Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 722
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    74

Tessatroll vant dagen sist 8. august 2025

Tessatroll hadde mest likt innhold!

3 følgere

Om Tessatroll

  • Bursdag 15. juli 1981

Profile Information

  • Gender
    Female

Nylige profilbesøk

21 597 profilvisninger

Tessatroll sine prestasjoner

Grand Master

Grand Master (14/14)

  • Reacting Well Sjeldent
  • Dedicated Sjeldent
  • First Post
  • Posting Machine Sjeldent
  • Collaborator

Nylige merker

5k

Nettsamfunnsomdømme

1

Hjelpsomme svar

  1. No er ikkje eg så glad i dei stuttjukke pulkane, så med det du har i pariseren og litt til ville eg nok gått for ein Fp 168 eller ein Acapulka Scandic tour 150. Eg har brukt båe, og likar dei båe godt, men endte med å kjøpe Acapulkaen (etter mange år og mange parisbrett). Mi erfaring er at dersom ein er van med å pakke til lange turar med Paris, så gir Acapulkaen (og forsovidt fp 168) eit hav med plass. Om du då held fram med nøktern pakking, så har du ein pulk som oppfører seg særdeles samarbeidsviljugt i det meste av terreng og snøtilhøve. På same tid så har du den ekstra kapasiteten om du skulle få behov.
  2. Eg synes det er fint over låven, men usikker på om det er nokon sti der ja.
  3. Skilde ut innlegg om CO-måler i eigen tråd. - Moderator
  4. Så lenge eg bur åleine eller saman med andre likesinna fyrer eg med bråkebrennar over heile fjøla, anten eg skal fyre for tørk, hygge eller smelte snø. Det går i XGK og Dragonfly her. Nokre som eg er på tur med foretrekk stillare brennarar. Det er greit nok, men då blir det som regel med ein bråkebrennar i tillegg.
  5. Herleg rapport! Fekk umiddelbart lyst på tur. Og så deilig med traktor med skuffe og plass til både mann og pulk, og sleppe Rv. og bustadbygnad. Berre å takke ja tvert!
  6. Eg pakkar dei om i pakkar med få eller enkeltvis, då er dei heilt ok om ein legg dei på innerlomma eller i posen ei stund.
  7. Synes dette var fornuftig bruk av fritid. Denne bokmerker eg gitt!
  8. Om du sett deg litt meir inn i hans fagbakgrunn, vil du oppdage at han ikkje er ein fagmann på hjortevilt eller viltforvaltning. Å kalle han for en fagkapsitet framfor andre som har via livet til å tileigne seg kunnskap på feltet, på same vis som han har tileigna seg kunnskap på infeksjonssjukdom og zoologi relevant for infeksjonssjukdom og tropemedisin, vert i mine auger heilt snodig. Han må gjerne ytre sine meiningar, og andre må gjerne vere samde, men å tillegge det tyngde på bakgrunn av at han signerer misvisande og out of place titlar i eit kvart stykke han skriv, vert feil. Det er også verdt å notere seg at han er generell motstandar av jakt, og går inn i dei fleste diskusjonar rundt viltforvaltning med sin agenda om at all jakt burde vore forbode. Blir litt som når Berit Nordstrand overalt vert omtala som lege i same åndedrag som ernæringsråda hennar vert omtala....Ho er lege med spesialisering innanfor farmakologi, rus og avhengigheit.
  9. Har forgjengeren rab neutrino pluss. 15 år gammal. Skifta glidelås to gonger, lappa den saman og rensa den fleire gonger. Den er noko slapp i forhold til kva den var, og har diverre utspelt si rolle på vintertur, men er framleis med på mildare toppturar haust og vår, i tillegg til dagleg bruk "rundt hushjørna". Imponerande dunfordeling etter alle dessa åra og all julinga.
  10. Både eg og @Sig Man har prøvde nokre par med slike. Erfaringa er nok diverre at plastposane frå vinmonopolet held langt betre. Til meg har dei også betre passform på eit vis 😂 altså, plast blir mindre klumpete i skoen. Det skal seiast at det er nokre år sidan vi prøvde rab sine dampsperresokkar, men det verkar ikkje nett som at dei har vorte betre.
  11. Ser også at dei har ei fjellski utan stålkant som er litt interessant, men ser ut som den berre er i smørjefri variant diverre.
  12. Madshus har jo også lansert fjellski med kortfellesystemt. Eg har dog ingen erfaring desse, då eg hovudsakleg har brukt Åsnes og fischer.
  13. Til sånne type turar som Josten synes eg både Gamme og Nansen er gode alternativ. Eg har ein del mil med båe, inkludert nokre runder på/langs/over Josten og synes det funkar godt. Eg held eigentleg ein knapp på Nansen, men tenkjer at Gamme kanskje supplerer skiparken din eit hakk betre.
  14. Har akkurat same issue som deg med stortå, og bruker av den grunn ein del sko med "barfotfasong". Den støvelen som har høvd meg greit er Lundhags Abisku Expedition Xplore.
  15. Austkysten på hausten kan eg sjå føre meg er noko meir rufsete kanskje ja. Ja Nnasenruta er nok noko dyrare. Og så går ein den helst om hausten. I tillegg til at rutene er ulike (Nansenruta kortare, men noko meir teknisk og meir logistikk), er det også nokre forskjellar på hausttur og vårtur. Eg tenkjer at båe ruter er flotte opplevingar, og kunne godt tenke meg å gå "melkeruta" om våren ein gong.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.