
Bjørnen87
Aktiv medlem-
Innlegg
129 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Bjørnen87
-
Takk for det Ja, det var spørsmål undervegs om alle ville vere med til topps, men det var ingen som var interesserte i å snu før dei var til topps. Jostedalen har mange fine turar, så der er du nok hjarteleg velkommen tilbake.
-
Fjellsport har Arc'teryx Kata 45 liter til redusert pris: http://www.fjellsport.no/kampanjer/salget/lagerrydding/arc-teryx-kata-45-blue-moon.html Ser det kun er kort rygglengde igjen, så den er sikkert mest aktuell om du er kortare i ryggen enn gjennomsnittet. Har ikkje prøvd sekken sjøl, men har inntrykk av at Arc'teryx generelt lagar gode sekker. Om du er DNT-medlem får du 15% ekstra rabatt ved å bruke rabattkoden som var i siste nr. av Fjell og Vidde.
-
Min første turrapport her på forumet, betre seint enn aldri: I går var bedriftsidrettslaget der eg jobbar på den (stort sett) årlege skidagen. I år var turen lagt til Kvitekoven, 1657 moh, på austsida av Jostedalen, i Luster kommune. Her er lenke til kart, så kan dei som ikkje er lokalkjende følgje med: http://ut.no/map/page/maptool/161251?zoom=15&lat=61.636798858643&lng=7.3791198730469&activeTripUuid=bf7ea874-ba35-4940-835f-74a9fa0c158e. Zoom ut to hakk, så har du bra oversikt over heile turen. Avreise frå Gaupne (ca. 3 mil lenger sør, nede ved fjorden) litt etter 9, og ca. kl. 10 spente me på oss skia på Myri (ca. 460 moh, etter mykje diskusjon), der brøytinga av bilvegen sluttar. Der stod det forresten, av alle ting, ein gul, gammal, tysk bubil med nokre ungdommar som truleg var ute i mykje same ærend som oss. Det såg kaldt ut. Kan sitere ruta frå invitasjonen me fekk til turen: "Frå Myri blir det lagt opp ei rute via stølen på Geisdalen, vidare innover Vetle-Geisdalen, forbi Vetle-Geisdalsvatnet, og opp på Geisdalshalsane. Fint utsyn mot Nigardsbreen her! Deretter blir kursen lagd austover mot Kvitekoven (1657 meter over havet), som blir endepunktet for turen. Returen attende til utgangspunktet Myri blir mest truleg same vegen." Me ankom toppen ca. kl. 14. Så godt som vindstille og strålande sol, men med ca. 15 minus tok me ikkje veldig lang pause. Returen nedatt til Myri vart endra noko - me følgde dalen nedatt mellom Kvitekoven og Geisdalsnosi (vist på kartet), vidare ned i Geisdalen, og nedatt til bilane på Myri. Etter ein lang og god dag var folk trøytte og slitne, men veldig fornøgde etter ein fantastisk flott tur
-
Eg har heller ikkje jakka, kun buksa. Den er fantastisk, blir brukt sommar og vinter, til alle moglege friluftsaktivitetar. Svært god lufting, god passform. Om jakka er i samme stilen (noko eg reknar med den er), kan den anbefalast på det varmaste. Trur Fjällräven er "kjent" for å vere litt store i str, difor er det nok lurt (som alltid) å prøve jakka med det du har tenkt å bruke av andre klede før du kjøper. Ang. regn - eg tek normalt med meg ei lett bukse i gore-tex paclite og jakke i gore-tex active shell, i tilfelle det blir regn. Det tek lite plass og veg nesten ingenting.
-
Norrøna Dovre Heavy Duty Hybrid bukse til 799 hos sportsnett: http://www.sportsnett.no/s/p.aspx?pid=1364&cid=1051 Dessverre kun XS og XXL igjen.
-
Enig! Har ikkje denne buksa, men om den er like god som jakka (som eg har), er den meget bra. Fantastisk mykje meir behageleg enn gore-tex så lenge det er kaldt og tørt.
-
Så lenge det er opphaldsver er mi meining at bukser i ein eller anna form for bomullsblanding er å foretrekke. Dette pustar fantastisk mykje betre enn membranstoff, og det blir dermed mykje mindre klamt og fuktig. I tilfelle dårleg ver er det då greit å ha med ei form for regnbukse (eller membran) i sekken. Kan anbefale Fjällräven generelt, dei er laga av G-1000, ein blanding av 35% bomull og 65% polyester, og er etter mi meining både behagelege å ha på, har gode pusteeigenskapar og er svært slitesterke. Tørkar også relativt kjapt, langt raskare enn rein bomull. Kan også impregnerast med Fjällräven sin grønnlandsvoks, og tåler då ein god del fuktigheit, men ikkje kraftig regnver i lang tid. Har sjølv Fjällräven Keb (http://www.fjellrevenshop.no/fjallraven-keb-bukse-p-278-c-144.aspx), og dette må vere den beste buksa eg har prøvd. I tillegg til fjellturar brukar eg den stort sett heile tida til diverse utandørsaktivitet, sommar og vinter. Den er relativt dyr, men om du finn den på tilbud er det berre å slå til. Sjølv fann eg mi på halv pris hos G-Max. Trur alle G-sport og Intersport fører Fjällräven, i tillegg til ein god del nettbutikkar. Når det gjeld størrelse er nok det beste å prøve buksa, med det du ser for deg å bruke av f.eks ullundertøy. Enkelte merker er ganske store i størrelsen, andre mindre, og passformen kan også variere mellom forskjellige modellar frå samme produsent. Om du (som meg) har lett for å sveitte, er det også lurt å sjekke luftemoglegheiter på aktuelle kandidatar. F.eks har buksa eg linka til over, store lufteglidelåsar på både lår og legger, desse brukar eg svært mykje. Lykke til
- 27 svar
-
- 1
-
-
Norrøna Dovre kan også anbefalast. Ca. 1200 g tilsaman, så det blir litt tyngre en 1 kg. Men ellers bør den dressen passe bra til beskrivelsen din. Prisen er ikkje akkurat låg, men det spørst sjølsagt på kva du samanliknar med...
-
Er sjøl plaga med mykje gnagsår i alle slags sko. Men med to lag sportsteip får eg omtrent aldri. Prøv det, før du kjøper nye sko.
-
fotokonkurranse 2013 FOTOKONKURRANSE 2013 - Tråd for innsendelse av bilder
Bjørnen87 svarte på Kjell Iver sitt emne i Foto/Video
-
Kjøpte sjøl denne jakka nettopp (for å ha alternativ til gore-tex no når det er kaldt), på tilbod for øyeblikket: http://www.fjellrevenshop.no/fjallraven-tur-jakke-p-436-c-174.aspx Er så langt svært godt fornøgd med jakka, buksa ser dessverre ikkje ut til å vere på tilbod.
-
Dette var i alle fall billige briller. Erfaringar? http://coop.no/Hva-skjer/Medlemskupp/Rossignol-Multisport-brille/
-
Du kan nok sende inn til Norrøna og få buksa fiksa, så blir den god som ny. http://www.norrona.com/Service/Repair
-
Kjøp av utstyr fra utlandet (utskilt fra røverkjøp)
Bjørnen87 svarte på Rolf_E sitt emne i Alt annet utstyr
Og her er forøvrig ein ganske grei sak for å finne ut kva du må betale. http://toll.no/templates_TAD/ImportCalc.aspx?id=153564&epslanguage=no -
Salomon XA Pro 3D Ultra 2 gore-tex til 599 kr hos XXL: http://www.xxl.no/sko/herresko/joggesko/xa-pro-3d-ultra-2-gtx-joggesko-1084597 Og til 899 hos G-Max...http://www.gmax.no/produkt/384492%28BC_3%29/salomon-xa-pro-3d-ultra-2-gtx%C2%AE/
-
Norrøna Dovre Gore-tex bukse til 1500 hos XXL: http://www.xxl.no/Pr...50&ref=prisjakt Dessverre kun str. 58 igjen.
-
I have now found that there actually is a 24-hour petrol station (Statoil) in Otta. Sorry for the wrong information.
-
Fra Bærum til Fjærland via Sognefjellsveien - hvor lang tid
Bjørnen87 svarte på Fimax sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ifølgje 1881.no, ca. 7,5 t. -
Bergans Alpinist 110/130 liter forhandlere?
Bjørnen87 svarte på Rismyhr sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Ganske sikker på at G-Max i Skien har den, her er overikt over andre butikkar: http://www.gmax.no/Informasjon/gmax/G-MAX-Varehus/ -
Du får alle varer til nettpris, også i dei vanlege butikkane.
-
Helsport Fjellheimen 3 camp til 3099 hos XXL: http://www.xxl.no/ProductPage.aspx?ProductId=5799&ref=prisjakt
-
Erfaringer med Missing Link Nano (Gore-tex paclite) jakke?
Bjørnen87 publiserte et emne i Bekledning
Er på utkikk etter ei lett jakke, sannsynlegvis i Gore-tex paclite materiale. Ser at G-max har tilbud på Missing Link Nano denne veka, nedsatt frå 2000 til 1200 kr. Er det nokon som har erfaringar med denne jakka, gode og dårlege? Har dessverre ikkje anledning til å reise og prøve før tilbudet går ut. Takk for alle svar -
Leatherman Wave til 524 kr på Komplett Fritid, ser ut til at det kun er i dag, 13.05.12. http://komplettfriti...Stål+m/Gaveeske
-
Leatherman Wave. Kjøpte min på NAF-tilbud, ca. 600 kr Har brukt den omtrent kvar dag på arbeid i 4 år, einaste å utsette er at kniven kunne tålt å blitt slipt. Ellers eit knallbra verktøy, og solid skinnveske. Ang. veska til Leatherman Wave black edition som er nevnt oppi her, ser denne i alle fall puslete ut samanlikna med skinnveska til den "vanlige" versjonen. Alt i alt: Får du den til 524 kr, løp og kjøp!!
-
Perhaps you could contact Jostedalen Breførarlag (Jostedalen Glacier Guiding): http://www.bfl.no/english
- 25 svar
-
- 1
-