Gå til innhold
  • Bli medlem

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innlegg

    507
  • Ble med

  • Dager vunnet

    2

Alt skrevet av Skal bare...

  1. Det er fleire trykkfeilar i artikkelen til Valle. Kokepunkta du refererer til er ved 1 atmosfærser trykk, og over ein rein fraksjon, altså ingen blanding i væskefasen. Når det er bare 20% propan i blandingen, er det bare 0,2 atmosfæres trykk av propan ved dei same -42°C. I ein full gassboksen er det meste av både butan, isobutan og propan i væskeform. Og så er det litt gass over dette. Denne gassen er også ei blanding av butan, isobutan og propan, men der andelen propan er noko høgare enn i væskefasen. Trykket i boksen er likevektstrykket for gassblandingen, altså det trykket som gjev eit kokepunkt som er det same som temperaturen i boksen, verken meir eller mindre. Så lenge temperaturen er så høg at dette trykket er større enn lufttrykket utanfor, vil gassen strøyme ut av brennaren når ein åpnar krana. Men når temperaturen er under kokepunktet til denne blandinga, får du ikkje overtrykk i boksen, sjølv om temperatureren er langt over -42°C og boksen er ny og ubrukt. Med boksen ståande, brenn ein av denne gassblandinga som har noko høgare andel av propan enn i væskefasen, slik at blandinga vil få mindre propanandel etter kvart. Med boksen oppned, brenn ein av væskefasen som har den andelen av propan som produsenten har fyllt på boksen, og blandinga vil vera den same heilt til boksen er så godt som tom. Primus er direkte diffus om gassblandingane sine. Eg har ikkje funne at pålitleg kilde for at det skal vera same gassblanding, eller at det skal vera ulik gassblanding. Sikkerheitsbladet er det same for både 'power gas', 'winter gas' og 'summer gas', og oppgjev -15ºC som kokepunkt for alle tre, sjølv om reklamen deira seier at 'winter gas' skal fungere ned til -22ºC og 'summer gas' bare ned til +15ºC. Den beste indikasjonen på at det ikkje er same gassblandinga, er Valle sin graf for oppnedbrenning som i følge artikkelteksten er ved -12ºC, ikkje -17ºC som det står under grafen, og gjev i snitt 44% høgare effekt med 'winter gas' enn med 'power gas'. Den einaste grunnen til denne differansen, er ulikt trykk, og det einaste som gjev ulikt trykk, er ulik gassblanding. Sjølv om det bare er 3 ulike gassar som er blanda, er det uendeleg mange måtar å blande desse 3 gassane.
  2. Det er nok riktig tolkning.
  3. Du ser ganske tydeleg at papiret bare er rundt kanten nederst, det fungerer jo som veike også, så det må vera nedi væskefasen heilt til boksen er tom. Men det er på toppen med lappane som er delvis nedbøygd, det store arealet er.
  4. Sekken som ligg i forteltet, tar jo også opp litt innerteltplass i den enden, ettersom forteltet er så lite at sekken pressar både ytterteltduken ut og innerteltduken inn. Så det er klart trongre i den enden. Men det er kanskje vissheita om at sekken tar litt plass, som har gjort at eg ikkje har tenkt over at teltet er smalare i den enden også. Foretrukne liggeretning er heilt klart å ha hovudet i åpningsende, men det er mest av praktiske hensyn ved å ha enklare tilgang til det som ligg i forteltet. Men dersom den eine enden ligg høgare enn den andre, er det å ha hovudet i den høgaste enden, uansett det viktigaste for meg. Og teltåpningen har eg alltid i le, det er langt viktigare for meg, enn å ha hovudenden i same enden som åpningen. For å dra innlegget i retning teltmodellen som trådstartar spør om, vil eg nok anbefale å la praktiske hensyn avgjera, heller enn å finrekne på uvesentlege forskjellar på aerodynamikken. Dersom det er så kraftig vind at aerodynamikken skulle vera avgjerande, er det når ein åpnar glidelåsen at teltet ryk.
  5. Fine bilete. Men kva har du hatt i spriten for å få så gul og synleg flamme?
  6. Du får tru kva du vil. Så lenge boksen er forsegla, er det likevektstrykk, heilt uavhengig av papiret. Og det er forvsinnande lite fordamping som skal til for å behalde trykket ettersom væskefasen vert brukt. Og den delen av papiret som er laga for å få stort avdampingsareal, er nede i væskefasen når boksen står opp ned.
  7. Eg er godt kjent med utdanninga hans, eg gjekk i same klasse på NTNU. Eg hoppa riktignok av før doktorgraden Forklaringa stemmer når boksen står oppreist. Men dersom dette er einaste forklaringa, skulle ein også forvente raskare nedkjøling av boksen, slik at effekten vil avta meir over tid. Men med boksen oppned, skjer ikkje fordampinga i boksen, og i alle fall ikkje frå trekkpapiret som er godt neddukka i væskefasen. Så lenge gassblandinga er den same, er likevektstrykket også det same, uavhengig av overlateareal.
  8. Eg har nok ingen planer om å halde meg innanfor heimfylket. Eg bur alt for nære fylkesgrensa til å begrense meg på den måten. Men dei aller fleste turane mine, både dagsturar og lengre turar, tar utgangspunkt i heimkommunen eller nabokommuner, i fjor var det samtlige, og eg har ingen bestemte planer som skal endre det. Men derifrå kan eg vera innom både eit og to andre fylker og fleire kommuner før eg er attende til utgangspuntket.
  9. Eg har aldri tenkt over at Soulo har ulik breidde i endane, og eg har alltid plassert hovudet mitt i øverste enden og åpningen i le, utan tanke på kva veg figuren i Hillerg sine figurar ligg. Allak som tomannstelt, satt opp med begge åpningane i le, er eit av svært få tomannstelt, der begge personane har kvar sin likeverdige inngang i vind. Dei fleste andre toinngangstelt har alltid ein inngang i mot vinden. Og tomannstelt med inngang på langsida, er det godt med kvar sin inngang. Med inngangen på kortsida, har begge same tilgang til inngangen i le. Ettersom me har så ulike tankar om kva som er smartast, skal me vera glade for at det er så mange ulike modellar…
  10. Eg misstenker at gassblandingen ikkje er den same. Eg kan i alle fall ikkje forstå korleis litt trekkpapir inni boksen betyr noko for trykket når fordampingen skjer i brennaren. Skal eg ha med ekstra brennar for sikkerheits skuld, er det ei forutsetning at begge brennarane brukar same brennstoff, eller må eg ha med dobbelt opp med brennstoff også. Eg synest uansett det er kjekt å ha bare eit brennstoff å forhalde seg til, reint logistikkmessig. Då veit eg kva eg har. Det som er til overs når maten er ferdig, kan sløsast bort til fyring. Forvarming er så enkelt at eg ikkje tenker på det som nokon ulempe. Og sikkerheitsmessig, likar eg å bruke brennstoff som ikkje er eksplosjonsfarleg i tilfelle lekkasje i løpet av natta. Gass og bensin utgår derfor som vinterbrennstoff for min del. Men det er mitt valg, og utanfor trådstartar sitt spørsmål. Når trådstartar spør for å spara vekt, er det toppmontert brennar som må vera valget. Ved bruk av boksen oppned, må ein ha slangebrennar og då er det ikkje mykje vekt å spara med gass.
  11. Får redusert effekt uansett kor kaldt det er. Effekten er avhengig av trykk, og trykket er avhengig av temperatur. Det er jo nettopp det som er så kjekt med pumpeprimus, for då kan ein ha fullt trykk og full effekt uansett temperatur. Og termodynamikkens lover gjeld for alle gassboksar, så ved bruk av gassboksen ståande, vil temperaturen i boksen synke ved bruk, noko som gjer at trykket og derfor effekten også vert redusert ved bruk. Eg har faktis ingen forståing for at nokon ynskjer å bruke gass i kulda, men dersom det er einaste brennar ein har, og ein ikkje er avhengig av smelting av snø, men bare raske oppkok, kan det nok fungere. Ved bruk av boksen oppned, unngår ein nedkjøling av boksen, og ein unngår utarming av propan-andelen. Men då har ikkje papiret inni gassboksen nokon funksjon lenger, så ein kan likesågodt bruke dei andre boksane, som etter kva eg har forstått, har same gassblanding.
  12. Av praktiske grunnar, sett eg alltid opp eit telt med åpningen i le. Ikkje bare for at teltet ikkje skal fyllast med luft med fare for å reise når eg åpnar glidelåsen, men også for at regn ikkje skal blåse inn i teltet når glidelåsen er åpen. Eg skal kunne ha teltåpningen åpen, sjølv om det er både regn og vind. Dersom aerodynamikken tilseier at teltet må settast opp med åpningen mot vinden, er teltet feilkonstruert for mine behov.
  13. Eg har tilsvarande opplegg, med karabin som heng ut av trekket. Men ettersom eg aldri har vintertelta i nærleiken av tre, er forankringspunktet alltid så mobilt at eg kan ha karabinen direkte i pluggfestet. Sumarstid, brukar eg ikkje karabin, ettersom eg kan forankre direkte med plugg i bakken. Men eg pakkar uansett teltet slik at eg har tilgang til pluggfestet som skal mot vinden, utan å ta teltet ut av trekket.
  14. Eg hadde ikkje tenkt tvetydig, men ikkje noko gale i det, for den fyrste tolkinga er godt innanfor kva eg meiner. Men ordvalet var heilt bevisst. Det er alt for mange som trur nasjonalparkgrenser er magiske grenser der naturen innanfor av ulike grunnar, er meir verdt enn utanfor, og at dei derfor undervurderer enorme naturområde. Og det viser seg at trådstartar tenker akkurat slik, ikkje fordi han reknar seg sjølv som trangsynt, men av uvitanheit. Eg håpar at det er innanfor tolegrensa til moderator, ellers beklagar eg sterk og ber om at både dette innlegget og det fyrste innlegget mitt vert sletta i si heilheit. Ingen fiskekort følger nasjonalparkgrensene, men eigedomgrenser, kommunegrenser og statsallmeningsgrenser. Austvidda er dominert av store, private vatn, med heller dårlege fiskekortordningar. Vestvidda er dominert av store statsallmenningar med gode fiskekort. Du finn dei på inatur.no Med bil frå Stavanger, hadde i alle fall eg valgt Valldalen. Men for den som er meir glad enn meg, i å køyre bil, og mindre glad i motbakkar, er fortsatt Tinnhølen midt innpå vidda, godt innanfor Eidfjord statsallmenning.
  15. Kva som er raskast, er jo heilt avhengig av kvar du kjem i frå. Med unntak av båtrutene, startar turen uansett der ein forlet bilen, så den delen er lik alle stader. Dersom du er så trangsynt, at det er nærleiken til nasjonalparkgrensa du spør etter, er Tinnhølen og Ossjøen lik. Der grenser nasjonalparken inntil parkeringsplassane.
  16. Når eg tenker attende, er det vel nettopp nettene langs veg, eg tenker på som utenetter. Når eg skal vera på vestlandet tidleg om morgonen, reiser eg gjerne kvelden i forvegen , og ligg ute ein plass på fjellet. Er veret fint, kan dette godt vera under åpen himmel. Så har eg ein time ekstra tid om morgonen til å kose meg med ein betre frokost med mat frå kjølebag og speilegg på primusen. Det som gjer dette til utenetter, er at det faktis bare er natta eg er ute. Når eg er på friluftstur, er natta bare noko som bind dagane saman. Eg er ute om dagen, og søv bort nettene. Om eg ligg i telt eller hytte er bare ein praktisk detalj avhengig av tilgjengelegheit. På tur, er det dagane eg tel, ikkje nettene. Det er mogleg eg ikkje har forstått spørsmålet...
  17. Det største problemet med plast, er ikkje produksjonen, men plast på avvege. Det er stor forskjell på ullpartiklar (eller bomull for den saks skuld) og plastpartiklar i avløpsvatnet.
  18. Eg er på ingen måte ute etter å hindre folk i å koma seg ut. Slitasje er uproblematisk inntill eit visst punkt. Når vatnet byrjar å renne i stigen, vert det bare att stein. Og dei som går etter stigen, byrjar å gå på sida av stigen som bare blir breiare og breiare. Det er ikkje av det gode, og ein slik stig gror ikkje raskt att sjølv om ingen brukar han meir. Når det vert laga nasjonalpark for å sikre leveområde til rein, men sjølve nasjonalparkstatusen gjer at det vert så mykje meir trafikk, at rein trekker vekk, er det ikkje av det gode. Dette er ting eg har vore vitne til sjølv, og derfor er eg veldig restriktiv med å kringkaste for mykje reklame for sårbare naturområde eg er glad i.
  19. Sjølve grønnfargestoffet kan vera kilde til trøbbel, og derfor noko eg prøver å unngå. Men det problemet er jo over no når det er slutt på fyringsparafin. Når det står at det må lagrast over -20°C, er det derimot grunn til å vera på vakt. For der kan det vera lengre karbonkjeder som feller som voks som tetter filter og skapar trøbbel i kulda.
  20. Det er basert på kva eg sjølv har sett, så beslutninga mi er velbegrunna. Eg trur ikkje mi påvirkning aleine, raserer fjellet, men nå ballen fyrst har byrja å rulle, er det det for seint å gjera noko. For snart 10 år sidan, var eg med å bevilge peng til ein, heilt nødvendig, restaurering av ein stig for å stoppe erosjon. Det som ikkje vart tatt hensyn til den gongen, var oppmerksomheita denne steinlegginga førte til. Trafikken har over tidobla seg i åra etter, med alle dei ulempene det har ført med seg, både landskapsmessig og for dyrelivet. Dette er riktignok ein stig som aldri var nevnt på heimesida mi, så eg skal ta del delen av skulda for utviklinga.
  21. Ettersom utstyrdiskusjonane tar så stor plass på forumet, tiltrekker det også folk som likar å diskutere utstyr, og då vert det diskusjonar om detaljar på utstyret. Då forumet handla om toppar over 2000m i Jotunheimen, tiltrakk det seg også folk som var interessert i toppar over 2000m i Jotunheimen. Eg har ikkje forstått dette med attendemelding på turrapportar. Det hender eg les ein turrapport dersom det er frå område eg er kjent, men eg har aldri følt behov for å kommentere dei. Eg har nok erfaring frå ulike forum, til at eg ikkje kommenterer etter eige hjarte, dersom det ikkje er ettertrykkeleg bedt om slike kommentarar. Og eintydig skrytande kommentarar, har eg ingen sans for, med mindre rapporten er ekstremt god. Så dersom det er attendemelding på rapportane som er motivasjonen for å skrive, så bør det koma fram på ein annan måte. Når Kjell Iver skriv at turrapportane er det som vert lest mest her på forumet, så burde dette koma betre fram, nettopp som attendemelding til forfattaren. Veldig mange av dei som les desse rapportane, er truleg av personar som ikkje har brukar på forumet, og då er terskelen for å gje attendemelding enno større.
  22. Eg har ingen planer om å rapportere frå turane mine. I mange år, hadde eg ei heimeside med masse turrapportar med meir frå fjellområdet i hjartet mitt. Men etter kvart har eg sett kva merksemd enkelte område har fått, og kva dette har gjort med trafikken, og den påfølgande slitasjen og forsøplinga. Eg har derfor valgt å ikkje gjera meir marknadsføring av området eg er glad i. Heimesida mi er forlengst fjerna frå nettet, og det som eg ein gong hadde tenkt lage ei bok av, er skrinlagt for godt.
  23. Ein friluftsprofil som eg ikkje ser at er nevnt enno, er Stein P. Aasheim. Av nolevende profilar innan denne sjangeren, er han den einaste eg gidd bruke tid på å lesa eller høyre på. yr.no er ikkje betre. No er det farevarsel dersom det kjem 5cm snø.
  24. Då eg studerte, valgte eg fagfelt for å sikte meg inn på ein eller annan trong vestlandsfjord mellom Odda og Mosjøen, basert på nærleik til fjellet. Ting vart ikkje heilt som planlagt, så eg enda øverst i ein austlandsdal, men like nært fjellet. Med tanke på å ha snø rundt huset, er det nok betre å bu på denne sida, ettersom eg bur 600 meter høgare enn eg hadde gjort dersom eg hadde enda på vestlandet. Dersom turmoglegheiter er einaste krav, hadde eg valgt Møsstrond.
  25. Når det kjem til 'å møte folk langs vegen', er det ein tv-profil som utpeiker seg, og det er Hans Olav Brenner. Han har ein veldig behagleg framtoning, og han evner å setje intervjuobjektet i fokus. Arne Hjeltnes er også eit navn som er natulrleg å nevne. Ein heilt annan type, men med god humor.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.