-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Brebriller? Lysinslipp/kategori på solbriller?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Alt annet utstyr
Samd med RAS over her, kat 4 kan like godt vere for mørkt store delar av ein tur over Josten, og då endar ein som regel med å ha med to par. Det er også lite vits med kategori 4 dersom dei ikkje sitt godt nok, slik at du likevel får lysinnslepp...då er det betre med ei kategori 3 med skikkeleg tetting. Og så kjem ein til mitt poeng; eg synes nesten det viktigaste er nettopp passform, og då må dei prøvast. Eg er på mitt andre par med nokre gamle Bollè Travers, som sitt veldig godt på meg, men har no fleire knekte delar og den er diverre er ute av produksjon. Av erfaring har eg vondt for å finne briller som sitt godt og tettar greit (smalt ansikt og lav naserygg). Prøvar difor briller overalt der eg er. Har difor konkludert med at så lenge eg ikkje finn ei som sitt som som eit skudd, så brukar eg heller ei vanleg brille i kat. 3 og mekkar solskydd med sportstape. Dog ramla eg over ei brille på VPG i påska som eg ikkje har prøvd før, ei SMITH briller som satt som eit skudd og kjem med fotokromatiske linser og sideskydd. Den skal eg vurdere som arvtager til mine Bollè, nett fordi den er fotokromatisk og eg kan sleppe å dra på to par briller. -
Skal sende poden til Svalbard i ett år......
Tessatroll svarte på Bjørn Helge Marsteen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Mange som har gode fjellski, mellom anna Åsnes. Om du ser inne på deira heimesider har dei tilrådingar for lengde og vekt. Eit alternativ til ei god allroundski som er lettstyrt og grei er Nansen. Han vil truleg trenge både korte og lange fellar, om han skal avgårde på tur med pulk eller tung sekk.- 4 svar
-
- 1
-
-
Tyinkrysset til Haukeliseter med pulk, mars 2023
Tessatroll svarte på KanadiskNordmann sitt emne i Turrapporter
Nydelege foto! Eg vart umiddelbart Hardangerviddasjuk! Fin balanse mellom foto og tekst. Ned frå Mannevatn har eg sjølv bala nattestid ein gong, for å nå att ei dame i forvegen. Mykje mikroterreng gjer det til ei heller langtrekt tålmodsprøve ja. -
Valg av ski apriltur Kilpis - Abisko
Tessatroll svarte på JWilliam sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Hei Eg endra tittel til å bli litt meir informativ. Moderator Elles tenkjer eg at eg båe deler funkar, men at utan bikkje hadde eg gått for ski med stålkantar. At fellane klabbar kan ein alltids gjere noko med, ved hjelp av impregnering og voks. Mi erfaring er at dersom impregnering ikkje hjelp, så klabbar det meste, og eg er i tvil om smørjefrie vil klabbe noko mindre om det først er så ille. -
Har nytta både babyakebrett og parisbrett på dette viset, men dette syns eg såg snertnare ut!
- 7 svar
-
- 2
-
-
Lars Monsen turmat, holder det mål? Sammenlignet med Real Turmat?
Tessatroll svarte på squidman sitt emne i Mat på tur
Litt fuel brukar ein sjølvsagt, men kva var det som ikkje funka når du prøvde? Eg har nytta eggepulver til å lage omelett på langtur, synes det funka veldig ok. -
Kan ikkje forstå at du skal ha bruk for broddane men det kjem an på kva rute du skal gå mellom Finse og Haukeli og om du skal oppom nokre toppar eller ei. Vekta høres fornuftig ut for den turen etter mitt begrep. På Finse Haukeli har eg brukt ligge på 30-35, men då har eg delt telt og kok. I tillegg brukar min kjærast påpeike at fordi eg er lita så veg alle mine personlege greier (liggeunderlag, sovepose, kle, bedding osv) langt mindre enn ein mann med LW utstyr😅 Elles; god tur. Finse - Haukeli er ein veldig flott tur!
- 28 svar
-
- 1
-
-
Prøv ulike kajakkar før du handlar, det er heilt vesentleg for å finne ein du kan trivast med og sitte greit i over lenger tid. Også lurt å ha padla litt først, slik at du får litt kål på eigne preferansar.
- 4 svar
-
- 1
-
-
...og så ikkje minst med omsyn til terreng...60 kg pulk er ikkje tungt på eit vindpakka vidde eller på eit scooterspor. Men det kan jammen fort verte nok å bakse med i botnlaus snø i bjørkelia eller om ein skal opp og over brattare lende. Men, alt går, om ein berre har tia og dagen
-
Samd med Espen; prøv og sjå kva som høver deg. Kva vi ynskjer å oppnå på tur er så ulikt, og det er også kanskje ulikt frå tur til tur (i alle fall hjå meg). Ein gong veg pulken 35 kg for halvanna veke, ein annan gong 50 kg for ei veke. Nokre gonger er det eit mål med lange dagar der ein sluker kilometer, andre gongar er det andre ting som er målet. Du skal høgt i vekt før du får problem med å få det med deg. Men, eg personleg synes det er digg å halde pulken på moderat tyngde. Ikkje for at eg ikkje får dradd han med meg (eg har mellom anna i lange periodar trent med pulk på mellom 70 - 110 kg). Men, fordi eg for min del på dei type turar eg likar å gjere ikkje ser hensikta med å trekke tyngst mogleg. Så er det også diverre slik at det å trekke pulk belastar andre musklar enn vi er vane med. Dersom ein durar avgarde på lange turar med tung pulk utan å ha ein del pulk i kroppen frå før, så er det ein vesentleg større sjanse for vondtar, til dømes i akilles. (Eg seier ikkje at du ikkje har pulkmil i kroppen, men berre nemner at det er eit element å ta med når ein vurderer akseptabel vekt på pulk).
- 28 svar
-
- 3
-
-
Eg kjenner ikkje posen, men Thermarest sine soveposar har fått mange fleire gode skussmål som eg har høyrt i alle fall.
-
55 kg synes eg var mykje for 8-9 dagar men det kjem no litt an på kva du skal drive med. Trur eg har brukt å ligge omlag der for 14 dg men då har eg gjerne noko tilleggsutstyr (sikringsutstyr bre, isbjørn, våpen/jakt, fiske eller toppturutstyr i tillegg til fjellskitur...). Om det er for rein pulktur utan tilleggsaktivitet eller krav til ekstra tryggleiksutstyr ville eg slanka den litt. Kan greie seg med mindre enn det og framleis ha det meget komfortabelt. Så er det ofte slik at eg delar telt me nokon, slik at kok og telt vert fordelt på to. Har lagt på mellom 30 og 35 dei gongene eg har pakka for rein pulktur på halvanna veke. Ish' fem kilo om ein er åleine. Edit; ser du har med veldig mykje fuel. Det er no eit val ein tek. Eg har berekna alt frå 0.3 l per dag til 1 l per dag alt etter kva høgde over havet eg opererar på, og om det er langt til folk om noko uventa skulle oppstå. Reknar eg 0.5 per dag er eg riktig så komfortabel. 1 l er ein luksus som eg stort sett bedriv når eg er på tur med kjærast eller venner og det er ein del sosialt, eller på turar der det av ein eller annan årsak er ein del tid i teltet.
-
Som ei forlenging av Kristian V sitt forslag kan eg nevne området søraust for Besso og Dimmedalen => Lakadalsberga og og Austre Lakadalen. Har gått gjennom der nokre gonger på vinter og tenkt eg må attende på sommar.
-
... Elles var jo også de andre pulkane inne på Jamtland pulkane sine sider artige.
-
Denne er jo super på kombinasjonsturar som til dømes nokre av dei lange breskiturane. Der har jo babyakebrett stroppa på sekken vore ei vanleg løysing å sjå. Eg sjølv har nytta både det òg Parisbrett. Varianten i linken ser no fin ut mtp at ein slepp tenke på stropping osv, og det er enkelt å skifte mellom slep og bær.
-
Nei og ja. Sokk for dampsperre er etter mitt begrep pengar ut vindauget for dårlegare dampsperre enn plast. Blir fort ødelagt. Vinmonopolets posar har fin storleik. Finn du i tillegg dei som ikkje er grøne så har du endå meir slitestyrke. I tillegg utgjer plast eit betre glilag, for den som skulle vere plaga av gnagsår eller trykksmerter.
- 12 svar
-
- 3
-
-
En tynn liner som transporterer vekk fukt frå foten (eg likar bridgedale sine), en frottéullsokk utanpå, typ denne til dømes. https://www.getinspired.no/herre/klaer/undertoy/sokker/smartwool-mountaineer-classic-maximum-cushion-crew-sw-b13300-003 Neste forsøk er Alpina eller lill sport sine overtrekk til å ha utanpå (berekna til kalde langrennsko). Evt en tjukksokk type "industri" utanpå skiskoen. Dampsperre i form av plastpose kna også hjelpe, då fordampar ikkje fukt frå fot. Brukar avogtil om det er veldig kaldt, og eg skal unngå sveitt og våt sko. Då har eg liner innerst, dampsperre/plastpose og isolerende tjuksokk utanpå plastposen.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Sportsbriller vs. skibriller
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Bruker goggles når det er skikkeleg grisete, og ein gjerne må på med maske i tillegg til djup hette med pelskant. Då handlar det rett og slett om å dekke mest mogleg. Elles går det stort sett i sports/brebriller. -
Ingen problem. Legg alt eg skal ha fremst i pulkbag, sørger for å ha glidelåsdrager heilt fremst. Stroppar bagasje med strekk. Når det er pause sett eg meg på pulken, løyser ein krok og vippar opp bedding, så har eg full tilgang til stormpose, mat, dunjakke m.m.
- 15 svar
-
- 1
-
-
hjelp til å bestemme hvor pulkturen går
Tessatroll svarte på varmtvann sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
@graham og @Hammer kan vel seie noko om tilhøva i Langsua når denne helga er over. Eg veit det var snakka om noko dårleg føre oppi Femundsmarka, i alle fall avd. nord. Ellers er Hedmarksvidda veldig fin om dagen!- 16 svar
-
- 2
-
-
Madshus med ny modell fjellski med kortfellesystem
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Ah, synd. Hadde vore enno betre om dei var produsert i Norge. Prøvde å sjå på en YouTube snutt for å sjå løysinga med kortfeller. Vanskeleg å bedømme på film, men kunne verke lovande ja, og potensielt mindre lugging enn Åsnes. Dei har to modellar med dette systemet trur eg? Med ulik midtbreidde. Auto BC er diverre hyppig å sjå i ein del fjellskipakkar...om enn mindre no en før. Har sett mange Åsnes-pakkar med auto også, merkjeleg opplegg. -
Fjellski for bruk i marka uten stålkanter
Tessatroll svarte på Bordercollie_Rocks sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg har BC. -
Fjellski for bruk i marka uten stålkanter
Tessatroll svarte på Bordercollie_Rocks sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Har Finnmark, i tillegg til ei lite utval av andre fjell- og langrennski. Likar Finnmarkskia veldig godt. Opplever også at dei har grei bæreevne sjølv om dei er smale, men eg har kompansert ut med litt god lengde (er 166 cm høg og har 190 cm i Finnmark). -
Madshus med ny modell fjellski med kortfellesystem
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Vinterutstyr
Det stemmer ikkje. Eg kjøpte nettopp ski som ikkje er racingski som er produsert på Biri Men eg har forstått at delar av produksjonen ligg utanlands. Likevel betre enn at heile ligg utanlands vel? Og uansett synes eg det er kjekt at fleire gode skiprodusentar prøver konseptet. -
https://www.dntoslo.no/artikler/føremeldinger/8121-fremelding-for-rondane/ Her er nokså oppdatert føremelding. Går også fint å ringe Rondvassbu eller Dørålseter og spørje om tilhøva nordover.
- 3 svar
-
- 1
-