-
Innlegg
3 705 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Var der førre veke. Med unntak av nokre av dei syd-vest vendte hellingane var det bra med snø. Skiføre også i dei meir brokete hellingane. Overvatn på Ustaoset, men elles greit.
-
Eg har GT og tenker at mitt neste truleg er utan. Eg nyttar fortelt minimalt, og trives godt med å ha det meste i innertelt. Eg greier kokelere i tilsvarende små fortelt som Keron3, men eg er kort og mjuk, og sitt i innertelt og styrer med det som er i fortelt, uten grop. Er litt ekstra forsiktig akkurat når eg fyrer opp og til brenner brenn jamt og stabilt.
-
Hm. Har gått med taudrag nesten støtt, inkl med tunge pulk, og også to kopla etter kvarandre. No sist 8 dagar på vidda, med bikkje på lina framom. 3 velt totalt og elles tipptopp i dei fleste situasjoner. Hadde dog stort sett nokså faste forhold, ikkje djupsnø. Mistenker eg mykje djupsnø på ein tur slenger eg på fastdraget i tilfelle, men har det klappa saman under beddingen og går med taudrag som utgangspunkt. Synes eg stort sett ferdast uropblematisk med tau.
- 36 svar
-
- 1
-
-
Følgjer denne. Skal sette 75 mm på eine paret mitt med fjellski, men når Crispi og Alfa sine modellar ikkje høver vert det vanskeleg med prøving av sko, også for meg her på Nordvestlandet.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Veldig. Har nett brukt den på vekestur på vidda med alle variantar av føre. Sitt overraskande godt til tross for mangel stålkant, enkle å få på kant, truleg fordi den er relativt rank i forhold til monge andre fjellski. Flyt greit, den lille rockeren gjer at den søker godt opp også i djup snø, eller rotten snø, som eg kjørte i går. Svart sole (jippi, enn om Åsnes kunne slutte med dei tulette lyse solane på Nansen), så ofte enklare å få påført festevoks, også av den hardare sorten. Generelt godt overraska, og vart nok litt nysgjerrig på Gamme, i og med at det mykje godt er samme skia men med stålkant.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Dette trur eg har vore diskutert ein del tidlegare. Cecilie er mjukare, uten tvil for dei som har prøvd begge par. Det har også vore omtalt i en relativt grei fjellskitest i Ute-magasinet for nokre år sidan. Med mjukare meinar eg spennet ja. Eg kjøpte Nansen nett av den grunn. Eg har også Amundsen og Finnmark. Gode ski det og. Så kjem vel an på kva du skal, sluke km, ha ei god allroundski, god styring osv. Er du habil eller mindre habil på ski osv
-
Av Cecilie og Nansen, uten tvil Nansen. Har gått på begge, og Cecilie vert for mjuk for dei fleste til bortover bruk og småkupert. Av alle Åsnesmodellar? Mja, kjem an på kva du skal bruke dei til.
-
Fikk seg en lærepenge i fjellet når hele familien måtte reddes
Tessatroll svarte på Sig Man sitt emne i Samfunnsdebatt
Rufsete tilhøver ja. Om ikkje bikkjene akkurat streika (dei gjekk no framleis framover), så gav dei i alle fall tydeleg uttrykk for at å vere ung, lavtarbeidende trekkhund i føyke og adskillige m/s var fysisk og mentalt tøft. Tenker me stoppa i perfekt tid for både to og firbeinte Og pappaen som tilkalla hjelp var i alle fall fornuftig! Veret eskalerte rimeleg kjapt. -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Ikkje noko å stresse over. At ein rådgir ut frå det ein sjøl tenker som optimalt har ein tendens til å stresse mange inn i optimaliseringssyka. Den prøver eg unngå. Har du noko som funkar greit for deg, nyttar du det til du finn ut at behovet ditt er annaleis enkel filosofi -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Orientering er greit å ha litt kål på, og det må praktiseres for å få under huda. Høres ut som det blir kjekt kurs lukke til -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Om du ikkje går mykje/har gått mykje, tenker eg du har det fint på dei, og om du kjem dit at du treng noko anna, pga behov eller auka ferdigheiter, sel du dei og kjøper andre. Ingenting er hogd i stein, prøv å feil er fine måtar å lære på, og eige sin egen prosess på utstyrvalg God tur! -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Denne gongen skal eg saman med venner og bikkjer. Reiser også gjerne åleine. Kva hindrar deg? Er du mørkredd, eller usikker på egne ferdigheiter? I begge tilfeller er det vel gradvis eksponering som gjeld -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Ceciliesnia blir noko heilt anna. Dei er veldig mjukt spenn i, og noko eg ikkje hadde kjøpt om eg var van med langrennski og sku gå frå hytte til hytte med litt oppakning. Cecilie er ei totalt anna ski enn til dømes Finnmark. -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Hadde eg vore deg hadde eg gått for Finnmark til det skisserte bruk. Med oppakning og litt km så er det greit med litt meir spenn enn Breidablikk. Eg har Amundsen og Nansen frå før, og har venta med å kjøpe hundeski til eg fekk fatt i ei med smørjelomme/spenn og kortfellefeste. Skulle eg gått mykje i skauen, med bikkje, til dømes på jakt, hadde det vore annaleis. Breidablikk kan og vere utfordrande å få kantane til å sitte i sidetraversar om du er fersk på ski. Er du ikkje fersk er det nok greit nok, krev dog litt trøkk, spesielt om du går med BC - binding. -
Erfaringer med Åsnes Finnmark iforhold til Åsnes Breidablikk?
Tessatroll svarte på Fjelljentaaa sitt emne i Vinterutstyr
Eg reiser på vidda i morgo med mine nyinnkjøpte Finnmark. Blir halvanna veke, kjem med attendemelding når heime -
Det er klart at det hjelp med meir isolasjon på kroppen. Men mitt poenget er, at det stillestående luftlaget rundt deg sin temperatur spelar ei rolle. Ein varm pose eller ein iskald pose, kan me vere samde om vil oppleves ulikt i forhold til egen kroppstemperatur? Eg vert i alle fall kald på kroppen når eg legg meg under ei kald dyne. Legg eg meg med kle brukar eg lenger tid på å få opp tempen på dyna og madrassa under meg. Ut frå det er det eit poeng å få posen varm, i alle fall for meg. Korleis ein vel å gjere det kan vere ulikt. Med eigen kroppsvarme (krev at kroppsvarmen ikkje er isolert inne) eller varmeflaske eller anna varmekilde. Å kle på seg og på same tid bruke ein ekstern varmekilde, til dømes varmeflaske, er ein effektiv og god kombo. Eg kler gjerne på meg ekstra i posen, om eg blir kald, men som regel når posen er varm, og eg kjenner at eg likevel har kalde punkt som vil plage meg ila natta. Isolasjon i form av kle i startfasen synes meg dog føre til lenger tid brukt på å få alt varmt.
- 18 svar
-
- 3
-
-
Åsnes Finnmark - fjellski utan stålkant MED smørjelomme
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Nettopp! -
Åsnes Finnmark - fjellski utan stålkant MED smørjelomme
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Då har eg handla, og skia skal få sin dåp med halvanna veke på tur med mine to favorittpelsar.- 19 svar
-
- 3
-
-
Ja. Eg har det som deg, dersom eg må ha meir enn netting vert det for varmt med to lag. Eg har to vestar. Ein fleecevest og ein dunvest. Er det vedvarende kaldt og stabilt tek eg gjerne fleecevesten, utanpå netting. Likar best fleece då det transportere fukt betre. Dunvesten utanpå skall om det varierar meir, då denne er enklare å regulere ila dagen, utan å måtte av med skall og eksponere meg for veret. Dog veldig sjeldan eg ofrar plass til begge på tur, så eg ser an den "generelle vertypen". På enkelte turer erstattar den ullgenseren, slik at saman med netting og dunjakke er det dette eg har av kle for overkropp. På andre turar kan eg finne på å ha med ei ulltskjorte til samme formål. Det varierer rett og slett litt på vertype og tur.
-
Om du legg ei kald pølse i en kald thremos vert ho ikkje varm. No har du som menneske heldigvis evne til varmeutvikling sjølv, men likevel gjeld prinsippet delvis. Dersom du ikkje får varma opp soveposen med kroppsvarmen din fordi du sjølv er for kald, eller fordi du isolerar all kroppsvarmen din inne med masse kle, vel...så vert posen aldri gjennomvarm og det stilleståande varme luftlaget den skal representere rundt deg vert aldri som tenkt. Du kan anten kle av deg meir, og varme opp posen med din kroppsvarme, for så evt å spe på litt med plagg på dei punkta du kjenner at du treng det (knehaser, trompe , føtter). Eller du kan få hjelp av ei varmeflaske til å varme opp posen. Mykje kle i posen forhindrar/forsinkar mao posen i å gjere jobben sin skikkeleg.
- 18 svar
-
- 6
-
-
Kan også vere lurt å putte en lighter i framdriftsposen til dei hardare festevoksane, dersom du likar gå på smurning.
-
Flott Refleksen er fleirbruk, men hovudsakleg greit å få den på ryggen av selen når ein går fleire i skumring/mørke, gjerne med litt nedbør, og har på haudelykt. Fort gjort å miste kvarandre, erkje mange metrane som skal til. Ein refleks spottar du på litt lenger stand med mindre veret er veldig dårlig. Eg har sjeldan/aldri stor haudelykt med. Det er stort sett forbeholdt topptur på ski i mørket, evt aktivitet i høg fart. Eg har med ei ganske nett haudelykt, hugsakje lumen, men definitivt ikkje 1000. Eg foretrekke lykt uten kablar på dei litt lengre turane, då kablane stort sett knekk. Den julinga lykta får på vintertur i varierande forhold er ofte heftigere enn ved dagsturar, kortvarige alpine eventyr osv.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Eg er samd, men eg har allergi mot pulkar med stort volum, og søkjer som regel få det meste i små og tighte kolli som gjer at eg får nytta bunnarealet i pulken best mogleg. Skjønar dog at folk har ulike preferanser der. Har prøvd kasse og det høvde ikkje mine rutiner Dette ordet forsto jeg ikke Komapose/mulepose/snackpose. Kjært barn har mange namn. Posen med nøtter, sjokkis og anna snask. Den kjem gjerne på lomma ein gong eit par timar etter eg har starta dagen på ski, for lettvint påfyll i dei korte pausene. Greit på turar med framdriftspreg der ein går etter eit visst avtalt mønster, som ein gjerne gjer i grupper som har eit bestemt mål "der framme" .
- 47 svar
-
- 1
-
-
Det finst like mange ulike pakkeoppsett som folk. Det eg har sett som kan vere lønt når ein er ny, er å snu hjerna litt over frå å pakke etter "kategori" og heller tenke situasjon. Gjer du det på generell basis får du ofte meir funskjonell pakking. Dvs verbeskyttelse som du treng lett tilgjengeleg, i ein pose samla ( i mi pakkeliste heiter dette stormpose. Noko misvisande då eg også har solbeskyttelse der, samt hauelykt. Består av masker, solkrem, solstift, briller, goggles, ekstra liner). Er det ein dominerande vertype ein dag, får dette kanskje ligge på lomma. Til dømes mykje sol så kjem stifta og kremen fram og får ligge på lomma. I denne posen har eg også gjerne haudelykt. Evt refleks, dersom du ikkje har det på selen din. Eg slår ein slik "wristslapper" rundt reimane på selen min. Ein pose heiter dagens mat. Den har i seg lunsj, komaposar, energibarer m.m. Denne ligg lett tilgjengeleg saman med drikkeflaske, thermokopp, thermos, stormpose, framkomstpose og do-pose. Framkomstposen består av korte og lange fellar og smurning, alt etter behov. Denne treng ikkje komme inn i teltet på kvelden. Dunjakke og varmeskjørt skal ogå vere lett tilgjengeleg. Kva som for deg er lett tilgjengeleg avheng av type oppsett på pulk. Arctic bedding eller ikkje osv. Matposen din med all mat for 4 dager ligg normalt i midt, denne plukkar du middagen utav, og all mat for dagen etter, når du flyttar inn i teltet på kvelden. Slik kan den store matposen berre i pulken heile tida, mindre husafyll å halde orden på. Vasstett pakkpose til fuelflasker er ein fordel, samt evt ei lita trakt om du skal fylle over frå/til noko. Koken for seg. I denne kan du også putte spisetøyet som evt ikkje ligg i "dagens mat" pose. Fyrtøy. I tillegg til dediketrt fyrtøypose som ligg i koken, har eg fyrstikker "Overalt". I dopose, klespose, sovepose, dunjakke. Det verste eg veit å gå tom for, og gidd hjeller ikkje leite etter den berømte nåla i høystakken.Er også ei sikkerheit mtp fukt. Brennarplata legg ein i botn under matpose eller nokre andre av dei større kollia. Telt litt avhengig av oppsettet ditt, men pluggar og stenger langs "veggane" på pulken, samme med evt søkestang. Dersom teleskopspade => spada i pulken. I alle fall om du likar å kunne slå den saman/ut. Førstehjelp og reparasjon for seg. Desse treng ikkje inn i telte på kvelden om du ikkje treng noko i dei. Sportstape og gnagsårplaster har du fordelt i førstehjelp og toalettsaker. Teltkleder for seg, kanskje i ein pose med anna "teltstæsj" som toalettsaker, batteribankar, bok osv. Sovepose og underlag i bedding, eller som kolli pakka vasstett. Ved bedding, er nok dunjakka og varmeskjørtet også der. Eit tips dersom du brukar bedding; ta med eit par vasstette pakkposer til sovepose og dunjakke og legg under liggeunderla. SKulle veret slå om og bli skikkeleg grisete, er det kjekt å kunne pakke dette heilt vasstett. Som du ser opererar eg med fleire små kolli i staden for nokre store "samlekolli" . Dette gir meg betre oversikt, og eg har kolli i henhald til situasjon. Slik slepp eg flytte fram og tilbake på ting som eg eigentleg ikkje treng, til dømes i teltet om natta. Likevel er det pakka så pass funksjonelt, at eg stort sett får med meg alt i "ei vending" , når teltet er oppe og det er tid for å flytte inn. Kollia får plass langs teltveggen ved sidan av min soveplass, og eg opptek slik veldig lite plass i teltet. Det plar mine teltpartnerar sette pris på
- 47 svar
-
- 10
-
-
-
Gorillaen er grei nok, men vert for stiv til enkelte oppgåver. Eg er redd den dyre varianten syner seg best, 3M og Tessa. Ein av dei er hakket meir mjuk og klebrig enn den andre, utan at eg hugsar i farta kva av dei.