Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg bur i Finnmark for tida og var på jobbreise til Alta. Alta har to hotell og av ein eller annan grunn kanskje ubevisst og kanskje bevisst så var eg seint ute og alle hotella var difor fulle. Å bu på hotell er jo gøy ei stund, men etterkvart er hotell og hotellas luksus slik som med penger og andre ting at ein må ha meir av det for at ein skal få same effekt. Så eg har blitt litt lei.

Sidan hotellrom uansett ikkje lenger var aktuelt kunne eg ha budd på ein campingplass eller gjestgiveri eller noko i den duren. Men det freista heller ikkje. Løsningen på det heile var å bu i telt.

Eg tok med meg mitt nyinnkjøpte knallrøde Hilleberg Saitaris telt og budde eit lite stykka utanfor Alta, nemleg i Kvenvik.

Her ser dykk kor Kvenvik ligg i forhold til Alta: https://norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=10&lat=7780126.65&lon=812359.58&markerLat=7778360.10330394&markerLon=809662.1575330137&panel=searchOptionsPanel&sok=Kvenvik

Og her ser dykk litt meir presist kor eg budde: https://norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=13&lat=7777741.28&lon=810722.61&markerLat=7778360.10330394&markerLon=809662.1575330137&panel=searchOptionsPanel&sok=Kvenvik

Eg budde midt mellom Kvenvannet og Kvenvikvannet.

Kurset varte i to dager, ein mandag og ein tirsdag. Eg tok båt frå Hammerfest til Alta med båt på søndags kveld. Og tok så taxi til Kvenvik. Der var det bekmørkt og eg gjekk to-tre kilometer på skogvei. Fann så ein fin rasteplass ved eit vann, ein meter ifrå vegen og slo opp det ganske store teltet mitt. Dagen etter tok eg turen til Alta med taxi, og etter kurset drog eg tilbake igjen til min lille bolig og steikte pølser og såg på naturen og tenkte djupe tanker.

Dag 2 gjorde eg akkurat det same. Så drog eg heim til Hammerfest om natta og var framme i Hammerfest i halv tre tida.

Dette var eit lite eventyr og eg syntes det var ei meir minneverdig oppleving enn om eg hadde budd på hotell, for ikkje å snakke om gjestgiveri/campinghytte med felles bad etc.

Elles la eg også merke til at 1) eg kan bære veldig mykje vekt ein dag eit begrensa antall kilometer og 2) eit større telt føles mindre kummerleg ut, spesielt i kulde. Det store teltet er jo ikkje varmere pr. se, men det at det var litt meir boltreplass i det teltet enn i Aktoen gjorde at eg trivdes betydeleg betre.

 

Eg kjem til å legge med nokon bilete i ein post under viss det skulle vere av interesse.

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Liker 8
Annonse
Skrevet

Du gløymte bunnduk på ein kilo :) Ja, blei ikkje sliten og lei av vekta. Å gå på flat skogsvei er relativt lett. Sjølv med sekk på 25 kilo. 

  • Liker 2

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.