Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 705
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Piriformis er jo noko skikkeleg herk å slite med, og har nok forårsaka mang ein knevondt....Pigeon pose hjelp også på den
  2. Flotte bileter! Lett grønn i andletet av denne rapporten og min sambuars forteljingar frå samme område. Trur det må verte ein tur i 2018!
  3. Eg skreiv feil i posten; Lowe Alpinesekken heiter Cerro Torre ND 60:80
  4. Så bra, håpar verkeleg for din del at svaret var så "enkelt" Massasjerull og ball er genialt. At beingrinda vår vert dradd både hit og dit av stramme musklar er ikkje så utenkjeleg. At dette då må ut over andre musklar att, som må jobbe på ein annan og mindre gunstig måte enn dei eigentleg var designa for, er eigentleg ganske logisk. Kva gjeld ryggsøyla vår gjer me i vår moderene tid kvar dag ting som ikkje er bra for den, og som bidreg til og "alternere" på strukturane. Kan då vere greit å gjere små ting i kvardagen for å motverke dette. Som til dømes å sitte på huk når ein ryddar leikene til poden, eller parar sokkar etter klesvask. Eg plar seie at dersom alle hadde sitti på huk litt kvar dag hadde me truleg hatt vesentleg mindre ryggtrøbbel i dette landet
  5. Prøvar å moderere handlinga mi, så den som er hyppigst vitja av meg er finn.no. Ved nykjøp prøvar eg å handle lokalt om eg kan, og om ikkje prisdifferansen vert alfor stor. På nett går det i dei butikkane som er nevnt, samt Brukaas sport, amfibi og Tromsø ski og sykkel. Men som sagt, mitt drømmeprosjekt er typ "over isen med finn.no" eller "xxxxxxpassasjen med garasjen til bestefar", så prøvar eigentleg unngå butikkhandlinga i størst mogleg grad.
  6. For meg vert dei for breie, men smaken er jo som baken! Men den sprekkgreia samsvarar vel med at dei hadde problem med den produksjonen trur eg. Har du klaga til Åsnes?
  7. *ler*
  8. Fleire som har slitt med delaminering og sprekker på tidlegare modellar, kva år er Breidablikkskia dine frå? Eg må seie eg har det like fint på mine Nansen i laussnø som eg hadde med gamle fischer 109. Er også nøgd med mine Amundsen ski, til sitt bruk. Veit at eg vil foretrekke dei framfor dei gamle 109 anytime. Som sagt har Åsnes også teke grep med omsyn til produksjonen sin, først når det gjaldt stålkantane på Nansen, så med omsyn til heile produksjonen, dei hadde slik eg har forstått det sprekk/delaminering første år med nytt design, altså i fjor eller forfjor, kan det stemme? Men dei nye 109 kan eg lite om. Kunne tenkje meg å prøve dei nye e99 easyskin (om dei framleis heiter det). Dei breie fjellskimodellane synes eg ofte vert vel daue å gå på.
  9. Inntil 150 cm brukte eg Bergans kids comfort til nedpå nokre blå. Ved kaldere spedde eg på med jervenduk eller ein sommarpose utanpå. Nyttar samme prinsipp no; alle kidsa har tresesongsposar som me supplerer med ein annan pose utanpå, evt varmeflaske
  10. Då ville eg sett på Osprey Xena eller Lowe Alpine
  11. Har du prøvde dei nye 109? Nysgjerrig på dei! Opplvde dog dei gamle som å gå på to daue sild. Elles spent på kvifor Åsnes er noko dritt. Dei har no tross alt teke grep med omsyn til produksjonen sin siste åra, og det skal så vidt meg bekjent vere slutt på både delaminering og stålkantar som spriker?
  12. Sterke magemusklar (dei djupe indre) er også med på å forebygge dette ja, som Gittiamo seier. Sterk kjerne + lengde over hofta vil i tillegg til å gi betre vilkår for ryggsøyla di (og dermed muskulatur) også gi deg eit meir avslappa steg med større utslag for lårbein, så det er aldri dumt å tenkje litt på desse tinga
  13. Rett og slett ei madrass som er berekna på sprinkelseng, hehe, den såg eg ikkje komme!
  14. Sei ikkje det, sambo starta på albogane, men no geier han få panna i golvet (så vidt og med ujamne kvalmebyger dog )
  15. Hovudbruk sommar eller vinter? Eg har brukt både Osprey Xena, Lowe Alpine Cerro Torre ND 6o:80 og Gregory Deva. Dei to første passa min kropp best, mens den siste er fin å pakke for lågt tyngdepunkt/skitur. Alle tre er gode sekkar, men som sagt, det var det med passforma.
  16. Ofte når ein har plager med å stivne i ryggen på hardare underlag kan det ha samanheng med at nokre av musklane dine er korte, slik at du får drag i muskulaturen i korsryggen (uten å merke det så veldig). Du merkar det først når du ligg hardt for då er der ingenting som "kjem" opp og tettar "hola"/svaien og gir musklane støtte. Det du kan prøve, både før leggetid og dersom du vaknar, er å strekke hofteleddsbøyerane på kvar side nokre minutt. Stramme hofteleddsbøyere drar ryggsøyla fram og ned, og kan gi nesten umerkelege spenningar i nedre del av rygg. Dette vert ofte endå meir trigga av sekkebæring/pulktrekk. Med meg og sambuaren min er det difor fast takst å strekke litt før legging, spesielt dersom me har arbeidd hardt. Det kan være så enkelt som å sitte på huk (muskelen er festa på innsida av hofteskåla, lårbeinet og i ryggsøyla, så å sitte på huk drar over dei ledda som trengs for å få en god strekk), eller det kan vere pigeon pose.
  17. Bra! Høyrer gjerne frå deg etter endå fleire bruksdøger. Eg har fått ei forkjærlighet for Warmpeace fordi eg synes dei leverar god kvalitet til folkelege prisar gjennom enkle men funksjonelle modellar. Sjølv har eg og sambo 600, og eg har ein 1200 til testing for forumet.
  18. 75 mm gir meir høve til morrokjøring nedover enn BC ja, og toler meir. Kanskje kan Åsnes Nansen vere eit alternativ for deg, med voile 3 pin (kabel som kan tas av og på. Av ved gange, på ved kjøring) og ein tverrstiv 75 mm? Støvel må du nesten prøve....men Crispi Bre, evt Sydpolen er jo mykje brukt, likeins Alpina sine 75 mm "highendmodell" (hugsar ikkje navnet, raud støvel....). Eg har Nansen, og på bre og vårskiturar er det ei superski, som eg også har det morsomt nedover med, dog med nokre begrensingar pga BCbindingar (dei knekk ved for høg belastning) . Fischer sine easyskinskinski burde jo vere eit alternativ, og med endringar i spesifikasjonane som har vore dei seinare år kan det jo hende at kjøreigenskapane har endre seg til meir morsomme, men denne skia har eg ikkje prøvd i seinare år, og skal av di uttale meg lite om den.
  19. Så bra å høyre. Synes du duna "distribuerer" seg sjølv godt når du pakkar han ut på tur?
  20. Høyres no vbeldig lovande ut! Og MHW er no kjent for gode posar vel
  21. Tenkjer det samme som du ang kuldepunkt, og kan ikkje fordra det, så til sommarpose har eg faktisk syntet. Orkar ikkje alt styret med distribuering av dun, for så å merke det med ein gong eit lite fjom ligg feil.
  22. Heilt samd i dette! Dog kan oppsynet med fordel tenke over framferda si
  23. Eg er ikkje heilt samd med deg på det Eg merka forskjell når eg prøvde dei første gongen i alle fall, den gong for meg ukjente modellar, så trur ikkje det var noko placebo inn i biletet. Med det sagt er ikkje Cecilie ei dårleg ski. Tok også å søkte oppatt denne eldre testen : https://www.utemagasinet.no/Utstyr/TEST-Ski-for-fjellet Ein ting er sikkert; gode ski er det alt saman, det er berre du som kjenner dine preferansar på kva som er viktig for deg
  24. Nettopp. Og med Cecilieskia vil dette være endå meir merkbart, den er endå mjukare. Så mi røynsle er at Nansen 5 cm lenger enn "anbfalt" gir ei god allroundski. Sjølv har eg eit par Amundsen i tillegg, men om eg skulle ha berre eit par fjellski trur eg at eg hadde gått for Nansen. Var i alle fall det eg gjorde. Den gjer seg i både laussnø, bratt lende og på blandingsføre, på same tid som den er heilt ok for forflytning. Eg har brukt mi på vidda, på bre, på Svalbard på litt lenger tur osv og vore strålande nøgd. Grunnen til at eg kjøpte eit par Amundsen i tillegg er rett og slett at eg står framfor nokre "distanseturar" med minimalt av terrengmessige utfordringar, og vil ha mest mogleg att for pengane når eg "tråkkar i", + at eg fekk dei for 2000 med binding på XXL.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.