Gå til innhold
  • Bli medlem

Agnar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    245
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Agnar

  1. Det finst ein veldig grei nedgang frå punkt 1475 til Kupeskardet. Dere har gått for langt mot øst, og rett ned. Ein må svinge vestover ganske tidleg, så kjem ein fint ned nokre hyller, til og med bikkja. Har gått ned her fleire ganger, uten problem. Har berre ein tur på Botnafjellet, som er ein flott topp i eit vilt terreng. Møtte den gangen skodda vest for topp 1475, og gjekk etter kompasset over Blåeggja. Seinare vart det fint, og returen gjekk frå lågaste punktet på Blåeggja, og rett ned på Sørsendalsbreen, som vi kryssa. Heldt på å ende med forferdelse, men det er ei anna historie.
  2. Det var no å trekke grensene litt langt. Bergsdalen ligg i Hordaland, Sunnfjord ligg i Sogn og Fjordane.
  3. Nosafjellet er det flate i forgrunnen. Bildet er teke frå Middalsnosi, ovanfor Nørdstedalseter.
  4. Vil anbefale å ta båten inn til Gjendebu først. Mykje bedre å gå opp Bukkelegeret og Besseggen. Spesielt frå Memurubu mot Besseggen: start tidleg før første båten er kommen frå Gjendesheim. Då kan du ha det ganske fredeleg dei første timane.
  5. Nr 3 trur eg er frå Botnafjellet vest for Kandalen, med Blåeggja og Grovabreen til venstre. Nr 4 er Hornelen. Legg ved eit bilde frå sist helg, kjent motiv, men kanskje ikkje frå denne vinkelen. Kvar er bildet teke frå?
  6. Fjellet må vere Sygneskardfjellet, 1692. Til venstre for fjellet ligg Kamperhamrane, der stien(med ei spesiell historie) går over mot Sjåk. Har gått inn Sunndalen fleire ganger, men berre stien som kryssar over på nordsida så eg har ikkje passert denne sætra. Sidan bildet vart teke på 60 talet står vel neppe selet lenger.
  7. Kan det vere tatt i Sunndalen i Stryn?
  8. Og dei to små fossane på Steinur sitt bilde nr 2 er frå Bødalen i Stryn, der stien går frå Bødalsætra mot Brattebakken og Kåpa.
  9. Ikkje problem å finne skiføre på Vestlandet i april. Dei finaste skiturane går eg i mai, men då blir det mest toppturar. Utanom Hardangervidda, er Stølsheimen eit flott område. Her er det ikkje vanskeleg å gå samanhengande ei veke. Mange hytter i området, om du ikkje vil ha med telt. Fleire område å starte frå: i øst frå Vikafjellet, frå sør i nærheita av Voss, eller frå vest i Romarheimdalen. Nord for Sognefjorden kan du finne samanhengande område frå Balestrand/Høyanger over Gaular- fjellet, og vidare mot Jølster. I Sunnfjord er det fine skiforhold i området mellom Jølster, Førde, Naustdal og Gloppen. Og lenger vest rundt Ålfotbreen, men dette området er litt meir kupert. Kan òg nemne Breheimen som er eit flott område for skigåing i april, gjerne med ein avstikkar til Jostedalsbreen.
  10. Det kunne jo minne om Storen?
  11. Kjenndalsbreen.
  12. Tja, såg eg ikkje dette området seinast i går, då eg køyrde E39 heim frå Bergen? Området ligg mellom Osterøy og Modalen, Høgenipa midt i bildet??
  13. Her ser det ut som du kan vere i ferd med å avslutte Josten på langs. Det må vere Supphellenipa du nermar deg, før du kjem ned på Flatabreen og nedkøyringa mot Fjærland.
  14. Kvitesteinsvarden, med Odin eller Tor i bakgrunnen.
  15. Var nok ikkje beste helga å gå på Gjegnen nei. På søndag var det flom i Skjerdalen, som ligg på austsida av fjellet. http://www.firda.no/nyhende/article3088215.ece
  16. Det var sjølvsagt rett, Longevasshytta i Naustdal kommune.
  17. Får prøve med ei litt vanskeleg oppgåve. Denne er det nok ikkje så mange på FF som har besøkt.
  18. Synest boka er utruleg flott, og eg les det eg kjem over av litteratur om natur og dyreliv. Fekk boka i posten ei veke før eg sjølv skulle til samme området i Jotunheimen i sommar, og brukte den veka til å lese om partia som eg viste vi skulle besøke. Boka er allsidig, med litt historisk stoff, omtale av dei mest brukte stiane og hyttene, om toppane i kvart område og litt om geologi og fauna. Toppen er likevel bilda, som held ein veldig god kvalitet, og gjer at du får veldig lyst å oppsøke alle motiva. Alt i alt ei kvalitetsbok som kan anbefalast, og eg gler meg til fortsettelsen.
  19. Her var du nok på Snønipa, frå Stardalen i Jølster.
  20. Stølsmaradalen.
  21. Forslag til dagsturar: Blægja frå Rørvik, Blægja og Kvamshesten frå Heilevang, eller Kvamshesten frå Bygstad. Tindefjellet frå Vassenden, gir veldig flott utsyn. På Jølster finst det ei mengde fine turmål. Frå Gaularfjellet: Gottopphesten/Jostefonn eller Johannesberget. Litt lenger vest Geitebotsfjellet og Skardfjellet. Frå Haukedalen er det fleire muligheiter. Rundt Nordalsfjorden nær Florø: Ålfotbreen og Gjegnen, i tillegg til mange andre toppar. Forslag til litt lenger tur: Frå Stongfjorden/Askvoll via Nipebu, til Blægja/Kvamshesten og til Langeland, eller den kan forlengast vidare mot Rørvikfjellet og Haukedalen. Frå Sandane til Longevasshytta og vidare til Ålhus eller Angedalen. Mange fine toppar underveis.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.