No er ikkje eg så glad i dei stuttjukke pulkane, så med det du har i pariseren og litt til ville eg nok gått for ein Fp 168 eller ein Acapulka Scandic tour 150. Eg har brukt båe, og likar dei båe godt, men endte med å kjøpe Acapulkaen (etter mange år og mange parisbrett).
Mi erfaring er at dersom ein er van med å pakke til lange turar med Paris, så gir Acapulkaen (og forsovidt fp 168) eit hav med plass. Om du då held fram med nøktern pakking, så har du ein pulk som oppfører seg særdeles samarbeidsviljugt i det meste av terreng og snøtilhøve. På same tid så har du den ekstra kapasiteten om du skulle få behov.