Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 689
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Seier meg samd i dette. Eg er ikkje glad i crossfit sjølv, men konseptet i seg sjølv er ikkje gale. Dog fryktelig mykje dårlige instruktørar, som elles i treningsbransjen. Har arbeidd i den kommersielle treningsbransjen frå eg var 14, skulle vel bli noko slikt som 22 år 😵
  2. Det er noko som heiter at det er mykje god læring i det som går gale men godt
  3. Samd. I og med at (etter mitt syn) det meste av tryggleiken på tur ligg i mennesket sjølv, vil det vere ulikt kva ein sett i verk av tiltak, treng av utstyr, kva marginar ein må ha osv. Tryggleik er ein løpande vurdering frå tur til tur, og avheng av deg sjølv, avogtil dagsform, turfølge, terreng, ver og vind osv osv.
  4. Lagersalg? Pris?
  5. Funka definitivt å fryse i bokse å sette i vannbad i starten, for så å kvele ut i kjelen med ein liten skvett vatn. Kok risen først og varm den oppatt saman med gryta
  6. Eg stiller meg dei same spm sjølv @Kjell Iver, spesielt mtp at mange av dei foregåande tipsa gjekk på nettopp dette med klimakontroll for sovepose. For meg freistar det ikkje å prøve, men synes det er artig når folk gjer ting ansleis enn "standardoppsettet". Var på grensa til å tru at det var spøk ei stund tilogmed, så det er tydeleg at me treng å verte utfordra litt
  7. Eg har eigentleg aldri forstått kva eit friluftsmenneske er, så det lyt du no eventuelt sjølv avgjere kva du tenkjer Eg meinar heller ikkje at fysikk ikkje kan vere ein viktig faktor, tvert om, eg stadfesta lenger oppe at eg er samd i at det er ein faktor. Men eg er ikkje samd i at det er den viktigste for tryggleik. Andre faktorar tronar over, slik eg vurderar det.
  8. Ser ut til at det gjeld alle variantane og, inkl superlight. Artig
  9. Då trur eg me kan einast om å vere grunnleggande usamde på eit par punkt
  10. Eg har ikkje vore borti skru-teltpluggar før, men veit at mange, inkludert meg, brukar isskruar berekna for bre og isklatring til samme formål, om behovet er der. Om ein skulle optimalisert til rein teltbruk ut frå erfaring med isskruar ville eg gjort dei noko mindre i omkrins slik at volumet nedpakka ikkje vert så stort, og i staden for at dei har påmontert sveiv ville eg laga ein liten arm som ein enkelt festa i toppen på skruen for å skru den ned, og silk hadde berre ein arm/sveiveanordning for alle skruane. Alt for å spare vekt, plass og pengar.
  11. Ja? Heheheheheeeeee, ej tenke slik; en kan godt diskuter årsake og sammenhenga, og argumenter både slik og sann. Det en ikkje kan debattere e folk si oppleving. Eg kan definitivt fryse utan å verte sjuk. Men den tida på året eg vert mest sjuk er på vinteren ikkje på sommaren. Har aldri vorte sjuk på vintertur, med unntak av ein gong, og då var eg sjuk før eg drog ut.
  12. Gubbegrop it is! Eg likar forøvrig at andre driv med Glamping avogtil. Det kan eg nemleg nyte godt av når eg sjølv har vore for lat Heilt OT er det no ikkje, tråden opnar no for å diksutere løysingar/tips og triks på vintertur
  13. Mja, kan sanninga seiast å ligge ein plass midt i mellom dykk to? Ein kan nemleg fryse utan å vere nedkjølt, og ein kan vere nedkjølt utan å fryse. Kan det vere at det å verte litt nedkjølt kan forårsake desse endringane i slimhinnene, men ikkje det å fryse utan å bli vidare nedkjølt?
  14. Alltid artig å lese litt om andre sine løysingar og kvifor dei vel dei, og som alltid fine bileter frå deg @Terka Eg har fundert på løysinga til Sjur og konkludert med at eg er litt "enkel" på dette punktet, eller skal me vere ærlige å seie lat. Eg gidd rett og slett ikkje grave. Når eg ikkje gidd grave i fortelt, ser eg ikkje føre meg at eg gidd i innertelt heller. Mogleg eg må trekke dette tilbake når alderdom/lyskar eller rygg innhentar meg. Eg grev oftare grop når gubben er med, i alle fall om me søv på same stad over fleire netter, for hans lyskar og ingen grop = intensivkurs i nordnorsk bannskap. Det er nok også latskap som gjer at eg også ofte endar med 25 kg pulk når andre endar med 40. Det er ikkje fordi eg er vektbevisst. Eg berre gidd ikkje for mange ting. Det gjer at ein del "comfort" løysingar ikkje finn vegen til meg. Det rare er at eg ser at ungane er på same viset. Dei vert irriterte om det vert for mykje styr, og vil ha det enkelt, med lite å passe på. Om eg då kjem prakkande med unødvendige ting dei skal ta seg av, finn det fort vegen ned i min sekk/pulk med følgande uttale: "det vakje ej so ville ha me ditta mamma". Skal eg dog unne meg komfort, er det som regel nok bensin til å ligge å fyre i innertelt i stilongsen. Men, no har eg kanskje ein tur på tapetet som skal sjå litt annaleis ut i gjennomføring enn mykje av slik eg er van med, og då vert det spennande å sjå kva som finn vegen i pulken. Ein ting er sikkert, det er sjeldan ein treff på fyste forsøk når det gjeld dette med pakking og vinterfelt!
  15. Nei eg kjenner det rykker litt i gjerrigknarken i meg og
  16. Skumma dei første punkta, ikkje akkurat news, men den siste her var artig Kva tenkjer folket? https://www.hektapatur.no/tips-fra-ekspedisjonseksperten
  17. Kjempefin rapport Du er no spenstig, som reiser på første vintertur åleine, med gourmetplanar! Det blei mykje nytt på ein gong, og eit hav av erfaringar. kjekt at du traff "blink" med innerposen. Erfaringmessig går gleda over kokkelering litt ned ved streng kulde eller sliten (for meg). Eg er ikkje glad i REAL, så det eg gjer då for å lette litt på matfronten, er å lage ferdig heimelaga middag som eg vakumpakkar, og hiv i komande vatn på tur, ala Fjordland. Eg skal i dag lage og fryse Finnbiff til neste helgs utflukt, den vert akkopagnert av bol-in-bag byggryn
  18. I praksis tenkjer eg at det er mange moment som er med på å auke marginane på tur, saktebygd erfaring og ok fysikk er deifinitivt blandt dei Men kanskje endå viktigare, sjølvinnsikt. Innsikt til å vite kva ein kan greie seg med/uten, kvifor ein kan greie seg uten, kva ein vil gjere i ulike situasjonar. Altså kan du skape deg marginar også i "dårleg" form, du må berre utruste deg og ta avgjerder deretter. Så i mitt hovud er sjølvinnsikt den viktigste faktoren. I det ligg det implisitt innsikt i kva type tur du står overfor og kva den inneber.
  19. Tøft telt, og nokså nært noko eg kunne tenke meg! Spent på prisen
  20. Eg har opplevd det samme med Hekta på Tur, eg kom med innspel på ski, og fekk spm tilbake om eg kunne utdjupe vidare, og evt foreslå modellar og kvifor. Definitivt lydhøre overfor kunde!
  21. Evt berre bruk denne: https://www.rapidtables.com/convert/number/degrees-to-degrees-minutes-seconds.html Der ligg dog ikkje konvertering frå/til grademinutt, berre begge vegar mellom desimalgrad (DD) og Grader, minutt og seksund (DMS). Mogleg du finn converter fro grade minutt ein annan stad i den store verdsveven, om du ikkje harein GPS du kan nytte
  22. Det handlar vel kanskje meir om at enkelte kvir seg for å gå på do i kulde og det å gå å halde seg er jo ei dårleg løysing.
  23. Det skal mykje til før dei vert urbukelege. Eg har nytta finèrplater til fleire underlag, og fleire av dei har nokre mnd feltdøger, og er framleis brukbare. Det siste brente eg på ein tur der siste dagane skulle bestå av å bere alt på ryggen. Særs praktisk.
  24. Om det er slik du er ute etter TS så beklager eg feil info! Eg tenkte automatisk brems til pulk for hund/nordisk
  25. Beste buksa eg har hatt var ei Rab bukse med eVent.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.