Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    502
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Det er ingen absolutt temperaturgrense. Effekten avtar etter kvart som temperaturen går ned, så det er like mykje kor liten effekt er godt nok for deg. Og det er temperaturen på gassboksen som er avgjerande, og denne kan du godt forvarme i soveposen. Men eg vil ikkje anbefale å tenne han opp der. Med gassboksen ståande, går temperaturen ned under bruk, så då er det også eit spørsmål om kor lenge du har tenkt å bruke han. Eit raskt kaffioppkok kan gå greit, men ved same start-temperatur kan kanskje kokeapparatet slukne før potetane er ferdigkokt.
  2. Hugs at alle remedier ein tar med seg for å forsterke soveposen, også tilfører vekt og volum. Gjerne ein god del meir vekt og volum enn ein tilsvarande varmare sovepose. Å ha på seg ullundertøy ol, som ein likevel har med seg, er løysinga for å ikkje tilføre meir volum og vekt. Men desse kleda må vera turre, ellers vert det bare endå kaldare. Luve og sokkar kan gjera underverk når ein er akkurat på grensa.
  3. Eg har vanskeleg for å tru at 90-91-stengene er over 1kg tyngre enn aluminiumstengene dine. I 88-katalogen til Hilleberg, er det oppgjeve vekt for Keron 3 med både glasfiberstenger og aluminiumstenger. Vektforskjellen er 0,2kg. Det er sjølvsagt mogleg at du har valgt lettare stenger enn Hilleberg brukte i 1988. Vektforskjellen på nylon- og bumull/polyester-innertelt i Keron var 0,5kg. Dette er også eit telt som har lagt på seg eindel sidan 88, sjølv om grunnforma og kunstruksjonen er den same. Dagens Keron har omlag same vekt som 1988-Keron med glassfiberstenger og bomull/polyester-innertelt. Det er mogleg Hilleberg har vorte meir leg på vekta, men eg trur også dagens Keron har tyngre ytterduk, tyngre stenger (enn 1988-aluminiumstengene) og tyngre pluggar. Det er i alle fall kva som har vorte tyngre på Nammatj sidan eg kjøpte mitt sist på 90-talet. Sjølv om mange trådar her inne gjev inntrykk av at alt turutstyr var så svintungt for få tiår sida, så var det ikkje nødvendigvis det. Tunelltelt var tross alt eit dyrare og tyngre alternativ enn datidas meir vanlege mønetelt med 2 loddrette stenger, ein konstruksjon som er på full fart attende pga lav vekt.
  4. Eg brukar i alle fall korkane frå Sigg, MSR, Primus, Optimus og Trangia (den suverent beste korken til å helle med) om kvarandre. Med unntak av Trangia-korkane, er dette barneusikre korkar liknande dei du linkar til.
  5. Det la tydelegvis på seg med åra. Her i frå 1990-91-katalogen, Veil. pris var forresten kr 4750 No når eg leita etter Norrøna-katalogen, kom eg faktis over Hillebergkatalogen for 1988 også. Keron og Nammatj (med og utan GT) er så godt som uendra.
  6. Flammebilete varierer på toppmonterte brennarar, akkurat som på slangebrennarar. Til dømes https://www.primus.se/primus-mimer-stove-p224394/ fordeler flammene ganske breidt. Dersom eg skulle hatt gassbrennar for matlaging, ville det vera anten denne eller den nevte easy fuel, avhengig av fokus på vekt. Eg har ein tidlegare versjon av Primus gravity som også har eit ganske breidt flammebilete, men der resten av kokeapparatet, altså kjelestøttene og det som får apparatet til å henge saman, er så skjørt at eg kvier meg for å stappe kokeapparatet nedi sekken. Den er ikkje å anbefale. Det er også mange som talar varmt om Trangia med gassbrennar. Men vektmessig kan ein likegodt fortsetta med messigprimusen, dersom det er ein Primus 210/Optimus 00 eller tilsvarande.
  7. Eg kan ikkje tilby profesjonell hjelp, diverre. Eg har både brennaren og den same toppen utan å ha brukt dei saman nokon gong. Det er nokre år sidan no, og det einaste eg hugsar er at eg syntes han passa dårleg, så det vart aldri nokon testfyring. Toppen har eg prøvd å flytte rundt mellom Optimus 8, Svea 123 og Radius 42 utan å ha funne nokon kombinasjon som er verdt å ta med på tur. Eigentleg er eg ingen fan av stillebrennarar, og denne toppen har ikkje endra på det.
  8. Å ikkje rekne med alle pluggane når dei kaller det totalvekt, er langt utanfor kva eg likar, men det er ikkje noko nytt. Eg har kjøpt telt der bardunar og pluggar til desse og til halvparten av plugghempene rundt teltet, ikkje er med. Ein heilt bevisst strategi frå produsenten for at teltet skal sjå lett ut på papiret. Dersom det er den minste vind, vågar eg ikkje snu ryggen til det teltet med bare dei medfølgande pluggane. Med heilt nødvendige bardunar og pluggar, har eg lagt til 25% av den oppgjevne teltvekta for å kunne stole på teltet.
  9. Når eg skriv: var det mi meining at ikkje alle er det. Altså at det er andre som bløffar også. Nokre produsentar er nok ganske bevisst på å tåkelegge vektangjeving på denne måten. Då ser tala fine ut, utan at det er bløff. Så er det opp til kunden å finlesa spesifikasjonane for å finne ut kva ein kan forvente. Om det er så lurt i lengda, veit eg ikkje, for mange kan føle seg lurt. Dersom det står så spesifikt at det går ann å summere opp, og den vekta stemmer, er det for så vidt greit. Men dersom det ikkje lar seg gjera å finne ut totalvekta, har dei allereie missta meg som kunde. Når det gjeld vintertelt, ser eg derimot nytten av å vite kva pluggane veg, og kor mange det er av dei. For desse vert jo bytta ut med tyngre snøpluggar. Så er det nokre produsentar som konsekvent bløffar. Det er på ingen måte greit, i alle fall ikkje i ein marknad der kunden er veldig oppteken av vekt. Når det gjeld forhandlarar sine oppgjevne spesifikasjonar, ser eg heilt vekk frå dei. Dei kan vera fleire år gamle, sjølv om modellen endrar seg årleg, Eg misstenker dei derimot ikkje for å gjera dette bevisst.
  10. Kva er det som ikkje er riktig? Dersom det er at Helsport konsekvent jug på vekta. Altså at dei har byrja å oppgje riktig vekt, er det veldig bra. Det er ei tid sidan sist eg har kjøpt noko frå Helsport. Men alle produkta eg har derifrå, og det er eit 2-sifra antall (telt, sovepose, sekk og meir) oppgjennom åra har vore 10% eller meir tyngre enn oppgjeve vekt. Er det at dei fleste andre er meir ærlege, som ikkje er riktig? Mitt inntrykk er at dei fleste er meir ærlege. Eg har ikkje opplevd nokon annan produsent som konsekvent oppgjev så mykje feil på vekta, men eg har langt frå erfaring med alle produsentar. At mange er innanfor få gram, veit eg av eigen erfaring. Når du fyrst har nevnt Hilleberg, er dei 3 telta eg har derifrå, alle innanfor få gram, men dette er også telt som byrjar å dra på åra. Dersom det er slik at Hilleberg har byrja å bruke Helsport-vekt, er det veldig synd. Til trådstartar: Om det betyr noko, er heilt opp til deg. Nokre hundre gram til eller frå, betyr gjerne ikkje så mykje. Men dersom ein kjøper nytt telt for å få lettare sekk, og det viser seg at det likevel ikkje er lettare, betyr det mykje, for då er jo kjøpet eit totalt bomkjøp. Dersom ein vel akkurat den modellen i staden for ein annan, pga vekta, er det jo også surt, dersom vekta ikkje stemmer. Og særleg surt er det dersom det teltet ein har valt bort hadde andre kvaliteter som ein gjerne villa ha.
  11. Dersom det er Helsport, er det heilt vanleg, det vert kalla Helsport-vekt. Eg har i alle fall aldri opplevd Helsport-produkt som er mindre enn 10% tyngre enn oppgitt. Dei fleste andre produsentane er meir ærlege, og mange er innanfor få gram.
  12. Kva er kriteria for 'bedre'?
  13. Ho står like høgt på himmelen, som breiddegraden du er på.
  14. Her sør: Når løypestikkene står på isen 1. august, vert det sein vår. Det skjedde i alle fall i 2015, og då var det sein vår.
  15. Uavhengig av snømengdene no, er det veret utover i mai og juni som avgjer korleis det er fyrst i juli. Dersom våren vert som i 2018, er det farbart tidleg i juni.
  16. Det er jo eg som viser programmet kvar filene er, så nei, eg har aldri opplevd at qgis ikkje finn filer. Dersom det er feil i filene, er det derimot ikkje sikkert at qgis greier å vise innhaldet. Det er mogleg eg ikkje har forstått spørsmålet.
  17. Dei telta som har forhåndbøygde stenger, er det dei midterste ledda, altså på toppen av teltet, som er bøygd.
  18. Det er jo folk som brenn stearinlys inne også, og det sotar i alle fall mykje meir enn raudsprit på Trangiabrennaren min.
  19. Heilt uavhengig av korona. Har du plan for korleis du skal avslutte turen i så fall? Når du er oppe i denne situasjonen, er det ikkje sikkert du har andre alternativ for å koma attende til sivilisasjonen. Så dersom du skal greie deg utan hjelp, må du kanskje stå der og vente på at vårflaumen går over…
  20. Totaktsolja legg seg att i brennaren, så det vert ein ... rensejobb. Multifuelbrennarane har stort sett dårlegare effekt på gass. For Primus sin del, finn du tal godt gøymt i bruksanvisninga. Derfor har eg null forståing for alle dei som kjøper seg ein dyr Omnifuel (truleg fordi dei trur at høg pris betyr veldig bra brennar) og aldri brukar han på anna enn gass. Med parafin på tanken (dersom brennaren er optimalisert for bensin eller gass), er gjerne forbrenninga dårlegare, økonomisk betyr det dårlegare utbytte av brennstoffet, miljømessig betyr det meir skadelege avgassar, mest kritisk er CO. Diesel er endå verre. Enkelte brennarar kan også vera vanskeleg å få forvarma nok til å bruke parafin, og i særdelesheit Diesel. Du vil spare deg for mykje trøbbel dersom du gløymer Diesel fyrst som sist.
  21. Uansett kor dårleg du er til å planlegge, og kor multifuel du trur brennaren du skaffar deg, er, ikkje bruk oljeblanda bensin (altså bensin tappa av ein totaktsredskap.) Svea 123 og Coleman er ikkje multifuel, bare bensin. Mange av dei som faktis er multifuel, går veldig godt bare på eit brensel. På dette brenselet er det gjerne like godt som ein dedikert brennar for det same brenselet.
  22. Forskjell på vekt ja. Min Svea 123 veg 410g tom. Eg har også ein 123R som veg 480g tom, 590g med full tank. Min gamle Nova veg 610g med flaske, men fortsatt utan drivstoff. Optimus 111-vekta stemmer godt overeins med mine tal. Når det gjeld vekter oppgjeve av produsentane, er mange av desse utan både tank (altså flaske) og pumpe.
  23. Med tanke på kor dyre desse multifuelbrennarane er, ville eg aldri slite på denne når ein likevel brenn gass. Då tenker eg ikkje på at brenninga slit på kokeapparatet, men at håndteringa, altså stuve ned i sekken osv, slit på kokeapparatet. Ein billig, dedikert gassbrennar til gassbruk er nok langt billegare i det lange løp. Men dersom ein virkeleg tenker økonomi, og likevel har ein brennar for bensin eller parafin, er det nok langt billegare å faktis bruke bensin eller parafin enn å bruke gass. Ingen multifuelbrennarar eg har sett, er særleg optimale gassbrennarar, så ein ordentleg gassbrennar er langt meir optimalt dersom ein har tenkt å brenne gass.
  24. 1. Det gjeld dei fleste brennarane. Svea 123 er enklare å regulere enn fleire av dei andre som er nevnt i tråden. Eg lagar mat på Svea 123 og har aldri synest han har vore vanskeleg å regulere. Eg har like god kontroll på effekten på min Svea 123 som på kvart som helst hytte-gass-kokeapparat. Svea 123R er hakket dårlegare, men fortsatt heilt grei, og like enkel å regulere som dei fleste andre parafin og bensinbrennarar. 2. Mitt seriøse råd er å aldri fylle ein varm bensinbrennar. Sjølv Svea 123 har stor nok tank til dei fleste matlagingsoppgåver, dersom tanken er full når ein startar. 3 Svea 123 er vel ein av dei lettaste av dei som er nevnt i denne tråden. Dei som eventuelt er lettare, er ikkje mykje lettare. 4 Sårbarheit for vind, gjeld samtlige brennarar med åpen flamme. Svea 123 er ikkje meir sårbar for vind enn andre brennarar. For å få god effekt på Svea 123, bør han derimot ikkje stå rett på snø, ettersom dette kjøler ned tanken og altså held effekten nede. Ei lita plate av tilfeldig, isolerande materiale, tre, kork ol, gjer nytta. Dersom ein har tenkt at gryta skal bli ståande på brennaren, utan å skli av, er det ikkje mange andre brennarar heller som bør stå rett på snøen. Svea 123 er i underkant av 13cm høg
  25. Eg er einig med at det er eit minus med dei innvendige stangkanalane. Men når ein har i pulken, med stengene ferdig tredd i kanalane, bør det ikkje bety så mykje, utan at eg har erfaring med det. Eg har kun erfaring med innvendig stangkanalar sumarstid når eg må tre i stengene ved kvar oppsetting, og då er det eigentleg noko skikkeleg herk. Eg forstår ikkje kvifor Helsport fortsatt driv med dette, det må vera mykje enklare å sy utvendige kanalar, og det er jo også mykje betre på alle måtar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.