Jump to content
IGNORED

3-sesongers telt om vinteren...


sbh
 Share

Recommended Posts

Kor godt fungerar 3-sesongars telt om vinteren?

Må ein kjøpe heilårs-telt hvis det er fare for at det blir brukt på ein vintertur?

Og forslag til eit lett og bra 2-manns telt? :)

Link to comment
Share on other sites

Annonse

Det kommer an på hvor du skal bruke det.

I marka er det normalt ikke noe problem å bruke 3 sesongers telt også på vinteren.

Forutsetter at det har gode luftemuligheter og ikke for mye netting i innerteltet(som f.eks MSR Carbon Reflex har for mye av)

På fjellet ville jeg nok hatt et vintertelt.

Har selv brukt et telt til kr 500 i marka. Fungerer greit nok, blir dog litt mye kondens.

Link to comment
Share on other sites

Generelt vil et 3 sesongs to manns telt være i minste laget for 2 personer om vinteren.Jeg har brukt Nallo 2 mye om vinteren, men da alene. Har satt opp teltet alene i liten storm på vinteren. Luftingen er litt dårlig for vinterbruk. Ønsker du et lett, anvennlig telt, som du også kan stole på på vinterfjellet er Nallo et godt valg. For to voksne mannfolk er det litt trangt. Jeg tar ofte med en tarp i tillegg. Liker den løsningen bedre enn et større telt.

Link to comment
Share on other sites

Kor godt fungerar 3-sesongars telt om vinteren?

Må ein kjøpe heilårs-telt hvis det er fare for at det blir brukt på ein vintertur?

"3-sesongars telt" kan vera så mangt. Og ganske avhengig av modellen, kan teltet delvis fungere vinterstid.

Ein forskjell er eigenskapar i vind. Dette er avgjerande for telting i fjellet, men i tette skogen betyr det ingen ting.

Lufting er også eit tema, enkelte telt har for dårleg lufting, slik at kondens (rim) vert eit problem, andre har litt for god lufting. Det sist treng ikkje vera det heilt store problemet, så lenge det ikkje bles snø inn i teltet. Men fyring i telt er ikkje heilt enkelt, verken i for tette (farlig) eller for luftige telt.

Enkelte telt vil heller ikkje takle stor snølast,. Dersom ein har kontroll over værmeldinga, treng ikkje dette vera noko problem. Eg har sjølv opplevd at eit telt har lagt seg flatt under snøen, og der vert det ganske trangt, men det var sist i mai, og altså godt innanfor bruksområdet for "3-sesongars telt" :)

Så dersom ein planlegg å bruke teltet vinterstid, kjøp eit telt som er konstruert for det. Dersom det derimot bare er "fare" for at det kan bli brukt vinterstid, under rimeleg kontrollerte former, ta høgde for det i valget av telt. Men mi erfaring, er at kravet til eit vintertelt og eit sumartelt, er så ulike at to telt er det mest praktiske, om enn dyrast. Då kan ein, heilt utan kompromiss, velge eit lett sumartelt som skal berast i sekk, og eit romsleg og solid vintertelt som skal ligge i pulken. Og for min del, har eg skaffa meg eit lite men solid (eigenskapar som eit fullgodt vintertelt, men lett for å ha i sekken på bekostning av innvendig plass) til vår- og haustbruk. Dette tåler godt hauststormar, og står godt på vårsnøen. Dette er eit telt fult av kompromiss, og er derofr både tyngre og trongare enn sumarteltet. Eg har altså ikkje verken heilårstelt eller "3-sesongars telt" lenger.

Og forslag til eit lett og bra 2-manns telt? :)

Dersom ingen av dei to er lenger enn 185cm, Hilleberg Nallo. Det er eit veldig bra vår-sumar-haust-telt som godt tålar tilfeldig vinterbruk, også over skoggrensa. Dersom kravet er eit fullgodt vintertelt, Hilleberg Namatj. Då bør kanskje maks personlengde reduserast til nærmare 180cm ved kombinasjon av snø og vind.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy