil dei så går det fint. Dessutan så vil du nok møta dei i opent lende og då er det jo ikkje noko problem å få auge på. Flotte dyr foresten.
-
Ja, spesielt på austvidda er det heilt på tryne med private vatn. Ville vore grusomt om nokon tok ut nokre fiskar med stang i dette området... Mykje betre på vestvidda i så måte, med store statsallmenningar som ein no kan kjøpa kort for samla. Dersom du skal ha kort for Kinso området så ta å ring til turistinfoen i Kinsarvik, har tidlegare ordna det slik at dei sender giro som eg betalar og tek med som gyldig fiskekort.
-
Vidden i Bergen - mulighet for fottur 1. mai?
josteink svarte på Knut-Erik sitt emne i Fjellvandring
Dei hauane er så lave at der er det ikkje noko snø igjen no, bare å vandra i veg -
Hei, på vidda kan du stort sett gå over alt, er eit lettgått terreng. Dersom du foretrekk å følge sti, så er det mange mange T-stier på vidda. Ei fin rute for ei veka er frå Finse til Haukeliseter. Ta toget til Finse, og buss til bergen frå Haukeliseter. Mellom desse to punkta finnes det mange stiar å velja, det er stort sett det same kva du vel då det er fine stier alt. Eks kan du velje finse - Krekkja-Stigstuv-Sandhaug-Litlios-Hellevassbu-Haukeliseter. Her kan dåke gå litt plassar men ha den stien som ein raud tråd. Det fine med telt er jo å kunne leggja seg på fine plassar og gå litt utenom dei mest trakka stiane. Eit anna alternativ er å ta toget til Ustaoset, gå over Hallingskarvet, over mot (evt rund Hardangerjøkulen) og ned mot Hallingskeid eller Uppset, og tog herfrå tilbake til Bergen. Fiske: Dei fleste vatn på vidda er det fisk i. Den ruta som går frå finse til haukeliseter passerar mange gode fiskeområder. SØk på dette forumet og på fiskersiden.no for tips. Når du veit nøyaktig rute så send meg ein PM så kan eg gje nokre tips. Tidspunkt: tidlegast slutten av juni. Beste tidspunkt slutten av juli og august. Meir snø og is til lengre vest du kjem, går du tidleg så er det ein fordel å leggja seg aust for vasskilje. Vær: høgfjell, masse klede, varme soveposer. Her kan det vera alt frå +2 og regn til +22 og strålande sol. Anbefalar at du søker litt rundt på turrapportar og les, mykje info her om terreng og liknande som kan gje deg ein oppfatning om korleis det er p åvidda. Til slutt, vidda er heilt fantastisk, og eit flott turområde.
-
I fjor så gjekk isen i Hamlagrøområdet (dvs oppå fjellet) i slutten av juni. SKiføre ei stund framover med andre ord. Dra utover mot kysten, dvs Tysnes, Stord, sotra. Her er det vår og vakande fisk på denne tida.
-
Hei, dersom dåke skal gå i slutten av juni bør dåke droppa Hardangervidda, evt trekke godt øst for vasskilje (f.eks. Ustaoset - mot Mårvatn o.l.). Dette fordi det er vår her oppe enda og det vil ligge ein del snø på vestvidda, og barmark vil typisk vera veldig fuktig og med mykje smeltevatn i elvane. Skarvheimen er eit godt alternativ då snøen fer tidlegare her, utan at eg sjølv har gått her. Andre områder som burde vera interessante er Rondane. Her fer snøen tidlegare og det er lettgådd område. Går buss frå Bergen til Hjerkinn, deretter er det bare å legga ruta sørover. Femundsmarka, jekla tungvint å koma seg frå vestlandet hertil, men fint og lettgådd område. Sirdals/Setesdalsheiane er også eit alternativ (buss frå bergen til Haukeli, deretter er det å vandra sørover). Forstod det slik at dåke ikkje har gått lengre turar? Kan vera greit å gå ein 2 - 3 dagars tur fyrst fordi då blir dåke vane med å gå med tunge sekker (20-25 kg), dåke lærar kva dåke treng og ikkje treng (pakklister er relativt, DNT sine gjer eit godt utgangspunkt), kva mat som funker, kva som er ikkje bør vera med og masse praktiske ting som er nyttig. Mht tunge sekker så er det noko som uansett går seg til, dog med litt ømme skuldrer etter fyrste dagen I tillegg kan dåke trena orientering med kart og kompass dersom dåke ikkje kan dette. I nærheten av bergen er Hamlagrø eit veldig fint område for kort tur. Når ein går lengre turar så kan det vera greit å ha ei arbeidsfordeling også, rigging av leir, oppvask, middaglaging, orientering etc etc. Eg vil anbefala Monsen si bok om villmarksliv og turplanlegging, gå på bibloteket å lån denne. Han tek opp ein del tung rundt turplanlegging som er veldig nyttig og som ikkje er på DNT sine sider (siden dei rettar seg inn mot hytteturister). Ta telt, som tidlegare sagt, duk funker når det er under tregrensa og det ikkje er knott/mygg. Å vera på lengre turar (over 4-5 dagar i min verden) er utruleg herleg og veldig forskjellig frå 1-2 dagars turar på mange måtar, håpar dåke får ein flott tur. Legg gjerne inn ein turrapport etter fullført tur.
-
Hei, kor langt forbi turtagrø er vegen brøyta no i påsken? dvs i retning sognefjell og evt over mot Årdal? mvh J
-
Skal kjøpe masse utstyr.Hvilken nettbutikk er "overall" billigst ?
josteink svarte på kenny28 sitt emne i Alt annet utstyr
tynt liggeunderlag til å ligga unde dowmatt, kjøp billegt på biltema. funker til sin bruk. Fiskeutstyr, sjekk www.pro-fish.dk på sommerstid brukar heller ikkje eg lykt. Større sportskjeder (gsport, mxsport, intersport etc etc) har ofte enkle lykter til ein billeg penge, petzl til 200-300,- Vasstette bokser og liknande, sjekk ulike reisebutikker, evt H&M for små bokser og flasker. Større bokser har europris og rema o.l. Sag: jernia Pakkposer: Clas O har billege og solid pakkposer. Benytter personleg 1 pakkpose til kamera. Eller så nyttar eg plastposer. -
Kjøpte Norrøna arktis anorakk i haust, kjempebra plagg. Har nesten bare benytta denne i vinter. Bur på vestlandet med fuktig klima, men litt fuktighet har gått heilt fint (dvs ikkje striregn men fuktig snø o.l.). Har pelskant og kjem ikkje til å benytta goretex på vinterturar meir. Ser no etter ei god bomullsbukse i same stilen.
-
evt så er hammerheadbindingen ein meget god og stabil binding, med gåfunksjon på (justering av motstand). Enkel og funksjonibel binding. Sjekk på www.friflyt.no for ulike innspel på bindinger og funksjonalitet. -J
-
Hei, JA du har eit luksusproblem i mai vil det vera mykje snø sør for bergensbanen, dvs på høgfjellet sørover, til du møter skogen i agderfylkene. Dersom du har muligheten til å låne eit par ski så vil det vera heilt fantastisk å dasse frå hytte til hytte i setesdalsheiene og områda der på denne tida. Dersom du vil ha snøfrie områder må du nok ned i skogen, dvs mot kysten oppover i vestagder eller austover. Her er ein link som syner kva hytter som er i området: http://www.turistforeningen.no/location.php?fo_id=6291 Sjekk ut området rundt Skien og Porsgrunn, her er det mange hytter i lavlandet.
-
Hei, Guideline har gode stenger, du kan trygt kjøpe eit av dei setta der. Som tidlegare sagt så e kl 5 ein god klasse å starta i.
-
Gå ein tur og snakk med ein fiskebutikk. Får ein god begynnerpakke opp til 2000,- dersom det er aure du skal fiske etter. Har god erfaring med prima villmark. Stikk innom ditt lokale bibliotek, der har dei masse gode bøker om emnet samt kanskje litt filmer.
-
Hei, tek opp den tråden her siden eg har litt info å komma med. Har fiska og lege i telt ved Leitesvatnet ein fin sommarkveld. Ingen vak, ingen småfisk i bekkane rundt vatnet og trur derfor ikkje det er fisk her i heile tatt (kanskje nokre få store). Jomfuvatnet; ingen fisk ingen vak her heller. Telta ved Øvre Flørlivatnet ein anna sommarkveld med fint ver og ingen vind. Ingen vak eller noko teikn til fisk her heller. Fann derimot at det var fisk i littla hoggarvatn, småfisk som gjekk langs land som nok har slept seg gjennom tunnelen frå Blåstøldalen. Denne må vel med tid og stunder sleppa seg ned i Store hoggarvatn så då kan det kanskje bli ein god stamme med røye her..? Ellers så er det bekkerøye Rundavatnet og elva nedenfor denne. Fin elv, men mykje fisk. Ellers så var det flott at det har begynnt å komme fisk oppover Blåfjelldalen. Fin elv der som egnar seg for flugefiske.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Hei, når byrjar det å bli isfritt i Sirdalen? Og når går isen rundt Hunnedalen og fjellområda der? Har byrja å bli seriøst rastlaus no, sit lenge og ser på kart og planlegg turar. Hadde planar om å komma meg opp her i slutten av juni, men no flyttar eg turplanane til tidlegare helger, midten på juni, byrjinga av juni....