Gå til innhold
Sigbjørn

Sesongstart Gjendebu - Feira med tur på Knutseggen og Søre Nål

Anbefalte innlegg

Denne helga opna Gjendebu for sesongen, og dermed kom muligheitene for båttransport dit og gitt. Øyvind og Kristian var klar for tur som involverte klatring, og hadde tenkt ut Nålene som eit utmerka turalternativ. Litt skeptisk sjølv, siden eg hadde vore ved nålene før på isglasert føre, men lot meg overbevise om at vi kunne dra inn og sjå korleis det såg ut, og evt gå på andre turar om det var for mykje snø.

Skepsisen kom tilbake når vi kom over Valdresflya i 2-tida natt til lørdag med kuling og snødrev.... Når vi såg ut av teltet tidleg lørdag låg snøen på 1100 m... Jippi! Men, vi såg og flekker av blå himmel og tenkte at yr.no sikkert har rett i at det blir stadig betre ver utover lørdagen så vi kom oss på båten til Gjendebu og håpte det beste. Etter at båten omsider fekk lagt inntil kaia på tredje forsøket pga vinden fekk vi slått opp teltet på teltplassen med best ly for vinden, kokt oss kaffe og sat og såg opp mot nysnøen på sørsida av Gjende. Ein kopp var tilstrekkeleg for å konkludere med at "vi prøver" :D

Første teikn på at dette ville bli ein god dag fekk vi når vi såg at "gamlebrua" var på plass att over Vesleåe, så vi slapp unna dei to ekstra kilometrane den nye stien medførte sist eg gjekk her.. YESSS! Vidare oppover stien mot Svartdalen gjekk det greit, alle tre spente på kor mykje snø som ville ligge opp mot nålene. Vi kom opp i Svartdalen og konkluderte einstemmig med at rett nok låg det nysnø, men Søre Nål såg faktisk OK ut. Kryssa elva og skrådde nordaustover oppover mot nordenden av Knutseggen. Snøfelta var litt halvråtne, men steinane låg betydeleg meir i ro enn sist eg var her. Vel oppe på eggen runda vi under dei første småpinnaklane før vi starta klyvinga over Nørdre og Nestnørdre. Fint med litt oppvarming sidan det her blåste i overkant friskt... Vel framme ved foten av Søre Nål var det tid for litt kaffe og å finne fram klatreutstyret. Den såg rimeleg tørr og fin ut, så ingen grunn til å la vere idag. Når vinden no i tillegg forlot oss for godt vart det veldig fint :D

Vi kløyv opp 6-7 meter på nordvestsida til ein utmerka standplass, før det var tid for å avklare det viktigaste spørsmålet: Kven leder? Med to taulengder og 3 klatrarar fins det kun ei rettferdig løysing.. stein, saks, papir. Kristian var ikkje veeeldig lei seg over å vinne den første taulengda.... Greit opp til standplass over første kanten, om enn prega av nokre kommentarer om fjellskoa sine manglande friksjonseigenskaper... Øyvind fekk æra av å "labbe" vidare til toppen. Luftig men greit bort egga til eit lite sva som fører til det siste opptaket til toppen. Trygt og greit leda til stand ved "rapellblokka", så var det berre for Kristian og eg å følge på. Rett og slett ein nydeleg topp med kongeutsikt i kjempever :P

Rigga til rapellen med slynger rundt blokka rett under toppunktet, umulig å ta feil av kva som er mest brukt her.. Morsom rapell ned dette, greit ned til snøen på austsida. Etter ein liten tur oppom Midtre Nål, var det på tide å vende tilbake mot Gjendebu og hjortebiffen som venta på å bli tilberedd ved teltet. Grei retur, sjølv om snørennene ikkje alltid var bærekraftige nok til at vi unngjekk å trakke oss langt nedi steinura frå tid til anna. Eit og anna hedensk uttrykk om stein kamuflert av snø kom det nok ja... Men, alle tre kom seg ned med alle bein i god behold. :)

Søndag vart det retur med første båt til Gjendesheim, og ein liten kort føremiddagstur på Knutshøe i nydeleg ver. Møtte kun to andre, pluss ei rype midt i stien oppover og mengder av reinsdyr nede ved Øvre Leirungen. Store kontraster mellom snøfrie Knutshøe og Kalvehøgde der snøen ser ut til å ligge ei stund enno.

Kort oppsummert: Sommarsesongen er igang i fjellet, men velg tur med omhu ei stund til.. :)

Sigbjørn

post-1557-133474700403_thumb.jpg

post-1557-133474700427_thumb.jpg

post-1557-133474700448_thumb.jpg

post-1557-133474700471_thumb.jpg

post-1557-133474700523_thumb.jpg

post-1557-133474700559_thumb.jpg

post-1557-133474700583_thumb.jpg

post-1557-13347470061_thumb.jpg

post-1557-133474700627_thumb.jpg

post-1557-133474700643_thumb.jpg

post-1557-133474700659_thumb.jpg

post-1557-133474700675_thumb.jpg

post-1557-133474700691_thumb.jpg

post-1557-133474700707_thumb.jpg

post-1557-133474700725_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Så ut som en flott tur! Bra at vinden løyet når dere kom opp på ryggen, har blåst noe sinnsykt de siste dagene så. Skal på tur om et par uker i Jotunheimen, så fint å få en liten snørapport og. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for rapport om tur og forhold! :) Hadde faktisk vurdert en tur over Knutsholstindane den helgen, men meldingene om snøvær fredag og kraftig vind gjorde til at jeg endret turplanene. Rappellerte dere på et 60m tau? Vanligvis er det for kort til å rappellere ned i østsida, men kanskje det lå en del snø der dere landet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Vi rappellerte på 60m tau ja, men 50m hadde vore rikeleg det og. Var godt med snø mellom nålene no, men snøfonna går nok så langt opp i austsida at du berger deg ned med 50 meters tau seinare i sesongen og. Fonna gjekk eit godt stykke opp i austsida når eg var der hausten 2007.

Trur ellers at Knutsholstraversen hadde blitt uggen på lørdag sidan det framleis låg bra med snø på nordegga mot Store, så var nok lurt val å utsette den litt. Du hadde nok ikkje møtt andre enn oss tre i området iallefall.. :)

S

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Trur ellers at Knutsholstraversen hadde blitt uggen på lørdag sidan det framleis låg bra med snø på nordegga mot Store, så var nok lurt val å utsette den litt. Du hadde nok ikkje møtt andre enn oss tre i området iallefall.. :)

Jeg gikk Knutsholstraversen aleine i 2006; flott tur — anbefales!

Se turrapport: Skjult lenke - logg inn for å se den

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder og sporingslenker

Fjellsport Fjellsport sporing

Outnorth.no Skittfiske
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.