Gå til innhold
  • Bli medlem

Skarvet på langs


ørjan

Anbefalte innlegg

Søndag og måndag gjekk eg nok det som (truleg) vert sesongens siste skitur for mitt vedkomande. Turen gjekk over Hallingskarvet frå Finse til Geilo. Eg var nok litt seint ute i høve årstida, men det gjekk overraskande bra.

Det byrja med morgontoget opp til Finse, sidan nattoget ikkje går laurdag/søndag. Fyrste kilometeren opp frå Finse gjekk til beins, på om lag 1400 moh var det på med skia. Deretter gjekk det nokonlunde greitt opp til Kyrkjedørsnuten, før ferda fortsette innover Skarvet. Her fekk eg eit gamalt spor å følgje, noko som var greitt i dei partia der det var mindre snø og det måtte gåast litt slalåm. Vidare til Hellevassfonni og Folarskardnuten var det stort sett veldig bra, veret var nydeleg, bris i ryggen, nok snø og fantastisk utsyn i alle himmelretningar :lol: . På toppane var det sparsomt med snø, men det skapte ikkje større vanskar. Ned til Folarskardet rota eg litt før eg skjøna at det var korrekt å følgje fonna heilt ned. Overnattinga fann stad i Lordehytta.

Det var nokre minusgrader då eg byrja siste del av turen, litt snø var det òg i lufta opp til topp 1905. Føret var glimrande tidleg på morgonen, dermed gjekk det kjapt avgarde. Utsynet var nok ein gong nydeleg, morgonlyset gjorde Gaustatoppen og Hårteigen mykje tydelegare enn i soldisen dagen før. Før eg visste ordet av det stod eg i Prestholtskardet og festa skia til sekken. Dermed hadde eg veldig god tid til å nå toget på Geilo, noko som vart utnytta med ein lang pause på Prestholtseter. Sesongens siste skitur var over, så sant eg ikkje kjem meg avgarde til Blåskavlen med det fyrste.

Generelt var føret overraskande bra, litt gjennomslag i nærleiken av stein og våt snø skapte berre litt sommarstemning. Tidsbruken var sju timar frå Finse til Lordehytta og fem og ein halv time frå Lordehytta til Prestholtseter.

Ørjan

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne
Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.