-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Eit ofte rapportert fenomen. Synd. Eg bytte ut mine Fischer E99 med eit par Nansen i fjor vår. Dei har sidan vore hardt brukte, einstad mellom 35-45 dagar, då oftast på lengre turar med lange dagar. Dei har vorer trakka over pukk, morene, ur, kvist,kvast og elvar, og er like heile. Ut frå kva eg høyrer andre stader og les her har eg hatt flaks! Synd. Eg har ei formeining om at eit par skikkelege fjellski skal tole nettopp slik type bruk som eg skisserar. Bruk i randsessong, på alt av føre, i alt slags terreng. Ein eller anna produsent bør snart ta hintet.
-
Ein aldri så liten padletur med litt bål, og litt repetisjon på egenredning og kameratredning. Flott dag
- 4 598 svar
-
- 5
-
-
Hatt ein liten turnè i Jotunheimen og på Myklebustbreen, Galdhøpiggen, Storebjørn og Snønipa vart vitja. Ei natt i tørr furuskog på Sjåk i mellom, og ein strandryddedag i kajakk på tampen (vart forøvrig så mykje søppel me måtte rekvirere båthjelp for å få frakta innatt). Salig blanding av mine og turfølget sine bileter.
- 4 598 svar
-
- 16
-
-
Her er store mengder snø i år, meir enn i fjor, både på Jostedalsbreen og kringliggande brear. Eg var på Snønipa på Myklebustbreen tidlegare i veka, og det er berre dei partia med dei største sprekkene som så vidt har byrja melde seg synlege (typisk der du aldri ville gått uansett). Frå Myklebustbreen ser ein rett over på delar av Jostedalsbreen, og fleire av dei bratte brefalla var framleis kvite og fine. Stormen Tysdag ettermiddag/kveld gav adskillige plussgrader (omlag 10 på 1700-1800 moh. Yr rapporterar om 14,7 varme på værstasjon nærast Supphellebreen same dag). Onsdag vart det betre ver og det har utetter veka vorte kaldare att. Snøen var i ferd med å sette seg på Onsdag føremiddag når me gjekk utatt, i alle fall i høgda. Om dette har holdt fram vil eg tru at mykje av snøen oppå der er nokså solid. Utan at eg på noko vis tilrår å legge att tauet heime God tur!
-
Kjem jo nett an på ruta du skal gå, og ikkje minst kven du går med. Tidsskjema, målsettingar, turfølgje og skidugleikar avgjer jo kor mykje ein treng ta med seg, kor lenge ein er på tur, og kva ein kan greie seg med. Har du eit transportbrett med taudrag er det snerte å stroppe på sekken der sekk er meir eigna. Eg gjorde det i fjor, på ein tur frå Grotli til Fjærland. Då var me tre med transportbrett (Paris) som gjekk saman, og rute og dagsplanar var lagt opp etter ønske om å kunne gå med pulk. I år skal eg over i alle fall ein, kanskje to gonger. Den eine gongen Loen rundt, start med Tindefjellsryggen frå Skålatårnet. Då skal eg gå med sekk. Dette pga terrenget, og pga at eg skal gå saman med ein som greier seg med lite. Det gjer også eg, hvilket gjer det kurrant å fyke avgårde "Light and fast" med sekk. Den andre gongen blir evt Erdal/Fjærland. Då vel eg også sekk sjølv om pulk vil kunne funke, dette fordi dei andre eg evt skal gå med går med sekk. Framdrift og gangmønster blir ofte ulikt dersom val av feste (langfell, kappa langfell, kortfell, smurning) og val av sekk/pulk er ulikt, og for å ha best mogleg gruppedynamikk synes eg det er greit å gå med det samme som resten av gruppa.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Noen tanker rundt dette med å motivere småbarn for tur
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Barn på tur
Samd i det meste som vert sagt. Val av terreng er relevant også for oss (no har eg nokså store born, elleve og blir tretten, men dei har no eingong vore små). Grusveg er dødens og klyving er topp. "Referanseturar" som ungane kjenner godt har vore viktig for oss på nye turar. "Det er omlag like langt som......" "Me skal gå halvparten så mange høgdemeter som til xxx men over litt lenger distanse. Det vil seie at det er slakare, men lenger enn xxx". Og ja, vegen er målet osv, det må vere grunnsteinen. Men nokre gonger har eg også presentert sanninga for borna mine. At innimellom må me faktisk ha framdrift for å nå eit spesifikt mål me har sett oss. Trur det er viktig å anerkjenne mål som motivasjonsfaktor også, reelle, faktiske og fysiske mål. Det sosiale har kanskje vore den viktigeste nøkkelen for oss, både tidlegare og no. For nokre år sidan gjekk med Norge på tvers langs 63. Me var fire vaksne og sju kids, som gjekk frå Stjørdal til grensa (Sylan). 6 av ungane var i alderen 7-10 år, den siste var 4. Den minste satt ein del på pappa sine skuldre, spesielt når myrane var tunge å gå (vått år, snøen låg lenge). Eg var i utg pkt skeptisk til ein så lang tur med så mange born, og me hadde sjølvsagt exitane klare og stressa lite med målsettinga. Turen gjekk som ein leik. Pga vått år og omklopping vart turen litt lenger enn elles, trur me gjekk omlag 130 km. Ungane hadde kvar sin dag som var litt tung, elles sprang dei fremst jamt over. Ein tur som lærte meg mykje om korleis eg sjølv undervurderte det som bur i ungane mine, og kva det sosiale har å seie. Det er gjennom litt spenstige prosjekt som dette at mine verkeleg har gløda på tur. Har fleire gongar opplevd at det er nett den vesle turen som verkeleg vert eit helsikke å motivere, til tross for all verdas pedagosiske verkemidlar og skøyale påfunn, men den lange, litt i overkant drøye turen går så det grin. Dette gjer at i vinter som har vore har eg nesten ikkje hatt med ungane mine på kvardagsturane. Dei har fått styra med sitt, venner og fritid osv, og så tek me ein overnattingstur eller liknande omlag ein gang per månad, gjerne båltur i skogen. Tur har ei god stund no ikkje vore den viktigste interessa deira og det har eg respektert. At eg har gjort det, og ikkje vore "på dei" har resultert i at dotter mi vil velje friluftsliv som valfag på skulen til hausten. Det har også resultert i at dei vil vere med meg til Svalbard i sommar, på tur. To og ei halv veke der oppe totalt, 10-12 dagar ute på Prins Karls Forland. Til gjengjeld sett eg av ein dag til leikeland med guten min og ein dag shopping med jenta mi (båe deler får det til å rykke hardt i sjela). Eg fekk beskjed med mine (til tider altfor) reflekterte born, om at dersom det er eit felles ansvar å skape trivsel i familien, fekk eg pent bidra utanfor eiga komfortsone også. Gi og ta med andre ord. Til sjuande og sist er det samværet som er viktig, og eg er overtydd om at ungane kjem til å kose seg stort på Svalbard, og eg kjem til å ha det flott på shopping og Leikeland. Ungdomsskulealder gir andre "turutfordringar" enn små born, og eg knip meg sjølv i å tenkje "sukk, kor enkelt alt var den gong dei var 7"- 14 svar
-
- 5
-
-
stødig og behagelig 75mm skisko til brei fot
Tessatroll svarte på anderskristensen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hah, då er me to, går blandt enkelte venner under kallenavnet "Magica", blandt anna pga desse føtene mine Og alle tærne er i tillegg like lange, så ser ut som nokon har kappa rett av.- 13 svar
-
- 1
-
-
Takk for innspelet
-
-
Takk Skal sjå på den
-
Då bør eg kanskje droppe Henessy og satse på eit av dei merka som fungerar med skumplast (?)
-
Eg brukar liggeunderlag i køye utan mykje kjas og mas Søv som steinar gjer me også Viktig å ta med i reknestykket er at alle kostnadar skal gongast med ti. Så allereie med 10 x Hennesy Explorer er eg (etter kvantumsrabatt) oppe på 15 500,- . Det finnast langt fleire rimeleg skumplastunderlag der ute, eller folk med eigne liggeunderlag, enn det finnast rimelige quiltar. Investeringar opp i 20-30 000 kr klassen er ikkje eit tema
-
Absolutt en grei måte å gjere det på.
-
Aha, har vurdert desse, men kom fram til at mekking av tarp osv på eiga hand gadd eg ikkje, var ikkje klar over at dei kome med tilbehør. Takk !
-
Takk. Var eigentleg dei eg no satt og studerte, så er eg ikkje heilt på jordet
-
Hei Eg skal gå til innkjøp av eit lite større antal hengekøyer, for bruk til gruppeturar. Knytt til dette må eg spørje om råd mtp kjøp. Frå før har eg nokre hengekøyer som eg likar til eige bruk, men som eg ser som ueigna til kommersielt bruk, pga størrelse, tilbehør og oppsett. Hengekøyene er hovudsakleg meint til sommarsbruk. og bør vere : Enkle å rigge Solide Ha tarp og gjerne myggnetting Ha ein spiseleg pris, slik at prisen etter kvantumsrabatt vert endå meir spieselig Dei treng ikkje være spesielt lette, og eg er ikkje ute etter ekstrautstyr som quilt osv.
-
Om du ringer til Ålesund og Sunnmøre turistforening tenkjer eg at dei har oppdatert info
-
Hvem har forslag til rute med spektakulært utsikt?
Tessatroll svarte på Lindap sitt emne i Fjellvandring
Nei fysj! -
Hvem har forslag til rute med spektakulært utsikt?
Tessatroll svarte på Lindap sitt emne i Fjellvandring
Steigen e fantastisk, å ganske enkelt å nå, om du tek Nordlandsbanen så langt som du kjem. -
Ny skalljakke, Arc'Teryx Theta SVX, Alpha SV eller Norrøna Trollveggen?
Tessatroll svarte på TomasOH sitt emne i Bekledning
Eg har ei Alpha SV jakke, og er nødge med den. Dette av to grunnar: Eg ferdast alpint og drar nytte av funksjonane. Eg har andre skalljakker til anna bruk. Når det gjeld rivestyrke og vasstettheit er Arcteryx pro shell glitrande. Eg har ikkje tal på kor monge gonger eg har gått på tur med folk som etterkvart vert våte både her og der, kanskje spesielt på skuldre, medan eg er like tørr. -
Hvem har forslag til rute med spektakulært utsikt?
Tessatroll svarte på Lindap sitt emne i Fjellvandring
Sjå tråden Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal 2-3 dager. Der har eg to kommentarar med bileter. Ruta han vil gå kan enkelt forlengast og byggast på, både i lengd og hØgd. Den går langs Hjørundfjorden, som er etter mitt begrep overgår dei fleste fjordar i Vest. Du kan evt starte i andre enden av Fjorden. Gå Hundeidvik, Vellesetra, Trandal, Norangsdalen, Bjørke Edit: ser at eg ikkje har lagt inn bileter frå fjordusikta, men om du googlar Hjørundfjorden...- 28 svar
-
- 1
-
-
Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal - 2-3 dager
Tessatroll svarte på Mantis sitt emne i Fjellvandring
Ja denne kan du gjere utan tau Kart: Sunnmørsalpane- 10 svar
-
- 1
-
-
Vandring i sommer med telt i Møre og Romsdal - 2-3 dager
Tessatroll svarte på Mantis sitt emne i Fjellvandring
Hei Det kjem nett an på kva tid du er her. Er eg heime kan eg hente deg og køyre deg, evt bekjente. Alternativt haikar du/tek taxi til Ørsta, og tek Timesekspressen derfrå til Barstadvik att. Tlf nr mitt er 944 98 788. Mvh Therese- 10 svar
-
- 1
-
-
Ein ettermiddagskitur til Melshornet, for å teste nye fjellskisko. Dei gamle Skarvet var utslitt, og eg har no kjøpt dei hakket meire kjørevennlege Crispi Stetind. Etter test er dei kåra til vinnarar.
- 4 598 svar
-
- 7
-