Gå til innhold
  • Bli medlem

Odd-Arne

Aktiv medlem
  • Innlegg

    143
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Odd-Arne

  1. Pemmikan er supert på tur og veldig lett å lage sjølv. Tradisjonellt så var det bison kjøtt og talg evt. m/ frukt som t.d. bær frå virginahegg. Enkel måte å gjere det på sjølv er å berre kjøpe litt magert kjøtt. Eg brukar reinsdyr. Del opp i små tynne bitar of tørk i ovn eller dehyrator. Mal opp. Tilsett talg. Eg satsar på ca. 30% protein til fett ratio. Smak og behag. Tørka reinsdyr har ca. 40 protein pr. 100g. Ein kan bruke kva som helst tørka frukt om ein vil tilsette det, men eg satsar på svarthyll og vil no i haust og eksperimentere med litt søtere bær som blåbær og molte. Om du følg ein "carnvore diett" og er nogen lunde adaptert til å hovedsakleleg brenne fett, så er dette all mat du treng.
  2. Sot vil det bli, men om du berre skal koke, så finnast det ei løysning og det er Silverfire Scout m/Dragonpot. Fungerar også supert med pellets. https://www.silverfire.us/304-ss-scout-mini-2-liter-dragon-pot-kit-for-2
  3. Den store Bushboxen eller den store Fireboxen er vel alternativa då. Dei vert flate i sekken. Om du har råd så velg titanium. Stålversjonane er TUNGE. Det vil aldri vere ei erstaning for eit bål, men litt varme og kos, ok. Alternativt, så kan ein kanskje vurdere ei samenleggbar bålpanne. Billlig og enkelt.
  4. Saka er den at alle har sine fordelar og ulemper. De er opp til situasjonen, kva du vil gjere og korleis du vil gjere det. Det er ingen fasitsvar. Eg likar å eksperimenter med desse tinga og er generellt lite begeistra for gass av ulike grunnar så eg har fleire: Firebox 5" G2 Firebox 5" G2 Titanium Firebox Nano Firebox Nano Titanium Solostove Mini Silverfire Scout Ja, Firebox Nano er liten, men skjør? NEI. Bushbox er eit fint alternativ med fleire størrelsar å velge mellom. Har og nokre litt større alternativ, men kanskje ikkje så aktuellt i fjellet. Meir heime i hagen og på biltur. Kva skal du gjere? Treng du fleksibilitet? Skal du alltid bruke panne? Størrelse på panne? Årstid? Generellt kvalitet på ved? Berre varme opp ting eller småkoke lenge? Må den kunne flatpakkast? etc...etc............... Eg brukar Firebox mest p.g.a. fleksibilitet. Grilling m.m.
  5. Eg har ein til Nano, men det gir vel egentlig ingen høgre bruksverdi.
  6. Treng du et bål for varmen kan du jo like godt bruke de til matlaging. Fordelen med desse apparata er jo at om du berre skal lage mat, varme vann etc.. så kan du gjere det raskt med svært lite og gratis brensel. Firebox gir alle muligheiter medan ting som Solostove, Silverfire Scout, Bushbuddy o.l. er litt meir effektive til sin spesialitet. Synest det er vanskeleg å gi spesifike anbefalinger. Det er smak og behag. Eg har som sagt Nano i stål og titan, G2-5" i stål, og ifølge USPS, så er min nye 5" i titan no komen til København. Han ga vel etter og starta produksjonen nylig berre fordi det var så mange som spurte og var interessert.
  7. For ved, så er det stort sett berre snakk om å finne den størrelse og vekt som passar best for deg. Skal du grille med kull.........Firebox.
  8. Absolutt. Det geniale med Firebox er nettopp at den er så fleksibel. Du kan og kjøpe ekstrautsyr som ekstra firesticks, større grillrist mm..om du ønskar det. Funkar fint med både ved og kull. Oppfinneren har eit relativt stort bibliotek på youtube som viser ulike typar bruk. https://www.youtube.com/user/fireboxstove/search?query=grill Titanium versjon er på vei i posten, så eg skulle ha den til jul. Då har eg alle 4 variantane. 😁
  9. Standard Firebox er no tilgjengeleg i titan. Vekt redusert til halvparten. One to rule them all, antageligvis.
  10. Sjølv om eg har begynt å teste ut litt andre ting ser ikkje så mange grunnar til å bruke noko anna i dei fleste situasjonar. Om ein ser vekk frå Silverfire og Solostove type ting, så synest det er eit stort pluss om ovnen er foldbar. Null fikling. Klar på 2 sek. Eg har to Firebox Nano, ein standard og ein titanium og dei settast saman saman til det han kallar Overkill mod.
  11. Eg har og dårlege erfaringar med den Primus lighteren. Synest bensin lighter er ypperleg og brukar bla. ein Exotac TitanLight. Er eigentleg som ein Zippo, men med tett lokk slik at bensinen ikkje fordampar. Du kan og kjøpe ein lighterboks frå Thyrm og få samme funksjonalitet med Zippo innmat.
  12. Vedelsker som eg er plukka eg likevel nyleg opp nyutgava av denne klassikeren. Virkar temmeleg enkel, solid og idiotsikker.
  13. Kjøpte meg nettopp min bensinbrenner ein Svea123 og då var det den blå kanna med 4-takt frå Circle K som var lettast tilgjengeleg. Funka heilt fint for meg.
  14. Er fortsatt i tenkeboksen iht. nytt/nye telt. Har brukt camping budsjettet på andre camping relaterte ting. Synest Zpacks sine produkt ser meir og meir interessante ut, men ser stadig vekk nye ting. Fant ut om Nordisk Lofoten i går og lurer på om det, av til kombinert med en liten duk kan funke og også vere meir fleksibelt.
  15. Eg bor jo i bil halve uka. Det er berre ein Mazda 6 stasjonsvogn, men eg kan ligge beint ut baki og har ikkje noko problem med å få plass til resten av utstyret. Eg har skiboks, som og fungerar som fryser om vinteren. Er lite opptatt av fancy bil, men den har begynt å bruke olje, så det er vel ikkje så veldig lenge igjen. 2-3 år seier dei. Eg klarer meg fint med samme type bil neste gong, men vil ha bensinvarmer. Varebil er fint, men pass på at lasterommet er langt nok. Fint å sete opp telt, duk og full camp, men ein er mykje friere om ein og kan berre stoppe for å sove og køyre videre raskt som mulig.
  16. Om materialet tåler det, så er det fleire kvistbrennarar som fungerar med kull. Ein "gasifier" vil antageleg ikkje gjere det, men der kan pellets vere eit alternativ.
  17. Vel, frokost for meg er ca. sånn omtrent litt ginseng, enzym og MSM. 😂 Det vil verte to måltid i løpet av dagen med mykje både fett og protein. Litt ekstra vil ein kanskje ha på tur, så det vert gjerne litt heimelaga trailmix. Valnøtt, mandel, cacao, goji, tranebær, blåbær, kokosflak... Forøvrig enig i å ta med frosen mat og la den tine underveis. Du avgjer sjølv i stor grad kor raskt den tinar alt etter korleis den er pakka. No har eg forøvrig min eigen relativt problemfire favoritt. Yummy, yummy.
  18. Så vidt eg huskar, så var det berre havregryn igjen til slutt. Var nok litt lei han også. Men, saka er vel den, at om ein tenker seg litt om er det 1000 alternativ og ein kan jo og blande dei i ulike forhold.😲
  19. Har vel ikkje fulgt så nøye med eg. Har vel ikkje logga inn her på fleire år. Kom over Solo Stove på ei eller anna reklame. Bestilte den minste. Tok den med på ein liten tur. Opptenningskfyrstikk og nokre små kvistar. Full 900 Pot fosskoka på 5 min. Temmeleg imponert. Mote og mote... Det er vel berre det at det fungerar og no er det fleire som veit om det. For meg, så er det litt som, "Jøss, finns dette!" Wow! Forstod egentlig ikkje lenger kva eg skulle med andre ting. Har deretter skaffa fleire. Eg har enkle behov, så dei vert brukt både på fjelltur, biltur og heime. Har aldri vore nokon som treng stort, flott og moderne kjøkken for å lage mat. Mine favorittmåltid, bortsett frå all den ubehandla og rå maten eg spis, har komt frå ein wok, enkel heimelaga grill og dampkurv. Med all preppe-mentaliteten i dag... Dette er jo livsstilen min til dagleg. Har litt ved, så eg tur eg er reletivt godt stilt.😄 Er sjølvsagt ikkje alltid like lett, men det kokar stort sett ned til litt kunnskap og å velge riktig ovn for situasjonen.
  20. Ullteppe, kvistbrenner og ein himla dyr kniv. 😁 Det som er fint i dag er informasjon. Ein kan utdanne seg ein god del før ein brukar hardt tjente pengar og gjere bedre valg. Valg som passar for deg, din livsstil, økonomi, prioritetar, kva du trivest best med etc... For meg, takka vere moderne og nygamal teknologi, så er friluftsliv og kvardag veldig nære kvarandre. Så mange ting har og vorte så små, lette og kraftfulle at ein kan vere skikkeleg minimalist og likevel henge med på alt ein vil. Definitivt "kvistbrenner" fan og ikkje berre i skogen. Har likevel ein Hot Logic Mini i bilen. At det er "in" å tenke litt over forbruk og akkurat kva ein treng og kva som er viktig synest eg er berre fint. Det er på tide. Kvalitet, vedlikehold og tradisjon. Skal vi spare miljøet, så er det veien å gå. Få ting, men ting som varer, brukar indre energi, er verdt å reparere og ta vare på psv...
  21. Personleg er eg Gränsfors mann. Har alle skogsmodellar og minste kløyveøks + Vikingøksa frå Øyo. Den største er litt novelty og "overkill". Den minste er fin, men det er jammen vikingøksa også, til sitt bruk. Stor og liten skogsyxa det går mest på, men det spørs jo kva den skal kombinerast med av lettare verktøy. Foretrekk treskaft, men far min fekk ei Fiskars til jul og det er ei lett god øks. Ingen tvil. Krevar mindre stell. Om du treng berre ei lita øks av den typen, så ville eg faktisk anbefale å gi Silky Ono ein sjanse, om du ikkje synest den er for dyr. Då har du også eit godt fleirbruks verktøy, som vil vare evig. Meget imponert. Sliping. Om ein ikkje utsett vedlikehold for lenge, så er det ikkje mykje som skal til. Vil ein ha godt verktøy, så sjekkar ein og steller det kvar gong det er i bruk. No biggie.
  22. What!?! Nooooooooooooooooo!!! .............ok.
  23. Er for så vidt vant til frokost, men sidan eg slutta med den, så synest eg vel at eg både føler med bedre, er klarere i toppen og at tilværelsen er litt meir praktisk.
  24. Vel, kva likar du og kva fungerar for magen din? De er uendeleg mange alternativ og ingen lov som seier at frokost må vere frokostblanding eller brød med ost etc... Spis ikkje frokost sjølv, men måltid nr.1 av 2 sånn ca. kl.14. er ein superfood smoothie med proteinpulver og quinoa-spelt tortillas m/div pålegg og restar. Når eg er på tur, så kopierar eg egentleg det samme.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.