Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. DTN Oslo og Omegn har ein del hytter som er drifta av lokale turistforeninger/turlag, eksempelvis ein del hytter i Indre Troms. Sjå til dømes den kjente Dividalshytta: http://www.turistforeningen.no/turplanlegger/cabin.php?ca_id=26&x=17&y=25&v=3 Hyttene der er i praksis Troms turlag sine, sjølv om DNT Oslo formelt sett står som eigar. At DNT Oslo ikkje overdrar hyttene til aktuelle lokal-lag i slike tilfeller, synes eg er merkeleg, det kan umogleg vera aktuelt å drifte desse hyttene "frå Oslo" nokon gong... Akkurat når det gjeld helikoptertransport, så trur eg kanskje at DNT Oslo kan få ganske gode avtalar i forhold til eit lite lokal-lag. For helikopteroperatørane er nok eit enkelt oppdrag lite interessant, medan ei større kontrakt kan medføre ein sterkt redusert pris.
  2. Eg har nytta MSR Dragonfly ei god stund. Har både flaske frå MSR og frå Primus, men har ingen lekkasjar eller andre problem med primusflaska (bruker bare 1l flasker) . Imiddlertid har eg den gamle pumpetypen til MSR Dragonfly, har ikkje prøvd den nye (som du sikkert fekk levert med). Andre merker har eg ikkje prøvd, men har høyrt at det kan vera små forskjellar i gjengene frå dei ulike produsentane. Ute-butikken i Trondheim (Ute.no) forhandla iallefall MSR for ei tid tilbake, så du kan jo sjekke der.
  3. I ein oversikt over gpspunkt til norske fjellhytter og andre overnattingsstader knytta til fjellet, så er det 377 oppføringar som tilhøyrer ein av Turistforeningens medlemsforeningar, medan 234 var private. Dette er ikkje ein samla oversikt, men gjer ein god peikepinn på at det då finnes ganske mange "fjellovernattingsstader" forutan dei tilknytta DNT. Det er også svært mange hytter som blir leigd ut privat, desse er ikkje med i oversikten. Den prislista ski refererer til er nok ikkje heilt komplett. Dei aller fleste medlemsforeningane har til dømes familierabatt for dagsbesøk, dvs at ein familie kan besøke ei sjølv-/ubetent turisthytte for 40-70Kr. Det synes eg på ingen måte er dyrt (?). Dette inkluderer blandt anna: DNT-Oslo og Omegn, Stavanger turistforening, Bergen Turlag, Trondhjem turistforening m.fl. I Nord Norge er det ofte eit noko lågare prisnivå, også på dagsbesøk. I Troms koster det vel rundt 20kr for medlemmar pr dagsbesøk. Se til dømes her: http://www.turistforeningen.no/files/Stavanger_Turistforening/Prisliste%20losji%2006..pdf Den Norske turistforening har sjølv ingen hytter direkte tilknytta seg, bare gjennom medlemsorganiasjonane. Prisar på overnatting blir sett av den lokale foreininga, ikkje av DNT sentralt.
  4. Resync av denne tråden...Edit: Tråden er endeleg synkronisert! Problemet med "manglende" side er løyst Mvh, Ragnar fjellforum
  5. "World Wide Vikings" (wwv) har ein fin oversikt: http://wwv.no/kommunetopper/tabell_fylke.asp Sjå også http://wwv.no/kommunetopper/index.htm
  6. Diskusjonen rundt Rwenzorifjellene i Uganda er skilt ut som eigen tråd: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6914 Moderator
  7. http://www.reiseinfo.no/ntr/ruter/r/31-321.htm From the schedule there seems to be a limited bus-connection on the finnish side of the border during the winter periode, operating from Oulu-Rovaniemi-Muonio to Kilpisjärvi . Therefore an alternative might be to fly to Rovaniemi or Oulu in Finland, then take the bus to Kilpisjärvi. The connection between Oulu-Rovaniemi-Muonio and Kilpisjärvi operates between 24th of march and 12th of may 2007, according to the schedule above, however just on weekday 5 and 6 (fridays and saturdays). Please contact the bus companies to be check the validity of the information. I do think Rovaniemi and Oulu has dayly connection flights to other european cities. Mattings' suggestion might be a better alternative, because it think it is harder to get low price tickets to Rovanjemi/Oulu.
  8. MSR-Varmeveksleren passer fint til dei fleste mellomstore kjeler (1,5-2liter). Har både brukt den på Trangia stormkjøkkenkjeler og andre typer. Den passer altså ikkje til svært store- eller små kjeler. På sidene til MSR står det også at MSR-kjelen på 1,5 liter i Titan ikkje passer. http://www.msrcorp.com/cookware/heat_exchanger.asp Om effekten er såpass som 25% veit eg ikkje. Litt av poenget mitt var at snøsmelting skulle gå raskare og det trur eg også det gjer med ein slik. Syntes iallefall at det hadde ein viss effekt, sjølv om det er vanskeleg å vite om ein ikkje testar det meir systematisk. Likevel er det ikkje noko som er så altfor nyttig, til mindre turar kjem eg ikkje til å den med. Varmevekslaren må sjølvsagt nyttast ilag med vindskjerm/reflektor (også i telt), viss ikkje forsvinn mykje av effekten (vindskjerm/reflektor leveres som standard med til alle MSR primuser)
  9. Hyttene i Rondane er stort sett DNT Oslo. Husk å sjekke opningstider på www.turistforeningen.no / www.dntoslo.no (også sjølvbetent/ubetente som plar opne rundt 15.februar). Husk også DNT standardnøkkel, hyttene i dette området er låst! Dei betente hyttene har vel stort sett sjølvbeteningskvarter i Rondane (har vore på Dørålseter og Rondvassbu, ser ut til at dei andre også har dette). Hytter i Rondane: http://www.turistforeningen.no/turplanlegger/cabin.php?lo_id=NO_ronda -Vanlegvis koster det ikkje noko ekstra for ved i "sesongen" (hyttas opningstid for DNT Oslos hytter). Enkelte medlemsforeningar kan ha eigne reglar for tida utanom "sesongen" (f.eks. Stavanger turistforening), men ikkje DNT-oslo. Kor mykje det faktisk blir praktisert i Stavanger turistforening er eg også i tvil om, då mange hytter manglar vedvekt, samt at informasjonen ikkje er oversatt til engelsk eller tysk (slik som resten av prislista). Hyttene manglar også oppslag om når sesongen er for hytta, så det må isåfall sjekkast opp på førehand. http://www.turistforeningen.no/files/Stavanger_Turistforening/Prisliste%20losji%2006..pdf -Dette er proviantlista til Stavanger turistforening: http://www.turistforeningen.no/files/Stavanger_Turistforening/Prisliste%20proviant%2006..pdf Denne er ikkje heilt identisk med DNT Oslo sin liste, men gjer ei grei peikepinn på kva slags proviant som finnes og priser, fann ikkje lista til DNT-Oslo på nettet. Utvalet kan variere veldig, særleg tidleg på vintaren. Boksmat er det vanlegvis masse av uansett, men denne må gjerne tines opp før bruk om vinteren. -Provianten er ikkje alltid like enkel å lage god lunsj av, men knekkebrød og pålegg kan bli brukbart. Det er også greit utval av kjeks, men ikkje sjokolade. DNT Oslo plar å ha ein slags "energibar" (Wasa greier) på hyttene sine
  10. Vil absolutt anbefale MSR Dragonfly (eventuelt XGK), desse har eg kjemegode erfaringar med. MSR har forøvrig kome med "ny" pumpe til Dragonfly, men har ikkje testa denne. At den vel fortsatt er i plast kan ha sine ulemper, sjølv om eg ikkje har øydelagt noko pumpe enda. Imiddlertid er lyden frå desse MSR primusane ganske høg, så av den grunn er den kanskje ikkje aktuell for deg. MSR Wisperlite bør nytte rensa bensin (dei vi nytta ein gong slo seg heilt vrange med parafin). Sportsnett har også oppdatert sin beskrivelse av denne primusen til "...Anbefaler å bruke renset bensin, heptan. Ved bruk av uren parafin er det lett å få funksjons feil. ", sjølv om det i utgangspunktet vel er ein multifuel-brennar. Eg har ikkje nytta MSR SimmerLite, men denne ser også ut til å kun vera anbefalt med rensa bensin: "Bruk kun renset bensin (heptan) eller whitegas" er tipset på sportsnett Forøvrig så synes eg ikkje støynivået på Primus Omnifuel er så høgt, ein god del lågare enn MSR Dragonfly iallefall.
  11. Tatt for skudd i mørket En jeger i Balestrand ble tatt av politiet mandag kveld for å ha skutt i mørket http://www.nettavisen.no/friluftsliv/article804447.ece
  12. Kanskje litt på sida av temeaet: Fann ikkje ut om den sveiveradioen du referer til har både FM og AM. Imiddlertid er det nok uansett verdt å merke seg at den sterkaste AM (Mellombølge) sendaren i Norge, er blitt lagt ned. Denne sendte på 1314Khz. Mellombølge har hatt god dekning i fjellet (men avhengig av atmosfæriske forhold) i forhold til FM. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5881 Dessverre er store fjellområde no utan radioforhold, inkludert mange turisthytter, på grunn av dette. Enkelte turisthytter har forhold for FM, men har kun "innebygd" radio som kun fungerer på AM (t.d. Holmevasshytta sør for Haukeliseter)
  13. Østlandsposten har ein litt kortare, men kanskje litt mindre dramatisk artikkel om det heile: http://www.op.no/nyheter/article2394091.ece Tvilar ikkje på at dei var "stranda" ein veldig aude stad. At eit helikopter ikkje kjem er vel ikkje så veldig uvanleg, kan jo vera mange grunnar til dette. At dei var i livsfare virker litt merkelg, kanskje det meiner i livsfare under transporten ut av landet. Men det var dette som gjorde at eg stussa litt over det heile. Det verkar forøvrig som dei ikkje hadde med seg eige kommunikasjonsutstyr, i slike strøk bør vel Iridiumen alltid bli med? Dekker ein vanleg reiseforsikring slike ekstra utlegg som oppstår pga uteblitt helikoptertransport? Eller at ein er stranda i eit slikt område? Det kan eg aldri tenka meg, iallefall viss ikkje forsikringsselskapet har blitt kontakta. Sidan dei hadde råd til å legge ut på ei slik reise i utgangspunktet (med helikopter og det heile), så står dei nok i ekstra kostnadane også. Viktigste er vel at dei kom seg "velberga" heim.
  14. Koss vart turen? (Legg gjerne inn ein liten skildring under "Turrapporter" viss du har tid...)
  15. Har søkt opp aktuelle tråder for interesserte: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1172 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1642 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=4218 Har bare littegrann erfaring med Jerven sine produkter sjølv, men dei virker jo til å vera veldig bra. Mange forskjellige modeler, alt frå "syltynn" til skikkeleg isolert.
  16. Kom over ein litt snodig historie i Gudbrandsdølen Dagningen: Reddet av kriminell bande JAKTDRAMA: Øyvind Frich var fanget på verdens tak, 3.900 meter over havet. Han trodde aldri mer han skulle få se Dombås. Men så klarte en kriminell bande å smugle ham hjem. http://www.gd.no/nyheter/article2392591.ece Kort fortalt så var dei på jakttur i Tajikistan. Etter endt jakt i Pamirfjellene kom ikkje heilopteret å henta dei (av årsaker ikkje oppgitt i artikkelen). Vistnok fekk dei ein "kriminell bande" til å frakte dei ut av Kyrgyzstan og Tajikistan, til i Moskva ved hjelp av masse dollar og narkotika (!). Det heile kosta over 200.000,- ekstra
  17. Har fått dette spørsmålet på mail: "Jeg vurderer å bruke deler av påsken 2007 til å bestige noen topper i Hurrungane. Jeg har lest at flere av toppene kan bestiges med ski, men jeg er mer interessert i å bestige dem med til fots. Hvordan er mulighetene for å bestige St Ringstind, St Austbottind og St Dyrhaugsting med stegnjern og evt isøks og tau ved påsketider (mars-april)? Er det mulig eller begynner snøen å bli for bløt så seint på vinteren?" Det er vel fortsatt godt med snø i påsken, så ein fottur er kanskje ikkje så smart?
  18. Litt informasjon i desse trådane: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1172 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1642 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=4218
  19. Har iallefall eit artig bilde...kryssinga over elva ved Arentzbu var luftig...
  20. Maks billdestørrelse er endra til 9999x9999. Kanskje vi kan ha enda større bilder også, men det kan skape problem ved bruk av thumbnails (skal teste...). Vi skulle gjerne ha tillatt større bildefiler, det er under vurdering Mvh, Ragnar fjellforum.net
  21. Diskusjonen rundt "Topper med flest høgdemeter i Norge" er blitt skilt ut i ein eigen tråd: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6740 Mvh, Moderator
  22. Med heile helga til rådighet skulle det vera mogleg å gå den rødmerka turen på kartet. Ein avstikker til Frafjordhatten kan anbefalast om tid og vêret tillett dette (umerka, ikkje særleg sti). Men som REJOHN påpeiker, dette er kanskje litt høgt så seint på hausten, snø og is kan absolutt forekomme. Eit alternativ kan vera å gå opp frå Molaug oppover Norddalen, slik REJOHN foreslår. Dette blir då å gå starte på den austlege ruta mot Frafjordhatten (som er innteikna på kartet), men å gå nordover mot Øvre Espedal viss ein vil lengre innover fjellet. Områda opp av Mån er også ganske fine synes eg, men terrenget er ganske steinete frå Fidjavatnet og oppover. Her passeres også Månafossen, som ofte er eit fint syn om hausten. Du starter nesten nede ved fjorden, så det blir litt høgdemeter oppover i starten nesten uansett kva rute du vel, så bereng GOD tid på oppstigning. Teltplasser er det genrelt veldig få av i skogen, så det er nok best å kome seg over tregrensa. Alltid greit å campe nært eit vatn eller ein brukbar bekk, vatnet skulle vera reint og godt!. Går du likevel opp ved Fjordhyttene: Ver veldig obs på at du IKKJE skal gå ut på "terrasestien/fiskestien" langs fjorden, men ta opp bratt opp lia like etter hyttene. Veldig enkelt å ta feil sti akkurat i starten. Det er vel i overkant av 500 høgdemeter opp til Dybningen. Ta uansett med lykter, mørket kjem ofte raskare enn forventa... Korrekt, t/r vil sei begge veger, som oftes også samme veg fram og tilbake. Kan også inkludere litt ekstra tid ved turmålet, før ein snur å går tilbake. Dermed er det ofte eit estimat på kor lang ein dagstur vil vera.
  23. Reknar med det er Frafjord i Rogaland du skal ha som utgangspunkt? Litt bilder og tekst frå ein tur i området: http://www.breogfjellsport.no/fjellomraade/ryfylkeheiane/articles.php?s_id=75&articleID=421 Blir vel kanskje litt for langt å gå den turen no. Då er det nok betre å gå eit stykke opp i Fidjadalen eller Brådlandsdalen. Eit anna alternativ er kanskje å gå i retning av Frafjordhatten. Gå for eksempel opp frå fjordmunningen ved Øyren (heilt nede ved sjøen, like ved utleige-hytter). Stien er imiddlertid litt bratt, men brukbart merka viss eg ikkje husker feil. Det er også mogleg å gå opp litt lenger inne i dalen, der stien skal vera slakare. Har eit kart og litt bilder frå ein tur til Frafjordhatten: http://www.breogfjellsport.no/articles.php?articleID=190 Det er mobildekning eit stykke forbi friluftsgarden Mån, men vidare oppover Fidjadalen er det dårleg. Kan hende det er bedre innover Brådlandsdalen eit stykke, men der har eg ikkje gått. I områda rundt Frafjordhatten så skal dekninga vera temmeleg god (med visse unntak). Senderen står iallefall oppe på Giljastølen, høgt i terrenget, så om det er sikt opp dit, så er det nok også dekning. Men dette er uansett kun i nedre deler, du skal ikkje gå så langt innover fjellet før det er lite mobilsignaler. Forøvrig er det enkelt så sjekke dekninga her: http://telenormobil.no/dekninginnland/index.do Ver obs på at simulert dekning og faktisk dekning ikkje nødvendigvis stemmer overens. "Dekning i bil" gjer eit meir realistisk inntrykk for "god" mobildekning. Det kan nok vera greit å ikkje planlegga ein for lang tur, ta heller små-turer ut frå teltleiren. Fornuftig utstyr, mat og kart/kompass må med.
  24. Har opplevd utslett på anklane eg og til tider. Tipper det "bare" er irritert hud, utan at eg har for mykje peiling på dette. Til Norge på langs turen kjøpte eg med meg ein fotsalve: Gerlachs Gehwol Footcream (Kjøpte den på Samarit) Litt informasjon på denne sida: http://www.lukab.com/proddetail.asp?prod=GE206127 Den fungerte utruleg bra! Den syntes å hjelpe mot det meste, hadde omtrent ingen problem med verken utslett eller gnagsår på heile turen, kanskje delvis takka denne? (utanom gnagsår då eg gjekk på asfalt, men det er ikkje til å unngå..) Føtene "føltes" også genrelt bedre etter ei slik overhaling innimellom. Så eg er igrunnen einig i det meste som står i produktomtalen (og det er ikkje så ofte): Gerlach's Footcream prevents aching feet, sores, blisters, soreness and chfing. It has an anti-inflammatory effect, prevents athlete's foot, and brings the activity of the perpiratory glands to a normal level. The cream eliminates foot odour and other side effects of excessive foot perspiration. Gehwol Footcream strengthens the skin and makes it resistant. Protects amputation stumps, and hands during strong strain. In addition, the foot cream offers protection against cold feet and frostbite. Gerlach's Footcream is known since 1882 and is constantly adjustable on the proven basis to the current scientific knowledge. Gerlach's Gehwol Footcream had been successfully used a million times over to treat overstrained feet, 75ml På sjølve tuba står det også følgande: "Protects tired feet and skin on which high demand are made." Edit: Samarit er ein lokal butikk i Sandnes. Selges sikkert i helekostbutikker eller apotek også (evt tilsvarande produkter)
  25. Funnen etter 32 år Familien til Leiv Aarhus har i alle år undra seg over kva som eigentleg skjedde i Dyraheia i august 1974. 25. august i 1974 blei den røynde jegeren Leiv Aarhus (70) borte i skoddevêret. Han hadde skilt lag med jaktkameratane sine og skulle gå til ei hytte for å laga til noko mat. http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article352631.ece http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article364604.ece
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.