Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 019
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Berre positive erfaringer, har handla mange ganger der på nett. Kjøpte ei jakke der før jul som ikkje passa, sendt tilbake og pengane kom på konto i løpet av kort tid. Tommelen opp!
  2. Terra nova skal lage gode telt, står masse om dei i andre tråder her: http://www.terra-nova.co.uk/
  3. Heilt enig!
  4. Dette er Segalstad si eige sida der han refererar til sine egne artikler. Det er påfallande at han ikkje refererar til andre sine publiserte artiklar. I tillegg er alle artiklane frå 1980 til 1992 (gadd ikkje sjå igjenom alle, med forbehold om feil). Vi bør kanskje legga til grunn nyare publikasjonar, og då i seriøse tidskrift. Mannen publiserar i CO2Science, som neppe kan seiast å vera eit annerkjend tidskrift. I tillegg så inneheld det jo ein rekke faktafeil (sjå konklusjonane rundt CO2 opptak i sjø og pH i sjø) og bastante konklusjonar som "menneskenes utslipp av CO2 fra brenning av fossile brensler kan ikke være årsaken til stigningen i luftens CO2". Som du seier så er dette kompliserte spørsmål og når personer hevdar med ekstrem sikkerhet at slik er det ikkje, basert på artiklar for 20 år siden, er det grunn til å vera kritisk til kjeldene.
  5. Hei, har dynafit bindinger. Har opplevd at ved kanting i preppa bakke så løyser dei ut, kjører no med dei låst i preppa. Sambuar har sam type binding men dei har aldri løyst ut. Aldri opplevd dette ved kjøring off pist. mvh Jostein
  6. Interessant sekk og bedrift Då bestilte du direkte frå bedrifta? Kva betalte du for frakt?
  7. Tusen takk for gode svar! Ser at dei fleste sekkane er sekk med ramme, er det nokon som har erfaring med sekker utan noko form for ramme??
  8. Hei, skal kjøpe ny 40 l sekk ettersom denne er utslitt. Er kraftig inspirert av lettvektstrådene her og ser muligheten til å skifte ut min nåverande 2 kg sekk med ein ned mot 1 kg. Nokon som har gode erfaringer med lette sekker som framleis har litt bærekomfort? NB er ikkje interessert i lettast sekk men ein lett sekk som er god å bære. Denne? http://www.terra-nova.co.uk/Product_Type/Lightweight_Packs/Laser_35_Pack.html evt denne http://www.golite.com/Peak-P842.aspx
  9. TIl info, Håløygen Ottar skal ha eigd 600 tamrein, og i tillegg møtte han på sin ferd langs finmark samer, kvener og nordmenn ein gong på 800 talet. (ref Hålogalands historie).
  10. Dei store syklusane er det forholdet mellom jord og sol som styrer, dette er det ikkje noko uenighet om. Variasjonar innad i desse syklusane, f eks kvifor det er varme periodar midt i ei istid ( td 40 000 til 50 000 år siden) er det litt meir diskusjon rundt. Sjekk: http://no.wikipedia.org/wiki/Milankovi%C4%87-syklusene
  11. Må få lov til å nyansere sør-nord /aust-vest påstanden her. Argentina, chile, australia, new zealand og ikkje minst kina og japan har siste 100 år hat svært gode og oppegåande forskningsinstitusjonar, sannsynlegvis andre land og, men eg kjenner best til dei som ligg på midlare breiddegrader, og deira fagmiljø er fullt på høgde med europa-N-amerika.
  12. Artikkelen til Humlum m fl bestrider ikkje at ein del av oppvarminga er antropogen men at "trenger bedre kjennskap til de naturlige klimasvingninger for å kunne identifisere det menneskeskapte bidrag". Og det er ingen dissens i ulike fagmiljø på at naturlege svingingar påverkar klimaet men 1100 års syklusene finnes ikkje sør for ekvator, men ein finn at desse områda og har ein oppvarmingstrend som er lik den nordlege halvkula. Mange spørsmål...
  13. Ja, slik kan ein bortforklare når vi utryddar enkelte artar, "jaja den var ikkje levedyktig".
  14. Her var det jo berre rot, forenklinger og begrepsforvirring. Og kor ialle dagar har du at antropogen påverknad er 2 w? 1. Solinstråling er relativt lett å kvantifisera, i tillegg til å ekstrapolera bakover i tid. Av registrert oppvarming siden 1700 kan 10 % forklarast av auka solinnstråling, resten må kome av andre kjelder. I tillegg har solinnstrålinga avtatt siste 20 år og dermed skulle vi ha ei nedkjøling, stikk i strid med det som er observert. Så å sei at solkonstanten er 1370 w/m2 er ei grov overforenkling fordi denne har store variasjonar både i tid og rom. 2. "Urban oppvarming" - kritikk som dukka opp i 1995, urbanisme kan forklare oppvarming siste 100 år. Er tilbakevist i mange mange artiklar og ved siste IPCC rapport var dette ikkje tema frå vitenskapeleg hald, frå useriøse klimaskeptikarar var det masse kritikk, ikkje uventa. Men har du tenkt på kvifor andre måleseriar på østlandet viser same trend, og korleis kan du forklare auka havtemp med urbanisme? Som du seier over Nei, er man opptatt av vitenskapen bak så ser en problemene og derfor er det med undring at ein faktisk ikke legg meir vekt på fakta. Istadenfor så set ein Al Gore i same båsen som National Academy of science og Royal society og NOAA, då er det vanskeleg å føre ein debatt når alle fakta i saken vert bortforklart med at det berre er politikk... Og no kjem det eit motinnlegg som bugnar av påstandar, og slik kan vi fortsetje. Eg foreslår at du faktisk set deg ned og finn ein einaste vitenskapeleg artikkel som underbygger det du her seier, og så kan vi ta det frå der.
  15. For å sumera litt, det er heilt greit å tvile, sunn skepsis er berrre bra. Det egentlig debatten bør dreie seg om er kva grunnlag skal vi bygge våre beslutningar på, dvs skal vi i denne skaa legge vitenskapeleg faktabasert kunnskap til grunn slik vi gjorde det ved innføring av røykeloven, stansing av KFK gassutslepp? Begge desse eksempela er hefta med usikkerhet, gjer egentlig passiv røyking auke i helseplager, har vi egentlig oversikt over KFk-gassar sin innverknad på ozon. Svaret her er at nei, vi veit ikkje 100 % sikkert at nokon av desse eksempela, det er knytt ganske mykje usikkerhet til passiv røyking for eksempel, men det er ei overveiande sannsynleghet og difor så vil ein vera føre var. Men ikkje i klimaspørsmålet, til tross for at det er brei enighet at global oppvarming er menneskapt, hovudsakleg frå brenning av fossilt brensel. Og når det i dag ikkje eksisterar noko vitenskapeleg grunnlag for å sei at global oppvarming ikkje er menneskapt så meiner eg at då bør vi faktisk tru på at IPCC, royal society of science, national academy of science og NOAA veit kva dei driv med til det ligg føre forskning som seier noko anna. Og det er derfor eg vil bli operert(dersom det skulle vera naudsynt) av ein kirurg med erfaring framfor ein lofotfskar som er god til å filtera fisk, fordi eg har ein tiltru til forskning.
  16. Ergo så kan vi ikkje stole på nko forskning fordi det e poltisk bestemt, røyking-lungekreft, KFK-ozon lag, sur nedbør etc etc. Så då er spørsmålet mitt kva skal vi bygge vår kunnskap på? Foruminnlegg? Det er ein vanleg strategi blant "klimaskeptikarar" at dei viser til at all klimaforskning er berre politikk. Grunnen til dette er at det i dag ikkje ligg føre noko vitenskapeleg grunnlag for å sei at det ikkje pågår ei menneskeskapt global oppvarming. Dette blir forklart av essem over med at denne forskninga er "politisk" fordi det ikkje er grunnlag til å tilbakevise det på anna grunnlag.
  17. Du skriv over at Jostedalsbreen har vore vekke og arktis var isfritt og tundraen var kraftig redusert. Dette er jo bare påstander uten grunnlag. Under holocene maximum var verken Jostedalsbreen elller folgefonna heilt vekke, absolutt all forskning, som i hovudsak dreier seg om sedimentundersøkingar, syner at desse breane var tilstades gjennom heile siste 10 000 år. Hardangerjøkulen fosvinn imidlertid heilt frå eitkvart sedimentlag rundt 8000 BP, i lag med ein del andre kontinentale/innlandsbrear, medan dei meir maritime breane ser ut til å ikkje vera vekke. Årsaken til dette kan vera at ein auke i nedbør kompenserte for temperaturauke. At arktis var isfritt er det heller ingenting som tyder på. Fram til i dag har eg enda ikkje sett ein vitenskapeleg artikkel som hevder dette så dersom du har ein referanse som faktisk seier at arktis var isfritt så ver snill å legg ved ein referanse. Det er i tillegg svært metodiske problem med å ekstrapolere data til å gjelde isutbreiing på overflata av hav, noko som gjer at det fort vert mykje "kan".... Reduksjon av tundra, det som egentlig er diskusjonen her er om metan i permafrost vil gå ut i atmosfæren. Reduksjon av tundra fører ikkje nødvendigvis til ein reduksjon av permafrost, store delar av taigaen ligg på permafrost i dag. I tillegg er det lite som tyder på at det var ein stor redusjon av permafrost fordi temperaturstigninga under holocen maksimum var knytt til kyst og ikkje til sentrale område av eurasia. Som eg har sagt tidlegare så kan dette vera fodi auka solinnstråling hevar temp på sommaren men og gjer at det vert kaldare på vinteren, derfor kan dette vera ein kompanserande faktor. Fordi vi i dag har eit innhald i atmosfæren av metan og CO2 som er høgare enn vi nokon gong har hatt siste 1 mill år....
  18. Litt usikker på kvifor vi skal byggje iglo, er det artikkelen du har link til her så er det heilt motsette som står i den.....
  19. 1. støtter forslaget om at du tek ein helgetur fyrst før du er ute 7 dager, små steg små steg! 2. Du frys fyrst på ekstremitetar, dvs føter og hender. For min del fyrst på føter, eg har difor med meg fotposer frå forsvaret med sokker/lubbe inni. Desse er eit must for meg, og svært gode å ha til isfiske. Kun skisko evrt altfor aklde til leirbruk for min del. 3. bamseliggeunderlag er godt, kjøper du i tillegg eit billegunderlag av celleplast på biltema så har du dog og rimeleg dobbeltunderlag. NB det er stor forskjell for om folk frys eller ikkje, så test litt ut dette med å liggje på snø. For å sikre betre isolasjon kan du mellom anna leggja granbar som underlag under. 4. teltet funker bra til vinterbruk. 5. vinterturar er kjempeflott og ikkje noko pes i heile tatt, kan du triksa så er det ikkje noko problem å halde seg god og varm heile tida
  20. Gratulerar, har vandra mykje rundt på fjellet men aldri sett jerv, berre spor. Trondheim har etterkvart ein unik byfauna; mår, elg, jerv, havørn, vandrefalk, oter. Imponerande
  21. Eg må få komme med ein kommentar på dette. Varmeperioden for 8000-5000 år sida var knytt regionalt til områda nord for ekvator, men ikkje overalt, uklart av hvilken grunn. Ved å ha polarsirkelen ved Sandnessjøen ville nordområda få meir solinnstråling men desto mindre på vinterstid. Vi fekk denne typen klima vi likar, kalde vintrar og varme somrar Kalde vintrar gjorde at permafrosten på tundraen og isen i arktis ikke gjekk merkbart tilbake, fordi årsmiddeltemp ikkje vart spesielt høgare. Eit anna aspekt som bør trekkast fram her er at CO2 innhaldet og metan innhaldet var på denne tida langt under det vi har pr i dag. Med ein tett korrelasjon mellom innhald av drivhusgass i atmosfæren og temperatur er det svært sannsynleg at global temp vil stige langt over dei temp vi har hatt siste 10 000 år. At dette er skremselspropaganda får stå for debatanten sin rekning men det bør vera grunn til bekymring. Det er og derfor ein nyttar begrepet "kan", fordi ein har aldri hatt så høge nivå av drivhusgass metan og CO2, og dermed veit ein heller ikkje kva som kan skje. At enkelte naturvernorganisasjonar og media tek vekk "kan" og formulerar ulike scenarier som absolutte, er neppe heldig, meiner eg. Eg for min del meiner at når det er så stor enighet om at det pågår ein menneskapt oppvarming (sjå tidlegare innlegg) så tek eg det til etteretning, fordi dette er så komplekst og fagleg vanskeleg at menigmann ikkje har naudsynt spisskompetanse til å vurdere dette, som med mange spørsmål i samfunnet.
  22. ENig denne er god og konkret, set fokus på det som er viktig!
  23. Tja, mitt innlegg er bastant og det er sett på spissen er rett men neppe at det er direkte usant. Så kva fagleg grunnlag er der. IPCC sine rapporter antar eg er velkjent stoff. Siste rapport er samanfatninga av over 1000 ulike publiserte artikler frå alle verdensdelar og eit stort spenn av fagfelt. Konklusjonen er : "Global atmospheric concentrations of CO2, methane (CH4) and nitrous oxide (N2O) have increased markedly as a result of human activities since 1750 and now far exceed pre-industrial values. Most of the observed increase in global average temperatures since the mid-20th century is very likely due to the observed increase in anthropogenic GHG concentrations". Men fordi at ein del anser IPCC som lite troverdige foretok britiske Royal society ein sjølvstendig gjennomgang av eksisterande kunnskap, som vart samanfatta her, (meget oversiktleg og god): http://royalsociety.org/policy/publications/2010/climate-change-summary-science/ Det amerikanske National Academy of Science, som er usa sitt royal society, gjorde det same i 2010: http://americasclimatechoices.org/ccstudycte.shtml og United States Global change research program, dvs statlege direktorat som til dømes NASA og NOAA (dvs US meterologiske institutt) laga ein tilsvarande rapport i 2009, med ei nasjonal vinkling. http://globalchange.gov/publications/reports/scientific-assessments/us-impacts Alle desse tre tunge og svært kompetente fagmiljøa kom med same konklusjonen, nemleg at - det er ein auke i globalt temp siste 50-100 år - den er hovudsakleg menneskeskapt - hovudsakleg forårsaka av brenning av fossilt brensel Eg kan vanskeleg sjå at dette faglege grunnlaget berre kan setjast til side. Det eksisterar heller ikkje noko tilsvarande samanfatning av kunnskap som kontradikterer dette. Så kvifor ikkje anta at det faktisk er noko i det, slik som ein gjorde med KFK - ozon spørsmålet på 80-talet?
  24. Heilt utilgivelig og må vel vera på brudd på forumetiketten
  25. Javel, men då er vi tilbake på min fyrste spørsmål, skal vi byggje våre vurderingar på fagleg grunnlag. Kva byggjer du din vurdering på? Røyrleggar eller kirurg?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.