Det finst like mange ulike pakkeoppsett som folk. Det eg har sett som kan vere lønt når ein er ny, er å snu hjerna litt over frå å pakke etter "kategori" og heller tenke situasjon. Gjer du det på generell basis får du ofte meir funskjonell pakking.
Dvs verbeskyttelse som du treng lett tilgjengeleg, i ein pose samla ( i mi pakkeliste heiter dette stormpose. Noko misvisande då eg også har solbeskyttelse der, samt hauelykt. Består av masker, solkrem, solstift, briller, goggles, ekstra liner). Er det ein dominerande vertype ein dag, får dette kanskje ligge på lomma. Til dømes mykje sol så kjem stifta og kremen fram og får ligge på lomma. I denne posen har eg også gjerne haudelykt. Evt refleks, dersom du ikkje har det på selen din. Eg slår ein slik "wristslapper" rundt reimane på selen min.
Ein pose heiter dagens mat. Den har i seg lunsj, komaposar, energibarer m.m. Denne ligg lett tilgjengeleg saman med drikkeflaske, thermokopp, thermos, stormpose, framkomstpose og do-pose. Framkomstposen består av korte og lange fellar og smurning, alt etter behov. Denne treng ikkje komme inn i teltet på kvelden.
Dunjakke og varmeskjørt skal ogå vere lett tilgjengeleg. Kva som for deg er lett tilgjengeleg avheng av type oppsett på pulk. Arctic bedding eller ikkje osv.
Matposen din med all mat for 4 dager ligg normalt i midt, denne plukkar du middagen utav, og all mat for dagen etter, når du flyttar inn i teltet på kvelden. Slik kan den store matposen berre i pulken heile tida, mindre husafyll å halde orden på.
Vasstett pakkpose til fuelflasker er ein fordel, samt evt ei lita trakt om du skal fylle over frå/til noko.
Koken for seg. I denne kan du også putte spisetøyet som evt ikkje ligg i "dagens mat" pose.
Fyrtøy. I tillegg til dediketrt fyrtøypose som ligg i koken, har eg fyrstikker "Overalt". I dopose, klespose, sovepose, dunjakke. Det verste eg veit å gå tom for, og gidd hjeller ikkje leite etter den berømte nåla i høystakken.Er også ei sikkerheit mtp fukt.
Brennarplata legg ein i botn under matpose eller nokre andre av dei større kollia.
Telt litt avhengig av oppsettet ditt, men pluggar og stenger langs "veggane" på pulken, samme med evt søkestang. Dersom teleskopspade => spada i pulken. I alle fall om du likar å kunne slå den saman/ut.
Førstehjelp og reparasjon for seg. Desse treng ikkje inn i telte på kvelden om du ikkje treng noko i dei. Sportstape og gnagsårplaster har du fordelt i førstehjelp og toalettsaker.
Teltkleder for seg, kanskje i ein pose med anna "teltstæsj" som toalettsaker, batteribankar, bok osv.
Sovepose og underlag i bedding, eller som kolli pakka vasstett. Ved bedding, er nok dunjakka og varmeskjørtet også der. Eit tips dersom du brukar bedding; ta med eit par vasstette pakkposer til sovepose og dunjakke og legg under liggeunderla. SKulle veret slå om og bli skikkeleg grisete, er det kjekt å kunne pakke dette heilt vasstett.
Som du ser opererar eg med fleire små kolli i staden for nokre store "samlekolli" . Dette gir meg betre oversikt, og eg har kolli i henhald til situasjon. Slik slepp eg flytte fram og tilbake på ting som eg eigentleg ikkje treng, til dømes i teltet om natta.
Likevel er det pakka så pass funksjonelt, at eg stort sett får med meg alt i "ei vending" , når teltet er oppe og det er tid for å flytte inn. Kollia får plass langs teltveggen ved sidan av min soveplass, og eg opptek slik veldig lite plass i teltet. Det plar mine teltpartnerar sette pris på