Gå til innhold
  • Bli medlem

Strilaliv

Aktiv medlem
  • Innlegg

    51
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

34 Neutral

Om Strilaliv

  • Bursdag 14. oktober

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Sted
    Eit steinkast frå Østfold

Nylige profilbesøk

1 863 profilvisninger
  1. Eg kjøpte damevarianten, med 25% avslag på denne prisen Men lang unisex (ikkje vanleg) er og på 25% rabatt på outletpris med DNB-kode
  2. Den kjøpte eg og! Har leita ei stund etter ny pose ettersom den gamle har kuldebruer og lek litt vel masse dun no, så tilbodet no var perfekt.
  3. Ekstra 25% rabatt på Helsport med kode frå DNB til og 6. april. Gjeld og på varer i outlet og treng ikkje betala med DNB-kort
  4. Fekk @Megalep eller andre her testa ut skomakeren i Askim? Garmont fjellskistøvlane mine delaminerte på tur i helgja og måtte gaffateipast så eg kom meg tilbake til bilen. Eg vil helst vil unngå å kjøpa nye støvlar (og dermed og ski og bindingar) så jaktar på ein skomakar som er skomakar og ikkje bare skoflikkar
  5. Eg har ikkje prøvd, men vurderte å ta på slik antiskli på tube (til barnesokkar) eller antisklitape (slik til trapper) under potesokkane. Har kanskje størst tru på antisklitape av desse to. I vinter fekk eg lov å gå tur i naboen sin hage, så det blei 10 meter fram og tilbake langs vegen for å unngå isen. Lagt til: Eg har stor hund så potesokkar frå sportsbutikk eller dyrebutikk har ikkje passa. Med mindre hund så er jo utvalget større.
  6. Devold har turshortsar i ull med teknisk stoff i setet. Eg har ein slik sjølv og det er den beste turshortsen eg har i varmt ver. Eg har shortsar frå Norrøna, Bergans, Fjellräven og Stormberg i teknisk materiale eller polyester/bomullblanding og når det er skikkeleg varmt synest eg dei er heilt grusomme å gå med. Men med Devold så blei skogsturar og fjellturar i god varme ein ny oppleving. Faktisk slik at eg vurderer å kjøpa turbuksa i ull og
  7. Eg tenkte eg skulle bruka tilboda rundt omkring no med den svarte fredagen, til å sjå på vintersovepose til (snart) 13-åringen. Han har ein Helsport Rago Down damepose til tresesongs, men han treng ein eigen vinterpose. Sidan han er enno ikkje har blitt tenåring, så er ikkje ryggen hans av dei lengste. Dvs at han framleis bruker Osprey Ace 50 liter som hovudsekk og der skal sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøken, kle og kosedyr med. Og gjerne litt mat i tillegg. Så no lurte eg på tips til vinterpose til han. Sidan han er liten, så er både volum og vekt avgjerande og eg tenker dunpose. Han har vore på telttur no i helgja i -10 grader med min Mountain Equipment Glacier 1000. Han var varm og god og likte posen. Den posen er på tilbod med 49% rabatt, men er det andre posar eg skal ta med i vurderinga?
  8. Heilt genialt! No har eg bestilt eit par slike
  9. Korleis er dei å tørka etter bruk? På hytta har me ei varmekjelde og er avhengig av at sko er enkle å tørka i varierande temperatur gjennom døgeret (22-8 grader) i god avstand frå ovnen. Eg har tidlegare sett på Skare Expedition men dei er litt ute av lista på grunn av prisen. Dei kan koma raskt inn på lista att viss dei er verdt prisen. Er det dei du har, eller ein anna Lundhagsstøvel? Eg er veldig fan av lag på lag og det å kunna ta ut innerstøvel/kartank for tørking og lufting. Varmesålar er ikkje vurdert som hyttealternativ sidan me ikkje har straum. På vinterstid er lading på eit minimum og eg er for lat til å bera opp powerbank til dette bruket. Stor sannsynlighet for at eg ikkje hugsar å ta med powerbanken ned att.
  10. Eg er på jakt etter fjellstøvar til trugebruk. Dei siste åra har eg brukt fjellstøvlane mine året rundt, inkludert trugetur og leiking i snøen på hytta. Desse er Hanwag Alaska og eg frys så himla masse på beina når me er på trugetur. Dei nærmar seg sju år og eg modne for utskifting og eg vurderer å investera i (minst) to ulike støvlar. No er eg fyrst og fremst på jakt etter støvlar til vinterbruk som er varme og som er stive nok på truger. Bonus er viss dei vil fungera som skuterstøvlar. Eg har sett på dei nye Baffin Litesport og vurderer desse. Tips til andre støvlar eg kan sjå på.
  11. Takk Marius Tenkte jo ikkje på at dei kunne vera laust samanrulla i pumpesekken. Enkel løysing på problemet - ny kunnskap er alltid fint
  12. Junior og eg fekk oss Exped Dura tidlegare i år. Og no har det oppstått eit problem i heimen. Korleis i alle dager skal eg oppbevara desse? Det er jo dun, så bør dei oppbevarast opne med opne ventilar i ein flyttekasse frå Clas Ohlson (slik eg har soveposane), eller kan dei vera samanrulla i pakkposen sin.
  13. Har du plass til å stabla flyttekassar frå Clas Ohlson i høgda? Eg har mine, og resten av familien sine, soveposar i kvar sin flyttekasse som eg stablar i høgda i eit lite kott. Stor kasse til vinterposen og små kassar til tresesongsposane.
  14. Eg kjøpte Big Agnes frå Ultralight Outdoorgear. Prøvesat ein Heilnox one og var ikkje heilt overbevist, men kjøpte Skyline UL utan å ha prøvd fyrst. Og er så fornøygd! Kroppen min, som trass alt har bestemt seg for å bli 75 år gamal til trass for at eg ikkje har dinga 50 enno, er så glad for at eg brukte ein heil masse pengar på dette.
  15. Takk for svar @Marius Engelsen. Groundchair er heilt uaktuell rett og slett fordi han er for lav. Grunnen til at eg lurer på Big Agnes er sitjehøgda, er vel 10 cm høgare enn one og zero og vekta kan samaliknast med one. Eg har gått hen og fått artrose i begge hoftene så plutselig treng eg litt meir komfort på tur for å klara slappa av når eg sit.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.