Gå til innhold
  • Bli medlem

KanadiskNordmann

Aktiv medlem
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    4

KanadiskNordmann vant dagen sist 27. mars 2023

KanadiskNordmann hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

73 Good

Om KanadiskNordmann

Nylige profilbesøk

821 profilvisninger
  1. Hei! Bruker yr.no, så det blir vel litt slumpmåling… Reknar med at når eg blir dratt med av vindkasta med tung pulk så nermar det seg 20m/s-ish i kasta?
  2. Etter å ha hatt min første lengre skitur på fjellski i Januar over Hardangervidda gjekk det ikkje mange dagane før eg byrja å fundere på ein ny tur til dette vakre fjellandskapet. Å gå med pulk var ei åpenbaring for meg under turen på Hardangervidda, så det var berre å finne ut korleis eg skulle få fri. Er så heldig å jobbe turnus, så då tok eg ut ei veke ferie og fekk tima det slik at eg fekk to veker fri. Då var det berre å planlegge kvar eg skulle reise. Tenkte på Finnmarksvidda, men det vart ikkje aktuelt då det krever litt meir logistikk og peng for å gjennomføre reisa frå Oslo. Valet fall på å gå gjennom Skarvheimen og over Hardangervidda til Haukeliseter, transporten vart buss. Det gjekk lettare å planlegge og pakke til denne turen enn Januarkryssinga over vidda. Det var berre å finne fram igjen utstyret og legge igjen det eg ikkje brukte sist for å spare litt vekt. Handla mat for totalt 2000kr: 12stk Real Turmat, sjokolade, nøtter, løfser og snop. Med bussbillettar som havna på totalt ca 1200kr, så har ein 14 dagars ferie for ca 3200kr. Ikkje så gale det. Etter å ha komt heim frå nattevakt 1. mars og sove to timar var det berre å bryte seg opp, få i seg ein kaffi og kle på seg turklea. Ein god kompis køyrde meg til Sandvika bussterminal for avreise. Fekk som vanleg dårleg tida, var framme 1min før bussen skulle gå, sprang over plassen der med pulken på slep og ski i handa. Heldigvis var den forsinka så rakk det fint. Etter ein busstur på ca 4 timar vart eg satt av på Tyinkrysset. Fantastisk veir, sol frå skyfri himmel og vindstille. Endelig i gong! Dag 1, Tyinkrysset - Forbi Tenlefjorden 7km. Starta å gå ca kl 15. Fann vegen greit bort til skisenteret. Spurte mannen i heisbuda om det er råd å få tatt skiheisa opp, men det var strengt forbode med pulk. Lagå, då var det berre å trakke i veg oppover ei temmelig bratt preppa løype med 40-50kg pulk. Skia vart lagt på pulken og fekk maura meg oppover. Sveitta rann, men det var fint veir. Ca 300 høgdemeter seinare kom eg meg endelig opp til toppstasjonen og fekk på meg skia. Framleis litt stigning i 100 høgdemeter til eg kom opp på Vesleåntjernet. Flott skiføre å gå på, hardt vindpakka og tidvis skare. Fantastisk utsikt mot Jotunheimen i nord. Gjekk vidare over Tenlefjorden før eg slo leir rett før stigninga opp mot Sulebu. Slo opp teltet, Helsport Patagonia og innlosjerte meg. Utruleg deilig med god plass i teltet. Imponert over liggelengda, 235cm liggelengde gjer at posen ikkje subbar i duken noko som gir litt betre komfort på natta. Vekta er likevel noko dryg, 6-7kg gjer at det kanskje er litt tungt som solotelt. Etter å ha ete Monsen turmat som låg igjen frå forrige tur og trykt i meg litt kakao og ei løfse sov eg godt. (Avreise frå Sandvika) (KLAR!) (Bratt og tungt, men flott veir og upåklagelig utsikt) (Utsikt nordover til Jotunheiemen og Uranostind) (Suletind og Suleskaret som er morgondagens etappe.) (Første leirplass) Dag 2, Tenlefjorden - Eldrevatnet, Hemsedalsfjellet 19km. Etter ein halvtimes slumring var det duka for oppstandelse kl 0630. Børsta litt rim frå duken før eg byrja å fyre i primusen. Kokte opp vatn for dagen og fekk i meg graut og tre koppar kokekaffi. Kom meg i gong til avmarsj 0915. Sol, men litt vind frå sør på starten av dagen. -15C. Var ganske frisk vind på Sulevatnet, men kjekt å kjenne litt på det. Fulgte skutersport heilt opp til Suleskaret. Bratte spor, snøskuter har ikkje høyrt om bauting. På sunnmøre er vi kjent med bautefenomenet, det gjorde det noko lettare oppover. I skaret tok eg ei lenger pause i sol og vindstille. Tok ut soveposen for å tørke i den deilige sola. Mykje meir bet i sola no enn i januar, utruleg deilig. Vidare mot Eldrevatnet byrja vinden å snu, tok seg opp frå NV. Tippa vindkasta var oppimot 20m/s, vart blåst bortover av vinden. Heldigvis fekk eg vinden i ryggen! Ca kl 15-16 var eg vel nede ved Eldrevatnet. Litt strevsomt å sette opp teltet åleine i kast på opptil 19-20m/s, men fekk det opp på eit vis. Fredag var det meldt 20m/s på jamna og opptil 25-27m/s i kasta oppe på Bjordalsbu. Det er ikkje noko serligt til fjellveir, så då vart dag 3 brukt til å ligge i teltet og sture, lese bok og drikke kaffi. Deilig det også, men litt kjedelig når det er så pass tidleg i turen. Måtte ut fleire gongar for dag og grave vekk litt snøfokk frå teltet. På kvelden stilna det og fekk ein fantastisk stjernehimmel med måneskin. (Løypene preppar seg ikkje sjølv, deilige trikkeskinner som var for smale for mine fjellski.) (Det går stort sett i sjølfie og landskapsbileter på solotur...) (Sulebu. Her var folk så eg rasa meg kjapt forbi. Vert fort folkesky.) (Suletind.) (Pause i Suleskaret, vindstille og fint i sola) (Det vart litt pulkvelt på turen, her er beviset.) (Vinden tok seg opp iløpet av dagen, kraftige kast frå NV. Litt snøfokk frå fjellet i biletet.) (Leir ved Eldrevatnet. Var veirfast her på dag 3) (Godt med graut til frukost, blir ikkje lei den faktisk) Dag 4, Eldrevatnet - via Øljusjø til Bjordalsbu, 15 km. Stod opp kl 08. Skodde og white-out så drøyde an litt i teltet med litt svart gull og ei løfse. Kom meg vel avgarde kl 11, grei vind. Berre 10m/s frå NV på Eldrevatnet, men det tok seg meir opp når eg trakka meg vidare oppover mot Øljusjø. Tok ei pause om lag midt på Øljusjøen, nøtter og sjokolade. Kaldt med vinden og -15C, men heldigvis god sikt. Skal seriøst vurdere dunshorts/dunbukse til neste tur, sikkert godt i pausene. Evt berre kjøpe ein jervenduk og ha klar på toppen av pulken. Gjekk opp til Hemsedalstjønna, gjekk litt feil så det vart 70 høgdemeter meir enn nødvendig. Kjekt med gratis trim. Opp ytterligare 150 høgdemeter til Bjordalsvatna der eg fekk vinden i mot. På med skibriller og kjempe seg oppover. Var bratt nok, oppimot 25-30 grader på det brattaste. Ansåg skredfaren som låg då snøen var ekstremt tettpakka og det var avblåst på alle hamrane som var ovafor meg. Tenkte likevel det er greit å opphalde seg kortast mogleg i potensielt skredterreng så gjekk oppover så fort eg klarte. Truleg 15-16m/s på det jamne oppover stigninga der og heilt til eg kom fram til Bjordalsbu. Kjente røyklukt når eg nerma meg hytta, og plutselig stod eg 10m frå hytteveggen. I natt er det greit å sove på hytte vel? Det frista med ananas og vaniljesaus. Inne på hytta var det 5 tyske skituristar, frå Stuttgart. Eg fekk ein støyt akevitt i det eg kom inn døra og fekk smake tysk couscous med ein saus til. Hyggelige folk altso! Fekk tørka opp sovepose og skisko på hytta. Det er vel lov å unne seg litt komfort på tur? (Kryssa vegen på Hemsedalsfjellet) (Frisk vind, godt med skibriller då!) (Opp brattå frå Hemsedalstjønna mot Bjordalsvatnet og Bjordalsbu) (Her ser ein at det bles greit) (Ananas på boks med vaniljesaus er ein herleg dessert etter nokre timar i litt dårleg veir. Den var fryst så måtte tine den i keilen, noko som ga ein god og søt smak under seinare snøsmelting.) Dag 5, Bjordalsbu - Iungsdalskaret, 25km. Denne dagen hadde vinden løya litt, men var framleis absolutt tilstades. Sola hadde likevel gløtta fram og skulle gjere dette til ein bra dag. Etter frukost på Bjordalsbu kom eg meg avgarde kl 09. 16km med herlig, slak nedoverbakke i stikka løype til Djupsvatnet. Ekstreme vindskavlar på vatna, nokre rakk med opp til kneet. Stilig å gå på. Ved Mjolgedalsvatnet møtte eg ein kar med pulk som hadde gått frå Finse og var på veg til Bjordalsbu. Han kunne anbefale karbonadesmørbrød til lunsj på Iungsdalshytta. Det høyrdes jaggu godt ut, så då var det berre å gønne på vidare utan pause heilt fram dit. Der vart eg tatt godt imot av ei hyggelig vertinne som serverte tidenes karbonadesmørbrød med sylta raudlauk. Himmelsk! 160kr for smørbrød og kaffi, vel verdt pengane. Etter å ha nydt varmen og ein god kaffi maura eg meg vidare framover Iungsdalen. Opp nye 400 høgdemeter i motvind. Stikkene går som vanleg rett opp, så gjekk litt ut frå desse i kjent bautestil. Nokre stader går stikkene i så bratt terreng at det hadde vore strevsomt å gå der med randoski med full helløftar. Ikkje alltid naturlege vegval for ein skiløpar… Kom meg etterkvart opp og la meg til i skaret, litt høgt i terrenget. Det var meldt kaldt på natta, -25C så då er det lurt å legge seg i høgda. Fekk opp teltet og kokte vatn til Real Turmat og fekk i meg ei løfse. Vinden stilna og det vart ein fantastisk måneskinshimmel, nesten fullmåne no! (Klar til avmarsj frå Bjordalsbu) (Sørover over Bjordalsvatnet. Måtte prøve å vere litt meir kreativ i val av motiv.) (Stikka løyper heilt til Finse herfrå.) (Det var lite moglegheiter for å kjøpe Stølsrumme her denne dagen... Var vel stengt.) ( (Innover mot Iungsdalshytta) (Beste karbonadesmørbrødet eg har smakt.) (Vidare innover Iungsdalen etter ei nydeleg pause) (Vart forferdelig varmt på beina, luksusproblem.) (Vinden nektar å gi seg denne dagen. Opp Iungsdalen var eg så heldig å få den rett i fleisen.) (Men humøret er bra!) (Leir i Iungsdalskaret.) Dag 6, Iungsdalskaret - Flakavasskaret, 25km. Nydelig dag, sol, vindstille og kaldt. Sola varmar utruleg godt! Gjekk vidare 1 t mot Kongshellaren. Der vart det jaggu ein kaffi i solveggen. Vidare mot Geiterygghytta møtte eg eit eldre par frå Canada som skulle til Kongshelleren. Møtte også ein ire nede ved Bolhovd. Utruleg mykje utlendingar i fjellet! Det var eg ikkje klar over. Sola varma godt, måtte lufte på skiskoa heile dagen. Når eg kom ned til Geiterygghytta møtte eg to sunnmøringar som anbefalte vaffelpause, og slik vart det. Nydelig vafle av god størrelse med mykje rømme og sylte smakar godt for ein stakkars fjellfant. Klokka halv seks traska eg meg vidare etter at sola gjekk ned. Fann ut at eg like gjerne kan gå litt lenger når det er så fin måne og klarveir. Kaldt, -20C og eit nydelig skareføre. Gjekk opp bak Kittilsbunosi og vidare gjennom skaret til Storfonnosi og Godfjell. Målet var å komme seg opp Flakavasskaret, men det såg litt bratt ut. Prøvde meg likevel oppover. Gjekk opp litt langt til venstre under nokre berg, det vart etterkvart litt vél bratt. Var litt i tvil om eg hadde gått meg fast. Måtte ta av pulken og gå litt fram for å sjå om det var mogleg å traversere med pulk. Det gjekk akkurat, med pulken hengande på sida og slepte den framover bratta på skaren til eg kom fram i ei litt slakare stigning der eg kunne baute opp til toppen av skaret. Der oppe fann eg den finaste teltplassen eg har hatt nokon gong! Heilt nydelig utsikt både sørover og nordover. Vindstille og eit magisk måneskin. Deilig å komme seg inn i teltet kl 21, ete ein real og sovne i kulda. ' (Det var kaldt på natta, truleg -25-30 ℃. Rima godt både ute og inne.) (Og i trynet.) (Joggesko er steikje kjekt å ha i pulken. Fint på hyttene og når ein skal ta bussen.) (Kaffi i solveggen, godt å kose seg litt.) (Sørover!!) (Framme på Geiterygghytta) (Deilig vafle med mykje rømme.) (Det var ein nydelig kveld for litt skilauping og god trim) (Endelig oppe i Flakavasskaret. Gode gamle Orion kom også på besøk og skulle helse frå universets ytterpunkt. Kan ein finne flottare leirplass??) (Fire in the pot turmat, Pulled Pork. Heilt grei smak, var faktisk ganske tørr den maten. Vil ikkje anbefale den, men grei smak. Var likevel godt etter denne dagen.) Dag 7, Flakavasskaret - Finnsbergskaret, 26km. Sov litt frampå, ca til kl 08. Var litt trøytt etter gårsdagens strabas opp motbakkane, så kom ikkje meg avgarde før kl 11. Like greit å vente til sola kjem høgt opp uansett. Gjekk over Flakavatnet og vidare mot Finse, der eg var framme litt over kl 12. Der skulle eg kjøpe suppe på hotellet, men bankkortet låg i Oslo, så spurte om dei tok Vipps. Det var ikkje mogleg å få til, litt rart? Møtte heldigvis ein trivelig guide som kunne legge ut for meg så eg fekk vippsa han. Suppa smakte herlig! Rallarsuppe med reinsdyr og lammekjøt. Så fantastisk deilig å ta lønsjen på hyttene i området her. Skikkelig luksus! Møtte eit eldre ektepar her, der mannen hadde vore med å spele inn Star Wars Episode V. Isplaneten Hoth er tydeligvis Hardangerjøkulen og rett nedanfor hotellet på Finse i snøstorm! Det var eg ikkje klar over. Stilig. Satt på Finse i ca to timar og nytte fineveiret. Sol og vindstille. Klokka to maura eg meg vidare, målet for dagen var Finnsbergskaret. Gjekk raskt å gå i stikka løype opp til Finnsbergvatnet. Kjapt føre og følte meg i grei form. Tok berre tre timar til Finnsbergskaret og då la eg meg til der. Nydelig tur! Åt middag, leste bok og slappa av før søvnen tok meg. (Graut i dag også gitt.) (Her stod det eit telt. Steike fin teltplass!!) (Utsikt frå teltplassen) (Litt stilig fjellformasjonar) (Flott foss.) ' (Jervespor. Såg mykje spor, men ingen jerv på den turen her.) (Isplaneten Hoth, også kjent som Hardangerjøkulen her til lands.) (Finse! Endelig halvvegs på turen!) (Litt rart med togskinner midt oppå fjellet) (Hotellet) (Takk til guiden som la ut for meg. Litt betre kost enn nøtter og sjokolade.) (Finnsbergskaret) Dag 8, Finnsbergskaret - Gunnarhøgda, rett sør for Trondsbu, 27 km. Opp kl 08. Litt meir vind igjen i dag, 10-12m/s frå NV og -15C. Litt sur start på dagen med ein uheldig toalettopplevelse. Dei som veit, dei veit. Treng vel ikkje seie meir enn det. Når eg starta å gå var kroppen ganske tung, tenkte at det går seg vel til. Det gjorde det ikkje. Når eg kryssa RV 7 ved Halne var eg temmelig nære på å gi meg. Det frista skikkelig å berre ta buss tilbake til Oslo og ta seg ein dusj og ei pils. Hadde ein lang monolog til kameraet mitt der eg funderte på kva eg skulle gjere. Måtte ha to kaffikoppar før eg konkluderte med at det er svakt å gi seg no, så det var berre å bite tenna saman og gå vidare. Alt var tungt denne dagen, sjølv om vinden stilna og det eigentleg var ein ganske fin dag. Såg ein gjeng som kita litt sør for Hætjørna, det såg ganske artig ut. Kanskje det er neste tingen ein skal prøve? Stikkinga stoppa etter Hætjørna, så det var litt finare fjellopplevelse å gå vidare. Føles ut som ein går på ein motorveg når det er stikka løyper, men det er jo ei tryggheit i det også. Vidare sørover til Lundhauketjønn og ned Loftstovedalen til Bjoreidalen. Gjekk så oppover mot Trondsbu. Terrenget er no kjent Hardangervidda stil, langt, slakt og flatt. På slutten av dagen telte eg steg for å ha noko å styre med og halde haudet litt opptatt. Kom vel oppi 1042 steg. Slo leir kl 18 rett før Gunnarshøgda. (Halnehøgda) (Kaffipause og monolog for å motivere seg sjølv til å gå vidare) (Folk som kitar. Ser eigentleg ganske gøy ut, kanskje det blir neste prosjekt?) (Berre iløpet av nokre få kilometer endrar landskapet heilt karakter. Klassisk Hardangerviddelandskap her, langt og flatt. Ganske deilig å gå i.) (Kom over spor frå ein diger reinsflokk! Kult å sjå!) Dag 9, Gunnarshaug - Sandhaug, 12km. Dette vart ein kortare dag. Sol og lett bris frå sør. Litt mildare, sikkert -12-13C. Såg mykje reinsdyrspor og jervespor ved Langvatnet. Møtte to snøskuterar. Såg ein ravn. Ellers ikkje noko vilt å sjå. Kroppen føltes litt betre i dag, så planen var å gå vidare frå Sandhaug, men når eg såg at her var sjølvbetent del vart fristelsen for stor med ei natt på hytte. Møtte ein trivelig sørlending her som var på tur i ein månad, sprekt! Vi sprengfyrte og satt begge pris på ei natt i varmen. Fekk tørka skoa og kvilt meg godt her. Vart berre 12 km men no har eg god tid, då er det berre å nyte resten av turen. Deilig å kunne ta inn på ei hytte og sleppe å vakne kl 05 og småfryse. På kvelden vart det kaldt, -25C men ein fantastisk stjernehimmel. (Sør for Sandhaug ser vi at landskapet blir meir kupert.) (Sandhaug) (Tok inn på den sjølvbetente hytta. Deilig å fyre i omnen.) (Det vart ein heilt fantastisk kveld. Beinkaldt så det var godt å sove inne) Dag 10, Sandhaug - Hellevassbu, 35km. Etter å ha inntatt frukost, kaffi og fått vaska oss ut gjekk sørlendingen nordover og sunnmøringen sørover. Sol, vindstille og rim i ansiktet. Fantastisk dag. Gjekk Austre Lakadalen, over til Hansbu. Vidare opp til skaret til Jakobsbudalen der eg tok ei lita pause med kaffi og tjukkløfse. Gjekk så ned til Nedste Bjørnavatnet, der eg såg ein raudrev i himmelsjå. Fekk traska meg opp siste stigninga til Uravatna. Der var det litt vanskeligare å navigere med mykje moreneryggar og små helningar, men det gjekk greit nok å finne vegen ned til Hellevatnet. Planen var å telte, men tenkte at eg måtte bortom Hellevassbu og sjå korleis der ser ut. Tenkte at dersom der er folk, så søv eg i telt. Når eg kom dit var hytta tom, så freistinga vart for stor. Låste opp med DNT-nøkkel og såg meg rundt. Vurderte telt eit halvt sekund, men det kjem vel ikkje folk hit så pass seint på kvelden vel? Klokka hadde passert halv sju. Søv her i natt! Fyrte opp og åt frå fellesmatlageret. Deilig med knekkebrød og leverpostei som folk hadde lagt igjen. Litt fast føde gjer vel godt for magen no. Låg lenge i senga på stova og las bok. Litt vemodig at turen snart er over. Først no eg har begynt å komme skikkelig inn i turbobla. Kunne fint hatt ei veke til i fjellet. Alt har ein ende, men pølsa har jaggu to. (Fekk pannekake til frukost med sørlendingen, hyggelig fyr!) (Sørlendingen går nordover, Sunnmøringen går sørover.) (Det var kaldt i dag også, rima godt i fjonbarten) (Snart framme med Hansbu) (Meir kreativitet i valg av motiv. Vinn vel ikkje prisen for årets naturfotograf her...) (Biletet til tross er eg faktisk ganske fornøgd med livet her) (Einaste åpne vatnet eg såg på turen. Ein må vere forsiktig i elveosar sjølv om det har vore minusgrader stort sett heile vinteren) (Nede ved Hellevatnet etter litt knøding med navigering på Uravatna) (Herlige fruktcocktail!) Dag 11, Hellevassbu - Haukeliseter, 23km Stod opp kl 09, brukte god tid med kaffi og fyr i omnen. Etter mykje forsking fann eg ut at utan kaffi hadde turens vanskeligheitsgrad auka med 92%, P=<0,001. Mildt, berre -8C, litt vind frå NV. Gjekk greit opp Simletindskaret og vidare nedover dalen. Rett før stigninga opp til Mannevatn møtte eg to karar på skuter som var ute og stikke løyper. Dei kunne meddele at pga grunneigarkonflikt fekk dei ikkje lov til å stikke frå Mannevatn og ned til Venaretjønn før palmehelga. Lagå, tenkte eg, er jo ikkje så nøye med den kvistinga. Stigninga opp til Mannevatnet og skaret ved Vesle Nup var steintung og bratt. Vinden tok seg opp og eg fekk den midt i fleisen. Det byrja å snø og sikta vart verre og verre før eg nådde skaret. Der oppe vart det ganske flatt lys. No skulle eg gjerne hatt stikkene, for no starta ei manøvrering i ulendt terreng med mykje hamrar og bratte kantar. Flatt lys og såg ikkje forskjell på opp og ned. Dette gjorde dei siste 5km av turen til turens mest krevande. Gjekk meg litt vill, plutselig var pulken på veg utfor ein hammar, snudde og gjekk fiskebein litt oppover igjen. Plutselig var eg nede ved eit vatn, som var Loftsdokktjønn. Forbanna greier, litt for langt aust. Dreia litt meir sørover. Måtte fram med Norgeskart appen for å sjekke posisjonen. Alt for langt aust. Heldigvis letta sikta litt og eg fekk etterkvart rent meg ned mot Haukeliseter. Den nedkøyringa var plankekøyring i forhold til frå skaret og ned til Venaretjønn. Såg tre ryper der som beita på ein lyngrabb som såvidt stakk opp. Var nære på å slå opp teltet når sikta var på det verste, men det frista for mykje med burger og øl på Haukeliseter. Vel framme var det berre å kaste eine pulkbagen inn på rommet eg leigde, rett i restauranten og bestille ein burger og ei pils. Nydelig tur! (Fint å gå nedover dalen forbi Simletind) (Simletind) (Nede i Slirdokkhølen møtte eg to karar som var ute å stikka løyper. Slo av ein prat her) (Etter to timar med baksing i snøkave og whiteout var det deilig å få sikt og kunne renne ned til Haukeliseter. For ein nydelig tur!) (Treng vel ikkje beskrivelse av dette biletet) (Det er mogleg at det vart ein tur i stampen og vidare afterski etter måltidet) Dagen etter pakka eg saman, sjekka ut og satt meg på ein glovarm, full buss til Oslo. Passasjerar som kom på etter meg ville ikkje sitte ved sidan av meg, lukta kleda så gale etter 11 dagar med solkrem og sveitte?
  3. Har tenkt å gå langtur på ski og pulk to første vekene i mars. Har laga ein plan om å gå frå Haukeliseter via Finse og nordaustover til Hemsedal, evt til Filefjell... Nokon som har gått denne ruta? Har teikna opp ei rute på Norgeskart, ca 200km. Tenker dette er greit på to veker, då har eg litt margin i tilfelle dårleg veir... Erfaringar her??
  4. No har ikkje eg så veldig mykje pulkerfaring, men eg har vore fornøgd med taudrag. I utforkjøringane tek eg berre tauet rundt arma og renn ved sida av pulken. Har hørt at Ousland heller aldri bruker stivt drag, sjølv på fjellet i Noreg. Enkelt å fikse også om tauet slit, berre å skøyte saman med fiskeknute. Også billig. Ser likevel komforten med stivt drag. Er vel smak og behag her, ein venner seg til det meste!
  5. Meinar du då å ha ein søppelsekk/fukttett pose inne i sjølve soveposen? Har lest at Ousland og Horn sov i det på vinterturane til nordpolen, men det fristar lite å sove slik når det strengt tatt ikkje er nødvendig… Då har eg meir tru på å ha ein lakenpose på utsida for å flytte nullpunktet utover slik at det blir rim i den istadenfor i posen.. Det var ikkje noko vind i teltet nei, vi brukte vindfolien som varmereflektor for å effektivisere kokinga… Godt poeng at det kanskje dannar seg meir CO, har ikkje tenkt på det! Vi hadde likevel godt med lufting og var veldig obs på det. Har alltid fyrt slik og føler det går bra, ikkje merka noko symptom på CO forgifting. Var tørr på beina heile turen, holdt dei også varme. Kjøpte skiskoa litt store og brukte ein tynn ullsokk innerst og ein tjukk raggsokk ytterst. Det fungerte bra. Fraus ikkje ein einaste gong. Ang liggeunderlag brukte vi ein jervenduk i botnen som vi la utover innerteltet. Hadde også eit klassisk bamseunderlag og eit oppblåsbart Mountain Equipment Aerostat Ultra 7cm med dun, prima liggeunderlag, det fungerte veldig bra!
  6. Neida er ikkje så gale med 5km omveg, det var berre rett og rimelig at vi skulle møte litt motgang etter alle oppturane! Ja vi innsåg i ettertid kor feil vi tok. Peilinga frå Kalhovd er veldig enkel, men flatt lys i vinterterrenget lurte oss litt… I tillegg er vi enkle sjeler så det også var vel ein faktor! Takk for tipset! Absolutt verdt å teste ut dette. Lakenpose på utsida skal vel også gjere samme nytta… Får stikke på skauen og sjå no når det er minusgrader.
  7. Hei. No i januar er det truleg ikkje kvista. Gjekk akkurat frå Finse til Rjukan, og det var ikkje kvista ein meter. Vatna er stort sett trygge, spesielt no i januar. Sjekk iskart.no. Ville brukt fjellski med stålkant. Er alltid lurt å ha med spade og fjellduk som eit minimum i høgfjellet vinterstid. Veiret kan snu utruleg fort. Også ein lett brennar til å kunne smelte/koke vatn kan vere fint å ha med seg. Dersom du ikkje har så mykje erfaring med skigåing på fjellet ville eg venta til våren, då er det lengre dagar og faren for å mørkne ute er mindre. Veiret er også meir stabilt og varmt og alt er generelt meir trivelig på denne tida. Det er likevel heilt magisk å gå i vinterfjellet når det er fint veir, men ein må ha utstyret, erfaringar og fysiske forutsetningar for å klare turen. God tur!
  8. Advarsel: Rapporten vart lenger enn først tenkt, men les viss du orkar! Har i om lag eitt år hatt ein plan om å gå over Hardangervidda på ski. Lysta til å prøve seg på det i januar var større enn å gjere det på våren. Dette for å forhåpentligvis kjenne litt på kulda, samt å gjere det til ei litt større utfordring. Har heller aldri gått med pulk før og var gira på å teste denne typen vinterfriluftsliv. Det var også pirrande å ferdast i fjellet på ei tid då det ikkje er så mange andre til fjells. Etter å ha fått bytta vekk nokre vakter (turnuslivet er flott slik sett) falt datoen på 18.-26. januar. Ein kompis eg bur i kollektiv med ville også slenge seg på, då vart vi to mann som skulle bryne oss på Hardangervidda midtvinters. Vi berekna 8 dagar på heile turen og utgangspunktet for rute skulle vere frå hytte til hytte, men vi belaga oss på å sove i telt. Vi tenkte å gå ruta som ligg på ut.no, men vi var fleksible på endring undervegs. Vi er begge passelig gode skiløparar og har vore ute ei vinternatt før. Eg har likevel aldri sove så mange netter i telt vinterstid før, så dette skulle bli spennande. I følge veirmeldinga var det spådd -25C, knall sol og vindstille frå onsdag 18. Januar til søndag 22. Januar. Heilt nydelig! Eg hadde følgt med på veirmeldinga i om lag ein månad og sett at det hadde komt bra med snø og vore stabilt -10C. I tillegg hadde eg sjekka isforhold på iskart.no. 18. Januar, etter at Markus hadde vore på jobb til kl 13, var det duka for avreise frå Oslo til Finse var på toget som gjekk kl 16:40 frå Sandvika stasjon. Vi kjørte bil dit og fekk lessa av parispulkar og ski. Togturen gjekk fint med studering av kart, kaffidrikking og elgpåkjørsel som gjorde at vi vart forsinka med 1t til Finse. Vel framme kl 22 gjekk vi ut av toget til -25C og ein nydelig stjernehimmel. Vi gjekk om lag 500m over Finsevatnet og slo leir der. (Markus klar for avmarsj i 500m før første leirplass og leggetid.) Første kvelden smelta vi snø til dagen etter og hadde det over i ein 1L termos kvar og ei 1L Nalgeneflaske i hardplast. Vi tok oss også ein Monsen turmat til kvelds. Eg åt Tikka Masala, knallsterke greier som gjorde -25C til +30C i teltet. Sveitta som ein gris. God smak, men litt for sterk for mi gane. Etappe 1, Finse-Finnsbergskaret, ca 15km: Første morgonen, 19. januar, forsov vi oss litt. Vakna kl 08, trøytte som kyrkjerotter. Fekk i gong brennaren (MSR Whisperlite) og smelta snøv og kokt vatn til frukost. Hadde laga meg rasjonar på 155g med havregrynsblanding. Brukte Ousland si oppskrift med gryn, tørrmelk, brunt sukker, rosiner og rapsolje. Knallgod graut. Hadde det enkelt og greit over i termoskopp og varmt vatn oppi. Heilt genialt med termokopp frå Stanley. Vi fekk pakka ned teltet, rulla det sammen og lagt det i skiposen. Då er det enkelt å slå det opp på kvelden. Kl 10:15 var det avmarsj frå Finsevatnet. -25C, vindstille og lett overskya, men sola kom gradvis meir fram iløpet av morgonen. Over Finsefetene gjekk det fint. Uvant, men utruleg deilig å drage pulk istaden for å gå med tung ryggsekk. Stigninga opp frå Finse opp til Brattefonnvatnet var litt tyngre enn forventa, men føret var upåklagelig. Passelig hardt med eit tynt lag vindpåverka snø oppå, nokre tyngre parti i mellom. Kortfellane satt godt. Frå Brattefonnvatna gjekk vi vidare mot Midtnutevatnet der vi tok ei pause. Nøtter, sjokolade og bixitkjeks. Bixitkjeks er kjekt, 76kcal per kjeks. Nydelig turmat. Vi merka godt kuldeforskjellen oppe i høgdene og nede på vatna. Må ha vore -30C nede på vatna. Heldigvis var det vindstille, så det var berre å gå på utan å sveitte. Nede på Finnsbergvatnet såg vi første jervespora. I enden, før bakken opp til skaret, såg vi at det kom ein kar med pulk bak oss. Såg ut som han slo leir i nordenden av vatnet. Opp bakken, som eg meiner blir kalla Wieselbakken, gjekk det greit sidan vi var så heldige med føret. Det var hardt og fint, men kjente blodpumpa fekk trimma seg. I toppen av skaret slo vi leir for å sleppe verste kulda nede ved vatnet. Klokka var vel bikka 16. (Midtnutevatnet. Fin, vindpakka snø.) (Opp stigninga frå Finnsbergvatnet, Wieselbakken(?)) Kl 20:30 var det leggetid etter inntak av Monsens turmat, jegergryte. Ikkje så veldig god smak, og erteprotein istaden for kjøt. Einaste som forsvarer den turmaten er prisen. Det funkar likevel greit når ein sper på med smør og spekepølse oppi. Drakk rett i koppen suppe medan vi venta på drytechen, det er ein sikker vinnar som forrett! Med smør oppi blir den ekstra god. Til dessert vart det fortært løfse frå Vestlandslefsa og litt sjokolade. Etappe 2, Finnsbergskaret-Skaupsjøtunga: Vi vakna ganske utkvilt begge to kl 03, men vi drøyde an heilt til kl 06:30. Eg spurde om vi skulle drøye an til kl 07, men det vart nedstemt. På an igjen med snøsmelting, havregraut og kokekaffi. Vi unnar oss den ekstra luksusen med kokekaffi, då det er mykje betre smak på enn pulverkaffi. Litt kos må det vere på tur. Etter oppvåkninga merka eg at det hadde danna seg rim på innsida av soveposen (Dunpose med gåsedun frå Mountain Hardware, Komf -17C). Tips for å unngå dette blir mottatt med takknemmligheit. Var nok -25-30C på det kaldaste på natta. Teltet var totalt nedrima, så det var berre å få fram snøbørsta og børste i veg. Vart behagelig når vi fekk i gong brennaren. (Middagsmat etter 1. etappe. Termokopp med suppe og monsens jegergryte. Lagde ei plate til brennaren av kryssfinér frå botnen av ei gammal skuffe. Festa flaska med ei skistropp.) Det var ein nydelig soloppgong når vi pakka ned teltet og satte i marsj. Nede på Drageidfjorden var det kaldare igjen. Vi passerte Krækkja på avstand om lag kl 12 og kom oss over Halnebotnane mot Halne. På toppen av Halnebotnane varma sola såpass mykje at vi kunne ta av oss Gore-Tex jakka og gå berre i nettingen. Her la vi også soveposane på toppen av pulken for å tørke dei i sola. Det fungerte bra. Nede på Halne Fjellstue tok vi ei litt lenger pause og hengte opp soveposane. Rart å sjå ein stor bilveg (Rv7) midt oppe på fjellet når vi har gått så lenge i tilsynelatande urørt natur. Vidare gjekk vi sørover på Halnefjorden, der vi igjen fekk kjenne på temperaturforskjellen. Kald luft trekk heilt klart nedover i terrenget! Når sola byrja å gå ned, la vi soveposane tilbake i arctic beddingen der vi har liggeunderlaga ferdig oppblåst, og soveposane ferdig utpakka. Det vart merkbart kaldare når sola gjekk ned. Halvvegs på Halnefjorden gjekk vi oppover på Skaupsjøtunga i eit magisk kveldslys og heiv opp teltet. Tørking av sovepose i sola var ikkje så effektivt, men det vart ikkje verre. Situasjonen holdt seg stabil. På kvelden kjente eg rimet smelta og trakk inn på kroppen i væskeform. På natta fraus det atter til rim heilt ytterst i soveposen. Alt i alt ein fantastisk dag med leggetid igjen kl 20:34. Sov som ein stein, sjølv om det var kalde -20C denne natta også. (Soloppgong i Finnsbergskaret.) (Kald dopause på Halnefjorden i solnedgong.) Etappe 3, Laurdag 21.01, Skaupsjøtunga-Reinavatnet/Krossovatn: Vakna igjen kl 03. 6-7t søvn er tydeligvis nok, men godt å ligge frampå heilt til kl 06. Då var det berre å bryte seg opp. Sov passelig godt, men utan varmeflaske i posen hadde det nok blitt kaldt med rim/dunblanding som isolasjon. På med dunjakke, rimbørsting, snøsmelting og koking. Rutinene byrjar å sitte og alt går mykje kjappare enn dei to første dagane. Det er meir behagelig å sitte oppreist i kuldegropa med klede på enn å ligge i ein rimfull sovepose. Dagen starta kaldt, men mildare enn nede på Halnefjorden. Trur det er lurt å telte i høgda under slike forhold. Kl 08:45 var vi klare til avmarsj, målet var Rauhellaren og så langt vidare vi klarte før dagen var over. (Avmarsj frå Skaupsjøtunga. Biletet gir ein svak smakebit på lyset denne morgonen.) Vi rann ned til Skaupsjøen og kryssa elva og myrterrenget her. Nydelige forhold. På veg ned frå Skaupsjøtunga såg vi mykje rypespor, men ingen ryper. Dei ser vel at vi kjem på lang avstand og spring vekk for å sleppe å flyge i det kalde veiret. Vilt som lev så høgt til fjells er ekspertar på kalde vinterforhold og sparer nok energi til dei verkeleg treng det. Under nedkjøringa var pulkane litt motvillige og rulla rundt fleire gonger. Artig med litt utfordringar! Vi såg tydelig at det var mindre snø her enn lenger nord, då det stakk opp mykje kratt og stein overalt. (Utsikt frå Skaupsjøen mot Kolvenuten og fjella rett nord for Rauhellaren.) Vi kryssa Skaupsjøtjønna og gjekk opp rett aust for Kolvenuten. Her var det litt vind som beit godt, så det var berre å gå på for å holde varmen. Oppover mot Tormodsbråtet er det ei lang og slak stigning som gir fantastisk utsikt nordover mot Hardangerjøkulen. Utruleg kor langt ein ser i dette flate viddeterrenget! (Utsikt frå Tormodsbråtet mot Kolvenuten og Hardangerjøkulen lenger nord. Soveposen ligg på toppen av pulken for å tørke i sola.) (Pause på Rauhellaren med studering av vidare rute.) Rett før vi kom til Rauhellaren såg vi eit mørkt dyr som sprang fort oppover ei stigning mot Langenuten, ca 1km hold. Konkluderte med at det måtte vere ein jerv då den forflytta seg utruleg raskt, noko vi fekk bekrefta då vi såg jervespor etter den. Ved ankomst Rauhellaren tok vi ei pause kl 14. Vidare satte vi kursen mot Reinvassdalen og slo leir under Festningsnutane. Kl 19 var vi ferdig med middag og snøsmelting, så var det kosefyring ein time og tørking av soveposane med varmeflaske og kroppsvarme. Det blir ikkje så mykje betre av soltørking på toppen av pulken, men det blir jaggu ikkje verre! Vart vel 20km+ denne dagen, heilt greit. (Leir under Festningsnutane.) Etappe 4, søndag 22.01, Reinavatnet/Krossovatn-Storodden på Mårsjøen: Som vanleg vakna vi kl 03-04. Tungt å stå opp, kroppen er stiv og støl etter all den gode trimmen! Greit nok når vi kjem oss i gong. Denne dagen gjekk vi over til Grøntjønndalen og ned til Mår. Etter 30min marsj såg vi reinspor frå eitt einslig reinsdyr med jervespor etter. Stilig at vi har litt rovvilt igjen i Noreg, men glad for at vi slepp å ha med rifle mot bjørn på slike turar. (Reinsdyspor med jerv hakk i hel.) Gjekk trått nedover Grøntjønndalen då vi gjekk igjennom snøen ned på lyng og kratt. Vi kom oss likevel fram til Mårsjøen. Vi konkluderte med at vatnet var trygt å krysse då det var godt nedtappa og det hadde vore stabilt kaldt i området sidan oktober ifølge iskart.no. Vi kryssa rett sørover mot Storodden. Gjekk på automatikk dei to timane vi brukte på kryssinga. Kroppen var sliten, men det var berre å maure på vidare til sola gjekk ned. Mykje viltspor midt på vatnet av både rev, rype og hare. Sola hadde varma mykje meir denne dagen, så soveposen var heilt tørre når vi skulle legge oss, deilig! Det vart også mildare når vi fekk satt opp teltet. Satt berre i nettingen når vi åt middag. Potetgull og løfse til dessert før ei god natts søvn. Etappe 5, Måndag 26. januar, Storodden ved Mårsjøen-Skånevatn rett sør for Strengen: Opp kl 06. Vindstille, overskya og mildare i veiret. Berre -5C. Innerteltet var fritt for rim så vi var takknemlige for å sleppe å børste. Dagen starta bra, men skulle vise seg å bli tung. Pakka ned og starta avmarsj mot Kalhovd og så langt sørover mot Helberghytta vi klarte. Etter nokre hundre meter såg vi to fuglar i himmelsjå, tenkte det var ravn så tenkte ikkje noko meir over det. Rett under Mårsbrotet kom det plutselig ei kongeørn flygande over oss, stilig! Plutselig ropar Markus ut og peikar opp mot toppen av Mårsbrotet, der ser vi plutselig at heile fjellsida blir brun og beveger seg. Der kjem ein reinsflokk springande på mellom 300 og 400 dyr. Dei stoppa og veira og såg på oss. Vi gjekk litt nærare så vi fekk dei på 350m hold. Dei såg på oss nokre minutt før dei sprang vidare over ein kant, og vi er atter åleine i fjellheimen. Dei etterlot seg eit oppfrest spor av tre trakkemaskiner i breidda. Naturopplevelse på sitt beste! (Markus med reinsflokken.) Vidare mot Kalhovd vart lyset flatare og flatare, og sikta dårlegare og dårlegare. Vi gjekk litt feil, litt for langt aust, men fant greit vegen ned til Kalhovd. Etter Kalhovd gjekk det tungt oppover mot Vegarhovde. Her gjorde vi ei gedigen tabbe med navigeringa, noko som resulterte i ein omveg austover på 5km ekstra. Vi endte opp heilt borte med Longtjønnan. Vi fulgte eit skuterspor hit. Stol aldri på skuterspor før du er heilt sikker på at det held rett retning. Her var det på med GPS'en og overraskinga var stor då vi såg kvar vi var. Då var det berre å bite tenna saman og sette kursen sørvestover mot Strengen. Her var det baksing for å finne fram til demninga og få kryssa denne. Det byrja å skumre og blåse opp. Sikta var betre på kvelden, men no brukte vi GPS'en. Vi var slitne etter å ha gått i trått føre og var litt demotivert etter omvegen. Vi vart einige om å gå 2,5km til opp til Skånevatn. Her slo vi leir nedafor hyttene med noko bjørkekratt. Litt meir lé for vinden. Det var mørke skyer i sør og var usikker på om vinden skulle ta seg opp meir. Vi sjekka veirmeldinga når vi hadde slått opp teltet og det var meldt oppimot 20m/sek i kasta iløpet av natta. Vi dobbeltsjekka barduneringa før vi la oss. Glad for at vi hadde med heilårstelt frå Hilleberg, så slapp vi å bekymre oss. Det reiv godt i duken iløpet av natta, så søvnen var ikkje heilt på topp grunna lydnivået. I tillegg slo det om til mildveir, +2-3C, så soveposen vart for varm. Måtte lufte, sovna, vart for kald og zippa igjen. Holdt på slik heile natta. Temperaturforskjell på 30C iløpet av turen. Ein tung dag, men reinsflokken og ørna redda denne dagen! Vart vel 25km i trått føre og terreng denne dagen, takka vere omvegen. (Nøkkelost på Kalhovd.) (Kryssa demninga på Strengen. Uhyggelig plass, framstod som ein forlatt industriby med demninga og veirstasjonen. Opplevelsen var nok prega av nedturen med omveg og at vi var temmelig kjørt. Likevel kult å sjå elva og den potensielle energien i vatn.) (Strengen. Fant ut halvvegs over brua at vi kunne gått over ei bru på nedsida. Lagå.) Etappe 6, Tysdag 24.01, Skånevatn-Rjukan: Vi stod opp kl 05:30 for å komme oss fram til Rjukan før Krossobana stengte kl 16. Vi var usikker på om vi skulle rekke det grunna veir og føre. Når vi starta kl 08:15 merka vi fort at det var klabbeføre. Det gav seg heldigvis når vi kom litt høgare i terrenget. Klok av skade frå gårsdagen og i frykt for white-out hadde vi satt opp flagg på GPS'en så navigeringa var enkel. Sikta var likevel god og det gjekk knirkefritt ned til Helberghytta. Dit kom vi fram kl 10:15 og vi nådde Gvepseborg og Krossobana kl 12:25. Vel nede på Rjukan, der det var -5C drog vi pulkane ned til sentrum og tok inn på første og beste pizzasjappe for eit realt festmåltid med Cola. Her fråtsa vi oss mette og fekk i oss ein kaffi. Desse siste 17 kilometerena gjekk betydelig fortare enn tenkt og vi var godt fornøgde når vi tok buss tilbake til Oslo 2 dagar før tidsskjema. (Siste leirplassen ved Skånevatn. Hilleberg Nammatj 3 GT var utruleg fint. Synes likevel det hadde vore praktisk med to inngangar slik som Keron har, då fotenden av soveposen butta inn i duken når vi låg på oppblåsbare liggeunderlag. Evt hatt eit lenger innertelt. Løyste det likevel greit med å hive ein vanntett pakkpose ned i fotenden.) (Klare for å fråtse i pizza og brus med sukker. Før avreise tilbake til Oslo.) Alt i alt ein nydelig flott tur. Håper nokre folk gidd å lese denne rapporten, som vart mykje meir omstendelig enn først tenkt. Hardangervidda i Januar er absolutt å anbefale når veiret klaffa så bra som det gjorde for oss! Hadde veirmeldinga vore dårleg (storm) hadde vi nok lagt turen til ein anna plass. Det var ikkje slik at vi skulle på død og liv krysse Hardangervidda, men det var hovudmålet. Desember og dagane i januar før avreise vart brukt til planlegging ved sida av jobb. Utstyr måtte handlast og kart måtte studerast. Eg kjøpte Nansen ski med BC-magnum og Alfa Outback skisko ein str opp. Ein testtur gav gnagsår etter 7-8km, men med teiping av hel var det ikkje noko gnaging. Hilleberg Nammatj 3 GT fekk vi låne, og var veldig fornøgd med det. Hadde ikkje tatt sjansen på 3-sesongstelt på vinterkryssing av Hardangervidda. No, ein dag etterpå, er eg i gang med å fundere på kvar neste langtur skal gå..... Diverse innspel, tips og triks er berre å kommentere, sett pris på all tilbakemelding!
  9. Jess har nøkkel. Ruteknusing skal eg prøve å unngå. Har dessuten med meg telt og står det på vert det improvisert snøhole.
  10. Kjøttpølser var ikkje dumt! Men eg tenkte å berre steike noken baconbitar og hive oppi suppa! Tenkte å steike grytekjøt av hjort som eg vakumpakkar og varmar i suppa eine dagen. Å ete suppe synes eg er heilt prima, sant det friluftsnoob seier at væske er noko som er vanskelig å få i seg nok av på tur! Er uansett ingenting som varmar kroppen meir enn suppe etter ein dag på tur synes eg vertfall (utanom akevitt kanskje, men orkar ikkje sitte å drikke åleine i fjellheimen) Har ikkje orka å regne ut kalorier per dag, men prøver å sjå for meg sann ca kvart måltid og veit eg blir mett slik eg no har sett det for meg. Memento mori: kokekaffi er heilt klart best ja! Men eg synes nescafe gull er ganske bra også, er ikkje så fin på det hehe.. ja kanskje du har rett og at eg blir møkklei betasuppe, men det får vise seg! 😅 Lofoten Møring: Jo takk for det! Må jo berre hive seg rundt og prøve no mens eg er ung og har tida tenker eg... Ja strandamår er heilt fantastisk! God snacks. Tenkte ta med ein pakke knekkebrød heimafrå. Har jo smør og honning eg kan ete på det. Brenne søppel på hyttene var lurt! Det hadde eg ikkje tenkt på, takk for tipset! Har ikkje heilt planlagt ruta egentlig, men tenkte gå frå billingen og opp torddalen til veltdalhytta og fieldfare. Fieldfarehytta har eg hatt lyst å besøke i fleire år, mest på grunn av historia til hytta. Takk for alle tips
  11. Hei. Jeg har tenkt meg på tur til tafjordfjellet neste uke alene. Tenkte hovedsaklig å sove i telt, men ha dnt hyttene som nødløsning dersom det skjærer seg. Jeg har aldri vert så lenge på tur før(verken alene eller sammen med andre) og lurer derfor på dette med mat for en uke i vinterfjellet på ski. Til frokost tenkte jeg granola blanding som jeg har varmt vann og honning i, evt rester fra middagen kvelden før. Middag prøver jeg å variere litt fra dag til dag. Er møkk lei real turmat, får dårlig mage av det så prøver å styre unna. Tenkte noe slikt: Dag 1: bacon (har med 500g bit) m knekkebrød m smør og en halv pose potetmos dag 2: Betasuppe med ferdigsteikt grytekjøt av hjort som eg har med vakumpakka.(blir dette tungvint? Er jo kjølig i sekken no vinterstid så tenker kjøtet held seg bra. Nokon som har erfaringar med dette el.?) dag 3: hurtigrisgraut med honning, rosiner smør og kanel. (Tenkte ta med en flaske honning istadenfor sukker. Honning er jo like godt! Tenker ha det på frukostblandinga også. Og kan maule det som evt.nødmat. Erfaringar/tips?) dag4: bacon og potetmos. Evt betasuppe i tillegg. Dag 5:betasuppe m bacon oppi. Dag 6: hurtigrisgraut. Dag 7: berre et det som er igjen! Legger ved et bilde av det eg har handla inn til no. Til lunsj blir det vel mest nøtter frå first price(masse fett og 512kcal/100g), mårsnabbar(salt kjøt), eldorado kornbar(100kcal per bar), 1 stor sjokolade til dessert etter middag i teltet, bixit kjeks. Tenker kjøpe tørrmelk i tillegg for å ha i frokostblanding og grøtris, men er det nødvendig? Smaker grauten høveleg greit utan tørrmelk? Kva synest de meir erfarne fjellfolk om matmengda? Har ikkje tenkt å gå så langt og hardt eg klarer, men ha fokus på å kose meg og prøve å bli meir vandt til å vere lenge på tur åleine. Er godt turvandt frå før, men føler meg klar for å prøve meg åleine ei vekes tid. Takkar for alle tips og innspel
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.