-
Innlegg
3 707 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Tessatroll vant dagen sist 8. august
Tessatroll hadde mest likt innhold!
Om Tessatroll

- Bursdag 15. juli 1981
Profile Information
-
Gender
Female
Tessatroll sine prestasjoner
Grand Master (14/14)
-
Sjeldent
-
Sjeldent
-
-
Sjeldent
-
Nylige merker
4,9k
Nettsamfunnsomdømme
1
Hjelpsomme svar
-
Austkysten på hausten kan eg sjå føre meg er noko meir rufsete kanskje ja. Ja Nnasenruta er nok noko dyrare. Og så går ein den helst om hausten. I tillegg til at rutene er ulike (Nansenruta kortare, men noko meir teknisk og meir logistikk), er det også nokre forskjellar på hausttur og vårtur. Eg tenkjer at båe ruter er flotte opplevingar, og kunne godt tenke meg å gå "melkeruta" om våren ein gong.
-
Tessatroll begynte å følge Ønsker tilbakemeldinger på en nettjeneste som oppgir vekt på sekken , Grønland - Brefallet , Fedrelandet på NRK og 6 andre
-
På ingen måte noko årleg kart over bresprekk. Er mogelegens satelittfoto ein kan finne, av varierande årgang. Hadde eg vore deg så hadde eg prøvd å få kjøpt meg eit koordinatsett. Til dømes så trur eg det er mogleg å kjøpe eit utval tenester av til dømes Lars Ebbesen (meinar han framleis sel tenester til turgrupper), deriblant grovkoordinatar for rute. Finnavigeringa løyser ein der og då. Eg har gått Nansenruta lenger sør, med grove koordinatar frå Ebbesen. Skal ikkje vere skråsikker, men så langt eg har forstått er ruta mellom Kangerlussuaq - Isortoq mindre teknisk i brefall, så om ein får eit sett koordinatar som ikkje er alt for gamle så skal det truleg vere greit å løyse resten as you go (med alle atterhald om at eg ikkje har vore nett der).
- 3 svar
-
- 1
-
-
Den føyer seg inn i rekka av ekstremt bra ting frå denne dyktige historieforteljaren og filmskaparen. Den røyvde meg djupt. No går denne forteljinga føre seg i eit landskap som er heimleg, kjent og kjært for meg, og som eg lett relaterer til min bestefar og mi bestemor. Likevel trur eg den talar til mange fleir enn berre folk med "familie med djupe røter i eit fjord-og brelandskap". Rett og slett fordi den er fantastisk laga, og fordi portretteringa og historieforteljinga er gjort på eit vis som gjer at eg trur dei fleste kan relatere det til noko heimleg og nært anten det er slik eller sånn. Innertier deluxe frå Olin.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Støttar denne 100 %. Både eg, som har leia grupper på hobbynivå, og andre som eg kjenner som arbeider meir profesjonelt med guiding, held ferdaråd på "automatikk". Så varierer det litt korleis eit slikt ser ut, i ulike grupper og avhengig av ansvar. Men ferdaråd, absolutt i bruk! Og veldig fornuftig, på så mange plan. Men, eg har også fleire gonger opplevd å ta initiativ til ferdaråd der eg har fått rare blikk. Dette har vore i grupper utan ein særskilt person med ansvar, då eg synes det kanskje spesielt då er viktig. Og enno viktigare om ein ikkje kjenner kvarandre. Både for å vurderer forholda saman, og ikkje minst samordne utstyr. Treng ein verkeleg 10 førstehjelpskrin? Eller, korleis går det utan eit einaste skrin? Kor mange spader har ein? Osv. To gonger har eg opplevd å vere på tur der nettopp den gjennomgangen, og vurderingane vi gjorde saman, har berga oss, om ikkje frå noko så dramatisk som døden så i alle fall frå stort ubehag 😅. Og ein gong har ein person med klaprande tenner og glukogentomme lager takka for nettopp den gjennomgangen som førte til at vi hadde med nok og rett utstyr og mat til å greie oss gjennom Ragnarok (ein tur for venners venner der ingen hadde særskilt ansvar). Tilbake til temaet om formelt ansvar. For ein del år sidan så tok eg turleiarkurs både sommar og vinter gjennom Dnt, og har leia nokre turar for dei. Har også fått stifte kjennskap til dei særleg omfattande HMS skjema som vert brukt. I FORKANT av turen. Som forsovidt er greie for å bevisstgjere og fremje scenariotenking. Eg meiner likevel at deling av vurderingar og kommunikasjon undervegs er noko av det viktigaste tryggleiksarbeidet ein gjer på tur, og at det er menneska som utgjer det viktigaste leddet i tryggleikskjeden. Den kjeden krev løpande vurderingar. Dette krev ferdigheiter og erfaring. Og det er vel kanskje der utfordringa ligg. Kor strenge krav skal ein stille til ein organisasjon med friviljuge turleiarar? Skal det bli umogleg for ein organisasjon å invitere til fellestur utan ein skolert og utdanna fjellførar med ørten års erfaring? Eg synes ikkje det skal vere slik. På eit eller anna tidspunkt må folk ta ansvar for seg sjølve. Det får vere grenser for "pampering", for å bruke eit godt norsk uttrykk. Men, eg meiner også at Dnt sitt utdanningsløp for turleiarar har litt å gå på (hadde i alle fall, mogleg det er endra no). Hugsar at eg den gong då tenkte at eg synes den turleiarrolla med ein "stolt gangar" i front eller bak eller begge deler, var meget utdatert. Og sakna at Dnt vektla meir den turleiarrolla der kommunikasjon og informasjonsdeling er ein naturleg løpande prosess. Eg veit at ein del turlag som gjennomfører tøffe turar i krevjande/alpint terreng har rutine for å ringe til kvar deltakar i forkant for å bli betre kjent og prøve å danne seg eit bilde av om vedkomande er tilstrekkeleg rusta for turen. Slik kan ein kanskje unngå dei største blemmene. Det minkar dog ikkje behovet for ferdaråd og løpande kommunikasjon, med deling av informasjon, observasjonar og vurderingar.
- 67 svar
-
- 3
-
-
Har bytta inn på reklamasjon fleire par Åsnes Nansen pga det samme. Det er dog nokre år sidan, mogleg dei har kome seg no. Eg har elles nokre Amundsen som har fått vanvittig ned juling, og framleis heng saman. Med juling meiner eg at eg stort sett labbar overalt med ski på beina. Eg gidd ikkje nødvendigvis ta av ski i steinete terreng, eller over ei kryssing av barflekk. Så eg labbar over det meste. Sjølv om ein i teorien skal vere meir forsiktig på langtur, spesielt når ein ikkje har høve til å ha med reserve, så er mi erfaring at når ein er i "jobben", anten det er i eit krevjande brefall eller medan ein arbeider for å få med seg alt over eit elvedelta med vekslande føre, så brukar ein skia for alt dei er verdt. Det har mine Amundsen overlevd.
-
Vintersovepose barn (vinteren 25/26)
Tessatroll svarte på andrevr sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Har du vurdert å ta ein nett og hendig dunpose til dame og putta den inni fiberposen? Då får du duna som går fortare å varme opp nærast kroppen, og duna kan fylle ut holrom. Dette føresett sjølvsagt at det er plass inni fiberposen, slik at duna ikkje blir for komprimert. Elles så kan du sjekke ut roberts.pl. Fleire av deira varmare posar kan bestillast i XS. -
Ekspedisjonen NRK 2025 - Denali
Tessatroll svarte på frankdrebin sitt emne i Generelt om friluftsliv
Tippar det er tale om bremsetau. Finfin serie (dog galskap med truger 😂). -
Vi avsluttar klimadiskusjonen her og no. Funnet er i utgangspunktet veldig interessant, så me vonar me slepp å stenge tråden fordi den sporar av i diskusjonar kring klima på eit nivå som ikkje er relevant for funnet. Moderator.
- 7 svar
-
- 4
-
-
-
Eg har ikkje kjøpt ei bikkje til (fordi vi tross alt planlegg eit kull, det berre ligg såååå langt fram i tid 🤭). Eg synes det er godt gjort, med tanke på at det har vore fleire flotte kull med grønlandshundar i Norge i år, og eg dånar nesten berre eg ser foto. Eg har heller ikkje kjøpt ein nordisk slede til, fordi vi strengt teke har ein garasje full av pulkar med og utan brems og slede. Men eg kunne tenkt meg ein god gammal av typen som var brukt til ambulansekjøring i Nordmarka. Fun fact (som eg fann no, på leiting etter eit bilde): Oslomarka trekkhundklubb hadde i si tid på det meste 20 spann på helgevakt i marka under skisesongen. Det er litt artig 😄 Elles så har vi ikkje kjøpt eit nytt nortent Gamme i polycotton, men der fryktar eg det berre er eit tidsspørsmål 😳
- 658 svar
-
- 1
-
-
Til Svalbard på liten langtur vinteren 2026
Tessatroll svarte på Tom-G sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
PLB har vel vore eit krav før tidlegare. Og gjerne noko satelittbasert/iridium i tillegg, men ikkje utan PLB. -
Korleis rein oppfører seg varierer stort frå område til område, mellom anna grunna ulik grad av innblanding av tamrein. I Snøhetta vest til dømes, ville du sannsynlegvis (men ingen regel, som det sjeldan er i naturen), hatt ei anna oppleving. Der oppfører reinen seg annleis. Den er I Breheimen har ein både villrein og tamrein tilhøyrande Lom tamreinlag, så kva du såg kjem an på kva delar av Breheimen du var i. I tillegg er det ikkje så veldig lenge sidan villreinen i Breheimen var tamrein.
- 155 svar
-
- 2
-
-
Villrein og tamrein er same art. Om den er vill eller tam er i bunn og grunn eit spm om kor lenge dei har vore "domestisert" i form av fôring m.m. Så kan ein jo trekke det faktumet i den retning ein vil, alt etter kva standpunkt ein er interessert i å bygge opp under, og nyansere det sjølvsagt. Eg synes det er eit faktum ein bør ha med som eit grunnleggande premiss i diskusjon om rein.
- 155 svar
-
- 4
-
-
Eg har etterkvart både prøvd og brukt mange ulike skipar med pulk. Mi erfaring er nok ikkje at spenn er likegyldig. Sjølv med pulk er det stor forskjell på å gå med ei ski som gir deg litt att for trykket du legg i skia, og på å gå med eit par "daue sild" under beina. I valet mellom dei to modellane du nemner, ville eg definitivt gått for Finnmark, gjerne med litt god lengde.
-
Heldig du. Hjå meg trur eg det ville fordra ei tørr og mørk bod på 120 kvm ish... Mi erfaring er at oppbevaringskrava til ulike typar turutstyr er forskjellig, og eg har ikkje plass til å oppbevare absolutt alt tørt og mørkt. No har eg ikkje like mange aktivitetar som før, då eg ikkje bur ved kysten lenger. Eg har difor kvitta meg med havdlepadle - og dykkerutstyr. Men det er likevel en garasje full av trekkhund utstyr, og bodene/kjellar full av klatreutstyr, jakt og fiskeutstyr (med det som krevst av oppbevaring av våpen og optikk), alle variantar av ski, syklar, sekkar og pulkar i fleirtal, samt alt av overnattingsutstyr for sommar og vinter. Når eg tenker meg om hadde det vore mest fornuftig å flytte turutstyret inn i huset og sjølv bu i telt i hagen 😆
- 28 svar
-
- 3
-
-
-
Altså, tilgje meg for avsporing, men eg er dønn imponert. Eg hadde også trengt å vite det når eg pakkar, men det fordrar at ein veit det når ein lagar lister. Den dagen eg har nok oversikt over kvar ting er gøymt i kaoset heime til å fylle ut ei slik kolonne, så sprettar eg champagnen!
- 28 svar
-
- 1
-