Gå til innhold
  • Bli medlem

kjesso

Aktiv medlem
  • Innlegg

    148
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av kjesso

  1. Raumarock har no stadfesta at DeLillos skal opna festivalen med ein konsert på Romsdalshorn: http://www.raumarock.com/delillos85.html I Romsdals Budstikke i dag seier festivalsjefen i tillegg at "Dette blir en videreføring av det Kaizers Orchestra gjorde på prekestolen, bare enda bedre. Siden det er så mange festivaler rundt omkring, må vi gjøre noe for å markere at vi er her. deLillos '85 tente på tanken med en gang og var ikke vanskelig å få med. I det siste har [vi] jobbet med å få godkjent konserten av kommunen. Det er ikke bare bare å få landingstillatelse på toppen." E
  2. Eg går ut frå at du meiner dette som eit generelt spørsmål, evt. som eit spørsmål til Raumarock, men i tilfelle det er meg du spør: Eg forstår heller ikkje poenget med dette. Og viss dei fyrst skulle dra nokre musikantar til topps, kunne dei vel a) kome seg dit for eiga maskin, og hatt litt meir å by på enn DeLillos. E
  3. Raumarock har ikkje offentleggjort dette enno, men sikre kjelder seier at DeLillos legg inn ein ekstrakonsert under festivalen: 3. august vert dei frakta med helikopter til toppen av Romsdalshorn, der dei held ein akustisk gratiskonsert. Eg reknar med at Raumarock kjem til å bruka ordet "høgdepunkt" når dei marknadsfører denne konserten. E
  4. Den einaste turen eg veit eg skal gå i sommar, er inn på sjukehuset for å fiksa kneet. Med litt flaks vert det nokre lette turar både før og etter, men det luktar ikkje akkurat store ekspedisjonar denne sommaren. E
  5. Kan det vera ei oljeplattform? E
  6. Det står litt, men du må leita godt for å finna det. Viss du skrollar nokre høgdemeter nedover startsida deira, finn du overskrifta "Annes nye opptur". Der står det at boka kjem "neste sommar", så du har rett både når du tippar utgjevingsdato, og når du seier at nettsidene ikkje er oppdatert i det siste. E
  7. Bruravik-Brimnes kostar 71 kroner for ein vanleg bil (maks 6 meter), inkl. sjåfør, og 27 kr for andre vaksne i bilen. (http://www.tide.no/Default.aspx?pageid=784) Du spør òg om prisen for å ta ferje over Lustrafjorden (nær Skjolden). Tenkjer du på ferja mellom Solvorn og Urnes? Du finn rutetider her (http://www.ruteinfo.net/Ruter/t/14-147.htm). Prisane er omtrent som for Bruravik-Brimnes - 73 kr for bil inkl. sjåfør, og 27 kr for andre vaksne i bilen. E
  8. Heller ein brekande sau enn ein struts med hovudetv langt, langt nede i jorda.
  9. Nei, dei fleste av oss treng heldigvis ikkje høgare sannsynlegheit enn 90%, men i rapporten frå IPCC (http://www.ipcc.ch/SPM2feb07.pdf) opererer dei faktisk med ein høgare sannsynlegheit. Dei skriv: It is very likely that the observed increase in methane concentration is due to anthropogenic activities, predominantly agriculture and fossil fuel use, but relative contributions from different source types are not well determined. (side 3) Kva er "very likely", målt i prosent? Dei svarar sjølve: In this Summary for Policymakers, the following terms have been used to indicate the assessed likelihood, using expert judgement, of an outcome or a result: Virtually certain > 99% probability of occurrence, Extremely likely > 95%, Very likely > 90%, Likely > 66%, More likely than not > 50%, Unlikely < 33%, Very unlikely < 10%, Extremely unlikely < 5%. (See Box TS 1.1 for more details). (fotnote, side 3) Dei seier altså at det er mellom 90 og 95 % sannsynleg at dei bråe og brutale klimaendringane me ser no er menneskeskapte.
  10. Eg sluttar meg til god-orda her - flott side, med mange elegante løysingar. Og spesielt fint med så mange bilete frå Trollsteinkvelven, eg luska jo rundt i same området same dagane som deg. E
  11. Tom? E
  12. Pirk, pirk - biletet viser òg Gråhøe/2154, og det kan henda at nokre snakkar om denne òg. JohannesO: Med 96 namn på biletet kan det jo vera eit mål å pressa namnelista opp i 100? Rett over toppen av Midtre Tverråtinden/2302 ser du ein fint avrunda topp med litt snø på. Dette er Spiterhøe/2033. E
  13. 2. Atlas? E
  14. Eg går ut frå at dei same kriteria gjeld her, som i avstemminga om nasjonalfjell - dei fleste prøver å finna ut kva ein eller annan på Eidsvoll har sagt om flotte bilete, og stemmer deretter på det biletet som er i samsvar med den utsegna. E
  15. 32. Nørdre Trollsteinhøe/2201 33. Søre Trollsteinhøe/2161 Gråhøe/2154 ligg mellom 32 og 33, omtrent der gråfargen går heilt til himmels 34. Må vel vera Trollsteinrundhøe/2170? E
  16. Eivind Eidslott (som vel mellom anna har vore journalist i Dagbladet?) har skrive boka "Skiguide", som er gitt ut på Kagge forlag. Meir i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1495015.ece E
  17. 28. Kan det vera Sørøya i Finnmark? E
  18. Det kan det absolutt vera. (I alle fall dersom quiz-masteren på gamle Café Amsterdam i Volda var til å stola på.) E
  19. Kanskje me skal justera vanskegraden ned nokre hakk? 26. Kva er den største norske innsjøen? Eller, vent litt - det vart kanskje litt for lett. Me justerer vanskegraden opp eit eller to hakk: 26. Kva er den største norske innsjøen som ligg på ei øy? E
  20. Hei, eg har aldri vore til fjells med hest, men reknar med at Leirvassbu-Skogadalsbøen går greitt som ein dagsmarsj. Stien frå Vettismorki ned til Vetti er bratt, men var vel stølsveg tidlegare, og då må vel både hestar og kyr ha kome seg både opp og ned? Eg ville tru at det går greitt, men det kan jo vera lurt å ta kontakt med Vetti gard, for å høyra kva dei trur om det heile. E
  21. Hei, eg var der no i helga, saman med fire ungar rundt ti år. Eg veit (sjølvsagt) ikkje kor store ungar de har med dykk, men ligg dei omtrent i same aldersgruppe, er det ein fin tur til Utsikten på Skinnegga. Turen er normert til 1-2 timar opp og ned, men me brukte bortimot fire timar totalt, inkludert ein halvtime på toppen, i strålande ver. Dersom ungane dine er like glade i blåbær som dei me hadde med, og tek like mange avstikkarar frå stien, går det fort litt tid. Turen er veldig lett, 4-500 høgdemeter. E
  22. Tom, eg er langt på veg samd med deg. Dei beste turminna heng ofte saman med ein total mangel på lydar. Eg hugsar godt den timen eg sat på Søre Veotind ein fabelaktig sommardag midt på nittitalet - heilt åleine, heilt vindstille, og ingen andre lydar enn elvesus (dette var før tinnitusen tok meg). Og elvesus er ein behageleg lyd, ein lyd som høyrer heime i fjellet, ein lyd som ikkje forstyrrar. Sist fredag var eg på Storgrovhøene, og hadde litt same opplevinga, bortsett frå at det var litt kaldt. Resten av helga var eg i andre enden av Bygdin, altså ved Eidsbugarden, og der var det ikkje akkurat like stilt. Det kan koma av at turselskapet mitt var fire ungar i alderen 9-12 år Likevel lengtar eg ikkje tilbake til tida då hestar var framkomstmiddel. Det kan henga saman med at far min, som på fritida dreiv ein liten gard på Voss, brukte hest i staden for traktor då eg var liten. Så det ser fint og snilt ut, og folk hadde god tid og alt det der, men samtidig var det eit enormt slit. Og når me er andre stader enn ute i naturen, er det jo nokre lydar som er gode - stereoanlegget heime har sjeldan lange kvilepausar. E
  23. Nils - gratulerer med fullført prosjekt! Med alt snakket om barne- og familieturar her: Kanskje nokon burde laga eit forum for slike turar - www.fjellfolum.net? E
  24. Imponerande bilete, imponerande rapport - og du har jo òg hatt ein imponerande seinsommar, med mange flotte og krevande turar!
  25. Viss du kikar gjennom tråden som var opptakta til heile denne landsomfattande avstemminga (https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6097) ser du at dei fleste som argumenterer for Snøhetta viser til Eidsvoll og 1814, så det er ikkje direkte utenkjeleg, for å seia det forsiktig, at der er ein ein samanheng. Sjølv er eg usikker på kva rolle eit nasjonalfjell har. Er det eit fjell der ein kan ta med folk som er her på offisielle statsbesøk? Dersom det er tilfelle, stemmer eg på Stetind, og vonar at Harald og Sonja tek med seg George W. Bush dit neste gong han kjem. E
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.