-
Innlegg
3 672 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
69
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Tessatroll
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja. Variert fjellterreng på rett smurte ski kan gje ei skiglede kortfellar aldri når opp til. I mi verd.- 32 svar
-
- 2
-
-
Smøring av fjellski - hjelp til ei som ikke har peiling!
Tessatroll svarte på tepose sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Start enkelt ; swix - lysegrønn, blå og blå ekstra. (evt polar/kvit om du er i eit veldig kaldt område). Sett deg inn i symbol for ny og gammal snø (gammal snø har "avrunda" former på snøkorn). For varmare temperaturar (der du må over på mjukare voksar) nyttar du fellar, til du har fått litt meir kål på det heile. Legg voks frå omlag kortfellefeste og til bakkant helkloss. Evt forleng smøresona om det trengs. Er du i tvil om festevoks ein dag, tek du på den kaldaste/hardaste heime og tek det mjukare alternativet med i lomma. Det et betre å smøre seg frå kaldt til varmt enn omvendt (voks for kalde tilhøve er hardare). Eit tips til grøn og blå på tur, er å ha ein lighter på lomma som du held så vidt borti voksen før smøring, dersom den har blitt veldig hard i kulda. Det er ABSOLUTT verdt å lære seg å smørje kontra å gå på kortfell heile tida, spesielt gjer dette seg gjeldande på lengre dagsturar/og eller tur over fleire dagar.- 32 svar
-
- 3
-
-
Breidablikk krev ein vridningsstiv sko i variert fjellterreng, eg ville difor prøvd å finne noko data/særiøs test på desse to, dersom begge elles kjennes grei ut. Det er som det er sagt over her, det hjelp ikkje om støvelen når til lysken, om kraftoverføringa blir minimal pga vridning i sko. Dårleg kraftoverføring og vridning, gir mellom dårlegare kantingseigenskapar.
-
Det viktigste spm eg stiller meg når eg kjøper ski er i kva type område eg skal bevege meg mest. Det er avgjerdande for kva eigenskapar eg skal vektlegge som viktigst. Eg bur i smørefriland (nordvestlandet), men brukar aldri mine smørefrie ski, eg er allergisk mot dei. Som allroundski med greie kantingseigenskapar på hardt føre, grei i løype, flyt i laussnø og gode styringseigenslapar ville eg valt Finnmark framfor Breidablikk, i alle fall om du skal ha BC-binding.
-
Ein merkar faktisk ganske stor forskjell. Brukar ikkje min med mindre lågt fuelbruk er naudsynt, altså på lengre turar.
- 5 svar
-
- 2
-
-
Adopterar denne tvert!
- 640 svar
-
- 2
-
-
Test av vintersovepose i dun - Warmpeace Viking 1200
Tessatroll kommenterte på Tessatroll's artikkel i Soveposer
Hei. Ja denne står vel for oppdatering Ja eg synes denne posen lever opp til forventningane, særskilt med tanke på pris. Den held seg bra, alle saumar og stoff inntakte og framleis god spenst (har vore lagra korrekt). Han står ikkje tilbake for ein del dyrare posar. Om yttertyet kan anast å ha litt lettare for å trekke fukt enn anna ytterty, synes eg at den også er ditto hakket lettare å tørke ved ein solglytt. Dette er dog på "flisespikkerinivå". Noko eg kanskje hadde vektlagt ved ein pose til adskillig høgare pris, men som her jevnt over vert nokså uvesentleg. I kombinasjon med tynn syntet utanpå, downmat 9 med thermarest ridgerest classic oppå, heldt han over Grønland for meg ned til minus 30, men då byrja det gå på marginane. Kaldare enn 30 minus så vert det noko hustrig, og litt fleire vendingar i posen ila natta. Har ikkje nøyaktige data her, då må eg ned i notata mine. No er eg meir frossen enn i 2017. Eg er dårlegare trent og har mindre muskelmasse, samt litt større overflate å tape varme frå (utruleg kva som kan skje på 3 år). Held likevel varmen i adskillige kaldare temperaturar enn angitt for posen.- 27 kommentarer
-
- 4
-
-
-
- sovepose
- bo og sove
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Mellom 25 og 30 minus dagtemp og ymse grader av kuling frå nord. Då hadde eg på to par sokkar og dampsperre. Elles brukte eg eit par sokkar og dampsperre.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Ja eg har no i alle fall brukt den over Grønland, med relativt lite sokkar i, anna enn på dei absolutt kaldaste dagane.
-
Jerv er vel sagt å vere best ift ising. Ulv etter dette. Eg har hatt polar/fjellrev nokre år, vore nøgd med den, men den driv og takkar for seg. Har fått jervekant i jebussgåve, så får ein nett sjå koss den oppfører seg
-
Har brukt dun sovande ved bål ein god del. Det blir eit hol i ny og ne, sett på ein bit gaffa eller evt spander på ein lapp. Kor mykje fukt som toles før kollaps kjem litt an på kva type ytterstoff som er i posen. Kor lenge ein er ute, evt lengde mellom høver til å tørke opp, påverkar også fukt. Ingen fasitsvar for dunpose mao, då dei er ulike, men jevnt for den jevne fjellfant på fastlandsnorge synes eg frykta for kollaps er noko overdrive.
- 5 svar
-
- 3
-
-
Innspill angående rett modell fjellski og bytte av bindinger.
Tessatroll svarte på Bokhylla sitt emne i Vinterutstyr
Åsnes Finnmark trur eg vil funke som ei god allroundski i ditt terreng. Du kan fint bytte bindingar til 75 mm om du finn brukt med BC, men modellen over erkje så gammal så ikkje sikkert du finn så mykje brukt. Kjekt med kortfell. Alternativ kan vere nokon av Fischer sine eldre modellar fjellski utan stålkant, wax eller crown. Til allroundbruk også over tregrensa ville eg styrt unna dei fleste av dei stålkantfrie jaktmodellane, då dei har ein tendens til å bli trasige på hardt og evt vindherja føre.- 3 svar
-
- 1
-
-
Så lenge ein ikkje har stifta dei fast må det vel gå 😳 (mvh ei som faktisk gjorde nett det ein gong).
-
Er no berre å ta dei av når den varmare delen av vinteren kjem
-
Berghaus yeti gamasj i ein eller annan variant (heildekkande) eller ein vanleg kalosj av typen ein nyttar utanpå langrennsstøvlar på kalde dagar? Det har vel både alpina, fischer, madshus m.fl.
- 22 svar
-
- 1
-
-
For lange fjellski? Problemer med å bremse
Tessatroll svarte på Friluftsnoob sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Mja. Detta e smak og behag. Mine lengste ski er 190, eg er 166 cm. Trivas godt med dei, men heilt andre øvrige spesifikasjonar. Vurdert Gamme eller Nansen? -
For lange fjellski? Problemer med å bremse
Tessatroll svarte på Friluftsnoob sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er nok kombinasjonen skibreidde og sko du merkar ja. Krev litt stivheit for kraftoverføring til kant. -
Har no vore brukt på utallege langturar/ekspedisjonar, så tenkjer at det er som med alt anna; at ei og anna vare ramlar sundt betyr ikkje at produktet er ubrukeleg.
- 15 svar
-
- 5
-
-
Du er ikkje den einaste med den magekjensla.
-
Nyttårsfeiring med fjellski på hytte i fjellet
Tessatroll svarte på Dyna-G sitt emne i Fjellvandring
Nøre delar av Langsua er kjent for å vere snøsikkert, om ein til dømes køyrer inn/opp i Skåbu. -
Eg har brukt både Deva og Xena, Deva var ikkje noko for min rygg. Men båe er gode sekker, så det vil vere smak og behag. Bestill begge heim og prøv dei på rygg med oppakning, gå med dei litt dersom mogleg. Som eit minimum heime og opp og ned trapper. Minimum ein halvtime tenkjer eg, før ein kjenner eventuelle trykkpunkt som ikkje er god. Det er diverre ingen automatikk i at den sekken som uniddelbart kjennes god ut er den som er best etter ein dag på tur.
-
Ja spade bør med. Å pakke spade for tur i vinterfjellet bør etter mitt begrep vere ein ryggmargsrefleks Det er for eigen tryggleik og komfort. Det kan like mykje vere for å bevare en trygg situasjon som å berge deg ved ein naudsituasjon. Å få ete lunsj i fred og ro for ragnarokk, kan vere nett det som gjer at kreftene held til ein lengre dagsetappe i rusk. Dårleg ver er etter mi erfaring definitivt ei av dei årsakene som gjer at folk kan finne på å droppe mat, og potensielt gå inn i ein spiral av dårlege avgjerder. I høgfjellet på vinteren handlar det like mykje om å greie å ta rett avgjerd til rett tid for å unngå komme i dårlege situasjonar som det handlar om å kunne handtere ein dårleg situasjon når den først har oppstått. Det er også greit å vere rusta til å hjelpe andre om ein skulle komme over folk i ein naudsituasjon. Til dømes at nokon går seg under eller over eit mindre skavlbrudd i "tjaglete" /formasjonsrikt terreng.
- 26 svar
-
- 5
-
-
Folk som er mye på tur, hvordan får dere det til?
Tessatroll svarte på derp sitt emne i Fjellvandring
Samd. Eg plar seie, at for kvar skalljakke av ok kvalitet kjøpt til veil pris kan ein person med gjennomsnittleg lønn ta 3 dagar ulønna permisjon. (kviler sjølvsagt på ein føresetnad om at ein har slik type fleksibilitet/tilpassing i jobben). Dette er dog berre ein faktor knytt til balanse turliv/fritid/jobb. Det er no som kjent mange andre faktorar som spelar inn. -
Samd. Vil heller legge på lengda litt for å få bæreevne enn å gå med ei "slapp sild" som er krevjande på vekslande føre.
- 17 svar
-
- 1
-
-
No var det isolasjonsbukse til person med særskilte kuldeutfordringar som var trådens tema. Me held oss til det. Moderator.
- 16 svar
-
- 2
-