Gå til innhold
  • Bli medlem

Vinter i trøndelag, endelig! (Kamtjønnkoia i Trollheimen)


jarle

Anbefalte innlegg

De som bur her har sikkert fått med dykk at det har kome litt av det kvite og kalde stoffet den siste veka. Sjølv fekk eg første føling med vinter i trøndelag forrige helg, då eg for på tur til Kamtjønnkoia i Trollheimen med NTNUI Ski og fjellsport. Det var dessverre ingen gode bilete frå den turen, men ei kort oppsummering vert som følger:

Vi reiste frå byen kl 13 fredag, og starta å gå frå Gjevilvassoset (?) omlag kl 16! det gjekk radig innover mod Gjevilvasshytta, før vi tok på lykter og feller litt inni dalen der. Vidare vart det trakking i laussnøen heilt inn til Koia, som ligg nesten 1200moh. Det blas litt, men var ellers heilt ok vér. Laurdag gjekk me på begge Blåhøene, for å være sikre, og fekk eit kort men fint nedrenn det siste stykket til koia. Då titta sola fram og ;-) På toppane var det sterk vind, null sikt, og veldig isete. Vi måtte heilt fram til varden for å sjå med eigne auge det kartet viste; at ein ikkje bør gå forbi han... Utover kvelden snudde vinden, og det vart stjerneklart. Men sundags morgon var det atter tilbake til sterk vind og snøvér. Eit stykke me måtte av med ski var eg nær ved å verte blåst over ende! Nokre kilometers forsøk på å gå rett fram i whiteout gjekk tåleg bra, og me fekk sikt att i dalsida ned mot Gjevilvatnet. Her var nysnøen djup! Ja, eigentlig for djup, og det var nesten berre å setje rett utfor...

Så gjekk studieveka, og litt innandørsbuldring var det næraste eg kom friluftsliv...

Men idag var det duka for årets første test av Vassfjellet. I god studentstil satsa eg og min venn Øyvind på fellar, og gratistur til toppen for eiga maskin. Anlegget var jo heller ikkje ope heilt til topps, så fellane måtte fram i alle høve. Opp dei preparerte nedfartane kom me heldigvis før det opna, så me slapp å få nokon i hovudet. Vidare tok me oss opp traséen til toppheisen. Me tok av fellene, og tok på hjelm og knebeskyttarar, omtrent ved toppen av denne. Med nasen vend nedover fann me ei linje litt til venstre for heisen, som tok oss gjennom urørt pudder, open granskog, og ned att til bunnen av toppheisen. Og så ein ny tur. Dessverre fekk me telefon frå ein sjåfør med skada hand akkurat idet me skulle opp att ein tredje gong, så det vart med to turar idag. Men akk! Så herleg pudder!

Nokre få bilete: http://folk.ntnu.no/jarleek/bilder/Vassfjellet20012007/index.html

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.