
Agnar
Aktiv medlem-
Innlegg
245 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Agnar
-
Ikkje første gang det har blitt rare passeringar over elva under Midtnovi. Her har ikkje alltid eksistert ein stie å ta seg over på. Frå Fonn i Stardalen vert det kvart år først i juli arrangert tur over breen til Midtnovi og Tungestølen. Men Arnt: på eine bildet ser det ut som stien no ligg plassert på vestsida av elva! Kjedeleg for dei som kjem opp Langedalen neste gang og vil over, så her lyt du nok ta turen opp igjen. På Nystølsnovi passerte dere antakelig staden der Kaldakari prosjektet har tenkt plassert helikopter-landingsplass og restaurant.
-
Den vart nok høgdepunktet for meg òg, sjølv om eg har gått nattskitur på Jostedalsbreen før. Sjølv om eg aldri blir samlar av 2k-toppar, så har eg som mål å få med meg nye toppar, eller nye område kvart år. Og dette året har blitt spesielt bra, med 14 turar på nye toppar/områder. Deriblant 4 over 2000 m. Men sesongen er langt frå slutt, gjekk første fotturen i februar, og håpar å halde på til ut i november med fotturar.
-
Venta på den ja, Morten. Det er Blægja(med æ) 1304 moh. Høgste toppen i Askvoll kommune, og ikkje så mange som har sett den frå vest som her. Mykje brukt til vårskiturar, men då frå øst. Meinar det er Arnt som har ein turrapport på hans web-side, eller les her: http://impact.ii.uib.no/arnt/Peaks/blaegja.html
-
-
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Bra med engasjement Erik! La oss berre bruke det konstruktivt til beste for den naturen som vi gjerne vil ta vare på, og ikkje til å drive skitkasting på kvarandre. Trur det hadde sett verre ut for naturen her i landet, utan at det dei siste 30 åra hadde vokse fram ei størrre forståing for at det faktisk er viktig å ta vare på restane av den villmarka vi har igjen. Og den forståinge er kommen fordi fleire har engasjert seg. Ja dette er jo essensen av kvifor det er så stort press på området rundt Gjende. Med riksvegen over Valdresflya, som blir brukt av tusenvis av turistar kvar dag om sommaren, og 5 min avstikkar inn til Gjendeosen med svære parkeringsplassar. Det er ingen andre plassar det er så lett å komme inn til "hjartet" av Jotunheimen. Då er det ikkje rart at det blir køar over Besseggen, og at enkelte ser eit potensiale for fleire båtturistar. Og med kø over Besseggen er det naturleg at fleire ser seg om etter andre ruter i området, med dei følgene som vi her har fått. -
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det var då svært, av ein ellers så sindig Hedmarking. Å kalle lia frå Åkrafjorden opp til 700 moh for villmark? Ja vel, tenkjer eg, då har vi jammen meir villmark igjen her på vestlandet enn eg var klar over. Og kven har snakka om rødmaling, det finst då fleire måtar å merke ein sti på. Må sei eg har hatt stor sans for alt du har skrive, både i denne tråden og ellers, men no begynner eg å lure..... Og til Julia: Eg er ikkje for å merke stien over Knutshøe, og meiner at i nasjonalparken skal det ikkje tilretteleggast meir enn det som var då den vart oppretta. Men om eg merker ein sti i mitt område, langt frå nasjonalparkar eller andre verna områder, er eg då ein egoist? Eg gjer det jo slett ikkje for min eigen del, men for at andre skal bruke den, og komme seg ut i naturen. -
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
Agnar svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ikkje heilt uvanleg så endar diskusjonar på dette forumet ganske langt ute på viddene. Det var altså ein frå Røde Kors som etter ein redningsaksjon føreslo merking av ruta. Han fikk støtte for dette av politi, DNT og ein lokal turistvert, mens den som har forvaltningsansvaret går i mot merking. Og som ganske vanleg så endar diskusjonen med ugrunna og usaklege angrep på DNT. Som at organisasjonen må haldast ute frå forvaltninga av nasjonalparken. For eit vås, Morten. Det har vel aldri vore aktuelt å la DNT eller andre organisasjonar for den del, å delta i forvaltning av verna områder. Jotunheimen Nasjonalpark vert forvalta av fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Oppland, og Statens Naturoppsyn på Lom. Dersom nokon gidd, er det berre å lese verneforskriftene for nasjonalparken, så finn ein ut kva som er lov og ikkje av tiltak og endringar. Så i staden for å organisere varderiving på ei rute som neppe blir godtatt merka, bør ein kanskje heller prøve å påverke dei som forvaltar nasjonalparken, på den måten kan ein hindre at eit vedtak om merking vert gjort. -
Ja, endeleg blei det fint vær på Vestlandet igjen. Og det ser ut som det kan bli brukbart heile helga, så ikkje mange timane no før vi kan hente fjellskoa og ferdigpakka sekk.... Dessuten går det an å finne fjell utenom Jotunheimen og Hurrungane òg.
-
Du kan lese heile lova under: www.lovdata.no
-
Kjempefin tur Morten, og gratulerer med dei 300! Har hatt tre flotte turar i forbindelse med bokprosjektet ditt, og gledar meg veldig til å sjå det ferdige produktet. Etter å ha fått tips om mykje molter ved Turtagrøm, drog eg litt tidlegare enn planlagt. Moltene var nok ikkje heilt modne enda, men det blei no litt torsdag kveld. Og for ein kveld det vart, med strålande vær, og ein flott solnedgang. Teltplassen såg veldig innbydande ut på avstand, men viste seg å vere både steinete og våt. Sov likevel brukbart fram til det var på tide å stå opp 04.45. Morten såg då brukbart våken ut, sjølv om senga var ein steinete parkeringsplass ved sida av bilen. Det vart ein flott tur, og om ikkje eg har klatra noko særleg før, så leda Morten oss trygt opp på toppen. Legg ved nokre fleire bilder.
-
Gjekk frå Folven i Stryn, opp Sunndalen, over Kamperhamrane til Merradalsbotten, via Raudalen til Pollfoss, tirsdag og osndag. Ein del snøfonner frå vannskillet til Yste Leirvatnet (1250 - ca 1100 moh), men fast og fin å gå på. Det var verre med alle bekkane og småelvane som var store pga den store snøsmeltinga oppe i høgfjellet.
-
Vanleg propagande frå Asbjørn Nes dette her. I mangel på saklege argument vert dei som er i mot prosjektet hans karakterisert som nikkersadel og rygsekkturidstar. At 90 % av dei fastbuande er for prosjektet er greit, men kva med dei 10 siste prosentane. Vi les i avisene at dei føler seg utstøtte, og tek ikkje lenger del i det sosiale livet i Veitastrond. Når 9 av 10 er for, den eine ikkje tørr å opne kjeften, og som du skriv det finst ikkje turistar i bygda, så er det vel ikkje så rart at det ikkje kom klage på turistflyging i 2001. Du nemner alle som er for prosjektet, men kanskje du skulle ta med dei som har gått i mot det òg. Ang. turistar i Veitastrond, det er berre ei veke sidan 38 gjekk over breen frå Fonn til Tungastølen. Ei turisthytte som nok har sett sine beste dagar. Og Tungastølen var ein gong viktig i utviklinga av breturismen, då DNT hadde base for avvikling av brekurs. Tenk om Veitastrondingane kunne ha satsa på utvikling av denne formen for turisme, slik som så mange andre bygder rundt breen har gjort. Det er berre å sjå på nabobygda Jostedalen, kva ein har fått til der. Det mest interessante er argumentet med butikken. No er det altso Kalda-Kari prosjektet som skal redde butikken. Det er vanskeleg å få det til å rime at desse turistane som skal bussast inn til Veitastrond, for så å bli frakta med helikopter opp i fjellet, skulle legge att så veldig mykje pengar i ein landsens daglegvare butikk. Det kan sjølvsagt bli litt handel alle dei dagane været er for dårleg til at helikopteret kan fly, slike dagar er vi som kjent velsigna med ganske ofte her på Vestlandet. Det skulle ellers vore interessant å vite korleis denne trafikken skal gje arbeidsplassar på Veitastrond. Er det venta at helikopterflygarane skal busette seg i bygda? Det er i det heile vanskeleg for oss som er i mot dette prosjektet å sjå at dette kan vere med å redde eit lite bygdesamfunn frå stagnasjon og fråflytting.
-
På veg til opninga av Fuglesteg på søndag, vart det ein liten kveldstur til Ringsdalen laurdag. Hadde tenkt å ta ein tur på stien innover dalen, men pga mykje overvatten på demninga gjekk vi heller opp på første høgda på sørsida av dalen. Det er fortsatt mykje snø med skiføre i Ringsbotten, men det er veldig stor forskjell frå sørvendte og nordvendte hellingar. Bart det meste av Dyrhaugsryggen, men veldig mykje snø oppover Fanaråken. På søndag bar det så opp til det nyrestaurerte steinhuset på Fuglesteg, 630 moh. Eit imponerande arbeid har vorte gjort på vel eit år, for å sette huset i stand. Utruleg kvar folk fann på å busette seg for nokre hundre år sidan, og her budde det folk fram til 1968. 7 av 8 søsken av den siste familien hadde teke turen, i lag med mellom 5- og 600 andre. Så det var reine folkevandringa oppover frå Fortun. Frå Fuglesteg går det sti opp til Berdalsbandet, og i løpet av sommaren skal det merkast rute over til Turtagrø. Huset har 23 sengeplassar og vert ei vanleg ubetjent hytte.
-
Opptur - flott turbok for Sogn og Fjordane.
Agnar svarte på Agnar sitt emne i Bøker - media - foredrag
I kappittelet om Vik er det fleire turar inn mot Fresvikbreen og Stølsheimen, så her vil du nok kjenne deg igjenn. Anne er ein flott person, og har gjort ein kjempejobb med den nye boka. Ho arbeider i dag i Direktoratet for naturforvaltning, i Statens naturoppsyn. Der har ho ansvaret for oppsynet med Jostedalsbreen Nasjonalpark, pluss nokre mindre naturreservat. -
Opptur - flott turbok for Sogn og Fjordane.
Agnar svarte på Agnar sitt emne i Bøker - media - foredrag
Det gjer du, veit du. Flofjellet i Stryn, og Honndalsrokkjen, f.eks. Frå sistnemnde har du fin utsikt rett til Ålesund. -
I går var det bokslepp for ei ny turbok, med 267 turforslag frå heile Sogn og Fjordane. Boka er illustrert med masse flotte bilder, og omtale av turane. Alle turrutene er teikna inn på flyfoto av turmåla. Stor variasjon i vanskegrad, frå Fanaråken til øyvandring på kysten. Litt tung å ha med i sekken, men ei flott bok som gir inspirasjon til dei som vil utforske dette fylket. Les meir her: www.bt.no/kultur/litteratur/article379262
-
Kanskje det er håp om at det vanvittige prosjektet på Kalda Kari ikkje blir realisert allikevel. Les: www.sognavis.no/lokale_nyhende/article1632263.ece
-
Det var litt feil i linkane eg hadde lagt inn, men no skal dei funke.
-
Egentlig har ikkje mengda av ras noko å gjere med at det fortsatt er mykje snø, men det er den seine våren. I fjella rundt Ringsdalen låg det ca 20 cm ganske fersk nysnø, under var det eit eldre lag med litt roten skare. I solsteiken ut på dagen i går vart denne snøen skikkeleg blaut, og tok til å rase ut. Til vanleg kjem denne perioden med ras fleire veker tidlegare. Vi var nok heldige at skyene holdt sola tilbake til vi hadde passert det verste området i går, sjølv om vi vart litt skremt av det første raset som Morten skreiv om. Følte meg ganske trygg då vi gjekk tilbake, fordi sola forsvant på Dyrhaugsryggen då vi var på vei ned breen. Vi merka det godt oppe i Ringsskardet, at med ein gang skyggen kom, så blei snøen fort ganske hard. Etter som vi ikkje kom i nærkontakt med rasa, så hadde vi ein veldig fin tur, men ein må naturlegvis ha respekt for naturkreftene og bruke sunn fornuft. Meir om rasfaren: www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4801344.html www.bt.no/lokalt/sf/article374667
-
Om du loggar deg inn på: www.istur.no/kva skjedde/snønipa 23.04 kan du sjå bilder frå turen Stardalen - Snønipa.
-
Framleis mykje snø i fjellet: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/4759739.html
-
Og gjesten som gløymde å logge seg inn var meg.
-
Eg har gått eit par natturar på Josten tidlegare, men aldri hatt slik klaff med været. Vi var vel veldig i tvil på fredag etter å ha sett og høyrt værmeldingane, men då Morten ringte kl 12 og sa; vi tar sjansen, så var det berre å sette i gang. Likevel vart eg i stuss då eg køyrde frå Førde om ettermiddagen, og det var regnbyger i fjella rundt. For ikkje å sei snøbyger på toppane. Så kom eg gjennom tunnelen til Fjærland, og det var blå himmel, då skjønte et at dette kunne gå bra. Og klart vart det like til vi stod på toppen av Kåpa, så då gjorde det ingen ting at vi såg skyene komme sigande inn over Sunnmøre. Vel tilbake til Førde om kvelden, så kom regnet på nytt. Som dei andre har vore inne på, det er lysforholda som gjer ein slik tur til ei spesiell oppleving. På denne tida er det berre ein god time at det er litt skymt, men ikkje skikkeleg mørkt. Og å komme opp på breplatået omlag kl 02.30, for så å dagslyset sakte komme sigande, det må berre opplevast. Er veldig takknemlig for ha fått våre med på turen, med hyggeleg turfølge.
-
Samme her. Budde 8 år i Bergen, men vart lei av å traske rundt på Byfjella. Fekk med meg kona(bergensar), og flytta tilbake til Sunnfjord for å oppleve meir natur. Har aldri angra på det, særleg etter turen no i helga.