Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det var slik eg tenkte også, før eg fekk eigne erfaringar med korleis teltet oppfører seg i vind. Eg fann raskt ut at teltet sine eigenskapar i vind er dramatisk forskjellig om vinden kjem frå den eine eller frå den andre enden. Det er ikkje bare storleiken på vindseilet som avgjer korleis teltet taklar vinden, det er minst like viktig korleis teltet tar opp vindkreftene. Med vinden i mot enden med ventilen, oppfører heile teltet seg som ein kalv på rodeo. Teltduken blafrar og slår slik at det er alt anna enn behagleg å halde seg innandørs. Det er ingen pluggar eller bardunar som er med å roe ned teltbevegelsane. Med ventilenden i le, står teltet rimeleg stødig, i alle fall når det er godt plugga og bardunert. Det var denne erfaringa som gjorde at eg tok kontakt med Helsport. Svaret fra Helsport er ikkje til å missforstå. I alle fall ikkje ut fra korleis eg stillte spørsmålet. I spørsmålet hadde eg beskrive den eine enden med skråtak like ned til bakken, og den andre enden med den låge vertikale veggen med ventilen. Med teltduk som ikkje tettar mot bakken, er det innlufting rundt heile teltet, så ventilen i le-enden har nok mindre betydning for totalventilasjonen. I følge denne tråden, http://www.fjellforum.no/topic/33139-helsport-ringstind-light-2-2014-modell/ ser det også ut til at Helsport har endra seinare modellar slik at den høge ventilen er regulerbar, både i innerteltet og i ytterteltet. Helsport har også forbetra bardunering for at teltet skal takle vinden betre, men fortsatt basert på at vinden kjem mot teltet i enden med den skrå teltduken like ned til bakken.
  2. Fordelen med rensenåla under dysa, er at du får skitten ut. Med rensenål frå utsida, trykker du bare skitten ned i brennaren og den same skitten vil stenge att dysa gang på gang. Eg ser ikkje heilt korleis rensenåla kan vera til bry, men kva eg meiner betyr fint lite for deg. Dersom du synest ho er til bry, er det bare å bruke brennaren utan rensenåla.
  3. Du kjem til å få ei overrasking når du ser kva veg vatnet renn
  4. Ringstind er slik laga at heile teltet fungerer svært dårleg dersom vinden kjem mot enden med den låge ventilen. Dette kommenterte eg i eit spørsmål til Helsport, og svaret eg fekk var "For å oppnå best mulig ventilasjon bør du plassere teltet med skråtaket mot vinden." Dersom du kjenner til korleis Ringstind ser ut, vil du forstå at den låge ventilen endar i le. Dette er også einaste måten å sette opp teltet dersom det skal takle vind, og slik at det skal gå ann å bu i teltet medan det bles.
  5.   Det er bare å ta ut dysa og snu brennaren på hovudet. Då vil rensenåla ramle ut.
  6. Hilleberg Nammatj (2-mannsversjonen veg 3kg, sjølv har eg erfaring med 3-mannsversjonen som veg litt meir) har i alle fall veldig god lufting, med moglegheit for å stenge att det meste dersom ein ikkje vil ha lufting. Med ventilane åpne er det mogleg å opphalde seg i teltet, også i sol. Det er 1 stor ventil i kvar ende. Dette er slik eg foretrekk luftinga i telt. Eg har også god erfaring med luftinga i Hilleberg Soulu, men erfaringa er begrensa til bruk i regn og vind. Eg har aldri brukt dette teltet i høg temperatur, men det har eg heller ikkje plan om å gjera. Eg kan forestille meg at luftinga kan vera i dårlegaste laget i sol og varme utan å ha oppe døra. Einaste ventilen er del av toppen av døra, men veldig fleksibel ettersom det kan stengast heilt att eller åpnast opp heile vegen ettersom det er same glidåls som døra. Men det er bare tak over øverste del som skal fungere som ventil. Helsport Ringstind 1 (riktignok under 2kg) har eg også erfaring med. Teltet slepp gjennom mykje luft, både under duken og i låg ventil på le-sida og høg ventil mot vinden. Den høge ventilen er ikkje mogleg å regulere verken i ytterteltet eller i innerteltet. Med mykje vind, vert det også mykje ventilering, så det er ikkje det lunaste teltet i vind. Men det er eit telt som taklar vind dårleg på andre måtar også, så ikkje noko eg kan anbefale på vindutsatte turar. Teltet er fullstendig ubrukeleg i snø, men til sumarbruk er ventileringa heilt grei.
  7. Å gå til ein skog, er nok heilt uaktuelt for min del. Men det hjelper mykje å sette kokeapparatet i ly av ein stein.
  8.     Det var vel det einaste som var relevant for fjellforum.
  9.     Ja. Er lukene store nok, får ein nok luft. Vintertid kan nok låge luker ha ei ulempe, men Helsport-telt vert jo brukt då også. Eg har i alle fall bare gode erfaringar med ventilasjon i fleire ulike Hillebergtelt.
  10. Som allereie nevnt. Eg tviler ikkje på erfaringane dine. Lufting er sjølvsagt nykkelen til å halde teltet kondensfritt. Vasskoking utan lokk er den mest effektive måten å lage fuktig luft, så dette bør sjølvsagt gjerast ute dersom ein ikkje ynskjer kondens. Vintertid gjer eg all matlaging inne, men sjølv då er det fullt mogleg å unngå kondensproblem ved god nok lufting. Når det gjeld kvar det er mest effektivt å tørke klede, har det også ei praktisk side. Det handlar om kvar er det praktisk mogleg å få hengt opp eller lagt utover. Vintertid brukar eg tunneltelt med lufting i begge endar av innerteltet. Der er luftstraumen omlag den same i innerteltet som i ytterteltet, og det er mest praktis å henge klede på snor på langs i innerteltet. I sumarteltet mitt, einmannstelt med eit lite yttertelt på sida, er den einaste praktiske plassen å få lagt frå seg noko til tørking, oppå sekken i ytterteltet. For tørking er det usedvanleg lite effektivt, men det er utforminga av teltet si skuld.
  11. Sjølv synest eg tunneltelt er mest praktisk. Tunneltel har den forma som passar min bruk best. Men det finnst også kuppeltelt med tunnelteltform, eg har eit slikt til vinterbruk. Tunneltelt har generelt større plass for same vekta (når det handlar om eit superlite telt, er kanskje volum/vekt eit av dei viktigaste kriteria) og er langt enklare/raskare å setje opp. Det siste er særleg merkbart i vind. Men tunneltelt bråkar meir i vinden. Det heile kokar ned til personlege preferansar som kan vera veldig ulike. Det er også derfor det er så mange ulike teltmodeller der ute.
  12. Eg tvilar ikkje på du har eit tilnærma kondensfritt telt med tiltaka dine. God lufting og unngå matlaging i teltet, er nok til å unngå kondensproblem. Men dei fysiske forklaringane dine heng diverre ikkje heilt på greip. Grunnen til at du vil få meir kondens med varm dusj enn med kald dusj, er at den varme dusjen vil gje langt meir fuktigheit i lufta, som følgeleg vil gje meir kondens på speilet. Dersom tørkinga av kleda i innerteltet gjev meir kondens, er det fordi tørkinga går raskare, det vil føre til at du får meir fuktigheit i lufta. Meir fuktigheit gjev meir kondens. Eg vil heller ha litt kondens på teltduken enn fortsatt våte klede, så dersom eg får transportert fuktigheita i eventuelt våte klede til teltduken, skal eg vera fornøgd. Eg fyrer aldri i teltet utan å ha god lufting (riktignok ikkje fullt så god lufting som i avataren). Greit nok at det ville verte litt varmare med mindre drivstoffforbruk med attestengde ventilar, men avgassane frå primusen er neppe helsefremmande, så eg foretrekk uansett god lufting. Og sjølv om det er -20°C utanfor, har ingen problem med å få det varmt nok i teltet, så eg kan på ingen måte vera enig i at fyringa er poenglaus. Når rim på teltduken (både innsida og utsida) smeltar, er det også eit bevis på at innetemperaturen påvirkar temperaturen på teltduken.
  13. Fyring i teltet kombinert med god lufting, er svært effektivt for å unngå kondens. Så kan det også seiast at duken har ikkje i prinsippet utetemperatur (med einaste unntak dersom inne- og utetemperatur er den same). Ettersom det er kaldare i ytterteltet, og ofte fuktigare, turkar kleda seinare der enn i innerteltet. Grunnen til at klestørken din i ytterteltet skaper mindre kondens, er at det turkar seinare. Eg er heilt enig i at klestørk med fordel bør skje ute når været tillet det. Både fordi det er mest effektivt, og fordi det ikkje skapar kondens i teltet, sjølv om det siste aldri er noko problem når været er slik at ein kan tørke klede ute. Men der eg går tur, er det sjeldan noko å henge klede på.
  14. Det er ingen spissformulering. Eg håpar og trur at dei fleste vel telt etter kva dei sjølv foretrekk. Det er mange nok av modellar å velge mellom. Det kan virke som me brukar telt på veldig ulike måtar, og det er ingenting gale med det. Eg har aldri ligge værfast på barmark, og eg har ikkje tenkt å gjera det. Eg planlegg ikkje sumarutstyr for værfaste. Eg planlegg for å kunne gå vidare uansett forhold. Vintertid er derimot værfaste meir vanleg, men dette er ikkje eit vintertelt, i alle fall ikkje etter mine krav til eit vintertelt. Detta er heilt klart eit telt som har styrken sin i sekken, men som likevel skal gje brukbart ly for natta, i likheit med alle andre lettvektstelt. Og for å halde vekta nede, må det gjerast valg frå produsenten si side, ein kan ikkje få like fleksible løysingar som på tyngre telt.
  15.   Nei. Eg brukar sovepose tilpassa forholda. dvs 3 ulike soveposar for ulike årstider. Poenget mitt er at eg har god lufting i innerteltet uansett, for å få minst mogleg kondens i innerteltet. For å spare vekt, og det er vel hovedhensikta med det teltet som vert diskutert her, er det mest vekteffektiv å stoppe varmetapet nærast kroppen. Så med same totalvekt, har ein det varmare i soveposen om ein heller legg vekta i soveposeisolasjon enn i glidelås og ein klaff over myggnettingen. Soveposeisolasjon er også langt betre isolasjon pr vekteining enn glidelås. Dersom ein derimot droppar myggnettingen og bare har tett stoff, vert saken ein annan, men eit slik telt vil i alle fall ikkje eg ha.
  16. Det er sjølvsagt individuelt kva ein foretrekk, og det er derfor det er så mange ulike teltmodellar på marknaden. For å spare vekt, er det betre med enkle løysingar enn for tynn duk. Enan har allereie ein duk som er godt under kva eg ville vera komfortabel med. Og det er betre med for god lufting enn for dårleg lufting. Moglegheit for å stenge for myggnettingen i innerteltdør er det siste eg ville savne i eit lettvektstelt. Og denne tråden viser jo at ventilane i ytterteltsendane kan stengast. Sjølv ligg eg i sovepose om natta, og trekk er aldri noko problem. Eg har opplevd ein gong at vinden har gjort at eg syntest det vart for kaldt i soveposen, men då var det ca -20°C og eg låg under åpen himmel. Sjølv om det ikkje var mykje vind, var vinden langt kraftigare enn eg nokonsinne har opplevd _inne_ i eit telt, sjølv med alle ventilar vidåpne.
  17. Med oppløysing på 250m/pixel, må ein også sjå på graden av kvitheit. Bytter ein ut fargene med band 3(blå),6 (IR, 1628 - 1652nm) og 7(IR, 2105 - 2155nm), vert fargene sjuke, men det er det langt enklare å vurdere snødekket. Då går det også ann å sjå kva som er snø (raud) på bakken og skyer (kvit). No ser du forskjellen på jøkulen som er heilt dekt av snø ig is, og terrenget rundt, der det ikkje er heildekkande med snø. Kombinert med litt erfaring frå terrenget, kan ein etter kvart få mykje ut av satellitbileta. Om ikkje anna, vil ein raskt erfare at Noreg er eit land med mykje skyer. https://earthdata.nasa.gov/labs/worldview/?p=arctic&l=MODIS_Terra_CorrectedReflectance_Bands367&t=2015-08-13&v=1921291.6758306343,-2402731.87991901,3055883.6758306343,-1665451.8799190104 Ein kan la NASA gjera analysa også, men då nærmar ein seg presisjonsnivået til senorge.no: https://earthdata.nasa.gov/labs/worldview/?p=arctic&l=MODIS_Terra_CorrectedReflectance_TrueColor,MODIS_Terra_Snow_Cover&t=2015-08-13&v=1921291.6758306343,-2402731.87991901,3055883.6758306343,-1665451.8799190104
  18. Med klarver, kan satellitbilete brukast for å vurdere kvar det er snø. https://earthdata.nasa.gov/labs/worldview/?p=arctic&l=MODIS_Terra_CorrectedReflectance_TrueColor&t=2015-08-13&v=1921291.6758306343,-2402731.87991901,3055883.6758306343,-1665451.8799190104
  19.   Det var godt å høyre. Eg har bare dømt han utfra utsjånad. Så min Gravity har bare vorte brukt i nærleiken av bilen. Men eg har heller ikkje vore komfortabel med lagring av gass i solvarm bil, så til den bruken er heile greia er erstatta med parafin og ein Primus 210 sport.
  20. Når eg tenker meg om, stenger eg aldri for myggnettingen i innerteltet, heller ikkje vintertid. Vinterteltet mitt er tunellform, og eg har alltid god åpning i begge ender av innerteltet. Noko anna vil bare lage masse kondens inne i innerteltet. Så netting i døra ville eg ikkje bekymre meg for, det er bare sløsing med vekt å ha dobbel dør, i tillegg til ein ekstra glidelås.
  21.     Trykkregulatoren er i enden av slangen. Det er den klumpen du fester til gassflaska.
  22. Det er nok det som vert praktisert av dei fleste. Men dersom ein ikkje har med seg reserveslange på tur, vil det føre til at ein ikkje har kokeapparat på resten av turen. Det er kanskje ikkje så lurt... Sjølv har eg slutta å bruke kokeapparat med slange.
  23. Tettheit for raudsprit er ca 810 kg/m³ ved 20°C.
  24. Mitt inntrykk er at fleirtalet av dei som skryt mest av utstyret sitt, overdriv grovt både i kor mykje det er brukt og kor ekstreme forhold det er brukt i. Inntrykket mitt frå mange utstyrsvideoar på nettet, er også at tre og busker står mykje rolegare på film, enn korleis tre og busker oppfører seg i naturen i tilsvarande vind. Eigen erfaring med amerikansk lettvektstelt (ikkje kuben) som, i følge anbefalingar på nettet, skulle takle vind serdeles godt, vart blåst i filler heime på plenen. Så eg er skeptisk til å bruke slikt på tur, Hilleberg sin Kerlon 600 og Helsport sine superlight-telt inkludert. Med så tynn duk, er kvalitetskontrollen usedvanleg viktig, for små avvik i duktjukkelsen kan raskt rdeusere rivestyrka til duken betrekteleg. Det er nok også grunnen til at prisen vert så høg i forhold til tjukkare (og sterkare) duk.
  25.     Og for å få han til å passe i stormkjøkkenet, er reguleringa på brennaren fjerna. I tillegg er effekten redusert for at det ikkje skal bli for heitt i stormkjøkkenet. Trangia sin versjon vert levert med mindre dyser enn Primus til versjon, så rep.sett frå Primus har heller ikkje dei riktige delane til Trangia sin versjon. Det vert derfor 2 brennarar med temmeleg ulike eigenskapar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.