Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg synes Brynje er heilt topp, betre enn Aclima. Men eg har berre brukt Brynje sin ullnetting. Slik eg forstår det er det syntetnettingen du meinar @Marius Engelsen?
  2. Vil heller sei "med ein gong du køyrer utanfor løypene i bratt nok terreng til at det er definert som skredfarlig, bør ein gjere skredvurderingar". TS: mogleg eg ikkje forstår spørsmålet ditt, men at delar av eit skianlegg er preppa gir ikkje "stabilitetsgaranti" for snøen som ligg upreppa i same skianlegg.
  3. Eg ville gått for lenger lengde. Eg er 166 og stort sett mellom 67-70 kg. Har Amundsen i 187 cm, Nansen i 185 og Finnmark i 190.
  4. Eg har ikkje fjellpulken men har brukt bedding ein del på Parisbrett som er 144 cm. Då med taudrag. Null problem at den stikk utfor pulken litt framme og bake. At pulken din er endå eit hakk kortare trur eg ikkje gjer noko, og i alle fall ikkje om du har stive drag. Då kan du kanskje trekke den eit hakk lenge fram og den kan få støtte på drag?
  5. Ville sett på Åsnes Gamme. Ok spenn, noko løft I front så artig å køyre, ei god allround ski. Nok breidde og spesifikasjonar til å takle litt snø, smal nok til å vere grei å få på kant og gå i løyper med. Rottefella BC eller xplore, alt etter kva sko som høver foten din og kor mykje peng du ser føre deg å bruke
  6. Hei Tara Det er etter mi meining vanskeleg å trø feil med dei meir anerkjente merka, Exped, Therm-a-rest osv. lagar alle gode underlag. Det kjem rett og slett an på personlege preferanser, som kanalar på tvers eller på langs til dømes. Eg har både Exped og Therm-a-rest i ymse varianter, og har brukt det til mine born. Vi har også eit duo-underlag i hus. Veldig fint om sommaren, litt mindre praktisk om vinteren synes eg. Eg har som @Espen Ørudbrukt eit halv liggeunderlag på toppen, typ z-lite skjært i to. Fin forsterking av det oppblåsbare, samt at ein totalt sett kan lage ei anstendig løysing med alle dei halve dersom ein er uheldig og får eit hol på tur som ein ikkje får reparert. Fint storleik til ymse aktivitet på dagtid au. Bråk har eg aldri, og då meiner eg faktisk aldri, tenkt over med noko liggeunderlag, ikkje eingong med xtherm. Så akkurat det kjem nok an på kor følsom ein er for lyd. Eg ville laga meg ei liste med kandidatar, og gått for det underlaget som stetta mine behov i høve r-verdi og vekt, som først dukka opp til ein fin pris. Keep it simple funkar overraskande ofte
  7. Ny kløv til minstepelsen. Togo frå Seleverkstedet. No er det ei stund til ho skal Kløve kilo, men tilvenning med tom kløv, kanskje med eit par tomflasker i, er planen. Ikkje kløvsesong no, men med 30% rabatt var det berre å slå til, då dei i utgangspunktet har ein utriveleg pris. Om nokon har ein gammal komte dei ikkje lenger nyttar, som kan høve ei Grønlandshundtispe kjøper eg gjerne. Tippar kanskje omkrins 42-46 cm på halsringen når utvekst, 11-12 cm dia alt etter fasong på ringen.
  8. Trikset er at du ikkje treng ta den av nødvendigvis. Ofte nok å berre opne den heilt, om du er passe kledd frå start (altså litt kald). Evt ta den utanpå selen? For meg som brukar standardsele utan mykje "dill" og ofte taudrag så funkar faktisk det, spesielt om vesten har tovegs glidelås så du kan lage splitt nede
  9. Eg brukar denne https://www.hektapatur.no/vare-merker/gregory/gregory-juxt-34l Eg har behov for at det er plass til PC m.m, men brukar den til daglegsekk. Godt bæresystem, og solid. Har bært den stappa full med PC, bøker, matpakke, thermos osv (alt for lange dagar + litt handling på vegen) og del har tolt det.
  10. Eg har utprega Crispiføter, Alfa for meg = trykksmerter og til slutt betennelse i akilles. Veldig nøgd med Crispi Svalbard. Kjøpte dei til ein Grønlandstur og har nytta dei mykje sidan. Veit ikkje om eg har inntrykk av at Alfa er meir forseggjort. Det eg veit er at Crispi nesten alltid er meir vridningsstive= meir støtte for føtter, til dømes over endelause kilometer med sastrugi (som der fort kan vere på Grønland om ein møter rette forholda). Til sjuande og sist er det som passar føtene dine best rett svar. Trur ikkje du trør feil hverken med Alfa eller Crispi. Det er fort gjort å grave seg ned i detaljar i denne utstyrsjungelen, mens sanninga er at dersom ein kjøper anerkjente merker hjå særiøse aktørar så vil ein få det meste til å funke greit.
  11. Netting innerst. Det tørkar på kroppen når du driv leirarbeid. Dunvest gir mykje varme når lukka og tilnærma ingen når open. Stilmessig skrekkeleg men skrekkeleg funksjonelt 😆 Brukar du eit mellomlag syntet i leir (til dømes fleecegenser over netting) trekker det fukt vekk frå innerste lag/netting. Stinkar høgg men er effektivt for flytte fukt. På føttene typ liner innerst (Bridgedale er min favoritt), polpose mellom og tjukkare sokk utanpå (smart wool mountain et eller anna veldig tjukt). Det held den tjukke sokken tørr. Når du slår leir og krabbar i teltet dreg du av alt, skiftar til tørr liner og telt/sovesokkar (tjukke i fleece frå Chlas er geniale). På med fotposar. Tøy som er småfuktig men ikkje direkte vått er fint å legge mellom skumplastunderlag og downmat, om du har skumplasten på toppen. Evt i posen. Tørkar fint i fotenden saman med ei Nalgeneflaske med varmevatn. Og som skrive over her, det skal vere hustrig før du startar gå.
  12. Sykkelstyretape?
  13. Som mangeårig geiteavløser tenker eg det samme, men det er eit kult konsept om ein får det til å funke! Dersom alle skaffar seg ei turgeit så kan ein kanskje få bukt med noko gjengroing? 🤔😂
  14. Eg er heller ikkje den som meinar at sivil uydigheit er det første ein skal ty til i verktøykassa. Eg er også oppdratt til å ikkje drive politikarforakt, og søkje å forstå for å kunne delta i konstruktiv dialog. Diverre vaklar desse prinsippa kraftig hjå meg, og har gjort det nokre år. Mi tillit til sentralforvaltninga og våre sentrale folkevalde er så tynnslitt at det er ei skam. Avgjerdene, ufornufta og den manglande ryggrada er så hinsides det er ikkje til å tru. Eg tenkjer at sivil uydigheit ikkje lenger er til å unngå. Eg fulgte mellom anna prosessen på Haramsøya tett (kjem frå Sunnmøre) og det er altså så gale at ein kan ikkje tenkje på det før leggetid!
  15. Nammatj er "en-inngangsversjonen" av Keron. Keron er eit telt eg diggar, har slitt ut, og brukt mange netter i det meste av tilhøve, både her heime på berget, på Svalbard og Grønland. Eit telt dei fleste (alle?) eg kjenner trivast i om dei først prøvar det. Toler mykje, og skulle ragnarok melde seg så grev ein uansett ned teltet og evt dreg ekstra tau over telte + lemur. God plass i fortelt, genial dør, enkelt oppsett, rause stangkanalar, ingenting er vanskeleg med tjukke vottar, ikkje eingong når absolutt alt er til-isa og glatt. God ventilasjon og godt med armslag. Keb kan eg ingenting om, men fjellreven lagar no bra telt. Dei fleste alternativa er gode. Dersom det står om småtterier, hadde eg gjort det enkelt å kjøpt det eg kom over til finast pris.
  16. For ein alldeles alminneleg allroundsekk som skal kunne brukast til både teltovernattingar men også hytte til hytte tenker eg det er fornuftig med ein sekk på 70-80 liter med gode komprimeringsmoglegheiter. Mange sekkemodellar i dag kjem med ulike rygglengder, og leverandørane har gjerne god forklaringar og filmsnuttar som fortel korleis du skal måle for å finne rett rygglengd. Til dømes har både Osprey og Gregory det. Kanskje kan Osprey Xenith vere eit alternativ? Modellen har vore med i gamet lenge, har anstendig egenvekt og justering av rygglengde. Mogleg å komprimere og grei å bere når ein har mindre bagasje med . Edit; ser at Xenith har gått ut. Bør likevel vere råd å finne i bruktmarknaden.evt er den nye Osprey Aether.
  17. https://seklima.met.no/ https://www.timeanddate.no/vaer/norge/oslo/klima
  18. Det er i alle fall mogleg i den gamle utgåva. Eg hadde nokre testdøger i det teltet.
  19. Har brukt padlemuffene mine når eg har trekt dekk i pissregn på vestlandet og alt anna vert dyevått. Funka veldig fint.
  20. Eg får dette når eg trekker tung pulk mange høgdemeter eller ber tung sekk på ski (typisk vårskiturar på bre eller lengre breturar). Eg har brukt to løysingar for dette . Det eine er å lage meg ein hælkopp av trykkavlastingsplater. Tape fast og lat den sitte til den verste stigninga er gjort (typisk dag 1 og kanskje 2 til dømes på Josten, alt etter ruter). På Grønland og Svalbard har den fått sitte til eg har berre lett terreng framfor meg og lettare pulk. Saman med ein god såle som gir rett drag på akilles over hælen, hjelper det veldig! Den andre løysinga prøvde eg i fjor vår på Folgefonna, på tips frå @graham, det er slik neoprensokkar berre for hælen, som du får i ulike tjukkelsar på skøytebutikken (typisk brukt i hockeyskøyter). Det funka også. Ikkje like effektivt som platene, men for enkelte turar nok til å berge meg, og veldig mykje enklare sidan dei kan tas av og på.
  21. Mountains equipment Aurora på superpris på Brukås sport. https://www.brukas.no/mountain-equipment-aurora-vi-long Ser dog ut til at dei er tomme for regular. Eg kjøpte ein slik til dei verkeleg kalde nettene, og til dei kalde turane under open himmel i Østerdalen. Har ikkje fått testa enno då eg har måtte halde meg i ro etter ein operasjon. Synd, då det har vore låge temperaturar perfekte for test her. Håper å få til ein båltur i helga. Ikkje meldt like kaldt som tidlegare, så kunne nok teke den vanlege posen vinterposen min, men får no ein peikepinn kring 20 blå også. Så har ein selfølgeleg Isbjørn Jan Mayen. Eg har hatt den tidlegare, solgte den. Også ein super sovepose. Held likevel førebels ein knapp på ME, reint ut frå opplevd comfort (stretch saumar og mindre som "følgjer med rundt" når ein snur seg i posen).
  22. Eg heiar på alle unge røster som gidd skru opp volumet og faktisk melde frå. Herleg forfriskande og engasjert.
  23. Eg har litt andre erfaringar. Nyttar gjerne ein brei og romsleg sovepose på sommaren, men om vinteren er det stor forskjell spesielt på breidde synes eg. Lite tyngdekraft som hjelper meg der. Eg må pakke for store posar inntil meg/trykke dei saman. Inntrykket mitt er at desse kaldare dess viktigare at posen høver.
  24. For ikkje å snakke om alle dei helsikkes gapahukane som poppar opp som paddehatar. På Sunnmøre går det som ein farsott. Alle IL og organisasjonar skal sette opp gapahuk, med ymse "gode" formål. Noko herk, med slike i kvar ei skråning....legg til at kvar ei bygd som driv reiselivsutvikling skal vere ein dårleg blåkopi av ei ei anna bygd, og du får sherpatrapper og gondol. Eg ser raudt når eg ser sjiten! Og har til gode å sette mine bein i både trapper og gondol, med unnatak av ein tur der eg vart overrumpla. Totalt sett utgjer dei nokså store terrenginngrep i enkelte områder, og deler opp og fragmenterer og pregar det vesle som er att som ikkje er veldig prega av menneske (fjellet). Fjordane og dalane på Sunnmøre er no stort sett bebygde og prega overalt. Det er fader meg spor etter oss over fandens alt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.