-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Beste langtidsoppbevaring av Exped Downmat?
Tessatroll svarte på arcticboots sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Same her. Ingen kalde soner. Og aktar dermed ikkje lyse gjennom. If it ain't broken osv.- 27 svar
-
- 2
-
-
Kort tau funkar heilt fint.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Tilbakemelding på platform for visning/deling av utstyrslister
Tessatroll svarte på Anon23 sitt emne i Fjellvandring
Har vore ein rask tur innom. Eg får umiddelbart følelsen av å komme inn i ein nettbutikk. No har eg stort sett kontroll på eigne utstyrsliste, men om eg var heilt ny i noko og ville hatt ei pakkeliste, trur eg google ville vore meir nærliggande for meg å bruke enn denne plattformen. Heile konseptet der pakkelista er brakt på vareform byr meg personleg i mot. Eg likar pakkelister som seier "tjukk lue", "tynn lue" osv. Denne "vareforma" som de har valt gir meg ei kjensle av mange agendaer, som ikkje nødvendigvis er kommunisert. Dersom eg tilfeldigvis ramla innom denne sida, og ikkje fulgte lenkje frå dette forumet, ville eg synes sida var ullen, og raskt gått ut at... Nett slik eg gjer når eg kjem inn på sider som tydeleg har mange forbindelsar til butikkar/leverandørar, men som ikkje er ein butikk. Dette er brukaropplevinga til ei som IKKJE kan noko om YouTube, marknad, kommunikasjon, plattformer osv osv, men til ei nokså ordinær voksen dame som likar å vite kva eg har med å gjere. -
Dette fekk eg med meg, takk vere at Naturvernforbundet var påkobla og tidleg fekk ut sak og underskriftskampanje.
-
Hybrid langfellsystem (kort langfell + kortfell)
Tessatroll svarte på sneakyowl sitt emne i Vinterutstyr
Misvisande skrive av meg på farten. Eg skrapar med stålskrape etter å ha varme opp med føne. Fellen er fastspent på papp for å sleppe griseri. Tek ikkje mange minutt å rense et par kortfellar. Den tida har eg 😅 -
Å ta med ein anerkjent kunstnar som sett pris på friluftsliv og natur, og har gode opplevingar med at natur hjelp på mentalhelse, synes eg er heilt opp. Personleg synes eg at Sand var med på å høyne ei elles god episode, som for meg gav feelgood i lange baner.
- 145 svar
-
- 14
-
-
Kven eg skal gå saman med spelar ei rolle. Ikkje alle har helse til å bere tung sekk med overnattings- og breutstyr. Så spelar det ei rolle kor lenge eg skal vere/kva rute eg skal gå, og kva terreng som er dominerande. Er det berre opp og ned og bratt heile tida, så er det oftast best med sekk. Er det tale om til dømes Josten "på lengst" eller andre typar på langs turar som inneber berre 2-3 verkeleg bratte dagar/kneiker (typisk opp på breen, opp småttene og ned frå breen) så kan eg synes de et er formålstenleg med pulk. Spesielt dersom turen skal utvidast med stopp og toppturar langsmed, slik at varigheit blir litt lenger enn dei "typiske" Josten på langs turane som spenner over nokre få dagar. Med pulk meiner eg i samanheng med bre på fastlandsnoreg stort sett parisbrett, som enkelt kan stroppast på sekken, evt. kan tas i handa dei siste 1000 høgdemetrane ned til Fjærland /Stardalen/wherever. Det siste funkar overraskande greit. Ein stav i ei hand og pulken i den andre, bagasje i sekk. Har du verkeleg skral kropp? Ha ein del bagasje på brett, dra den i terrenget, og aksepter at parisbrett er litt slik forbruksvare.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Hybrid langfellsystem (kort langfell + kortfell)
Tessatroll svarte på sneakyowl sitt emne i Vinterutstyr
Går supergreit og raskt om ein har papp og hårføner. Gjer det stort sett ein gong kvart andre/tredje år. Oftare med dagens kortfellar.- 18 svar
-
- 1
-
-
Eg har litt andre erfaringar enn @Marius Engelsennår det gjeld mellom anna Jostedalsbreen. Har gått den fleire gonger på langs, og på "kryss og tvers" og dagstur. Brukt både pulk og sekk. Båe delar funkar. Kjem berre an på korleis du legg opp ruter og pakking.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Hm. Eg er motsett. Eg vurderer ofte kor nært tarp/telt eg kan få bålet, under gjeldande tilhøve. Om ikkje det går å komme nærme nok, så legg eg meg med posen og liggeunderlaget såpass nærme, at dei dei fleste av mine posar før eller sidan endar opp med anselige mengder tape og lappar 😆
- 145 svar
-
- 1
-
-
Plass til genser, skalljakke og luft er fint.
-
Tenker det er tipptopp. Har fleire gonger tenkt at eit Hilleberg Nammatj utan GT hadde vore fint til vintertur. Ser ein ymse program frå turar til nordpolen og på stader der ein ynskjer minst mogleg fotavtrykk så er det ikkje sjeldan å sjå tunneltelt utan særleg fortelt. Det meste skjer uansett i innertelt, og fortelt krev større tomt. Eg har fleire gonger delt Nallo 2 med ein annan person på skiturar der det er eit poeng å spare vekt. Nallo 2 og dette frå Barents er ikkje milevis vekk frå kvarandre i dei ymse cm mål (Barents betre takhøgde langs heile er vel den største forskjellen i høve sjølve måla), så eg tenker jo at dette er eit godt alternativ om ein vil ha eit fullblods vintertelt åleine eller til turane for to der ein skal spare vekt.
-
Evt kjøp veldig lette stavar som blir bittesmå samanpakka, og slik kan forsvare sin plass på sekken om så du berre brukar dei til elvekryssing (evt tek med berre 1). Black Diamond har nokre veldig fine som ein legg saman som ei teltstang. Ville ikkje vore utan på Island i fjor sommar. Men der var det fleire elvekryssingar og eg har eit kne som helst ikkje burde ha fleire vridingar.
- 24 svar
-
- 2
-
-
Soverpose til bruk på vinteren. Fastlands norge og svalbard
Tessatroll svarte på Tom-G sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
To-posesystem er genialt på mange vis. Fleksibelt og gir fuktkontroll. Ville dog som @sneakyowler inne på vurdert ein hakket meir beefy dunpose, tilsvarande til dømes Viking1200? Eg har sjølv brukt Viking1200 med ein syntet utanpå på nokre lange kalde turar, og det har holdt ned til - 25. Dei nettene det vert kaldare enn det synes eg å hugse at det vert smått kaldt, men ikkje verre enn at eg sov godt på sida (med atterhald om at det er nokre år sidan så hukommelsen er litt slik som so). Min syntet var dårlegare enn Halite sin overbag, så eg vil trur den ein slik kombo med ein Halite vil halde bra. Kor varm pose du treng kjem sjølvsagt an på kva tid du skal gå på tur, men om du landar på April ville eg framleis betenkt meg på Viking 900...eg har vore inne på breane på Svalbard i mai/juni og hatt 20 blå over fleire dagar. Sjølv om det er forskjell mellom Mars og April på Svalbard så vil det ikkje seie at det ikkje kan bli grisekaldt i April (utan at eg har vore der i April) . -
Polarhundar er flotte, men også generelt krevjande. Ein Malamute er krevjande på fleire nivå. Kor krevjande kjem an på di erfaring med hund. Eg tenker at Malamute ikkje er nokon utprega førstegangshund. Den har ein sterk ofte ein sterk egen vilje, og er ein arbeidshund som definitivt har det best (og er triveligst) når den får trekke og kløve og bruke seg. Eg meiner nokså bestemt at ein først skal tenke på kva behov ein har i ein hund, kvar ein bur og kva ein kan tilby hunden og så velje rase deretter. Eg vil difor gjerne snu på spørsmåla: Kva behov har du definert at du har i ein hund? Kvifor vil du gjerne ha ein malamute? Kva er det du tenkjer gjer den fantastisk? Passar det med ein mlamut slik du bur? Det er også lurt å tenke på om ein kjem til å ha dette behovet dei neste 10-12 åra. Det er nok av hundar som er til omplassering fordi livet skjedde eg trur ein del av dei kunne vore unngått med betre raseval. Kanskje starte med å få besøke/låne ulike hundar, for å gjere deg erfaringar?
- 8 svar
-
- 6
-
-
- alaska malamute
- hund
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Til Svalbard på liten langtur vinteren 2026
Tessatroll svarte på Tom-G sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
70 000 K per pers er mykje. Meir enn eg har brukt på nokon tur trur eg, inkl. Nansenruta over Grønland som har ein del transport. Men, prisane stig jo på det meste, og så avheng det sjølvsagt av kva ein har av utstyr frå før. Tur på Svalbard har eg til gode at det kostar meg meir enn 20 000 (25 000 om eg inkluderar mat), men igjen, det kjem an på fleire ting. Dei største postane på Svalbard er jo som regel forsikring, "domestic" transport, fly til og frå dersom ein har mykje spesialbagasje (elles er det ganske rimeleg) og evt. overnatting om ein ikkje bur på campingen før/etter tur. Eg har stort sett hatt med det eg treng, men veit at prisane for å leige utstyr på Svalbard er noko stive, så det går sikkert kronene fort. -
Til Svalbard på liten langtur vinteren 2026
Tessatroll svarte på Tom-G sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er meldeplikt utanfor område 10, og du treng SAR-forsikring. Pris på forsikring er basert på sysselmeisteren si attendemelding. Område 10 finn du kart over på sysselmeisteren sine sider. On du startar med å sjå på melding, så vil det automatisk ta deg innom fleire av punkta som er viktige å tenke over. Elles er sysselmeisteren sine sider ein god ressurs. God tur! -
Skal du gå med pulk: trekk dekk. Skal du gå med sekk: bær tung sekk på ski, gjerne i motbakkar. Dette av ein grunn åleine: belastninga på hæl/akilles/bakside er annleis ved trekking av tung pulk eller bæring av tung sekk i motbakke på ski, enn noko anna belastning. Difor fint å få inn litt timar på dette i forkant. Trykksmerter og gnagsår er sjeldan langt unna om ein ikkje har testa ut denne belastninga litt.
- 16 svar
-
- 2
-
-
Hvilke fjellski - og kort eller lang fell?
Tessatroll svarte på simson sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Har som @Marius Engelsen aldri hatt problem med å veksle mellom lange og korte fellar. Eg har dog også gått ein del på langfell kappa ved hæl, når kortfellar gir akkurat litt lite feste. Skikkeleg lang langfell er forbeholdt bratt som i BRATT, med pulk på slep, eller ved botnlaus snø. Evt der det ikkje er mogleg å angripe terrenget fornuftig/slå bautar, og ein må gå rett opp (som er særdeles ufornuftig, og på lange turar ofte synonymt med å få trøbbel med hæl på ein eller annan måte). Brukar stort sett silvretta mix langfell, då den den har ein kombo av god gli, slitestyrke og feste. -
Eg tenker at du ikkje bør ha dei kortare enn 190 når du er 178. Eg er 166 cm og brukar berre fjell- og langrennski som er mellom 185 og 190. Cecilie er ei manøvrerbar og nybyrjarvennleg ski, så det burde ikkje by på noko problem å ha den i 190. Eg personleg ville kanskje rådd deg til å gå for eit par Nansen i staden, og få litt meir spenn og ei hakket betre allroundski, men om du er bestemt på Cecilie vert du nok nøgd med den. Den vil i alle fall lystre deg godt i nedoverbakkane
- 9 svar
-
- 1
-
-
Cecilie skog har mjukt spenn, er lett å tråkke ned, og du vil ha godt feste samme kor du vrir og vender på det.
-
Hvilke fjellski - og kort eller lang fell?
Tessatroll svarte på simson sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Dersom du skal ha eit par ski til alt, kan kanskje Åsnes Gamme vere eir alternativ? Noko meir spenn enn Nansen, framleis styringsvillig og morosam. Både smurning og korte og lange fellar høyrer heime i fjellskiarsenalet synes eg. Eg går alltid for best mogleg glid. Så kortfellar kjem på når smurning ikkje held til feste. Langefellar når kortfellar ikkje held. -
Endeleg ein nærtur med bål. Seint avgårde og trøtte etter veka, vart det hverken den mest instavennlege staden eller fotogent oppsett. Og det er nett slik eg likar det! Desse enkle nærturane "bak huset", akkurat så langt som du gidd Fredags kveld etter jobb. Kast på Parisbrettet det du kjem på, og kom deg avgarde. Det har blitt for få av desse korte nærturane siste 2-3 åra, og eg har sakna det. 20250111_104957.mp4
- 261 svar
-
- 23
-
-
Eg har ein bachelor i samfunnsplanlegging, årsstudium i natur - og kulturminneoppsyn, ymse grønne fag på bachelornivå og tok no når kidsa flytta ut ein master i naturforvalting. Jobba 10-12 år i kommunal forvaltning før eg eg tok masteren, med både sosialt arbeid og samfunnsplanlegging på strategisk nivå. Eg valde å satse tungt på viltforvaltning, statistikk og økologi i min master, fordi eg hadde planfag, GIS og mykje forvaltningsfag og jus frå før. Skreiv masteroppgåva mi på fjellrype, med mykje feltarbeid. Etter fullført master fekk eg sommarengasjement knytt til forureiningslova (vatn og avløp), før eg fest fast stilling i som arealplanleggar i Lom kommune. Å bli innanbygds på reinsjakt lokka stort, i tillegg til nært familie både i vest og aust. Arealplanlegging i store naturkommunar er også spennande. I prosessen fram mot å ta den stillinga var eg innom fleire typar ulike stillingar, og intervju. Eg trakk ein søknad som samfunnsplanleggar i kommunen, fordi eg ikkje ville drive meir på strategisk nivå, tett på leiargrupper osv. Eg gjekk til siste runde i ei oppsynsstilling hjå SNO, men takka nei til siste dybdeintervju då det viste seg at dotter mi er gravid. Eg såg ikkje for meg å sitte med ei særleg uavhengig stilling i ein annan landsdel enn familie som treng meg. Eg var innstilt som nr 2 på ei skrekkeleg spennande stilling som rådgjevar natur og miljø eller kva søre det var, i Trysil. Denne bestod av kommunal viltforvaltning, fiskeforvaltning, elverestaurering, deltaking i relevant kommunalt planarbeid, forureiningssaker og motorferdsel. Hadde truleg takka ja til den om eg vart innstilt som nr 1. Det var ei stilling eg hadde verkeleg lyst på. Elles var eg innkalla til intervju som rådgjevande biolog hjå Glommen Mjøsen (ei stilling med mykje kartleggibgsarbeid i felt) og til arealplanleggarstilling i Engerdal kommune. Takka nei, då eg hadde bestemt meg for å takke ja til stilling i Lom, og var usikker på om eg orka den skvisen eg har inntrykk av at ein del biologar i skognæringa står i. Poenget mitt med å utlevere heile halve prosessen med førre jobbskifte er å vise for ein variasjon ein kan ha i moglege stillingar med slik type utdanning. Og kanskje litt kva vurderingar som kan vere relevant å gjere. Og at det er lurt å tenke ikkje berre utdanning, men ein totalitet av erfaring, tidlegare utdanning, kursing og "overlappande" fagområde. Som regel har ein ei større totalitet enn ein sjølv tenker og trur. Mi tilråding er å gå for det hjartet vil, so framt det er noko lunde realistisk. Å omskolere seg i vaksen alder er ei gåve å ha moglegheit til, køyr på, ver trufast mot deg sjølv, som regel så gir det uttelling til slutt. Det skal dog seiast at det er 8 - 10 år sidan eg bestemte meg for at eg ville over i naturforvaltinga frå meir generell forvaltning. Eg har vore målretta, men måtte tilpasse studiar og framdrift til det livet eg hadde. Eg er likevel glad for at eg har vore trottig. Eg føler eg står sterkt innanfor mange ulike interessante type jobbar. Vel verdt det. I høve mastersyka så har også eg inntrykk av at den pendelen er i ferd med å snu fleire stader i forvaltninga. Så eg ville berre kjørt på med bachelornivå innanfor det du verkeleg synes er spennande, og teke det litt som det kjem. Er du flink til å takke ja til moglegheiter som byr seg, og er litt påkopla, så kan jo også studietida vere ei fint tid å samle relevant erfaring, gjennom oppgåver og frivillig arbeid. Med ei interesse for fisk som eg forstår du har, og stadig aukande behov for folk med kompetanse innanfor ferskvassøkologi, så kunne kanskje naturforvaltning hjå NMBU med masse fokus på økologi, fisk og fiskeforvaltning vere noko? Berre ein tanke Edit: her var det mykje skrivefeil og noko manglande struktur. Eg skal gjere det meir lesarvennleg når eg kjem på ein PC 😅
- 33 svar
-
- 3
-
-
Dei gongane eg har kryssa den, har det vore greit snøføre. Er det ikkje det, så gjer du som @sneakyowl@sneakyowl foreslår og ber den over vegen.