Gå til innhold
  • Bli medlem

Anders P

Passivt medlem
  • Innlegg

    109
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Anders P

  1. Kanskje eit dumt spørsmål, men korleis sjekker eg for lekkasje ?
  2. Det er kanskje mange som allereie har skrive mykje for og imot bensinbrenner. Det eg lurer på er kva folk tenker om å bruke bensinbrenner ? Det første eg tenker på er om det er trygt. Det andre eg tenker på er kor mykje vedlikehald som trengst for å halde vedlike ein gjennomsnittlig bensinbrenner. For nokre år sidan kjøpte eg inn ein MSR Dragonfly. Sålangt har den fungert utmerket, men eg har ikke brukt den på eit par år. I går prøvd eg den på nytt og den fungerte heilt fint. Eg rota dog litt og skrudde den av for tidleg. Då var det ein del bensindamp som fordampa. Eg var riktignok ute, så det skjedde ingenting. Eg tenkte berre på kva som ville ha skjedd viss eg hadde tent ein fyrstikk da. Det endte med at eg tok med meg ein liten utslitt gassbrenner på tur av frykt for at " noko skulle skje" viss eg brukte bensinbrenneren feil. Kva er folks forhold til bensinbrenner her på forumet ? Mvh Anders
  3. Hei, eg er ein normalvektig mann på 37 år. Primært går eg mest i skogen i Oslo-områdene heile året av og til med lett sekk, men primært med relativt stor sekk for overnatting. Eg ønskjer å kunne gå på sti og utanfor sti i tørt såvel som vått vær. Dei siste seks årene har eg hatt Crispi Skarven som eg har vore veldig nøgd med. Dei er litt store, tunge og stive, men har fungert utmerket med tanke på å vere vanntette og å halde meg varme. No er desse hos mine foreldre, så eg treng eit eller to par fjellsko til som eg kan ha der eg bur i Oslo. Eg kunne tenkt meg eit eller to par fjellsko til. Dei skal aldri brukast med noko form for stegjern, og eg driv ikke med fjellklatring. Viktige områder for meg er komfort, varme og vanntetthet. I tillegg kunne eg kanskje tenkt meg eit par fjellsko med eit litt elegant design og innslag av raudt og orange Det er også eit stort pluss om dei varer eit par år. Har dykk nokon forslag ? På førehand takk. Mvh Anders
  4. Hei. Eg har då kjøpt meg eit nytt telt. Som ordtaket seier, alle gode ting er seks. Mitt nyaste telt er Six Moons design, lunar solo. Dette teltet har ein ventil som er forma med ei plaststang (som er bøyelig). Plaststangen er i ein bue. Eg trur ikke dette er det mest solide teltet i verda så eg lurte berre på om folk har nokon råd eller tips til korleis ein best mogleg skal pakke dette teltet ? Det eg prøver å unngå er at det går hull i teltduken. Er det best å rulle eller å stappe teltet og kor bør ein eventuelt plassere ventilen når ein pakker det i posen ? Takk for alle svar. Anders
  5. Det er bra. Då kan eg kanskje spare 8 kilo på neste fjelltur Det er bra
  6. Eg og mi syster var på overnattingstur på Gaupkollen for nokre veker sidan. Eg endte opp med å bære 8 liter vann. Dette var litt overkill og det var tungt å måtte gå eit par timer i oppoverbakke med ein såpass tung sekk. Så til spørsmålet. På Gaupkollen var det mykje snø. Eg lurte litt på korleis det ville vere å smelte snøen, og så putte noko kull eller bruke filter eller noko i den duren slik at eg kunne drikke vannet utan å måtte vente i tjue minutter på koking ? Kva gjer andre folk når dykk skal på tur og ikkje vil bære med dykk altfor mykje vann ? Anders
  7. Det er viktig å ikkje gløyme Hilleberg Saitaris. Tungt og veldig solid. Og ikkje minst ein særdeles vakkert telt.
  8. Eg ser det finst ein del ekstremt dyre kniver ute på markedet, og også ein del kikkerter som koster ein liten månedslønn. Finst det folk som liker å pusle med dette når dei er på tur ?
  9. Hei, eg lurte litt på kva folk gjer når dei er på tur, dvs etter at du har kome fram til campen. Eg tenkte at eg kunne starte med meg sjølv. Eg liker å bruke tid på å sanke brenne til eit bål. Kutte opp trær som har falt ned, bære dei og hugge dei opp med ein øks. Elles liker eg å koke kaffe og te i eit svært roleg tempo. Ein viktig del av det å gå tur at det er ein låg stimuli-aktivitet og at ting går så sakte. Det er nesten som om dette gir meg ein større ro, det faktum at ting gjerast på ein ineffektiv måte. Stirre inn i flammene på eit bål, eller inn i flammene fra eit kokeapparat med rødsprit. Bade. Eg kan bade året rundt, men på tur bader eg berre om sommeren og våren. Eg må innrømme at eg ofte bruker tid på å surfe på nett, men dette er ein uting som eg ønskjer å redusere. ** I det siste har eg tenkt på sopplukking og det å ta med seg ein kikkert. Korleis er det dykk andre bruker tida dykkar i campen ?
  10. Eiga kaffekvern til tur :) Eg må berre innrømme at her slår du meg når det gjeld glamping.
  11. Du får jobbe litt meir med rettferdiggjørelsen så kan du fort få deg nytt telt.
  12. Mange snakker vakkert om telt fra Zpack og fra Tarptent. Dette er jo veldig lette telt, men dessverre også ganske dyre telt. Eg har sannsynlegvis råd til å kjøpe nok eit dyrt telt, men samtidig så er dei slags moral eller skamfølelse inne i meg som seier: Enda eit telt...hallo ! Samtidig ønskjer eg ikke å leve for spartansk heller. Ett kompromiss blir nok å kjøpe eit Lunar Solo. Men eg trur eg bør ha kjøpestopp ei veke til. ** Det hadde vore artig viss nokon på Luksusfellen endte der fordi dei hadde kjøpt for mange telt.
  13. Då føler eg at det er legitimt for meg også å oppdatere min teltliste: Hilleberg Akto Hilleberg Unna Hilleberg Staika Hilleberg Keron 4 GT Hilleberg Saitaris Eg har også kjøpt meg ein stor og rimeleg tarp. Eit problem eg har er at det er vanskeleg å forklare folk kva eg skal med to firemannstelt ? Hm. Mitt svar er at dei begge to er unike og vakre telt på sin eigen måte. Eg vurderer å kjøpe meg eit lett eindukstelt i tilfelle eg vil gå lange turer i Nordmarka. Hilleberg har ingen telt på under eit kilo så då må eg nok kjøpe telt ifrå nokon andre produsenter. Eg vurder Lunar solo
  14. Som nemnt i ein annan tråd har eg kjøpt meg helsport ekstrem duk og jerven original duk. I tillegg har eg kjøpt egg-beholder. Alle desse kjøpa er rett i min gate ettersom det kan auke henholdsvis matreportoaret på tur (egg) og komforten. Vektvennleg er det dog ikkje. Tøffere folk enn meg biter sannsynlegvis berre kulden i seg eller går i seng så snart sola forsvinn. Men no etterkvart som livets vår ikkje lenger er med meg, fortoner glamping og luksus seg som meir og meir forlokkande.
  15. Så kjøpte eg meg Helsport extreme og jerven classic. På overnattingstur til Tryvann i helga tok eg med meg min Helsport extreme. I nedpakket form er den like stor som ein sommersovepose. Den fungerte veldig godt på. Ein holder godt varmet og den er behagelig å ha på. Eg sov også med den oppå soveposen og det blei ingen kondensproblemer. Det må seiast at det er litt tungvint å flytte seg med den. Sjølv med mine 189 er det lett at kanten subber nedi bakken. Eg må difor halde på duken når eg beveger meg litt som ein holder eit for langt skjørt. Dette er definitivt eit klokt kjøp for turer der fokuset på vekt ikke er det viktigaste. Etterkvart som vinteren gir seg til kjenne i større og større grad vil ein slik duk berre føles meir og meir uunnværlig for min del, trur eg. Og berre så det er sagt: Den er ikke "ekstrem". Den er varm, men du svetter absolutt ikkje i den. Ein kunne heller kalla den "komfort" eller black label fjellduk. Så så langt er eg svært nøgd Takk for alle svar.
  16. Eg har tenkt å campe inne i skogen og har lyst å kjøpe meg både ein lett fjellduk og ein "tung" fjellduk. Det eg lurer på er berre om det eigentleg blir noko varmare med ein lett, ufora fjellduk inne i skogen (der det ikke blåser ?) Mitt andre spørsmål er om forskjellen mellom fjellduker ? 1) Helsport Nordmarka er den billigaste og lettaste Helsport fjellduken som eg finner. Isolerer den dårligere enn Helsport Pro ? (Helsport Pro er dobbelt så tung, dobbelt så dyr, men er også ufora) 2) Jerven duker er ein god del dyrare enn Helsport sine fjellduker. Er det gode grunner til dette ? Holder Jerven sine fjellduker mykje lengre enn Helsport sine fjellduker ?
  17. Hei, eg skal på telttur idag og tenkte å ta med meg mitt Hilleberg Unna telt. Dette er eit telt med relativt romslig innertelt for ein person, og ingen plass i ytterfeltet. Eg veit at eg kan sove med sekken inne i innerteltet, men eg trur det kan bli trangt og at eg fort kan konkurrere om plassen med min eigen sekk. Eg liker å ha så mykje plass som mogleg å boltre meg på. Så eg lurte på om det ville vere mogleg å berre la sekken ligge ute, eventuelt med eit regntrekk over seg ? Eg har tenkt å ligge i Nordmarka så eg veit ikke om eg då risikerer at rev, jerv eller andre dyr kjem og byrjar å fikle med sekken min ? Er det alltid eit must å ha sekken inne i teltet ? Verdisaker og elektronikk kan eg alltids ha inne i teltet, men sekken og andre større ting er det fint å kunne plassere utanfor. Kva tenker folk om dette ? Alle svar mottas med takk.
  18. Spørsmålet er om eg som ikke-jeger skal kjøpe meg ein fjellduk eller om det finst betre alternativ. Sist helg var eg på tur på Kolsåstoppen i Oslo og sjølv om dette er Austlandet og det berre er haust kjente eg at det utpå kvelden blei ganske kaldt, spesielt på beina. På tur aleine eller med venner foretrekker eg at alt går sakte og at eg har moglegheita til å bruke lang tid på alle aktiviteter, ikkje minst det å stirre inn i elden frå bålet. Problemet er som sagt at dette etterkvart blir rimeleg kaldt. Eg har ein veldig stor dunjakke som held meg varm uansett, men eg er lite lysten på å bruke den ved sidan av eit bål. På beine blir eg uansett kald når eg ligger og titter på bålet. Kva gjer folk i slike situasjoner ? Kjøper dykk dunbukser eller fjellduk når dykk dreg på turer på hausten og vinteren ? Takk for alle svar
  19. For eit par månader sidan flytta eg får Hammerfest til Oslo. Her i Oslo oppdaga eg plutseleg at eg har ein haug med venner og potensielle turkamerater, men dei spektakulære turmoglegheitene til Hammerfest skorter det ganske mykje på her i Oslo. Det er ikkje heile min vennegjeng som er spesielt interessert i teltturer så eg prøvde å lage ein lågterskeltur der så mange som mogleg kunne delta. Valet falt på Kolsåstoppen i Bærum. Dette er såvidt eg veit ein av dei få stadene i Oslo-traktene der du får eit realt stup, og stupet er attpåtil ganske høgt. Vennegjengen samla seg på Majorstua klokka fire på fredag ettermiddag. Så tok vi t-banen til Hauger t-banestopp. Derifrå gjekk vi opp til Kolsåstoppen. Eg vil tippe vi brukte omkring ein halvtime. Sola skein og det var omkring 12 grader. På toppen starta vi å sanke ved. Eg elsker utstyr så eg hadde kjøpt inn både tursag og øks. Problemet var at det tidlegare hadde regna uavbrutt i mange veker. Veden var difor våt ganske langt inn og vi hadde store problem med å få fyr. Løsningen viste seg å vere å bruke ein gassbrenner som ein slags flammekaster på kvistene. Etter langt om lenge og nesten ein halv gassboks fekk vi endeleg eit bål som brant stort og stabilt. Vi var tilsaman seks stykker på turen. Tre av oss skulle overnatte og tre skulle berre ha ein dagstur. Vi gjekk opp dit. Åt vår mat. Titta på utsikten over byen, alle dei små lysene som lyste veldig klart i nattemørket. Vi var der for oss sjølv og høyrte såvidt suset ifrå riksvegen langt der nede. Opplevinga av å vere på Kolsåstoppen er ikke heilt den same som å vandre rundt i Finnmark. På dei fleste stader i Finnmark får du opplevinga av at du berre er ein liten maur i eit stort mektig univers av einsam og brutal natur som når som helst kan endre seg å bli farleg, sluke deg. På Kolsåstoppen får du meir opplevinga av ei trygg havn, av eit stykke koselig Freia-melkesjokolade natur. Du har trær, du har bålplass, du har le for vinden og viss du skulle bli redd for mørket eller irritere deg for mykje over teltlivet kan ein alltids trekke ned til sivilisasjonen ved hjelp av ein halvtimes gåtur og ta ein taxi heim til sin varme seng. Så kort sagt: Eg synes også at Kolsåstoppen har sin sjarm. Så gjekk dei tre av mine dagsturvenner heim, og vi tre andre blei igjen og satt og prata rundt bålet. Det var svært koselig. Rundt klokka tolv gjekk vi til våre telt. Eg låg i mitt Hilleberg Staika telt. Eit vakkert, elegant, tungt og meget solid telt. Dei andre låg i Hilleberg Nallo telt og i eit Hilleberg Akto telt. Eg var ganske fornøgd med overnattinga i teltet, men innsåg at eg synes det er litt irriterande å gå oppoverbakke i ein halvtime med ein sekk som veg over 25 kilo. Eg starta å drømme om lettvektsutstyr og om korleis det ville ha føltes å gå på tur med ein sekk på berre 10 kilo. Vi våkna i ellevetida neste dag. Vi drakk presskannekaffe og åt havregrøt og gjekk så ned igjen til sivilisasjon i regn og tåke. Vi var alle einige om at det hadde vore ein fin tur og at vi burde gjere dette igjen snart. Kanskje vi då også skulle utvide det til 2 overnattinger slik at vi i større grad kom i turstemning og slik at roen i enda større grad kunne kome over oss.
  20. Eg har Hilleberg Staika, men har ikke brukt det i særleg dårleg vær. Det er eit fint, solid og stødig telt. Det oser kvalitet og gode løsninger. Innerteltet er relativt romslig for ein, men det kan bli trangt med to. Slik eg ser det vil det iallfall i innerteltet vere lite plass til overs med to stykk foruten dei to liggeunderlagene. Spørsmålet er kor mykje plass du vil ha. Det er ein sann velsignelse med to innganger og to fortelt. Fortelta er romslige for bagasje og rommer lett mine store ryggsekker. Eg ville dog kviet meg litt for å bruke gassbrenner i dette forteltet, men her veit eg at folk er forskjellige. Teltet er veldig vindstabilt, men vekt/volum ratio på dette teltet er ikkje den beste. Her trur eg nok tunneltelt og Orion telta er betre. Teltet er høgt under taket slik at eg med mine 190 cm kan sitte oppreist også oppå to liggeunderlag. Det er ein enorm fordel i mine augo.
  21. Hei. Her om sommeren har eg hatt nokon teltturer inne i Oslomarka. Her er det mange trær, ganske varmt og relativt lite vind. I den samanheng lurte eg på om det kunne vere på sin plass å ha eit lett sommertelt med berre ein duk ? Har folk prøvd dette ? Blei det veldig mykje fukt inne i teltet ? Eg lurte også om folk har erfaring med dette Black Diamond teltet ? https://www.addnature.no/black-diamond-distance-tent-with-adapter-distance-blue-995201.html?gclid=CjwKCAjw4MP5BRBtEiwASfwAL6OYGmtAwtvZDY6lvULw9PuAr2rNpvlIKtOC4EX6fVtOfKc7Wl81iRoCLiwQAvD_BwE&_cid=21_1_-1_9_2253_995201_330732752285_pla&ef_id=CjwKCAjw4MP5BRBtEiwASfwAL6OYGmtAwtvZDY6lvULw9PuAr2rNpvlIKtOC4EX6fVtOfKc7Wl81iRoCLiwQAvD_BwE&ev_chn=shop&campaign_detail=smart_shopping Å ha eit telt som berre veg 725 gram pluss gåstaver høyres svært forlokkande ut. Kva trur folk ?
  22. 1) Dere har jo jevnt visse begrensninger ved hvor langt dere vil dra, men til en annen gang vil jeg bare si at Finnmark og Troms er meget vakkert og meget øde. De to fylkene (som nå har blitt et fylke) byr på noe helt unikt. 2) Juli er nok den måneden der flest mennesker har ferie og derfor flest folk befinner seg i fjellheimen. Viss dere hadde reist på tur i mai, juni eller august kunne dere vært for dere selv i mye større grad.
  23. Eg bruker ei blanding av google maps for å finne ut kor eg er og enten papirkart som eg har kjøpt + kompass, i tillegg til https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=4&lat=7197864.00&lon=396722.00 Sistnevnte er også kjekk å bruke på bilturer og for å planlegge kor ein har lyst å dra.
  24. 1) Fryse medan du går. Eg liker å starte turen med å fryse litt, og så i løpet av heile gåturen framleis ha det litt kaldt. Denne milde kulden gjer meg meir opplagt, føles litt behagelig og gjer at eg svetter ein del mindre. Såframt det ikke byrjar å regne mykje eller det skjer store værmessige endringer hender det svært sjeldan at eg stopper opp for å ta på meg meir klede når eg går. Så med ein gong eg sett meg ned for å ta ein pause eller slå leir, kled eg på meg mykje slik at eg føler meg god og varm. 2) To ulltrøyer. På dei fleste overnattingsturer tek eg med meg to ulltrøye, gjerne ein med netting. Viss eg har begge på meg, skifter eg på kven som er innerst. På den måten let eg den ytterste ulltrøya tørke. 3) Forutsetter låg luftfuktighet. Alt dette fungerer såframt luftfuktigheten er moderat til låg. Med høg luftfuktighet opplever eg at det er lite som tørker og at alt blir vått ganske fort. I slike situasjoner finst det kanskje ikke så mange andre løsninger enn å ha nok varme klede og å akseptere ubehaget. 4) Ulltrøyer har ulik kvalitet. Eg liker best ulltrøye der 100 prosent eller nesten 100 prosent er ull. Eg innbiller meg at dei som har eit blandingsforhold med 50 prosent ull og 50 prosent polyester er mindre varme og meir klamme og kalde. 5) På korte turer kan alt skiftes. Som med alt annan på tur er ein avveining mellom komfort medan du går og komfort i leiren/i pausene. På dagsturer der ein antar ein vil svette mykje, kan ein jo ta med eit skift for alt. For eksempel ekstra undertøy og slike ting.
  25. Eg synes å merke meg ein viss tendens hos ein del menneske som ønskjer anbefalninger på utstyr, at dei rett og slett forventer for mykje av eit produkt. Eit telt kan ikke både vere stort, lett, rimeleg, tåle mykje vind og vere rimeleg samtidig. Ein må velge kva ein synes er viktigast. ** Eg har ikke drive så mykje og gått i Jotunheimen eller på nokon vidder. Mitt generelle inntrykk er at det kan variere ganske mykje når det gjeld vind, og at veret kan vere uforutsigbart og brutalt til tider. ** Teltet du nemner er 178 cm høgt. Om teltet står det blant anna: Expansive pole-supported vestibuleis ideal for hanging out in two Stargaze Luxury chairs or storing bikes and other gear. Creates a complete living and hangout zone, not just a place to sleep. ** 1) Eit høgt telt har meir vindfang og må difor vere meir solid enn eit lågare telt for å tåle same vindstyrke. Eg er usikker på om dette teltet har denne styrken. Eg har aldri høyrt om eit fjelltelt som du bærer på ryggen som er 180 cm høgt. 2) Basert på den teksten eg har sitert så gir dette for meg inntrykk av å vere eit telt som er meir campingtelt som er beregna for å stå i relativt beskytta terreng. Det står ikke nemnt i teksten at teltet er beregna på fjell og vidde. ** Viss eg hadde hatt barn og skulle tatt dei med på tur på høgfjellet ville eg nok valt eit robust og difor også tungt telt slik at vi både var og følte oss trygge. Skulle eg berre ha campa under skoggrensa ville eg heller ha valt eit stort og komfortabelt telt, og delvis nedprioritert soliditet. Eg har dog ingen erfaring med å ta med barn på tur og eg har heller ikke slått opp telt på høgfjellet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.