-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Det er nok kjøreren i siste ledd ja... Eg har siste åra arbeidd me på å kjøre torsjonssvingar/alpint telemark meir enn den tradisjonelle øytunstilen. I gode sesongar byrjar det virkelig sitte, og eg får kjenne g'en dra meg ut av svingen. Likevel krev det fullt fokus førebels, og sitt ikkje i ryggrada. Då er det f....hovent når sambo kjem susande i god telemarkstil, inn på den isete parkeringsplassen, på smale klassisk ski....eg plar då gi han beskjed om å finne seg sitt eget skisenter
-
Eg har hatt med pulk på buss fleire gonger, det har gått fint. Har ikkje måtta betalt for det alltid heller, det skulle seg litt mellom sjåførane kva dei anser som "vanlig bagasjemengde" å ikkje.
-
Puh, dette hørtes faktisk litt mykje ut for meg 😅
-
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Eg er 166 og har Nansen i 185 cm. Ville ikkje hatt dei kortare. Ingen grunn til å takke nei til meir bæreflate og retnibgsstabilitet på ei så manøvrerbar ski (mine preferansar). Eg tenkjer at du er innafor med både 195 og 200. -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Ja det er til å bli sprø av. Samd i det. Ikkje første gong ein opplever i utstyrsverden.... -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Eg veit at det er fleire her som har både Ingstad og Nansen, mellom anna @graham. Veit også at @tronnhar Ingstad og er på vurderinga om eit par Nansen. Mitt spm blir : skal du ha dette til ei toppturski? For om du ikkje skal det, må eg seie at eg tenkjer at Nansen er eit betre allroundalternativ mtp Josten, vidda osv. -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Er vel kanskje berre feil ord her, rekna med tshansen tenke på langspenn -
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Det var ikkje det svaret eg fekk når eg prata med dei, det er ikkje det eg sjølv har erfart (har brukt båe ski) og det er heller ikkje det testar i mellom anna UTE-magasinet konkluderte med ein gong i verda der lukka den før Nansen. Men det er mogleg det har endra seg i det siste https://www.utemagasinet.no/Test/TEST-Ski-for-fjellet -
Ok, eg misforstod og trudde det var dine eigne målingar i kartet
- 18 svar
-
- 1
-
-
Valgest kvaler: Åsnes Nansen eller Gamme 54 fjellski
Tessatroll svarte på knerten sitt emne i Vinterutstyr
Det er vanskeleg å tilrå ski til andre spesifikt på modell synes eg, då det avhenger litt av skiløperens ferdigheter også. Men eg kan seie litt om korleis eg opplever mine Nansen i forhold til andre ski. Gamme har eg ikkje erfaring med. Ja, Nansen og Cecilie er same ski men Cecilie er mjuke, og eignar seg best til ungdom og lette damer, evt dedikert til Telemark og veldig kupert terreng/lette toppturar. Sjølv velde eg Nansen, fordi smøringa går for fort vekk på Cecilie, pga mjukheita. I tillegg har eg Amundsen og har hatt ymse fischer før. Eg synes Nansen er ei knakande god allroundski, som gir mykje skiglede. Den er lettmanøvrert og føreseieleg, noko mange sett pris på med tung sekk i kupert terreng. Eg nyttar den sjølv mykje på Vestlandet, på breturar og i kupert fjellterreng. Tidlegare brukte eg den også på vidda, noko som funka heilt greit. Eg kjøpte dog på eit tidspunkt eit par Amundsen i forbindelse med ein lengre tur, den er ein betre km-slukar ved mange mil framfor pulk. No nyttar eg Nansen mest i typisk vestlandsterreng, og innimellom er den også med på bratte turar her på Sunnmøre, når eg er for lat til å drasse på toppturski. Den er alltid med på Josten og liknande turar. Eg synes den flyt overraskande godt i forhold til breidde, men eg har ganske lange ski. Dette fordi eg foretrekk lengde framfor breidde for å få den bæreflata eg vil ha. Som ein digresjon, og litt på utsida av det du spør om, men likevel: Eg kjenner fleire som har fått att gleda over Telemark med eit par Nansen og gode 75 mm, då det gir ei føling som ein kanskje mister litt med "moderne" stivt og aggressivt utstyr. -
Kjem an på korleis du måler på kartet, mykje rette linjer? For då kan du legge på terrengtillegg på kanksje 18-20% alt etter type terreng. Altså effektive km blir noko meir pga terrenget.
-
Sydvest frå sydlegare strøk 😂
- 29 svar
-
- 1
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ein bør i alle fall ha litt kontroll på "totalt tilgjengelege ressurser" i eit turfølge og litt innsikt i kapasitet. Ein er jo også kvarandre sine marginar. Er ein to veldig røynde kan ein til dømes ha gode nok marginar til å yte litt ekstra om det er med ein pers med litt mindre å gå på, både slik og sann. Igjen, tenkjer eg also at tryggleik er ei rekke av løpande vurderingar frå tur er påtenkt til avslutta. Ei slags beslutningskjede? (Der slo organisasjonsteoretikeren gjennom i meg og eg trur eg seier takk for i dag 😂)- 38 svar
-
- 1
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Hvilket igjen leier ein over i neste tema: valg av turfølge, og innsikt i turfølget.- 38 svar
-
- 2
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Kan legge til at Røde Kors kan seie litt om statistikk mtp kva som oppstår hyppigst i fjellet : skadar eller sjukdom. Siste eg fekk høyre var at det er definitivt mest sjukdom. Det er noko som me ofte undervurderer når me tenkjer HMS. Har de gjenkjennelseskompetanse på akutt alvorlig sjukdom?- 38 svar
-
- 1
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Dagens beste etter mitt begrep. Eg har sett i praksis ved to høver, mennesker i knallform, som mistar evna til å t gode avgjerder. Den eine sa det sjølv, gjennom klaprande tenner, framfor ein vedomn "....hadde du ikkje vore her i dag, er eg usikker på korleis dette hadde gått, det er dine avgjerder som har ført oss fram i dag" Som forløper hadde eg meinholdt på ei oppakning som iflg enkelte andre i turfølget var unødvendig. Uten den er eg usikker på i kor stor grad eg kunne bidrage med fornuftige avgjerder. På den andre side hadde eg ikkje lagt i veg utan. Eg har også eingong vore prisgitt at andre skar gjennom, eg fekk eit uventa og kraftig astmaanfall/allergisk reaksjon. Det var kring 40 effektive minus, og sjølv om anfallet ikkje var kritisk, var det viktig å handle fort så eg ikkje segna om i snøen under slike temperaturar. Då var det godt at ei av dei eg tura med forstod kva som skjedde. Eg vart effektivt "tvangsmedisinert" (hennar medisin) og beordra inn så snart teltet var oppe. Eg tok til å virre å bygge mur etc fordi eg trudde sjølv eg var i tipptopp form att 😂🙈- 38 svar
-
- 3
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Seier meg samd i dette. Eg er ikkje glad i crossfit sjølv, men konseptet i seg sjølv er ikkje gale. Dog fryktelig mykje dårlige instruktørar, som elles i treningsbransjen. Har arbeidd i den kommersielle treningsbransjen frå eg var 14, skulle vel bli noko slikt som 22 år 😵- 38 svar
-
- 1
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det er noko som heiter at det er mykje god læring i det som går gale men godt- 38 svar
-
- 1
-
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Samd. I og med at (etter mitt syn) det meste av tryggleiken på tur ligg i mennesket sjølv, vil det vere ulikt kva ein sett i verk av tiltak, treng av utstyr, kva marginar ein må ha osv. Tryggleik er ein løpande vurdering frå tur til tur, og avheng av deg sjølv, avogtil dagsform, turfølge, terreng, ver og vind osv osv.- 38 svar
-
- 1
-
-
Lagersalg? Pris?
-
En "roman" om første solotur på vinteren - "en natt i Nordmarka"
Tessatroll svarte på TillaCharlotte sitt emne i Turrapporter
Funka definitivt å fryse i bokse å sette i vannbad i starten, for så å kvele ut i kjelen med ein liten skvett vatn. Kok risen først og varm den oppatt saman med gryta- 20 svar
-
- 1
-
-
- pulk
- krokskogen
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Eg stiller meg dei same spm sjølv @Kjell Iver, spesielt mtp at mange av dei foregåande tipsa gjekk på nettopp dette med klimakontroll for sovepose. For meg freistar det ikkje å prøve, men synes det er artig når folk gjer ting ansleis enn "standardoppsettet". Var på grensa til å tru at det var spøk ei stund tilogmed, så det er tydeleg at me treng å verte utfordra litt
- 19 svar
-
- 3
-
-
- vintertelt
- innertelt
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Fysisk form i forhold til sikkerhet i fjellet (utskilt)
Tessatroll svarte på nova sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg har eigentleg aldri forstått kva eit friluftsmenneske er, så det lyt du no eventuelt sjølv avgjere kva du tenkjer Eg meinar heller ikkje at fysikk ikkje kan vere ein viktig faktor, tvert om, eg stadfesta lenger oppe at eg er samd i at det er ein faktor. Men eg er ikkje samd i at det er den viktigste for tryggleik. Andre faktorar tronar over, slik eg vurderar det.- 38 svar
-
- 3
-
-
Ser ut til at det gjeld alle variantane og, inkl superlight. Artig
-
Då trur eg me kan einast om å vere grunnleggande usamde på eit par punkt
- 65 svar
-
- 2
-