På ingen måte noko årleg kart over bresprekk. Er mogelegens satelittfoto ein kan finne, av varierande årgang.
Hadde eg vore deg så hadde eg prøvd å få kjøpt meg eit koordinatsett. Til dømes så trur eg det er mogleg å kjøpe eit utval tenester av til dømes Lars Ebbesen (meinar han framleis sel tenester til turgrupper), deriblant grovkoordinatar for rute. Finnavigeringa løyser ein der og då.
Eg har gått Nansenruta lenger sør, med grove koordinatar frå Ebbesen. Skal ikkje vere skråsikker, men så langt eg har forstått er ruta mellom Kangerlussuaq - Isortoq mindre teknisk i brefall, så om ein får eit sett koordinatar som ikkje er alt for gamle så skal det truleg vere greit å løyse resten as you go (med alle atterhald om at eg ikkje har vore nett der).