Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 025
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Forskere og vitenskapsmenn tek feil, og for å bevise det har vi fått med ein forsker og vitenskapsmann 😕
  2. Ja, her er det snakk om vinsj montert på fiskestang. Her er utstyret i aksjon: https://tv.nrk.no/serie/jakten-paa-monstermakrellen
  3. Generelt er dette ein tråd som går ingen veg, det vert kasta ut masse påstander som har essensen, "kan ikkje tru på noko siden nokon ein gong tok feil...". Og konklusjonen er at ja det nytter kva eg gjer, så neste gang du er på fisketur så ta med deg ein ekstra bærepose. Ikkje til all fisken du får men for å fylle den med plastsøppel. Hjelper det når så godt som all plast kjem frå andre kontinent? ja. (som burde lede opp til ny tråd "Søppel eg har plukka med meg frå tur")
  4. Ikkje friluftslivsrelatert men rapport om smitteverntiltaka og effekten er offentleg, i tillegg til ei rekke andre rapporter om dette. Det finnes ingen rapport som ikkje er offentleg i frå off styresmakter.
  5. Men uansett kva impregnering ein sekk har så er den jo ikkje tett, siden det er masse saumer og festepunkt som vatn renner inn gjennom. Etter å ha brukt mange ulike sekker i eit område der regn er kvardagen så er det ein ting som fungerer, og det er vanntett pakksekk eller plastpose (som eg bruker) inni sekken.
  6. Veldig kort så bidreg mindre is og snødekke til mindre refleksjon av solstråling, og mørke flater/hav vil absorbere solstråling og med det auke oppvarming av atmosfære og hav. Nivå av vassdamp i atmosfæren er styrt av temp av hav og luft, varmare hav og luft vil gje meir vassdamp. Mindre is og snø gjev meir oppvarming og med det meir vassdamp. Historisk sett er for diffust i denne settingen. Vi er for tida inne i ei varm mellomistid dersom du ser over nokre titals tusen år. Dersom du er på nokre tusenvis av år så har det globalt vore ein sakte nedkjøling siste tusen år, heilt fram til for ca 100 år siden, når vi starta å fyre med olje og gass i stor stil. Siden den tid så har den globale temperaturen auka. Det er pr i dag ingenting som underbygger ein global overgang til kaldare klima.
  7. Hei, det er nokre år siden eg var rundt her sist men eg hugsar ikkje denne strekningen som svært krevjande. Det er veldig mykje blokkmark og stein her, men tenker at denne er heilt greit å gå. Du gå veldig mykje på stein her så ha gode sko, og det er meir slitsomt å gå lenge på blokkmark/stein enn på sti men ikkje noko problem ut over det, slik eg hugsar det. Og det er veldig mykje enklare med tørt føre.
  8. Har kjøpt regnbukse (type membram av norsk produsent) med glidelås nesten heilt til hofta. Halleluja, så utruleg bra og at eg ikkje har kjøpt dette før. Ettersom det er regntid nesten heile året her så er regnbukse nesten alltid med på tur, og det er så kjapt og lett å dra på seg denne kontra av med sko på med bukse på med sko osv.
  9. Ja, på vidda vest så er det lite og ingen bær, ingen kart eller noko, gått over områder der det normalt er bær men i år er det desverre eit veldig dårleg år.
  10. Har ein nikko stirling 4x32 på min Cz, og har hatt det i 25 år, brukt hovudsakleg til fjellryper og med parallakse på 100 m. Du må finne ut om du trur du treng lyssterk kikkert med objektivdiameter på 40-45 mm og kor mykje forstørring du treng. Skal du skyte innendørs på 15 m? Kor mykje kan du tenka deg å legge i det? Vil du ha lys i kikkertsikte? Til mitt bruk på desemberjakt på vestlandet er 32 mm meir enn godt nok, og 4x forstørring meir enn bra nok opp til 100 m. Min erfaring er at eg egentlig aldri justerar forstørring på kikkertsikta, og at eg ligg i den lågaste delen av forstørringa. Merk at her er jakta slutt 23 desember og det stort sett er jakt på flekkvis snø, dvs aldri veldig flatt lys i store mengder nysnø, noko som kan stille andre krav til ein kikkert. Sjekk finn.no, der er det mykje kikkertsikte til salgs.
  11. Relevant for dei av oss som kjøper ein god del på finn.no: https://www.nrk.no/rogaland/advarer-om-falske-klaer-pa-bruktmarkedet-_-vanskelig-a-se-forskjell-1.17483203
  12. Nei, aldri vore der, kun tatt turen på kartet. Er "rutebåt" inntil Mogen. Dersom de går her så sjekk med Mogen kvar og korleis de får tak i fiskekort, det er litt meir lappeteppe av eigarforhold og ein del private vatn på austvidda vs vestvidda.
  13. Merk at ruta frå haukeliseter til hellevassbu er veldig trafikkert, men mange moglegheiter til å kome seg vekk frå folk lenger inne.
  14. Ja, punkt 1 i realisering er at dette faktisk ikkje blir eit tapsprosjekt, men argumentasjonen i blant anna dagsnytt18 var veldig knytta til det som gjeld å skape tilgjengelegheit for brukergrupper som ikkje så lett tek seg opp på ein fjelltopp. Diskusjonen burde vera om fordelane med verdiskaping veg opp ulempene med nedbygging av enda meir natur, ikkje fronte dette som eit tilgjengelegheitsprosjekt.
  15. Ein del snø på høgaste enda ser det ut som , satelittbilde frå 21. juni:
  16. Men det er jo ikkje slik at folk som ikkje har supert o2 opptak og er 100% fysisk tilstand er dei som har einerett på natur og opplevelser. Allereie i dag så er det vegar kloss inntil brearmer og opp på fjell i store delar av vestland fylke, du kan kjøre på kryss og tvers i fjellheimen og nesten til toppen av norges høgaste fjell. Stikk ein fing i jorda, intensjonen bak gondolideen er blotta for omsyn til brukargrupper med nedsatt fysisk funksjonsevne, den bygger ideen om å sikre ei verdiskaping som byggjer på volum av folk, noko du får gjennom cruiseturister og store gruppereiser. Ein skal ha store volum for å sikre at ein gondol går rundt. Gondol eller ikkje (helst ikkje), då må ein ikkje bruke stråmannsargumentasjon som barn og gamle folk og folk i rullestol, fordi det er ikkje det som er intensjonen med dette konseptet.
  17. Haukeli og nordover, masse fiskevatn og lett å legge opp ruter. Fiskekort sel dei på haukeliseter og på inatur for vestland. Hellevassbu turisthytte ligg her dersom de vil ha backup. Lett å lage til rundttur. Evt så er jo valldalen - Kvenna og Litlos eit alternativ, men lang dagsetappe, bra fiske. T/r same stien om de parkerar i valldalen.
  18. Dersom du frys på oversida så er posen for kaldt, dersom du frys mot liggeunderlaget så kan de vera at du burde oppgradera liggeunderlaget. Ettersom du frys på mage og bein så ville eg sei at det er sovepose. Løysinga er å kjøpe deg varmare sovepose, det er så enkelt. Det er veldig stor forskjell på folk og kor lett dei frys. Kva som er t comf er ikkje så viktig dersom du frys når det er +4 og du har ull på deg. Prøv ei natt til og sjekk temp i telt og ute, evt bare kjøp ein ny pose.
  19. Dimmedalen kan vera eit tips, mange vatn å velge mellom og enkelt med fiskekort, går greit å gå inn der på nokre timer. Evt nordover frå Haukeli og rundt Holmavatnet er eit ok område.
  20. Eg ville ikkje anbefalt multifilanment til ein som er ny i faget, gå for mono er mitt råd. Multi er tynt og veldig sterkt som gjer at du ikke kan bite over det, vaser er noko herk og du må dille med ein fortom av mono uansett. Mono er enkelt å kutte og slite over (dersom du må), enklere å handtera og som makrafisker så er ikkje kastelengdene det som avgjer om du får fisk.
  21. Teleskop er tyngre og blir ikkje så spenstig som ei "vanleg" stang 2-4 delt. Teleskop velger du dersom du fokuserar på pakklengde og at den er veldig liten når den er pakka. Har ei shimano teleskop og den fungerar som bare det, men bruker stort sett ei 4 delt stang. Fisken merker ikkje forskjell :-). Dersom du skal ha ei ny teleskop så kan du prøve shimano sine, evt så går du for ei 4 delt stang.
  22. Tunneltelt, kan ikkje gjera dette galt, men kan vera greit å trene 2-3 gonger før du står i vinden og mørket.
  23. Forrige innlegg, BUA. Og ta ein varm sovepose og oppblåsbart liggeunderlag, slik at du ligg varmt og godt. Så godt som alle eg veit om som har negativ erfaring med telting har det fordi dei har vore kalde om natta og sove på for hard og dårleg underlag. Er du varm og ligg godt så kan ein ha det litt mindre komfortabelt op dagtid :-).
  24. Fantastisk ressurs, takker!
  25. josteink

    Lyse etter fisk.

    Takk for korreksjonen, då måtte eg lesa meg opp kva som faktisk står. det kan ofte vera nyttig, sjølv for mann over 45
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.