Gå til innhold
  • Bli medlem

knut

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. knut

    Store Austabotntind

    Her er eit greit bilete som viser ruta frå Vestre. Under gode forhold og tørt fjell er det enklest og minst eksponert å følgje ryggen heile vegen, ikkje ta seg ned i høgresida.
  2. Takk for tips så langt. Har fleire gonger gått over Besseggen frå Memerubu, så det blir nok start frå Gjendesheim fyrste dagen tenkjer eg. Forslaget ditt Sondre virker aktuelt, hytta på Fondsbu er jo flott og også turen dit. Kanskje fiskestanga blir med og Er fortsatt usikker på snøforhold på Surtningsui / Knutsholstind frå Svartdalen. Nokon som har erfaringer eller gått gjennom området den siste tida?
  3. God kveld! I slutten av Juli / starten av August har eg og dama tenkt oss ein tur til området rundt Gjendevatnet. Det blir ein hytte-til-hytte tur, men naturlegvis må eg som einkvar ivrig 2000m-samlar ta med ein og annen 2000m-topp Planen er som følgjer: Starter ved Gjendesheim og går over Bessegen til Memerubu. Overnatter her og tar neste dag turen til Surtningsue med kringliggende topper. Går videre ned til Memerubu og tar turen over Bukkelegeret til Gjendebu. Dag 3 går frå Gjendebu til Torfinnsbu, med ein avstikker via Knutsholstind (snøforhold her?). Dag 4 er meir u
  4. knut

    Kjøp av gps!

    Hei, Vuderer å kjøpe ein heilt grei GPS til bruk i fjellet. Prisklasse ca. 2000-4000 tusen. Nokon erfaringar her på forum? Pris kontra kvalitet? Lurer og på kva eit kart over Jotunheimen kostar og kva kart som er best. Takkar for alle svar
  5. Sant det Tom. Er heilt enig i at diskusjonar skal ha temperatur. Dette er berre sunt. Denne gangen var nok eg litt høg på pæra og i overkant firkanta sjølv! Tykkjer Fjellforum er ein kjempeflott stad som faktisk har inspirert meg mykje i forhold til det å samle på toppar. Er mange fornuftige folk innpå her og det blir diskutert mykje interessant. Det er berre av og til at disusjonar flyt ut i noko anna enn det som eigentleg var temaet. Men dette er jo vanskeleg å unngå heilt. Det viktige er å unngå det mest mogleg.
  6. Ok, eg tok vel litt ekstra hardt i... Men eg meiner fortsatt at denne diskusjonen utarta seg litt i forhold til det som var temaet.
  7. Herregud for eit temperament og diskusjon!!! Fantastisk kor gode folk er til å rakke ned på kvarandre. At det er mogleg å vere så firkanta er nesten utruleg. Skulle tru at ein ikkje gjer noko anna... Eg har studert forumet ein stund og har ikkje sett slike personangrep før. Eg tykkjer dette er svært unødvendig og barnsleg. Dette bør alle vere for gode for!
  8. Mitt utgangspunkt for å gå på 2000-meterar er alltid gleden av å komme seg ut på tur - turgleden er såleis alltid i sentrum. Likevel er eg klar over at eg av og til prioriterer det å gå på ein 2000-metertopp, framfor andre turar som hadde gitt meg minst den same turgleden.. Likevel tykkjer eg ikkje dette er eit stort problem. Uansett kor eg reiser på tur, kjem eg meg ut i naturen og gjennom 2000-meter-samlinga får eg sjå plassar eg elles aldri hadde fått sett. Dette er noko eg skal fortsetje med, uavhengig av kva andre meinar. Refererer til sitatet Kim skreiv i forrige innlegg, og
  9. Går ut ifrå at du meiner Midtre Bukkeholstindar...? Frå Tverrbotntind Ø-1 er det ein bratt snørygg over til dei Midtre Bukkeholstindar. Denne bestod av mykje blåis då eg var oppe i Tverrbytna (to helger sidan). Eg tykte det såg litt tvilsamt ut då, men før snøen er reist på breen, bør det gå rimeleg greitt her.
  10. Store Bukkeholstind er ein fin og luftig topp. Gå frå Leirvassbu, og på stien mot Spiterstulen tek du opp i Tverrbytna. Gå så sikk-sakk opp mot eggen aust for Søre Bukkeholstind (kan vere fordel å gå tidleg opp på eggen her). Vidare følgjer du eggen over Søre og Store Bukkeholstind. Herifrå kan du fortsetje traversen bortover dei vestlege Bukkeholstindar til Bukkehøi. Ein ting å passe på her er moglegheiten for å komme over breelva søre Illåi. Denne er ofte stor. I tillegg er dette ein lang tur, ca. 12 timar for normale personar, men absolutt ein flott tur blant brear og tindar i eit vilt områ
  11. Vesttoppen er etter alt eg har lest og sett den høgaste. Stemmer at toppen ikkje står markert verken på 1:50000 heller 1:100000 karta. Rart sidan dette er den høgaste... Var sjølv på Vesttoppen i august -97 i strålande sol. Vurderte å gå bortover til Austtoppen, men eggen såg i overkant luftig ut så det vart retur til Leirvassbu.
  12. 1. Knut Kjærvik, 19 år, Gaupne (utdanning ved HIS Jørstadmoen på Lillehammar). 2. Stetind i Leirdalen 21. juli 1994. 3. Antall toppar: 48 av 300. Går etter Røyne si liste. 4. Har hatt svært mange flotte turar. Kan likevel prøve å rangere dei beste: a) Toppdag til mange av Bukkeholstindane 16. august 1997. Fekk med meg 5 2000-meterar denne dagen. Gjekk frå Leirvassbu og returnerte same veg. Hadde me vore sikre på at Søre Illåi kunne passerast hadde me reist over fleire toppar samt Bukkehøi, men dette var likevel ein super tur. Totalt ca. 10 timar. Skitur til Kniven, Ge
  13. Takk for beskrivelse og link til turartikkelen. Trur me kjem til å gå heilt opp til bretunga og krysse søre Illåi her, sidan det var vanskeleg lenger nede (iallefall utan å bli blaut...). Den einaste passasjen som verkar vanskeleg er ned i Vakkerbandet. Trur likevel dette skal gå bra. Me ventar til Søndag med turen grunna dårleg værmelding. Greitt å ha flott vær på ein slik tur!! (ikkje sant Julia??) Jaja..nok om det. Kanskje det blir ein liten tur på Laurdag og. Tenkte litt på Tverrbytthornet, men etter å ha lest litt om denne toppen er eg usikker. Får sjå kva det blir til. Ein
  14. Hei, I samråd med familien vart det bestemt å gå Bukkehøi og bortover til Bukkeholstind M2 (2135). Har nokre spørsmål i forbindelse med denne turen: 1. Korleis er det å gå over til Tverrbotntind Ø-1 (2151) herifrå? Har lest om ein bratt snørygg, kanskje det er mykje is her no? 2. Nedgangen frå Bukkehøi til Vakkerbandet. Er denne "grei"? 3. Størrelsen på søre Illåi?
  15. Hei, Eg og familien skal inn til Leirvassbu i helga og planen var å ta så mange 2000 - meterar som mogleg. Begrensinga er at me går utan sikring og at kanskje snø setter ein stoppar på dei mest utsette plassane. Har tenkt ut nokon turar som kan vere aktuelle: 1. Geitsetra - Bukkehøi - Bukkeholstindar V-2, V-3, V-4 evt. NØ, N og den på Tverråbreen. Beste returveg? 2. Leirvassbu - Tverrbytthornet - Tverrbytthornet V. Beste returveg her: Tverrbytna? + evt andre turar? Eg lurar og på om det går an å gå desse ryggane rimeleg greitt (litt klyving er ok): 1. Urdad
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.