Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Ok. Dersom du kan tenke deg å selje meg berre ankeret vil eg gjerne kjøpe det.
  2. Kan det stemme at dette er eit Istind alu anker i str 1? Dersom det er korrekt så vil eg gjerne kjøper ankeret
  3. Ah, dei kan ikkje eg bruke, får vondt i akilles. Det er så ulikt korleis føter er, at det er nesten vanskelig. Men Crispi er i alle fall breie nok til mine "andeføtter".
  4. Merk at Lundhags Abisku og Abisku expedition kan verke til å ha litt ulik passform. Så med høg vrist kan det vere verdt å prøve den som heiter expedition. Den er pent prisa på Outnorth om dagen.
  5. Kanskje du er som meg; eg har ikkje "Alfafot" men "Crispifot".Eg kan heller ikkje bruke Alfa, får smerter i føttene. Eg har breid fot (og då meinar eg brei!) men ikkje veldig høg vrist. Av xplore så høver Crispi Futura meg godt, og elles Lundhags Abisku expedition. Den siste er dog noko vanskeleg for folk med høg vrist trur eg.
  6. Tur med "kilometerjag": Ulike blandingar av gryn, nøtter, og frø/kjerner, frukostblandingar mm., saman med tørrmelk. Turar lenger enn ei veke; legg til proteinpulver i blandinga, for meg er vaniljesmak favoritten. Turar utan "kilometerjag": Ulike variantar av ostesmørbrød steikt i panna.
  7. Har ikkje desse stavane, men kanskje eit dårleg fliplock-system på dei? Rart. Dei fleste fliplock bruka funke bra når ein har fått justert/stramma til skruen. Om det ikkje funkar å stramme så ville eg sendt i retur.
  8. Eg vart så glad det var tett før eg tok til å grine når du drog lokket av kjelen 🤩🤩🤣
  9. Eg ville ikkje kvidd mot å bruke det på kortare vinterturer med greie meldingar. Myggnettingen stoppar dog ikkje snødrev så godt om det er ruskete er mi erfaring, men det er kanskje ikkje då ein tek dette teltet uansett...lett snødrev får ein stoppa. Og skulle det bli riktig ille, får ein berre flytte det ein vil halde snøfritt inn i innertelt. I høve teltduken funkar det jo gull å spa snø inntil, om ikkje glipa er altfor stor.
  10. Eg har også en Piteraq, som har vore mykje i bruk. Hugsar ikkje nøyaktig, men meiner den var kjøpt i 2013 eller 2014. Vore med på mange turar, korte og lange. Den er noko prega av ublide møter med stålkantar og bjørkesatan, men held framleis godt stand i stoffet og i glidelåset.
  11. Ski + snilt terreng + greit med DNT hytter g fjellstyrebuer kan til dømes vere Langsua. Fint område
  12. Ah, that makes sense! Det skjønte eg faktisk ikkje. Då rimar spørsmålet vesentleg betre 😅 At ein risikerer ras med ein gong ein køyrer utanfor synes eg reint språkleg er noko misvisande, og godt kan nyanserast litt, så den står eg godt i
  13. Sjølvsagt! Litt på halvatten lesinga/tanken min der
  14. Eg synes Brynje er heilt topp, betre enn Aclima. Men eg har berre brukt Brynje sin ullnetting. Slik eg forstår det er det syntetnettingen du meinar @Marius Engelsen?
  15. Vil heller sei "med ein gong du køyrer utanfor løypene i bratt nok terreng til at det er definert som skredfarlig, bør ein gjere skredvurderingar". TS: mogleg eg ikkje forstår spørsmålet ditt, men at delar av eit skianlegg er preppa gir ikkje "stabilitetsgaranti" for snøen som ligg upreppa i same skianlegg.
  16. Eg ville gått for lenger lengde. Eg er 166 og stort sett mellom 67-70 kg. Har Amundsen i 187 cm, Nansen i 185 og Finnmark i 190.
  17. Eg har ikkje fjellpulken men har brukt bedding ein del på Parisbrett som er 144 cm. Då med taudrag. Null problem at den stikk utfor pulken litt framme og bake. At pulken din er endå eit hakk kortare trur eg ikkje gjer noko, og i alle fall ikkje om du har stive drag. Då kan du kanskje trekke den eit hakk lenge fram og den kan få støtte på drag?
  18. Ville sett på Åsnes Gamme. Ok spenn, noko løft I front så artig å køyre, ei god allround ski. Nok breidde og spesifikasjonar til å takle litt snø, smal nok til å vere grei å få på kant og gå i løyper med. Rottefella BC eller xplore, alt etter kva sko som høver foten din og kor mykje peng du ser føre deg å bruke
  19. Hei Tara Det er etter mi meining vanskeleg å trø feil med dei meir anerkjente merka, Exped, Therm-a-rest osv. lagar alle gode underlag. Det kjem rett og slett an på personlege preferanser, som kanalar på tvers eller på langs til dømes. Eg har både Exped og Therm-a-rest i ymse varianter, og har brukt det til mine born. Vi har også eit duo-underlag i hus. Veldig fint om sommaren, litt mindre praktisk om vinteren synes eg. Eg har som @Espen Ørudbrukt eit halv liggeunderlag på toppen, typ z-lite skjært i to. Fin forsterking av det oppblåsbare, samt at ein totalt sett kan lage ei anstendig løysing med alle dei halve dersom ein er uheldig og får eit hol på tur som ein ikkje får reparert. Fint storleik til ymse aktivitet på dagtid au. Bråk har eg aldri, og då meiner eg faktisk aldri, tenkt over med noko liggeunderlag, ikkje eingong med xtherm. Så akkurat det kjem nok an på kor følsom ein er for lyd. Eg ville laga meg ei liste med kandidatar, og gått for det underlaget som stetta mine behov i høve r-verdi og vekt, som først dukka opp til ein fin pris. Keep it simple funkar overraskande ofte
  20. Ny kløv til minstepelsen. Togo frå Seleverkstedet. No er det ei stund til ho skal Kløve kilo, men tilvenning med tom kløv, kanskje med eit par tomflasker i, er planen. Ikkje kløvsesong no, men med 30% rabatt var det berre å slå til, då dei i utgangspunktet har ein utriveleg pris. Om nokon har ein gammal komte dei ikkje lenger nyttar, som kan høve ei Grønlandshundtispe kjøper eg gjerne. Tippar kanskje omkrins 42-46 cm på halsringen når utvekst, 11-12 cm dia alt etter fasong på ringen.
  21. Trikset er at du ikkje treng ta den av nødvendigvis. Ofte nok å berre opne den heilt, om du er passe kledd frå start (altså litt kald). Evt ta den utanpå selen? For meg som brukar standardsele utan mykje "dill" og ofte taudrag så funkar faktisk det, spesielt om vesten har tovegs glidelås så du kan lage splitt nede
  22. Eg brukar denne https://www.hektapatur.no/vare-merker/gregory/gregory-juxt-34l Eg har behov for at det er plass til PC m.m, men brukar den til daglegsekk. Godt bæresystem, og solid. Har bært den stappa full med PC, bøker, matpakke, thermos osv (alt for lange dagar + litt handling på vegen) og del har tolt det.
  23. Eg har utprega Crispiføter, Alfa for meg = trykksmerter og til slutt betennelse i akilles. Veldig nøgd med Crispi Svalbard. Kjøpte dei til ein Grønlandstur og har nytta dei mykje sidan. Veit ikkje om eg har inntrykk av at Alfa er meir forseggjort. Det eg veit er at Crispi nesten alltid er meir vridningsstive= meir støtte for føtter, til dømes over endelause kilometer med sastrugi (som der fort kan vere på Grønland om ein møter rette forholda). Til sjuande og sist er det som passar føtene dine best rett svar. Trur ikkje du trør feil hverken med Alfa eller Crispi. Det er fort gjort å grave seg ned i detaljar i denne utstyrsjungelen, mens sanninga er at dersom ein kjøper anerkjente merker hjå særiøse aktørar så vil ein få det meste til å funke greit.
  24. Netting innerst. Det tørkar på kroppen når du driv leirarbeid. Dunvest gir mykje varme når lukka og tilnærma ingen når open. Stilmessig skrekkeleg men skrekkeleg funksjonelt 😆 Brukar du eit mellomlag syntet i leir (til dømes fleecegenser over netting) trekker det fukt vekk frå innerste lag/netting. Stinkar høgg men er effektivt for flytte fukt. På føttene typ liner innerst (Bridgedale er min favoritt), polpose mellom og tjukkare sokk utanpå (smart wool mountain et eller anna veldig tjukt). Det held den tjukke sokken tørr. Når du slår leir og krabbar i teltet dreg du av alt, skiftar til tørr liner og telt/sovesokkar (tjukke i fleece frå Chlas er geniale). På med fotposar. Tøy som er småfuktig men ikkje direkte vått er fint å legge mellom skumplastunderlag og downmat, om du har skumplasten på toppen. Evt i posen. Tørkar fint i fotenden saman med ei Nalgeneflaske med varmevatn. Og som skrive over her, det skal vere hustrig før du startar gå.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.