Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 712
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Alt skrevet av Tessatroll

  1. For min del synes eg det er mange høver til å høyre desse.
  2. Synes programma er fine eg. Gode samtalar med folk som ikkje representerar eit ekkokammer, det er friskt og deilig. Det vil ikkje seie at eg forstår alt, tvert om er det mykje eg ikkje forstår. Ser ein del "kjendisar" og tek meg sjølv i å tenkje "dersom eg hadde levd slik/tenkt slik er eg usikker på korleis min trivsel og mi mentalhelse hadde sett ut". For meg blir det då desto viktigare å prøve å forstå. Det er vanskeleg å få til ei deltaking i samfunnsliv som stettar opp under ei god utvikling, dersom ingen skal forstå noko anna enn eiga verd. Korleis skal ein då finne felles grunn i dei store spørsmåla? Og då tenkjer eg både på micro- og makronivå. Detta blei litt svulstig, avsluttar no før eg tek heilt av 😂🙉
  3. Du kjem langt med blå, blå spesial og lilla. Hurtigglider på flaske. Felleglider i stykke eller flytande. Å få ein skikkeleg prepp kan vere greit, men viktigste er at du sett dei inn med opplagsglider ved endt sesong. Prøv å unngå å tørke ut sålen. Kortfellar i løyper er for meg KUN ved klisterføre. Klister har eg ikkje tålmod til. Å gå på blåswix-føre med fellar ville gitt meg vondt i magen 🙉 og forringa skigleda mi. Startar du enkelt så sankar du erfaring etterkvart og heile "smørjesirkuset" vert litt mindre overveldande og pesete enn det kan verke ved første augekast.
  4. Eg har ikkje hatt denne erfaringa men det ser eg føre meg er tungt ja.
  5. Har silvretta mohairmix langfell som har både meget god glid og har tålt mange, mange km framfor pulken. Kanskje det paret med fellar eg har som har vore mest slitesterke med unnatak av gamle Montana syntetfeller. Eg og @graham er sjeldan samde om feste på tur, ei heller no 😂 (til TS må eg seie at vi er gode og venner og har vore mykje på tur saman så dette er godmodig erting). Eg tenkjer det er eit poeng med så smale fellar som ein kan tole utan å miste feste. Eg opplever at det ved lange dagar framfor pulken er mykje krutt å spare i beina ved å til ei kvar tid velje det alternativet som gir best gli utan å miste feste. Men kanskje er det viktigare for meg fordi eg er dame og og ikkje like sterk som dykk. Er viktig for meg generelt å "spare energi" der eg kan, og enno viktigare på tur der eg skal henge med menn.
  6. Eg diggar Nallo 2, og har nytta det mykje gjennom åra i alle slags tilhøve, både åleine og to. Har også eit nallo 3GT, eller for å vere korrekt, eg eig eit halvt 🤪😂Det har vorte ein favoritt hjå båe impliserte partar. Kondens har ikkje vore eit problem. Elles er eg 166 cm så dette med lengde/fotende/innertelt erkje så relevant for meg
  7. Fekk ny sole og kalosjering på mine La Sportiva Trango hjå Hillroy i Lillehammer. Vart bra, men eine solen løsna litt på første fjelltur. Det fiksa dei oppatt og sidan har den holdt. Trur maskinene og produktet var ganske nytt for dei då eg gjorde det, så det skulle vel lærast Elles alltid høg kvalitet på det dei gjer, har brukt dei til å reparere Skisko, selskapssko, seletøy, kle osv. Du finn Hillroy både på Facebook og Instagram.
  8. Veldig enig ang for høg såle. Raptor er heilt akkurat innanfor for meg. Kunne også tenkt meg ein raptor utan gtx, eller ein raptorliknande sko.
  9. 45 km på langrennski i preppa spor er i utgangspunktet heilt kurant. Det er forskjel på det og eit halvdårleg scooterspor i høgfjell og med orientering i dårleg vêr. Vert det kjørt skikkelege løyper kan ein ta utgangspunkt i at det er ok, men lurt å ha med det som trengs med tanke på ventetid til dømes ved ein skade, dvs vindsekk, ein spade og varme kle. Litt meir niste enn ein trur, og kanskje kan gruppa ha med eit stk langt liggeunderlag om noko skulle oppstå (skade). Av sekkane du nevner kan eg trekke fram Targhee som ein sekk som sitt veldig godt på. Den er smal nok til eit noko lunde stavisett på langrenn, meinar eg. Når du pakkar sekk på ski pakkar du gjerne tyngdepunktet lenger ned enn når du pakkar for fottur. Ein smal, litt høgare sekk gjer ingenting så lenge du pakkar den korrekt (og innanfor rimelegheit sjølvsagt.)
  10. Eg har nytta Bushido mykje i fjellet, men ei veke med oppakning ville vore i grenseland, og terrenget ville hatt stor betydning. Mykje stein og hardt underlag i kombinasjon med oppakning, så trur eg at eg ville hatt kraftigere sole med litt meir demping. Eg har også raptor. Tyngre og meir klumpete, mindre "løpsfølelse", klammate, men langt kraftigare sole og betre dempa.
  11. Snur på det då, sidan du likar sol i ryggen: Tog eller bil til Voss, buss til Haukeli og tog frå Finse til Voss att, evt heilt heim om det er mogleg.
  12. Topp vart i stuss på den "gå på langs" og det er så mange trådar med folk som skal ut å gå til fots medan det ligg snø at eg måtte berre nett dobbeltsjekke 🙉 eg var inni der i saman med @Sig Man i vinterferien. Sett vekk frå nokre dagar inst i Imsdalen under studiar var det første gang. Flott område! God tur
  13. No veit eg ikkje kva kant du kjem frå, men bil til Voss, tog til Finse, gå med sola i ansiktet til Haukeliseter, ta ei overnatting der og buss attende til Voss?
  14. Ingen motsetnader for meg å tenke beredskap og fellesskap på samme tid. Tvert om.
  15. Eg skal ikkje gi meg inn på politikken, men beredskap er ikkje dumt anten det er krig i Ukraina eller ei. Eg har beredskap ihht direktoratet sine tilrådingar, med unntak av nok vatn, må ta ei tusle der. Beredskap er også ein del av det å førebu at mine unge vaksne flyttar ut og at vi skal befinne oss i ulike landsdelar. Dette tok vi til å snakke om i fjor når det vart klart at vi endar på kvar sine kantar. Å ha ein masse ekstra greier er kanskje ikkje det som blir prioritert på studentbudsjett, så det blir mors beredskapskasse på hybelen/i kollektivet. Litt turutstyr blir også med, sjølv om ein ikkje tenkjer det blir brukt til tur. Kidsa spesielt synes eg er litt noldus. Det får stå si prøve. Klimaendringar med påfølgjande naturhendingar, uro og forsyningsproblem kjem ikkje til å avta dei neste tiåra.
  16. Hei Først og fremst så må eg berre påpeike at detta området ikkje ligg i Jotunheimen det ligg ganske langt frå. Så vil eg rå til guide eller kurs. Bre er bre. Og snødekt bre er på mange vis vanskeligare enn blåis. Vurderingane er særegne for bre og nokså frikopla klatring. Elles ville eg prøvd å få tak i eit eksemplar av breføraren. Sjølv om breane endrar seg er der mykje god informasjon om anmarsjar og ruter, og en kan lære litt om dei ulike områda. Spørsmåla dine er vanskelege å svare på og kanskje ikkje ynskjeleg å svare konkret på. Det skjer ting i breane heile tida, og det er store variasjonar frå år til år. Det du spør om er igrunnen dei tinga ein løpande tek vurderingar på når ein er på tur, og som mange, inkludert meg, vegrar for å svare på. Generelt kan ein seie at å gå i to-mannstaulag er nokså sårbart, og eg tenkjer ein skal ha kål på kva ein driv med. Berre så det er klinke klart, så er sprekkene der heile vegen, også godt "oppe på bresnøen". Sesong varierar frå år til år, men eg ville kanskje satsa på august.
  17. Nyttar du oppstallingswire i staden for tau slepp du ball.
  18. Kjem an på kva område du er i, klima og terreng 🤷🏼‍♀️ og år til år. I mine trakter er like gjerne Mars den store snømånaden, og ein kan risikere ei dump på halvanna til to meter. Så kjem det elles an på grad av tele i bakken før snøfall, omkringliggande landskap (brear eller ikkje), høgd over havet osv. Veldig vanskeleg å lage nokre generelle reglar på dette. Eg har kryssa Hardangervidda i Februar og hatt flekkvis bart og klinkis, eg har kryssa på 4 cm styresnø og blåswix heile vegen og eg har kryssa og stampa til midt på leggen på flatmark med tidvis snø midt på lår og opp til navlen for å komme gjennom vinddeponerte snøfonner som ein ikkje fekk fått rundt 🤷🏼‍♀️
  19. Smaken er som baken Eg opplevde Cecilie som ei altfor mjuk ski, og gjekk difor heller for Nansen. To av mine venninner enda med å bytte ut sine Cecilie av samme grunn.
  20. Eg har også fått målt spenn, og opplevd at det varierar.
  21. Har farta nokre gonger over både Josten og Hardangervidda. Frå Åsnes har eg Nansen, Amundsen og Finnmark (siste er vel Gamme utan stålkant). Av dei tre er Amundsen eller Finnmark er det eg ville valt over vidda kvar gong. Josten er litt annleis, der kan ein oppleve at det er digg med litt meir bæreevne og løft i front enn Amundsen i alle fall, og eg ville kanskje vurdert Finnmark/Gamme eller Nansen over Amundsen, sjølv om dei siste og tek deg over Josten fint. Spm er jo kva du vil prioritere, og om Jostedalsbreen er ei eingongssak eller om du kjem til å ferdast ein del på bre og i snørike, bratte vestlandslier. Eg synes elles den nye Sverdrup-skia ser freistande ut, men kanskje vil den ha dårlegare eigenskapar på vidda att. Det sagt så funkar det meste dei fleste stader, så eg ville velgt ski etter det terrenget og dei snøforholda eg ferdast mest i.
  22. Eg tenkjer det går an å styre unna trådar som dette om ein synes det er vanskeleg å forhalde seg til at andre finn fellefangst både meiningsfylt og formålstenleg. Det er lovleg aktivitet det er tale om her.
  23. Vinterfjellet er jo vakkert og fantastisk men kan no også vere nådelaust.. Om eg skulle gått ut frå Finse som fersk i vinterfjell ville eg tenkt meg godt om i høve kvar eg la ruta, og sett vêrmeldinga godt an. Spesielt tilhøva rundt Jøkulen kan bli tøffe, med fallvindar og uføreseielege tilhøve. Eg ville kanskje lagt opp til ei rute som gjer at eg var "nært folk" og eventuelle exitar første dagane, og fått gjort nokre erfaringar og kjent litt på fjellet. Så, ved ok meldingar og dersom kjensla er god kan ein vurdere å dreie litt lenger vekk frå "folkemengdene i aust". Eg ville som fersk framleis holdt meg til ei type "hytte til hytte" - rute, slik at eg hadde ei viss form for tryggleik i det. Kanskje ogso legge turen til etter at ein har fått stikka løypene? No høyres eg veldig formanande ut, og det er ikkje meininga, men tilhøva der oppe kan vere tøffe. Og det faktum at du både er fersk og åleine tenkjer eg gjer det viktiga å operere med endå større marginar enn elles. Konkret forslag kan vere Finse - Krækkja - Heinseter - Tuva - Haugastøl. Då med føresetnad om ok vêr første dag og at du går i alle fall så langt som Finsbergvatnet. Du kan sjølvsagt gå lenger vest, men då er eventuelle exitar vanskelegare tilgjengeleg kollektivt og det er gjerne meir vêr. Altså, hovudpoenget er; sjå an vêr og legg ruta deretter. Elles er det slik at det kan vere stor forskjell på tilhøva på Finse og på Ustaoset. Så ideelt sett hadde ein vurdert Ustaoset som utgangspunkt med meir folk, meir stikka løyper, tettare mellom hyttene. Eventuelt Haugastøl og ein runde sørover. Der kan du bygge ut runden eller forkorte med større lettheit, etterkvart som du ser korleis forholda blir òg korleis du synes at utstyr og kropp virkar Eit langt og uvanleg formanande innlegg til å vere meg detta, kanskje er du durkdreven på vurderingar men berre manglar erfaring på ski, då får du bere over med meg!
  24. Du kan vurdere Kjeldebu i staden for Krækkja? Elles er etappen frå RV 7 og til Sandhaug nokså lettgått terrengmessig, føresett at det ikkje har vore store snøfall.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.