-
Innlegg
3 715 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Tessatroll vant dagen sist 8. august 2025
Tessatroll hadde mest likt innhold!
Om Tessatroll

- Bursdag 15. juli 1981
Profile Information
-
Gender
Female
Nylige profilbesøk
21 494 profilvisninger
Tessatroll sine prestasjoner
Grand Master (14/14)
-
Sjeldent
-
Sjeldent
-
-
Sjeldent
-
Nylige merker
4,9k
Nettsamfunnsomdømme
1
Hjelpsomme svar
-
Om du sett deg litt meir inn i hans fagbakgrunn, vil du oppdage at han ikkje er ein fagmann på hjortevilt eller viltforvaltning. Å kalle han for en fagkapsitet framfor andre som har via livet til å tileigne seg kunnskap på feltet, på same vis som han har tileigna seg kunnskap på infeksjonssjukdom og zoologi relevant for infeksjonssjukdom og tropemedisin, vert i mine auger heilt snodig. Han må gjerne ytre sine meiningar, og andre må gjerne vere samde, men å tillegge det tyngde på bakgrunn av at han signerer misvisande og out of place titlar i eit kvart stykke han skriv, vert feil. Det er også verdt å notere seg at han er generell motstandar av jakt, og går inn i dei fleste diskusjonar rundt viltforvaltning med sin agenda om at all jakt burde vore forbode. Blir litt som når Berit Nordstrand overalt vert omtala som lege i same åndedrag som ernæringsråda hennar vert omtala....Ho er lege med spesialisering innanfor farmakologi, rus og avhengigheit.
- 167 svar
-
- 6
-
-
Tessatroll begynte å følge Vintersovepose barn (vinteren 25/26) , Rab - Neutrino Pro (dunjakke) - Erfaringer , Rab Vapour barrier socks - Eller andre... og 7 andre
-
Har forgjengeren rab neutrino pluss. 15 år gammal. Skifta glidelås to gonger, lappa den saman og rensa den fleire gonger. Den er noko slapp i forhold til kva den var, og har diverre utspelt si rolle på vintertur, men er framleis med på mildare toppturar haust og vår, i tillegg til dagleg bruk "rundt hushjørna". Imponerande dunfordeling etter alle dessa åra og all julinga.
-
Både eg og @Sig Man har prøvde nokre par med slike. Erfaringa er nok diverre at plastposane frå vinmonopolet held langt betre. Til meg har dei også betre passform på eit vis 😂 altså, plast blir mindre klumpete i skoen. Det skal seiast at det er nokre år sidan vi prøvde rab sine dampsperresokkar, men det verkar ikkje nett som at dei har vorte betre.
- 9 svar
-
- 1
-
-
Ser også at dei har ei fjellski utan stålkant som er litt interessant, men ser ut som den berre er i smørjefri variant diverre.
-
Madshus har jo også lansert fjellski med kortfellesystemt. Eg har dog ingen erfaring desse, då eg hovudsakleg har brukt Åsnes og fischer.
-
Til sånne type turar som Josten synes eg både Gamme og Nansen er gode alternativ. Eg har ein del mil med båe, inkludert nokre runder på/langs/over Josten og synes det funkar godt. Eg held eigentleg ein knapp på Nansen, men tenkjer at Gamme kanskje supplerer skiparken din eit hakk betre.
- 1 svar
-
- 2
-
-
Rottefelle Explorer Sko med god stortå-plass?
Tessatroll svarte på Hemsedalkite sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Har akkurat same issue som deg med stortå, og bruker av den grunn ein del sko med "barfotfasong". Den støvelen som har høvd meg greit er Lundhags Abisku Expedition Xplore. -
Austkysten på hausten kan eg sjå føre meg er noko meir rufsete kanskje ja. Ja Nnasenruta er nok noko dyrare. Og så går ein den helst om hausten. I tillegg til at rutene er ulike (Nansenruta kortare, men noko meir teknisk og meir logistikk), er det også nokre forskjellar på hausttur og vårtur. Eg tenkjer at båe ruter er flotte opplevingar, og kunne godt tenke meg å gå "melkeruta" om våren ein gong.
-
På ingen måte noko årleg kart over bresprekk. Er mogelegens satelittfoto ein kan finne, av varierande årgang. Hadde eg vore deg så hadde eg prøvd å få kjøpt meg eit koordinatsett. Til dømes så trur eg det er mogleg å kjøpe eit utval tenester av til dømes Lars Ebbesen (meinar han framleis sel tenester til turgrupper), deriblant grovkoordinatar for rute. Finnavigeringa løyser ein der og då. Eg har gått Nansenruta lenger sør, med grove koordinatar frå Ebbesen. Skal ikkje vere skråsikker, men så langt eg har forstått er ruta mellom Kangerlussuaq - Isortoq mindre teknisk i brefall, så om ein får eit sett koordinatar som ikkje er alt for gamle så skal det truleg vere greit å løyse resten as you go (med alle atterhald om at eg ikkje har vore nett der).
- 3 svar
-
- 1
-
-
Den føyer seg inn i rekka av ekstremt bra ting frå denne dyktige historieforteljaren og filmskaparen. Den røyvde meg djupt. No går denne forteljinga føre seg i eit landskap som er heimleg, kjent og kjært for meg, og som eg lett relaterer til min bestefar og mi bestemor. Likevel trur eg den talar til mange fleir enn berre folk med "familie med djupe røter i eit fjord-og brelandskap". Rett og slett fordi den er fantastisk laga, og fordi portretteringa og historieforteljinga er gjort på eit vis som gjer at eg trur dei fleste kan relatere det til noko heimleg og nært anten det er slik eller sånn. Innertier deluxe frå Olin.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Støttar denne 100 %. Både eg, som har leia grupper på hobbynivå, og andre som eg kjenner som arbeider meir profesjonelt med guiding, held ferdaråd på "automatikk". Så varierer det litt korleis eit slikt ser ut, i ulike grupper og avhengig av ansvar. Men ferdaråd, absolutt i bruk! Og veldig fornuftig, på så mange plan. Men, eg har også fleire gonger opplevd å ta initiativ til ferdaråd der eg har fått rare blikk. Dette har vore i grupper utan ein særskilt person med ansvar, då eg synes det kanskje spesielt då er viktig. Og enno viktigare om ein ikkje kjenner kvarandre. Både for å vurderer forholda saman, og ikkje minst samordne utstyr. Treng ein verkeleg 10 førstehjelpskrin? Eller, korleis går det utan eit einaste skrin? Kor mange spader har ein? Osv. To gonger har eg opplevd å vere på tur der nettopp den gjennomgangen, og vurderingane vi gjorde saman, har berga oss, om ikkje frå noko så dramatisk som døden så i alle fall frå stort ubehag 😅. Og ein gong har ein person med klaprande tenner og glukogentomme lager takka for nettopp den gjennomgangen som førte til at vi hadde med nok og rett utstyr og mat til å greie oss gjennom Ragnarok (ein tur for venners venner der ingen hadde særskilt ansvar). Tilbake til temaet om formelt ansvar. For ein del år sidan så tok eg turleiarkurs både sommar og vinter gjennom Dnt, og har leia nokre turar for dei. Har også fått stifte kjennskap til dei særleg omfattande HMS skjema som vert brukt. I FORKANT av turen. Som forsovidt er greie for å bevisstgjere og fremje scenariotenking. Eg meiner likevel at deling av vurderingar og kommunikasjon undervegs er noko av det viktigaste tryggleiksarbeidet ein gjer på tur, og at det er menneska som utgjer det viktigaste leddet i tryggleikskjeden. Den kjeden krev løpande vurderingar. Dette krev ferdigheiter og erfaring. Og det er vel kanskje der utfordringa ligg. Kor strenge krav skal ein stille til ein organisasjon med friviljuge turleiarar? Skal det bli umogleg for ein organisasjon å invitere til fellestur utan ein skolert og utdanna fjellførar med ørten års erfaring? Eg synes ikkje det skal vere slik. På eit eller anna tidspunkt må folk ta ansvar for seg sjølve. Det får vere grenser for "pampering", for å bruke eit godt norsk uttrykk. Men, eg meiner også at Dnt sitt utdanningsløp for turleiarar har litt å gå på (hadde i alle fall, mogleg det er endra no). Hugsar at eg den gong då tenkte at eg synes den turleiarrolla med ein "stolt gangar" i front eller bak eller begge deler, var meget utdatert. Og sakna at Dnt vektla meir den turleiarrolla der kommunikasjon og informasjonsdeling er ein naturleg løpande prosess. Eg veit at ein del turlag som gjennomfører tøffe turar i krevjande/alpint terreng har rutine for å ringe til kvar deltakar i forkant for å bli betre kjent og prøve å danne seg eit bilde av om vedkomande er tilstrekkeleg rusta for turen. Slik kan ein kanskje unngå dei største blemmene. Det minkar dog ikkje behovet for ferdaråd og løpande kommunikasjon, med deling av informasjon, observasjonar og vurderingar.
- 111 svar
-
- 4
-
-
Har bytta inn på reklamasjon fleire par Åsnes Nansen pga det samme. Det er dog nokre år sidan, mogleg dei har kome seg no. Eg har elles nokre Amundsen som har fått vanvittig ned juling, og framleis heng saman. Med juling meiner eg at eg stort sett labbar overalt med ski på beina. Eg gidd ikkje nødvendigvis ta av ski i steinete terreng, eller over ei kryssing av barflekk. Så eg labbar over det meste. Sjølv om ein i teorien skal vere meir forsiktig på langtur, spesielt når ein ikkje har høve til å ha med reserve, så er mi erfaring at når ein er i "jobben", anten det er i eit krevjande brefall eller medan ein arbeider for å få med seg alt over eit elvedelta med vekslande føre, så brukar ein skia for alt dei er verdt. Det har mine Amundsen overlevd.
-
Vintersovepose barn (vinteren 25/26)
Tessatroll svarte på andrevr sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har du vurdert å ta ein nett og hendig dunpose til dame og putta den inni fiberposen? Då får du duna som går fortare å varme opp nærast kroppen, og duna kan fylle ut holrom. Dette føresett sjølvsagt at det er plass inni fiberposen, slik at duna ikkje blir for komprimert. Elles så kan du sjekke ut roberts.pl. Fleire av deira varmare posar kan bestillast i XS. -
Ekspedisjonen NRK 2025 - Denali
Tessatroll svarte på frankdrebin sitt emne i Generelt om friluftsliv
Tippar det er tale om bremsetau. Finfin serie (dog galskap med truger 😂).