Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. I Hordaland rasar debatten om den nye og store kraftlinja som skal byggjast som høgspentlinje frå Eidfjord i Hardanger til Samnanger nærare Bergen. Høgspentlinja skal kryssa Hardangerfjorden, for deretter å gå gjennom mykje av det storlagne fjellområdet med mange stølar og mykje kulturhistorie, som er mellom Hardangerfjorden og Bergensbanen lenger nord. Ikkje minst i fjellområda som høyrer til Kvam herad er det flotte fjell- og fjord-landskap som vert skadelidande av denne store kraftlinja. I Hardanger og i naturvernkrinsar er det reist folkekrav om at kraftleidningane skal leggjast i kabel. Det er slik i dag at pengemakta rår, så når Statskraft meiner at høgspentlinje er mest lønsamt, så vert det slik, same kva andre folk meiner. Vonar at eg tek feil, men eg har endå ikkje sett lyspunkt i denne saka. Helsing Stuttjukken.
  2. Det skal visst vera eit lite skogholt med nokre få bjørk på Sør-Grønland. Skal tru om skogholtet sprer seg med fleire skogholt etterkvart. Det er ikkje godt å vita, men det kan henda at Svalbard vert lettare skogkledd med tida........ I Jotunheimen kan det om eindel år vera skog innover sjølv dei høgstgåande fjelldalane, t.d. forbi Glitterheim, Leirvassbu, hengjedalane rundt Utladalen og opp til hytta på bandet, og endåtil over heile Sognefjellet. Held varmetendensane fram, er dette framtida. I Jungfrau i Sveits er skoggrensa på ca. 2000 m.o.h. på nordsida (mot Wengen, Grindelwald og Interlaken), og høgare på sørsida. Det er ikkje utenkeleg at skoggrensa i Norge kan nærma seg slike høgder om 100-200 år, der det eksisterer jord. I første omgang vil fjellgrunnen i seg sjølv stoppa utbreiinga av skogen, for skogen inntar ikkje nakne steinurder, men med aukande mengde organisk materiale i Norge, vert det etterkvart slik at jord- og støv-partiklar blanda med mineral (gjennom erosjon) vert ført høgare oppover og dekkjer steinurdene nedanfrå på lengre sikt, og dermed kan skogen etablera seg etter ein periode med gras- og lyng-vekst. Denne prosessen er tydeleg i Norge, først og framst nedanfor brearmane som trekkjer seg meir og meir tilbake i vår tid, (framrykking og tibaketrekking vekslar, men tendensen er klar). Ta t.d. dalføret frå Gjerde i Jostedalen og innover mot Nigardsbreen. I si tid kom breen heilt ut i Jostedalen, raserte 8 gardar og stoppa ved den 9. garden, derav namnet Nigardsbreen. Dette var på 1700-talet. Sjølv omkring år 1900 låg breen eit stykke nedover dalføret. Så held tilbaketrekkinga fram (eller attende) til der breen er i dag. Der breen låg i dalføret nedanfor vatnet, er det tett bjørkeskog i dag, også der breen låg for 50 år sidan. Ved Briksdalsbreen ser ein det same, og likedan i Fjærland. Helsing Stuttjukken.
  3. Og på Sunndalsøra var det i februar 1990 opptil +19,9°C, og vintervarmen stod på med 2-sifra pluss-grader i over ei veke. Den dagen temperaturen var høgast, gjekk dei i shorts og slo plenen, (rett nok til ære for fotografen, trur eg, men graset var meir enn langt nok til å slåast). Eg trur dette var like før 20. februar det året. Dette var ikkje eit kort blaff av ein fønvind. Denne fønvinden stod på mykje av februar månad det året. Helsing Stuttjukken.
  4. Stuttjukken

    norge på langs

    Kan henda det er nokre tips å finna på denne linken. http://www.norgeslengstepolitisykkelpatrulje.com/index.html . Er det aktuelt er det best å ta direkte kontakt med desse karane, då nettsida har stengt gjesteboka pga. spam. Helsing Stuttjukken.
  5. Snilen treng ikkje flytta så veldig langt i grunnen. Det er berre å flytta til Bergen, det. Bergen ligg som kjendt ikkje i Norge, for bergensarar seier sjølv at dei "ikke kommer fra Norge, men fra Bergen". I Bergen er det stundom varmare om vinteren enn det er i Uganda. Det var jo +13°-14°C ein dag i februar i vinter. Nei, plasseringa på kloden teke i betraktning er den varmaste staden om vinteren på den nordlege halvkule eit stykke oppover Vest-Grønland. Vinteren 2005 fekk dei varmerekord på årsbasis på Grønland, ein februardag med over +16°C. I vår tid må ein sørover for å finna vinterkulde, for dreg ein nordover opplever ein regn og +3°-5°C på Svalbard, både i desember, januar og februar. Det går nok ikkje stort fleire år no til fjordane på Svalbard held seg opne heile vinteren. Helsing Stuttjukken.
  6. Dei manglande geografikunnskapane hjå ein god del folk når stadig nye høgder, men denne var i grunnen god, nemleg å ikkje vita kvar Dovrefjell er. "Når noko er nord for Hamar, ring avdelingen i Nord-Norge"................., er det mogleg?? Spør om slike veit kvar Oslo er neste gong. Når de spør folk på gata i Oslo, risikerer ein at det ikkje går så lang tid før ein finn nokon som ikkje veit kor Oslo er. Helsing Stuttjukken.
  7. Det hender det er lite vegetasjon der eg går, men turen i helga gjekk innover eit bortgøymd vestlandsk dalføre med stor bjørkeskog, tjørnar og bekkar med mange mange aure som skvatt unna i det klare vatnet, store mengder blåbær og litt molter, fint murte trapper i kvasse steinurder, samt vading over ein av dei største elvane i Hordaland. (Det var sjølvsagt før elva vart bygd ut, altså). Turen gjekk til ein støl i området. Start, ca. 150 m.o.h. Snudde ca. 350 m.o.h. Eg trur ikkje det mangla vegetasjon, nei. Dette var alt anna enn høgfjellstur, men så går eg turar både lågt og høgt, alt etter som. Eg likar begge delar. Det vert nok høgfjellsturar seinare mot hausten, men her vest er høgfjellet å rekna som låge åsar samanlikna med Jotunheimen, men det hender at eg ser innover mot dei traktene. Det er jo ikkje SÅ langt unna.......... Helsing Stuttjukken.
  8. For å kommentera overskrifta på tråden; "Morten, Julia m.fl. har ødelagt turgleden". Nei, no pakkar eg i bilen og dreg avgarde. I dag har eg ein sjeldan fridag, så no vil eg på tur, eg. For meg har Morten og Julia m.fl. (dvs. de andre på Fjellforum) sin innsats på Fjellforumet bidrege til at eg vil gå meir på tur. Turgleden er heilt på topp, den............ Helsing Stuttjukken.
  9. Har ods sjekka ut korleis det er med siktelinjene lengst nord i landet. Eg tenkjer på frå dei siste høgfjellsområda i Nord-Troms og Vest-Finnmark i austlege retningar. Mot Raistigaissa, mot åsane på russisk side av Pasvikelva, mot Varangerhalvøya, m.m. Helsing Stuttjukken.
  10. Har ikkje Magasinet ein butikk i ei sidegate til Storgata, tru............. Helsing Stuttjukken.
  11. For Hordaland er følgjande data for juli å nemna (Dagbladet, 8/8-06): Kaldaste gjennomsnittstemperatur; Midtlæger (vestenden av Haukelifjell), +12,6°C. Kaldaste målte temperatur i juli; Finse, +1,5°C. Det betyr at det har vore varmt på dei kaldaste (?) målestasjonane i Hordaland i juli i år. Visst tinar breane. Skal tru korleis det fullstendige fråværet av frost på Finse i juli har å sei for tininga av Hardangerjøkulen. Er det nokon som hugsar den intense varmebølgja over Jostedalsbreen, trur det var sommaren 1980? (Korrigér årstalet om det er nokon som veit nøyaktig). Det var +25°C ned på snøflata under eit kraftig regnvêr. Det gjekk som det måtte gå. Breen slapp praktisk talt, og først og framst Jostedalen fekk merka det underlege vêret den gongen. Elva steig langt på veg 10 meter, alle bruene forsvant og Jostedalen vart isolert i mange stykker kvar for seg innover dalen. Det vart store øydeleggjingar, ikkje minst på dyrka mark i mest heile dalen. Elvane auste ned frå innanfor Fåbergsstølen, Nigardsbreen og Krundalen. Eg trur ikkje det var nokon som omkom. Ein julidag i 1994, den dagen det var marsj nedover Aurlandsdalen vart det uoffisielt målt +31° i 1400 meters høgde, og somme snakka om at det var nærare +50°C nede ved Almen i dalbotnen. Uansett har ikkje eg opplevd noko heitare enn dette verken før eller sidan. (NB. Dette var ting som vart meg fortalt den dagen, så det er klart at dei høge temperaturane må nok modererast noko. Elles skulle det vore artig å visst om nokon har høyrt om eller veit om noko høgare målt temperatur i det norske høgfjellet). Så står det att å sjå kva vår tids varme vil ha og sei for tininga av breane i Norge. Med slike varme år som det er no, skal det snøa kolossalt mykje på breane om vinteren for at dei skal gjera nye framrykk som er såpass kraftige at dei varer for ettertida (dvs. minst 100 år). Det var anslått 20 meter nysnø på Ålfotbreen midt i januar 1989, og det kom mange meter til resten av vinteren. Også dette kan skje fleire gonger. Nett no tiner iallfall breane med stor hastigheit. (Diskusjonen om grunnane til dette treng eg ikkje koma inn på, då dette er diskutert allereie frå fleire sider). Helsing Stuttjukken.
  12. Dei fleste issoleier eg ser er i halvvisna stand, duknakka hengjande med si raudlilla underside på kronblada. Finast er den når den er nyutsprunge som på biletet til Fjellfinn. Issoleia er høgfjellsblomst nr. 1 i Norge, og er den karplanten som er funne høgast over havet her til lands. Det er mange år sidan at det vart opplyst at folk hadde funne den høgstveksande issoleia i 2370 m.o.h. på Galdhøpiggen, like nedanfor toppen med andre ord. Issoleie og isranunkel er det same. Helsing Stuttjukken.
  13. Der eg er i frå (Modalen i Nordhordland) tinte all synleg snø kun 1-2 gonger i ti-året før i tida. No skjer det nestan kvart år. For nokre år sidan skjedde dette rundt 25. juli, og i år ser det ut til å skje rundt 5.-7. august. For nokre år sidan fann eg blåis i inste enden av ei av elvane i Stølsheimen som renn mot Modalen. Dette er ved elva frå Trollabotnen som renn ned mot Gavlavatnet og Dunevollen nordaust i Solrenningsdalføret, like sør for Finnafjorden i Sogn. Staden er i grunnen utanfor allfarveg, og her er lite stiar, men ein kan passera her på tur mellom Solrenningen og Vatnane, ved å gå ruta Solrenningen - Alreksstølen - Dunevoll - Finnabottsgavlen - Skrivareggi - vidare opp mot Urdeggi der ein ser ned mot elva og inn i den mystiske Trollabotnen - Svartavassdalen - Vatnane (Arnafjordfjelli). Offisielt er det ikkje brear i Stølsheimen, men no viser det seg at det er blåis mange stader nord i Stølsheimen. Kor mange år snøen må liggja under trykk for å danna blåis, og kor tjukt snødekket må vera for å danna nok trykk, anar eg ikkje, men dei siste somrane har blåis vorte eit stadig vanlegare syn for fjellvandraren i Stølsheimen. I Stølsheimen er det kun snakk om ørsmå klattar med blåis, såklart, men det er eindel av dei då. Helsing Stuttjukken.
  14. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.658150 . Så vil tida visa kva som hender.............. Helsing Stuttjukken.
  15. Eg var nett utom Straumsnes i Fjaler (utanfor Dale i Sunnfjord) i fjor, og kjente gummilukta frå skifabrikken på Åsneset. Synd at produksjonen av eit slikt rotekte produkt som norske ski ser ut til å opphøra. Det har vorte varsla nedleggjing der år om anna, men eg fryktar for at det er alvor denne gongen (utflagging). I tillegg til at dette er ein arv som er vel verd å ta vare på, handlar dette om arbeidsplassar i eit så til dei grader utkant-Norge. Staden er svært avsides, dersom ein ser det frå Oslo, såklart, men fabrikken er viktig for dei som bur der. Godt at mine nyaste ski kjem frå Åsnes, for å sei det slik. Helsing Stuttjukken.
  16. Det går buss frå Oslo til Rjukan/Tinn i Telemark nokre gonger for dagen. Der er Gaustatoppen og innfallsportane til Hardangervidda via Helberghytta eller Møsvatnet innan rekkjevidde. Nordover kan ein ta toget til Otta, der ein greitt kan nå Rondane via Høvringen. Eg veit ikkje om den bussen går om sommaren, men om vinteren (etter nyttår) går det direktebuss frå Oslo til Gjendesheim og Jotunheimen i helgane. Elles er Bergensbanen nemnt av Robinson, og ein når diverse fjellområde frå stasjonane, Nesbyen, Gol (veg til Hemsedal), Ål, Geilo, Ustaoset, Finse, Hallingsskeid (spanande område), Myrdal og Voss. Mellom Myrdal og Voss går det óg lokaltog, slik at de kan koma til Upsete (rute til Kaldevasshytta, Vosseskavlen/Hallingsskeid og Grindaflethytta), Ljosanbotn (rute til Grindaflethytta og Stalheim/Undredal/Flåm), Mjølfjell og Reimegrend (Raundalen). Alle desse fjellområda ligg innanfor 3-7 timar frå Oslo. Kva som er kort eller for langt er som kjent individuelt. Helsing Stuttjukken.
  17. Eg fann denne artikkelen i avisa Dagen, 18/7-06, skriven av Anders Malm. "Spår krav om hytteriving i fjellheimen". "Naturforskar spår at det vil kome krav om hytteriving i den norske fjellheimen få år fram i tid. Område med villrein og spesielle verneområde vil måtte ryddast for hytter først, trur han. Berre i år vil det truleg bli reist 5000 nye hytter i norske skogar og fjell. Seniorforskar Christian Nellemann ved Norsk institutt for naturforsking trur det vil kome krav om riving av hytter i enkelte område allereie 20 til 30 år fram i tid. -Sjå kva som skjer i utlandet. I USA måtte folk flytte frå Shenandoah for å gje plass til nasjonalpark, og dette har dei halde på med lenge. Også her heime har det skjedd. Den Norske Turistforening har allereie rive Breitjønnbua, og Trolløypa frå Høvringen til Lillehammer vart flytta av omsyn til villreinen. Hjerkinn skytefelt blir rydda for at området skal bli tilbakeført til naturen. Dette kjem vi til å sjå meir av, seier Nellemann til Aftenposten. Nellemann fryktar ein situasjon der tilgangen til fjellet for vanlege folk blir avgrensa på grunn av hytter. Samtidig som den økologiske balansen blir forstyrra. I tillegg trur han det kan få store økonomiske konsekvensar for styresmaktene nokre år fram i tid. -Når kravet om riving kjem, vil vi få rettslege oppgjer vi ikkje har sett maken til. Vi skal hugse på at dei som byggjer luksushytter, har økonomiske musklar til å reisa store erstatningssaker. Det vil utvikle seg til eit mareritt for nasjonale styresmakter, seier Nellemann til avisa". NPK. Likevel trur eg at det på sikt trengs så kraftig lut som dette til ein god dag, skal ein ta vare på naturen. Helsing Stuttjukken.
  18. Set gjerne på fleire namn på biletet, Per Tore Granli. Helsing Stuttjukken.
  19. For eindel år sidan lyste dåverande Bjørgvins-biskop Lønning granskogen (som er planta) på Vestlandet i bann. Det ser ikkje ut til at det hjalp iallfall.................. Helsing Stuttjukken.
  20. Kva elv er det snakk om? Mørkridselva, Fortundalselva eller ei anna elv? Helsing Stuttjukken.
  21. Ein kan ikkje verna seg heilt mot flått fullt ut, men ein hindrar mykje ved å gå med langbukser, noko som dekkjer det meste av overkroppen og om naudsamt støvlar, sjølv om det er over + 50°C. Dermed er det først og framst håret, hendene, nakken/halsen og kan henda brystet som bør sjekkast etter endt tur om dagen. Helsing Stuttjukken.
  22. Kan Sunnmørsalpane vera vakrare enn dette? Det skal noko til. Flotte bilete, Svein. Helsing Stuttjukken.
  23. Gå inn på heimesida til g-arnt. Han har vore på mange toppar der borte, og de finn mange praktfulle bilete derifrå. Helsing Stuttjukken.
  24. Interessant tanke at folk som vil byggja hytter sjølv kan stilla krav til utbyggjar om korleis omgivnadane skal vera, t.d. med tanke på hyttetettheita. Likevel viser det seg at det er hyttebyar som tyt opp inn mot den norske fjellheimen, og hyttene der vert rivne bort lenge før dei vert bygd. Det er tydeleg at majoriteten av dei som skaffar seg hytter i dag, vil ha det ganske så urbant der óg, og oppsøkjer alt anna enn stillheit der hytta skal vera. Mange tek med seg snøskuter, og køyrer frå hyttebyen og innover viddene. Det eine urbane fører meir urbant med seg. Eg har ikkje hytte sjølv, men eg har ein liten hyttedraum. Skal den realiserast må eg verta søkkrik og ha eit hav av pengar til overs, og då tenkjer eg i langt mindre målestokk enn det kjendisrikfolka i Norge har å visa til. Ut på ei øy langt mot nord (like nord for 69°N) der skoggrensa er svært låg har eg sett ei naturperle med eit skogholt ved eit vatn, omkransa av vakre fjell og tindar. Øya ligg heilt ute i havgapet, og den gongen eg budde "nordaførr" vart eg glad i den kontrastrike fjell- og kyst-naturen der nord, og kombinasjonen av flotte fjellturar rett over fjøra ut mot Nord-Atlanteren, der måkene skreik i fugleberget lenger nede, gjerne fullt i reir. Litt skog og kratt på lune stader nede ved sjøen, og snart var ein innover lyngheiene og vidare oppi steinurdane under tindane, medan midnattsola står ute i nord. Skogholtet eg nemnte ligg nære veg, og der er det nokre få og små hytter, delvis skjult i krattskogen. Hytta eg ville hatt skulle ha vore lita, og skulle innehalda kun det aller mest naudsame. Hytta skulle vera som ei lita bu med torvtak, og 15-20 kvadratmeter er meir enn nok, og godt terreng tilpassa. Eg skulle ha eit lite stykke å gå gjennom krattskogen. Hytta skulle liggja ved ein bekk, men vera utan straum og innlagt vatn, og utan annan luksus. Det er min hyttedraum, men eg kjenner ingen trong til å realisera denne, og det er naturen best tent med. Eg tillet meg likevel å ha ein hyttedraum, og staden og naturperla der lever vidare i minnene mine. Helsing Stuttjukken.
  25. Eg synest at det er flott at jenter og damer vert jegarar, eg. Det hender at dei til og med vert dei beste jegarane. Sjølv har eg treft på jenter og samer som driv med jakt, og stort betre jaktresultat skal ein leita lenge etter. Eg har opplevd nokre fantastiske smakprøver frå ei av damene som jaktar på hjort, og ho får til nokre fantastisk gode hjortepølser. Jenter og damer har absolutt noko å gjera på jakt, ja. Det kjem heldigvis stadig fleire jenter inn i jaktlaga no, og det er positivt i eit fram til vår tid hovudsakleg er eit mannsdominert område. Jentene klarar dette like godt som mannfolka etter mi meining. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.